Anmeldelse Ju-on: The Grudge

Vart du skræmt no?

For deg som er over gjennomsnittet redd for likbleike jenter.

Eg hadde svært nyleg ei erfaring som sette Ju-on: The Grudge i eit svært tydeleg lys. Eg var på veg inn i ein matbutikk for å handle mine grøne bladvekstar, men blei stogga i inngangspartiet av ein eldre mann med stokk. Eg hadde dårleg tid, og måtte helst få det heile gjort på svært kort tid, men den gamle mannen tok seg forståeleg nok god tid. Eg blei på ingen måte irritert over mannen, han må jo få gå kvar han vil, men eg blei frustrert over situasjonen. Her har eg noko som må gjerast kjapt, og så endar eg opp med å gå saktare enn kroppen min kan akseptere.

Grunnen til at dette minna meg om Ju-on: The Grudge er enkel. Eg får nøyaktig den same kjensla av å vandre rundt i dei forskjellige mørke områda i denne skrekksimulatoren som ikkje heilt veit kva veg den vil gå.

Har du nokon gong hatt den kjensla av at hovudpersonen i eit spel ikkje går fort nok? Er du av typen som konstant trykkjer inn springeknappen for å kome deg raskare framover? Om dette på nokon måte karakteriserer deg, spring. Ta beina fatt, og spring til du går tom for pust. Spring til føtene dine blør. Spring til du hostar blod. Berre kom deg langt vekk, for Ju-on: The Grudge kjem til å drive deg til vanvit.

Aleine i eit hus

I Ju-on: The Grudge er målet å kome seg ut. Det handlar ikkje om kamp, list, eller om å vere ein helt. Du er ein heilt normal person i ein horribel situasjon, og du er fullstendig hjelpelaus. Alt du har til hjelp er ei lommelykt som sug batteri som ein flodhest i løpetid, og mistar du den, er alt over.

Mesteparten av tida di vil gå med til å halde lommelykta i live. Du kan sjå kor raskt eit batteri blir tappa, og du endar difor opp i ei konstant jakt på nye batteri. Dette er eit av få vellukka element i spelet. Du tek aldri sjansen på å bli ståande i ro i meir enn nokre sekund om gangen, og held deg difor i konstant rørsle. På ein subtil måte byggjer det opp eit visst ubehag. Spelet er pakka med lydeffektar i variabel kvalitet, og ein del av dei er ganske effektive. Du høyrer som regel noko som ikkje heilt stemmer, og dette sørgjer for at om du raskt tek val du elles kanskje hadde brukt meir tid på å kome fram til.

Problemet med alt dette er at tempoet er nøyaktig som eg skildra tidlegare. Det er som å gå bak ein eldre mann med stokk. Du kan sjå eit batteri i det fjerne, men det tek så lang tid å kome seg fram at ein nesten blir stressa av det. Det heile blir verre av at ein må gå fram og tilbake ein del òg. For å opne ei dør, må du kanskje finne ein nøkkel i toppen av ein bygning. Berre det å gå opp nokre trapper og ned igjen kan ta mange minutt.

Totalt kaos

Sjølv om farten er langt ut på viddene, øydelegg synsvinkelen mykje meir. Det heile skjer i førsteperson, og den generelle ideen med å veive lommelykta rundt seg er god, men gjennomføringa er katastrofal.

Spelet har ein stygg tendens til å ta fullstendig kontroll over synsfeltet ditt, kaste rundt på det, dra det til ei side, og generelt sørgje for ein frustrerande mangel på respons. Om du berre skal sjå opp for å studere rommet du er i, kan spelet brått finne på å gripe tak i lommelykta. Deretter dreg spelet lommelykta til ei side av skjermen, medan du febrilsk veivar med Wiimoten for å få det heile på rett kjøl igjen.

I byrjinga lurte eg på om det var noko gale med kalibreringa mi, men etter mykje prøving og feiling, og mange kommentarar frå andre som har spelt spelet, blei det svært tydeleg at dette ikkje var noko eingongstilfelle. Ting kan tyde på at dette er noko utviklarane med vilje har lagt inn i spelet for å gjere ting vanskeleg, og om det ikkje skulle vere nok vil du etter kvart kapittel få ein dom over kor redd du har vore. Ein dom basert på korleis du har brukt ei lommelykt som fullstendig lev sitt eige liv.

Samtidig er det interessant å sjå korleis kontrollen fungerer heilt fint i dei forskjellige skrekksekvensane som dukkar opp med jamne mellomrom. I The Grudge-filmane har vi blitt kjende med to likbleike sysken, og desse to står sjølvsagt til ansvar for bråket i dette spelet òg.

Når dei dukkar opp må du gjere enkle ting som å halde Wiimoten sentrert i ein sirkel som flyttar på seg og blir mindre, samt riste på den i den retninga skjermen viser. Akkurat desse sekvensane fungerer rimeleg bra, og gir meining. Om du til dømes skal inn i eit skap, rister du på Wiimoten i forskjellige retningar for å opne døra, krype inn, og stenge den igjen, og sidan du må fysisk ta del i dette, blir situasjonane litt meir stressande enn kva enkle knappetrykk kunne ha fått til.

Stemningsfullt

Ein ting har Ju-on: The Grudge fått rimeleg bra til. Det har ei god stemning, sjølv om den aldri blir direkte nervepirrande. Grafikken er ikkje av den beste, men det er så mørkt og grått at det er vanskeleg å bry seg for mykje om akkurat det. Dei to spøkjelsa som gjerne vil ta livet av deg er derimot svært godt framstilte med både lyd og animasjon. Om du let dei skremme deg i filmversjon, kjem du nok til å bli skremt når dei brått hiv seg over deg i spelet.

Dei to spøkjelsa er ei svarthåra jente, og ein liten gut. Dei har veldig forskjellige måtar å gjere ting på, men gjer definitivt sitt beste for å skremme deg. Den vesle guten har ein tendens til å dukke opp i augekroken her og der, eller berre springe forbi når du minst ventar det. Eg kan ikkje seie eg fant dette spesielt skummelt, men det er effektivt nok til at eg til dels kunne kjenne det i magen.

Jenta på si side er hakket meir direkte, og grip tak i deg, kravlar ut av dører, og lagar ei lang rekke umenneskelege lydar, før du må riste litt på kontrollaren for å kome deg heilskinna ut av situasjonen. Om du ikkje skulle klare å gjere det skjermen fortel deg at du skal gjere, vil du døy. Dette, og tomt batteri på lommelykta, er dei einaste måtane å døy på, og om så skulle skje, må du starte heile nivået på ny. Noko som i seg sjølv bør spreie frykt i kroppen din.

Skrekk og gru

På sine eigne premissar fungerer Ju-on: The Grudge rimeleg bra. Det er eit spel som ikkje oppfører seg som eit spel, men som i staden set deg inn i rolla som ein fullstendig hjelpelaus person i ein plass som skremmer livet av deg. For meg er det frustrerande å gå så fordømt sakte som dette spelet tvingar meg til, men om eg hadde vore personen fanga i eit skummelt bygg, hadde eg nok ikkje gått akkurat tatt beina fatt for å springe inn i livsfarlege situasjonar.

Eg kan med andre ord forstå kva utviklarane vil med dette spelet. Dei vil skape ei skummel oppleving, og sannsynlegvis er den først og fremst laga for folk som likar skrekk, og ikkje for folk som likar spel.

Problemet er at det ikkje er gjennomført nok. Å ta frå deg kontrollen er eit billeg triks som berre øydelegg moroa, og dei kunne i det minste ha gitt oss lov til å springe over korte distansar. Kanskje med den kostnaden at det lagar lyd, noko ein helst ikkje vil lage for mykje av i huset til eit par sinte spøkjelse. I tillegg er spelet alt for kort i forhold til kva butikkane tek for det. Spelet inneheld fire episodar som alle tek i underkant av ein halvtime å spele gjennom. Det er ei samla tid på berre to timar.

Det finnest eit femte kapittel, men det må du låse opp ved å finne skjulte papirbitar i dei andre kapitla. Skulle du ikkje finne dei første gang, må du spele gjennom kapitla på ny, og dette er noko spelet på ingen måte låner seg godt til. Har du først spelt eit nivå ein gong, har du spelt det til døde, og det å skulle gå tilbake kjennest mest som sakte tortur.

Ein siste «bonus» er ein panikkmodus som let ein ekstra spelar trykkje på knappar kvart femtande sekund for å få «skremmande» ting til å skje. Igjen, er du lettskremt vil du nok hoppe av dette. Om så ikkje er tilfelle, sluttar det å vere skummelt allereie før første forsøk.

Konklusjon

Ju-on: The Grudge er på ingen måte eit bra spel, men på sett og vis er det ei god oppleving. Det er litt som å gå inn i eit spøkjelseshus på tivoli, med det unntak at alle spøkjelsa er ekte. Som ein rein skrekksimulator fungerer Ju-on: The Grudge heilt greit. Nøyaktig kor skremmande spelet er, har eg litt vanskeleg for å seie, sidan eg ikkje er av den lettskremte sorten, men eg har ikkje noko problem med å tru at ein og anna lettskremt kamerat nok vil slå av dette spelet kjapt fordi han ikkje tør spele meir.

Som eit spel derimot, er Ju-on: The Grudge håplaust mangelfullt. Kontrollane har lett for å leve sitt eige liv, og det smerteleg sakte tempoet kan få deg til å sjå raudt ganske fort. Den største syndaren er likevel at spelet er over på to til tre timar. Det er ikkje godt nok, uansett kor skummelt nokon skulle finne det.

Vurdering


Ju-On: The Grudge Wii Wii 3/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 30. oktober 2009
  • Plattform: Nintendo Wii
  • Utgiver: Rising Star Games
  • Utvikler: feelplus

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen