Anmeldelse

Blåtur i jungelen

Høgteknologi i ein tropisk jungel betyr berre ein ting: Krig.

Eg kan ikkje akkurat seie eg var direkte overbevist då eg såg den første traileren frå Avatar, James Cameron sin nye storfilm. Det såg sjølvsagt ut som ein film med potensiale for god underhaldning, men eg greidde ikkje heilt å sjå kva som var så spesielt med filmen som har blitt opphause til astronomiske proporsjonar. For mine rimeleg godt trena auge, såg det heile ut som veldig god datagrafikk, men ikkje stort meir. Eg har sett nok av lekre filmsekvensar frå Square Enix og Blizzard til å ikkje la meg imponere lett, og dette var – trass detaljane – plastikk.

Å fyre opp Avatar-spelet blir noko litt anna. Tida er ikkje heilt moden for at ein kan forvente fotorealistisk grafikk i eit spel, og det er difor litt lettare å la seg imponere. Avatar er eit spel som eigentleg er slåande vakkert. Det er kanskje ikkje ein maktdemonstrasjon som umiddelbart kastar deg på kne med bøygd nakke, men det er likevel eit spel som presenterer det som må vere nokon av dei vakraste junglane eg nokon gong har sett.

Livet på Pandora

Sjølve poenget med Avatar-kreasjonen til James Cameron er at menneska i sin endelause egoisme finn planeten (eller månen om vi skal vere nøyaktige) Pandora. Der set dei i gong med å plyndre den for alle naturressursar dei kan finne. Dette skapar sjølvsagt ei stor konflikt med innbyggjarane som lev i harmoni med økosystemet.

Pandora har eit landskap vi kan kjenne igjen frå både den eine og den andre David Attenborough-dokumentaren, men samtidig har den noko ekstra som gjer månen litt magisk. Her kan trea vere store som fjell, og røtene dannar bruer og vegar gjennom eit landskap som raskt raskt viser seg å ha større fridom enn første augekast skulle tilseie.

Spelet er likevel rimeleg lineært. Du blir ikkje presentert for store opne områder der du kan gå slik du vil, og endar i staden opp med å følgje bestemde vegar som på meisterleg vis gir deg inntrykket av at det heile er mykje større enn det eigentleg er. Du vil sjå store fjell, fossar, enorme skogar og ein detaljrikdom som ikkje liknar grisen. Det når sjølvsagt ikkje den realismen Crysis byr på, men det betyr veldig lite. Dette er ikkje eit spel der kvar del av skogen er identisk med den førre, og du ser det same treet om igjen heile tida, berre frå ein annan vinkel.

Det er heilt tydeleg at mykje er gjort for hand. Det kan vere røtene og dei enorme trea, og men òg den flotte variasjonen i terrenget. Brått vil du oppdage ein sti som leiar inn i det ukjende, eller kanskje vil ein fiende introdusere deg for ein liten snarveg. Det er ikkje slik at spelet er enormt og med vanvittig fridom, men det er nok til at illusjonen held. Det er nesten som å gå i ein skikkeleg jungel, der kvart blad har ein eigen grøntone, og bakken er dekt i eit mylder av forskjellige planter. Krydder på toppen blir fuglar som lettar frå trea, og venlege og mindre venlege dyr som luskar i lauvverket.

Kjøp ein, få to

Avatar er to spel i eitt. Du startar med å velje kven du vil vere frå ei rimeleg variert samling, før du blir kasta rett inn i det. Innleingsvis får du berre skyte litt mot sinte hundedyr, men raskt får du hoppe inn i ein Avatar, og brått er du ein veldig høg, og veldig blå Na'vi.

Å vere Na'vi eller menneske byr på to heilt forskjellige utfordringar, og svært tidleg får du eit veldig viktig val; vil du halde fram i krigføringa mot Pandora, eller sympatiserer du med urbefolkninga? Kva du enn måtte velje her, vil sende deg ut på eit eventyr som lett kan ta deg åtte eller ni timar å kome gjennom. Når du er ferdig, kan du berre laste sjekkpunktet før valet ditt, og starte om att som den andre sida av konflikta.

Akkurat dette er smart gjort av Ubisoft, og det gir deg mykje speletid for penga. Samtidig er variasjonen mellom menneska og Na'vi god nok til at du aldri får kjensla av å spele det same spelet om igjen. Diverre endar det meste du finn av variasjon akkurat her, for uavhengig av kva side du vel i konflikta, vil dei neste timane dine gå ut på å springe fram og tilbake for å drepe den eine, eller plukke opp det andre. Det blir så mykje av det same at du meir enn ein gong kan ende opp med å kjede deg.

Det er berre på grunn av solide mekanikkar at spelet fungerer. Hadde action-sekvensane feila, hadde dette spelet hamna på trynet med eit solid plask, som når innsida av ein hovudskalle blir introdusert for asfalt.

Kampen for tilværet

Om du vel å spele som menneska vil det heile fortone seg som eit ganske typisk actionspel. Det heile kan minne litt om Lost Planet, sjølv om du ikkje vil finne mykje is her. Du har eit solid utval med våpen å velje mellom, men mange av dei er hakket for like. Vi finn ein flammekastar, og fleire forskjellige automatvåpen, men ikkje eit einaste godt langdistansevåpen. Akkurat det synest eg luktar veldig surt, men det blir litt betre av at du kan setje deg inn ei ei robotdrakt, og såleis kan gjere enda meir skade enn før.

Som Na'vi blir det heile mykje meir interessant, og du har større variasjon i våpna. Mitt favorittvåpen er utvilsamt ein nydeleg boge som fungerer ypparleg til å plukke ned fiendar frå god avstand. I tillegg til eit par andre distansevåpen, er Na'vi-folket svært dyktige i nærkamp. Dei forskjellige nærkampsvåpna du får tilgang på er alle forskjellige nok til at ein lett kan finne gode bruksområde. Doble sverd er til dømes veldig effektivt mot ein enkelt fiende, medan staven fungerer flott i situasjonar der du finn deg sjølv omringa. Eit par slag, og problemet er løyst. Det er likevel ganske uheldig at du aldri får ei god kjensle av om våpenet ditt treff fienden eller ikkje.

Felles for begge sidene i konflikta er ei rekke forskjellige krefter du kan bruke. Ein del av desse er like, som til dømes å fikse helsa di, bli usynleg, eller gjere meir skade, men nokre er unike for kvar rase. Til dømes kan menneska sende rakettar for å ta alle fiendar i nærleiken, medan Na'vi kan trylle fram ein av desse blankpolerte hundedyra for å distrahere fienden.

Her kjem vi samtidig inn på eit anna element som er verdt å merke seg. Pandora er ei rimeleg levande verd, og det er ei verd som på alle punkt held med Na'vi-folket. Om du som menneske spring rundt i jungelen, vil nesten alle dyr angripe deg, samtidig som planter brått slå deg over ende eller spytte gift på deg. Som Na'vi vil du ikkje ha slike utfordringar. Naturen er din ven, og med mindre du vel å angripe den, er du trygg.

Vis produkt
James Cameron's Avatar: The Game

James Cameron's Avatar: The Game X360 X360 Windows PS3 Wii DS PSP

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 4. desember 2009
  • Plattform: Xbox 360
  • Sjanger: Action, Eventyr
  • PEGI: 12+
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft

Beste priser

James Cameron's Avatar: The Game Windows Windows PS3 Wii X360 DS PSP

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 4. desember 2009
  • Plattform: Windows
  • Sjanger: Action, Eventyr
  • PEGI: 12+
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft

Beste priser

James Cameron's Avatar: The Game PS3 PS3 Windows Wii X360 DS PSP

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 4. desember 2009
  • Plattform: PlayStation 3
  • Sjanger: Action, Eventyr
  • PEGI: 12+
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft

Beste priser

    149 149 1

Få varsel når prisen faller

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Dette gjør brukerne nå

Alle brukere
Til toppen