Anmeldelse Ice Age 3: Dawn of the Dinosaurs

Artig retrokavalkade

Om du vil gi dei små ei kjapp innføring i spelhistoria så langt, er Ice Age 3 spelet for deg.

Med ein kvar film av større kaliber kva inntening vedgår, er det som regel eit medfølgjande spel. Ice Age 3 er ikkje noko unntak, og det vi får er på ingen måte banebrytande. Det som er litt utanom det vanlege når vi no tek turen tilbake til istida, er den fabelaktige variasjonen utviklarane har dytta inn i eit elles tåleleg kort spel.

Eit born blir født

Det heile startar medan Manny og hans make ventar på at deira nye baby skal kome til verda. Gjennom ei rekke oppdrag som først og fremst har som mål å lære deg spelets grunnmekanikkar, blir du betre kjend med karakterane i spelet (om du aldri skulle ha sett ein av dei no i alt tre filmane i serien). Målet er å finne gåver til det nye barnet, og er det ein ting små mammutbarn likar godt, er det krystallar.

Som dei fleste opplæringsmodusar er ikkje denne delen av spelet vidare underhaldande. Det går tregt, og det å spele som Sid, dette folkekjære dovendyret, er omlag like keisamt som om ein skulle ta fyren på kornet, og liggje i ei seng heile dagen. Det blir hakket for døvt, det tek litt for lang tid, og dei livlause områda blir raskt veldig uinteressante å springe rundt i.

Etter at du kort tid seinare jagar etter ei gaselle, i rolla som sabeltanntigeren Diego, i ein enkel versjon av eit typisk bilspel, skjer det derimot noko. Evolusjonsteorien tek seg ein drastisk u-sving, og brått går vi frå kvite og livlause område, til fargerike skogar med eit uvanleg og ganske spesielt planteliv. Sjølv om spelet på ingen måte kan klandrast for å vere teknisk avansert, endar det likevel opp med å vere slåande vakkert. Den nydelege fargebruken, og dei dei stiliserte formene vekkjer verda til live på ein herleg måte, og bidrar stort til å gi spelet eit solid løft.

Ein ny helt

Det som følgjer er at Sid praktisk talt blir fjerna frå historia, og du blir kasta inn i rolla som nykomaren Buck. Ein røyskatt som definitivt er sterkt inspirert av både Steve Irving og Indiana Jones og jamstore mengder. Frå å vere eit simpelt plattformspel heilt utan det vesle ekstra, endar det opp som eit artig og engasjerande plattformspel med sterke action-element.

For det meste spring og hoppar du frå platå til platå der berre dei mest grunnleggjande former for koordinasjon er nødvendig. Noko som kjem til å passe dei spelarane Ice Age: Dawn of the Dinosaurs først og fremst er retta mot: born. Det blir derimot mykje vanskelegare enn som så, og ofte blir spelet kanskje i vanskelegaste laget for dei minste, men desto meir underhaldande for dei litt eldre.

Mellom springing og hopping endar du raskt opp med å springe langs veggar, ta presisjonshopp opp raviner, slenge deg i lasso, og i det heile tatt mange små og forenkla element henta rett ut frå meir krevjande spel som til dømes Prince of Persia. Det blir aldri direkte vanskeleg for ein erfaren spelar, men det er utfordrande nok til at du blir engasjert, og gjerne held fram.

Med jamne mellomrom må du i tillegg ut i kamp mot forskjellige dinosaurar. Frå å vere eit plattformspel med diverse krumspring, hentar kampane meir inspirasjon frå ditt typiske actionspel i tredjeperson. Buck har ei pisk han kan slå fiendane med, samt at han kan hoppe opp i lufta, før han deisar i bakken med eit brak. I enkelte situasjonar er dette likevel langt frå nok, og i kamp mot meir robuste fiendar, må ein gjerne ty til ei samling uskuldige skytevåpen. Sidan Istid-filmane i hovudsak er mynta mot ungar (sjølv om dei har god humor for dei eldre), er sjølvsagt spelet det same. I staden livsfarlege våpen, kastar Buck bær mot fienden, skyt frø, og kanskje nokre eksplosive soppar.

Det heile er frykteleg enkelt, spesielt med eit kontrollsystem som automatisk låsar seg fast på ein fiende. Så det er berre å plaffe i veg, utan den heilt store fara for eige liv. Det hender likevel at spelet blir litt vel krevjande, til og med for erfarne spelarar, men diverre er det på heilt feil grunnlag. Ein sjefskamp gjer det til dømes veldig uklårt kva du eigentleg skal gjere, og du endar på den måten opp med å måtte prøve om igjen og om igjen til du tilfeldigvis oppdagar korleis du skal ta knekken på bastarden. Andre situasjonar gjer livet surt for deg gjennom dårlege kameravinklar, eller litt for store krav til millimeterpresisjon.

Eit samansurium av stilar

Sjølv om store delar av spelet kjem i form av Buck og ei pisk, er dette berre ein av spelets svært mange sider. Ice Age 3: Dawn of the Dinosaurs er forbløffande variert, og hoppar fram og tilbake mellom mange stilartar slik at du aldri gjer den eine tingen for lenge om gangen. I rolla som Buck endar du her og der opp med å gli langs lianer der du må passe på å hoppe eller dukke til rett tid for å kome vidare. Andre gongar må han klatre langs liknande planter, medan kameraet snur og vrir på seg og verkeleg skapar ein god illusjon av å vere høgt oppe i trea.

