Anmeldelse

Kinect Sports

Kan Microsoft ta opp kampen mot Sports Champions og Wii Sports?

Det er ikkje så vanskeleg å forstå kvifor Kinect Sports eksisterer. Etter braksuksessen Nintendo hadde med Wii Sports har det blitt veldig tydeleg at sosiale og artige sportsspel er gode pengar. Du kan sjølvsagt tenkje at suksessen er sjølvsagt sidan Wii Sports er inkludert med Wii, men samtidig kan du tenkje over kor mange som har kjøpt Wii nettopp for det spelet.

Kinect Sports er både som forventa, òg ei stor overrasking. Det er eit sportsspel utvikla av den smått legendariske gjengen hos Rare, og deira teft for imøtekomande design og god underhaldning skin gjennom heilt frå du innleiingsvis står framfor publikum og peikar på dei for å få fram eit gledesbrøl. Det som imponerer mest er likevel kor moro dei har prestert å skvise ut av dei forskjellige sportane i spelet.

Løft knea og vis kva du er god for
Løft knea og vis kva du er god for

Umiddelbar moro

Kinect Sports har to konkurrentar; Wii Sports til Wii og Sports Champions til PlayStation 3. Kinect Sports lenar seg utvilsamt mest i retning av Wii Sports sidan det aldri når presisjonen til Sports Champions, men det er likevel ikkje mogleg å samanlikne dei to spela stort utover tematikken, og moglegvis den ekstremt imøtekomande presentasjonen.

Får å seie det enkelt: Kinect Sports tek i mot deg med opne armar. Heilt frå første skjermbilete osar det mot deg av iver og speleglede. Dei eggande sambarytmane får fram ei skikkeleg sportsstemning til å vakse fram, og den stilreine og leikne grafikken som set Xbox-avatarane i sentrum får det heile til å framstå som ein meir polert og vidareført versjon av klassiske Wii Sports.

Ved å føre handa over skjermen får du raskt kaste deg inn i dei forskjellige sportsgreinene spelet byr på, samt nokre hektiske minispel som testar reaksjonsevna di. Det heile er så intuitivt at folk som aldri har vore i kontakt med eit TV-spel før vil forstå alt. Om dei kan engelsk vel og merke. Som med alle andre lanseringstitlar frå Microsoft har ingenting blitt oversett til norsk, noko som atter ein gong set noko bremseklossar på plass for at dei minste skal klare seg heilt aleine. Det er likevel ikkje noko stort problem sidan gode illustrasjonar fortel deg kva du skal gjere, og det er minimalt med tekst som er nødvendig å få med seg.

Menysystemet fungerer veldig greitt, men det kunne ha vore gjort lettare. Du må heile tida gå vidare gjennom den eine skjermen etter den andre. Først vel du sportsgrein, deretter om du skal spele aleine eller mot andre, etterfølgt av ein skjerm der du berre aksepterar at vanskegrada er grei, før du får lov til å ta deg vidare inn i spelet. Det tek ikkje lang tid, og det fungerer, men det meste av dette kunne ha blitt pakka inn på ein enkelt skjerm utan problem.

Bordtennis byr på ei solid utfordring
Bordtennis byr på ei solid utfordring

Glimrande fysisk aktivitet

Dei forskjellige sportsgreinene gjer derimot opp for alle innvendingar mot menysystemet. Vi får ta del i fotball, sandvolleyball, boksing, bordtennis, bowling og friidrett som består av sprint, spydkast, hekkeløp, diskos og lengdehopp på rekke og rad. Felles for alle sportsgreinene er at du verkeleg får køyrt deg. Å gå inn på alle i detalj vil ta for mykje tid, men det er visse grunnleggjande prinsipp som gjeld for alle sportar.

Så og seie alle greinene imiterer røynda, og dette betyr at for å kome deg gjennom eit hekkeløp må du springe raskt med solide kneløft før du tek eit solid hopp. Det er forferdeleg slitsamt i lengda, og eg kan med handa på hjarte seie at eg aldri før har blitt så sveitt og sliten som eg har blitt med Kinect Sports. Dei største fysiske utfordringane kjem gjennom friidretten der du må springe, hoppe og kaste med høg innsats, men dei andre sportsgreinene byr òg på sine utfordringar. Å spele nokre runder med fotball der du heile tida skal sparke ballen i ei eller anna retning fortener til dømes ein god strekk ved enden av dagen.

Sjølv om dei fleste sportsgreinene held seg meir eller mindre naturtru, er det visse unntak. Dette gjeld først og fremst fotball og sandvolleyball. Felles for begge desse greinene er at du ikkje må springe mot ballen. I fotball går heile sporten ut på å sparke ballen frå spelar til spelar før du plantar den godt i målet. Det er ein veldig grei måte å gjere det på som får kampane til å gå fort unna medan du har det veldig moro. Grå striper viser kva veg du kan sparke, og sjølv om du ikkje kan spele så veldig taktisk er det nok til at eit ørlite talent er påkrevd.

Sandvolleyball går på si side utelukkande ut på å slå ballen, og å hoppe før du sender den i bakken. Denne sportsgreina kunne gjerne ha vore hakket meir aktiv, men det er moro nok. Det skal ikkje mykje til å treffe ballen, men du må likevel hive deg rundt for å treffe den. Vanskegrada kan i tillegg justerast på alle sportsgreiner, noko som verkeleg viser forskjellen på nybyrjarar og dei som verkeleg veit kva dei driv med. Skal du klare deg i toppsjiktet skal det ein solid porsjon med trening til, uavhengig av vanskegrad.

Microsoft tek PowerPoint eit steg vidare
Microsoft tek PowerPoint eit steg vidare

Noko for alle

Sjølv om fleire av sportsgreinene er temmeleg fysisk krevjande har spelet fleire gode unntak. Den einaste sporten som aldri får deg til å sveitte litt er bowling. Noko ein raskt merkar med Kinect er korleis det er ei plattform som ikkje diskriminerer mellom høgre- og venstrehendte, og før du plukkar opp ei kule får du velje kva hand du vil bruke. Spelet i seg sjølv fungerer som ein skulle vente. Du kastar ballen framover slik du ville ha gjort i ein bowlinghall, og presisjonen er absolutt brukbar. Ein og annan gong skjer det ting som ikkje gjev heilt meining, men det høyrer til unntaka. Kula går dit du siktar, og når du klarar eit par strikes på rappen blir du litt stolt.

Av andre «mindre» fysisk krevjande aktivitetar har vi boksing og bordtennis. Boksinga er utan tvil det svakaste leddet i Kinect Sports reint teknisk, sjølv om den har sin underhaldningsverdi. Du ser eit par gjennomsikte boksehanskar på skjermen som for det meste følgjer deg temmeleg godt, men det blir litt vel mange rykk og napp. Dette er likevel ikkje det største problemet med boksinga. Det er vanskeleg å få eit godt nok inntrykk av kor nær du er motstandaren og kva slag du bør bruke. Det endar difor lett opp med å gå frå kontrollerte slag til vill veiving med armane, noko eg på litt absurd vis fann ut var like effektivt. Om du skulle slite er det berre å halde armen rett ut mot skjermen og veive den opp og ned. Då går det som regel bra.

Større suksess er det med bordtennis som viser at moglegheitene og presisjonen til Kinect kan rivalisere kva Wii har å stille opp med på sitt beste. Det når aldri tennis i Sports Champions til leggane, men du kan vinkle og vri slaga i så stor grad at det får stor innverknad på spelet. Dette gjeld spesielt på høgare vanskegrader der du blir heilt nøydt til å variere slaga dine. Dette er samtidig eit spel som på nesten anonyme måtar viser korleis Kinect ser deg. Når du spelar ser du gjennom silhuetten til avataren din, og om du flyttar deg frå side til side kan du sjå korleis du blir posisjonert ved bordet. Noko som òg får svært mykje å seie på høgare vanskegrader.

Enkel, men høgst engasjerande fotball
Enkel, men høgst engasjerande fotball

Stor underhaldningsverdi

Kinect Sports gjer det meste riktig, og byr på skikkeleg god og fysisk underhaldning for ein eller fleire spelarar. Om meir enn ein spelar skal bryne seg på ein sport kan det derimot oppstå eit problem eller to. Ein viktig ting å hugse på med Kinect er å ikkje stå i vegen for kvarandre. Kinect er ikkje i stand til å lese kva som ligg bak ein person, noko enkelt og greitt betyr at det må vere litt avstand mellom kvar spelar. Sjølv om avstanda er god kan det likevel bli ein og anna glipp frå sensorane si side, men eg har ikkje erfart at det blir eit stort nok problem til å kunne leggje ein dempar på moroa.

Moro kjem i fleire former i Kinect Sports, og dette spelet er utan tvil det beste eksempelet på kvifor Kinect bør filme deg medan du held på. Det er ikkje alle sportsgreiner som byr på like stort latterpotensiale, men å sjå seg sjølv i opptak etter ei solid friidrettsøkt, eller ein hektisk fotballkamp er hysterisk. Eg har enda opp med å le godt av meg sjølv meir enn ein gong. Det er samtidig veldig lett å bli litt riven med etter eit spel når du blir fortalt at kameraet går. Eg kan berre ikkje la vere å ta eit godt ballegrep ala Michael Jackson, med litt diskodans på toppen.

Desse fabelaktige videoane kan du laste opp til KinectShare.com for å dele med omverda, noko eg har vore barsk nok til å gjere (se videovindu under).

Klarer ikke laste video

Konklusjon

Kinect Sports er eit glimrande stykke underhaldning for ungar i absolutt alle aldrar. Den fysiske naturen til spelet skapar i seg sjølv eit stort engasjement, og når du gradvis kryp oppover vanskegradene får ein verkeleg kjensla av å ha blitt betre, sjølv om det berre er i eit spel med sterkt forenkla versjonar av verkelege sportar.

Gjennom glimrande design og eit smart utval sportsgreiner har Rare bygd opp eit av dei beste lanseringsspela for Kinect, og eit spel mange garantert vil få stor glede av. Det krev mykje plass for å fungere optimalt for meir enn ein spelar, men til gjengjeld er Kinect Sports veldig moro sjølv om du er aleine. Den største sigeren er derimot ein raud strek som går igjen for dei fleste Kinect-spela så langt: Ungar. Eg kan ikkje sjå føre meg anna enn at Kinect og Kinect Sports er ei rein gåvepakka til foreldre. Kinect let deg ha det kjempemoro utan ein einaste kontrollar, og så får du litt trim samtidig.

Igjen bør Microsoft få refs for å ikkje ha laga ein norsk versjon av spelet, men dei fleste vil ha stor glede av Kinect Sports likevel, uavhengig av språkkunnskapar.

Vurdering


Kinect Sports X360 X360 8/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 10. november 2010
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Microsoft Game Studios
  • Utvikler: Rare Ltd.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen