Anmeldelse

Kinect Adventures

Spelet alle Kinect-eigarar vil ende opp med er artig, men blodfattig.

Alle nye format og konsollar endar opp med eit spel som definerer teknologien. For Wii blei det Wii Sports som alle Wii-eigarar kan ha glede av, og Microsoft prøvar seg på det same med Kinect Adventures. Dette er eit spel som sender deg gjennom nokre vidt forskjellige utfordringar, og det blir raskt tydeleg kvifor akkurat dette spelet enda opp med å bli inkludert med kameraet.

Gjennom dei forskjellige utfordringane dei fem minispela Kinect Adventures byr på, får du erfare det meste av kva Kinect er i stand til. Du får alt frå raske og hektiske seansar der reaksjonsevna blir stilt mot veggen, til kortare og meir taktiske utfordringar. Viktigast av alt; du får etter kvart brukt heile kroppen, og spelet demonstrerer kor godt Kinect kan lese alt frå armar til bein. Det er lett å bli fascinert.

Eit godt Cowabunga er på sin plass.

Mykje av lite

Kinect Adventures er ikkje eit stort spel. Her handlar det meir om å vise kva vi kan, enn å vise kor lenge vi kan få spelaren til å halde det gåande. Spelet byr på fem forskjellige aktivitetar som alle er så ulike at det blir som fem forskjellige spel i ei pakke, sjølv om spela er temmeleg kortvarige. Det beste av dei er utan tvil River Rush, ein heimeversjon av alle elvenasjonars nasjonalsport; rafting.

Xbox-avataren din blir plassert i ein gummibåt, og alt som skal til for å setje utfor er eit lite hopp. Du rutsjar nedover stadig striare straumar og må bruke kroppen for å navigere balja. Det er artigare enn det høyrest ut. Kinect les rørslene dine veldig nøyaktig, og det kjennest naturleg å berre lene seg i den eine eller den andre retninga for å ta ein sving. Elvane du glir nedover er samtidig fulle av hopp der du logisk nok må hoppe sjølv for å kome deg opp i lufta. Målet med dette er sjølvsagt. Myntar ligg overalt, og skal du få tak i alle må du vere langt meir aktiv enn dei fleste har for vane å vere (med mindre du er som ein ti år gammal versjon av meg, og trur du får Mario til å springe fortare ved å lene deg mot høgre) når dei spelar spel.

Det er meir enn den saumlause kontrollen som gjer River Rush så engasjerande. Dei forskjellige elvefara er fulle av krumspring og avstikkarar, noko som ikkje berre gjer det til ein solid demonstrasjon av Kinect sine eigenskapar, men samtidig eit artig spel der du heile tida kan finne noko nytt. River Rush kunne nesten ha vore eit spel i seg sjølv om det hadde vore meir innhald rundt det.

Det som held River Rush tilbake frå dei heilt store høgdene er at det veldig lite å gjere i spelet, sjølv om du legg på jakt etter alle avstikkarar. Det einaste du som spelar kan gjere er å hoppe eller svinge frå side til side. Det er alt. Du kan ikkje få opp farten, du kan ikkje gjere småsprell, og det blir difor litt einsformig så snart det umiddelbare engasjementet har lagt seg.

Ikkje så langt frå japansk kveldsunderhaldning

Balansesport

Frå ein tur ned elva er hoppet til Reflex Ridge ganske stort. I dette spelet står du på ei plattform som flyttar seg gjennom forskjellige hinderløyper. Du må dukke under og hoppe over forskjellige hinder, samtidig som du må passe på å flytte deg mellom høgre og venstre for å unngå eit slag i trynet. Her òg handlar det om å sanke myntar, og du får ei solid dose kvar gong du kjem deg forbi eit hinder, eller du kan strekkje ut armane i forskjellige vinklar for å sanke inn myntar som dukkar opp framfor deg. Reflex Ridge er utan tvil det mest fysisk krevjande spelet sidan du må skifte stilling i eit høgt tempo, og du må etter kvart ha temmeleg raske reaksjonar for å sanke inn alle poenga.

Rallyball er igjen noko heilt anna. I dette spelet står du inni ein kanal der du skal kaste ein ball fram og tilbake mot kassar som står stabla oppå kvarandre. Målet er å knuse alle kassane, og utfordringa merkast raskt sidan ballen kjem dundrande tilbake. Blant boksane finn du òg nokre blinkar som vil sende enda fleire ballar tilbake. Det blir etter kvart eit temmeleg kaotisk spel som får testa både dine og Kinect-kameraets reaksjonsevner. Spelet les deg temmeleg godt, men i dei mest hektiske situasjonane kan teknologien glippe. Eg skal likevel ikkje seie noko for skråsikkert. Eg har mista ein ball nokon har kasta mot meg meir enn ein gong, sjølv om eg då var overbevist om at eg ville ta den.

Eit langt meir imponerande eksempel på kva Kinect er i stand til kjem i form av det snodige spelet 20,000 Leaks. I eit lite bur under havet må du sørgje for å tette alle små hol laga av sinte fiskar. Ja, det stemmer. Du blir angripen av fiskar som heilt sikker har sett seg lei av overfisket i verdas hav, og no har bestemt seg for at nok er nok. Det er derimot ein jobb du kan takle ganske greit sidan Kinect Adventures har funne opp eit eksepsjonelt nytt glas der alle hol kan permanent fiksast med ei venleg hand.

Det startar enkelt, og du strekkjer deg mot høgre eller venstre for å tette alle dei små hola som dukkar opp. I eit stadig aukande tempo må du tette hol både her og der, og vanskegrada blir enda større når du brått ser lekkasjar på golvet. Du endar opp med å bruke heile kroppen for å halde vatnet ute, og strekkjer på armar og bein i ein evig kamp mot vatnet. Det blir aldri utprega vanskeleg, i alle fall ikkje for ein langbeina person som meg, men det held deg aktiv, og du får ikkje stå i ro lenge.

Dette tullet kunne utviklarane godt ha spart seg

Så går det nedover

Det siste spelet i Kinect Adventures er Space Pop, eit lite makkverk av eit meiningslaust tidsfordriv. Her må du flakse litt med armane for å sveve i lufta, medan du går framover og bakover for å utnytte det tredimensjonale rommet du er i. Poenget er å poppe bobler, og det finnest ikkje moro. Boblene kjem frå både oppe og nede og frå kvar side, og det heile blir berre frustrerande. I starten verkar det greitt nok, men det utviklar seg raskt til å bli eit spel som krev meir enn du er i stand til å stille opp med. Kinect gjer jobben sin, men spelet er bygd på ein måte som krev raskare reaksjonar enn kva ein gjennomsnittleg person vil kunne få til med heile kroppen. Ei analogstikke hadde passa betre.

Bortsett frå Space Pop byr dei forskjellige aktivitetane i Kinect Adventures på triveleg moro. Spelet er lagt opp på ein veldig familievenleg måte som let deg gå fram slik du vil. Alle løyper og aktivitetar er umiddelbart tilgjengelege i Free Play, men om du vil kan du ta del i ein eventyrmodus der du kan vinne pokalar og forskjellige premiar for Xbox-avataren din.

Dette er likevel ikkje nok til å halde på interessa over lengre tid. Kinect Adventures er eit veldig fint og polert spel med fargerik og flott grafikk, men det manglar innhald. Kvar for seg er aktivitetane solide og artige (med unntak av Space Pop), men du får gjort så lite at heile spelet nesten framstår som ein demo av eit større produkt. Du får eit godt førsteinntrykk, har det moro nokre timar, og etter det går ein litt lei og mister den heilt store driven for å gå vidare. Akkurat dette er eigentleg ganske kjipt. Eg likar Kinect Adventures, og eg vil gjerne spele meir av det, men eg gidd ikkje gå gjennom dei same greiene om igjen.

Du kan spele saman med ein ven, men dette tilfører ikkje spelet stort. Å vere to stykk i ein gummibåt ned ei elv er kanskje moro ein gong eller to, men det byr på fleire utfordringar enn det er verdt. Reflex Ridge går det litt betre med sidan ein kan konkurrere om å kome lengst, men for resten av pakka tener du fint lite på å vere to.

Her er løna for alt strevet: Ein levande pokal!

Konklusjon

Som ein introduksjon til Kinect fungerer Kinect Adventures godt. Det er eit gjennomført og stødig spel som får jobben gjort. Dei forskjellige aktivitetane du kan ta del i demonstrerer alle forskjellige sider av Microsofts nye teknologi, og det er lett å bli begeistra.

Spelet manglar derimot innhald. Kvar aktivitet har fleire baner, men alt er likevel veldig likt. Du får aldri kjensla av å verkeleg få ei ny utfordring, og spelet støtter seg heile tida på dei same mekanikkane du lærer i startfasen. Det blir etter kort tid vanskeleg å bygge opp motivasjon for å halde fram. Sidan spelet kjem ferdigpakka med Kinect-kameraet kan ein kanskje akseptere at Kinect Adventures ikkje er det fyldigaste spelet, men det hadde likevel vore fint om Microsoft gav oss fleire grunnar til å bruke tid i selskap med det flunkande nye kameraet.

Det beste vi kan seie om Kinect Adventures er nok at det garantert vil gjere folk lystne på fleire Kinect-opplevingar.

Siste fra forsiden