Den største variasjonen kjem likevel i form av fleire nivå som bryt fullstendig med resten av spelet. I starten av spelet skal Sid berge nokre egg, og må rulle på dei i noko som minnar sterkt om Super Monkey Ball. I ein anna sekvens må han bruke ei blome til å skyte på dinosaurar, for å halde dei vekke frå tre sovande dinosaur-ungar. Akkurat denne biten er praktisk talt som eit lite lyspistolspel, utan pistolen.

Etter dette blir det berre betre. Eit nivå kastar oss ut i eit sideskrollande skytespel sterkt inspirert av R-type. Medan du rir på ein pteranodon, må du skyte mot gigantiske insekt, og dukke unna sprutande lava, medan du plukkar opp oppgraderingar for våpna dine. Dette nivået blir flott komplimentert av ein ny flygesekvens der det heile no skjer i full 3D, og du må jakte på andre flygeøgler, samt skyte ned giftige planter.

I tillegg til alt dette får vi nokre herlege og nostalgiske plattformsekvensar med det forhistoriske ekornet Scrat, og den nye rivalen hans Scratte. Desse plasserer kameraet i eit sideskrollande perspektiv der du spring frå den eine sida av skjermen til den andre. Akkurat desse sekvensane kan moglegvis bli litt utfordrande for dei minste, sidan dei tidvis krev svært nøyaktig hopping, men det skal ikkje seiast for sikkert. Eg var ikkje gammal då eg spelte mitt første Super Mario-spel, og eg meiner å hugse eg kom meg gjennom det utan dei heilt store problema.

Enkelt, men velpolert

Det beste med all variasjon Ice Age: Dawn of the Dinosaurs, er at ingen av delane gjev inntrykk av å vere mindre prioriterte enn andre. Spelet er tvers igjennom gjennomført, og sjølv om ingenting er perfekt og skrik om å bli rosa i skyene, er det veldig underhaldande. Utviklarane har hatt vett nok til å gjere spelet, og mekanikkane det baserer seg på, enkle nok til at det er mogleg å verkeleg få det til å skine. Spelet er stappfullt av ting vi veit fungerer, men det er samansetninga av dei forskjellige sjangrane som verkeleg får spelet til å blomstre. Kvar del er morosam og underhaldande, og det einaste problemet er eigentleg at mange av dei er over så alt for fort, noko som eigentleg gjeld heile spelet òg.

Det vil ikkje ta deg stort meir enn ein dag å bli ferdig med det, sjølv om du då skal vie store delar av den dagen til spelet. Om du skulle få lyst på meir, er det faktisk litt av kvart å ta seg til. Du kan spele kvart nivå om att for å sanke eventuelle krystallar du skulle ha gått glipp av, eller du kan kaste deg ut i forskjellige utfordringar, noko som på Xbox 360 kan skaffe deg nokre gjeve Achievement-poeng. Som regel går desse utfordringane ut på å klare eit nivå, eller ein del av eit nivå, på kortast mogleg tid. I andre situasjonar, som til dømes i det R-type-inspirerte nivået, må få få høgst mogleg poengsum.

I tillegg til desse livsforlengjarane, finn vi ein enkel lokal fleirspelarmodus. Opp mot fire spelarar kan konkurrere mot kvarandre i alt frå forskjellige løp, til Super Monkey-ball liknande kampar der ein skal dytte kvarandre ned frå eit platå. Det er veldig enkele konsept, men det er samtidig vanskeleg å ikkje sjå føre seg at dette kan vere heilt perfekt moro for dei ungane eg enno ikkje har.

Konklusjon

Ice Age 3: Dawn of the Dinosaurs er eit veldig fint spel for born i strengt tatt alle aldrar. Det er pent og fargerikt, og vil med sine gode kopiar av karakterane frå filmen, definitivt glede dei yngste. Utover dette er spelet ikkje minst veldig god underhaldning. Det er absolutt ikkje eit vanskeleg spel, men det er underhaldande, og er eit ganske herleg gjensyn med dei gode gamle plattformspela.

Dette spelet kjem garantert til å underhalde deg i nesten like stor grad som det vil underhalde junior. Det har sine ujamne kantar her og der, og det gjer absolutt ingenting nytt, sjølv om samansetninga av forskjellige sjangrar er ganske kreativ. Det einaste eg verkeleg synest er kritikkverdig, er at Xbox 360-versjonen eg har fått i hende, i motsetning til PC-versjonen, ikkje har norsk tale. Det synest eg er alt for dårleg i eit elles triveleg spel som definitivt er eit av dei få gode barnespela på Xbox 360.

Vurdering


Ice Age 3: Dawn of the Dinosaurs X360

Ice Age 3: Dawn of the Dinosaurs Windows

Ice Age 3: Dawn of the Dinosaurs PS2

Ice Age 3: Dawn of the Dinosaurs PS3

Ice Age 3: Dawn of the Dinosaurs X360 X360 7/10 PS3 Windows 7/10 PS2 Wii DS PSP

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 26. juni 2009
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Activision Blizzard
  • Utvikler: Eurocom Entertainment

Ice Age 3: Dawn of the Dinosaurs Windows Windows 7/10 PS3 X360 7/10 PS2 Wii DS PSP

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 26. juni 2009
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Activision Blizzard
  • Utvikler: Eurocom Entertainment

Ice Age 3: Dawn of the Dinosaurs PS2 PS2 PS3 X360 Windows Wii DS PSP

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 26. juni 2009
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utgiver: Activision Blizzard
  • Utvikler: Eurocom Entertainment

Ice Age 3: Dawn of the Dinosaurs PS3 PS3 X360 Windows PS2 Wii DS PSP

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 26. juni 2009
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Activision Blizzard
  • Utvikler: Eurocom Entertainment

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen