Anmeldelse

Kinectimals

Dette er ikkje langt i frå å vere tidenes største sjarmoffensiv.

Sjølv om eg ikkje er så langt frå å fylle 30 år er eg ikkje for gammal til å verdsetje Kinectimals. Dette spelet som dei fleste sikkert har trudd skulle bli Microsofts svar på Nintendogs. Eit spel som skal stappast inn i ein kvar familieheim med kynisk og spekulativ marknadsføring. Kva anna skal ein tru når butikkane snart blir fulle av Kinectimals-bamsar du kan kjøpe, for så å skanne halsbandet deira for å få krabaten inn i spelet?

Du kan ikkje klandre meg for å ha lukta ugler både her og der, men når spelet viser seg å vere eit av dei potensielt beste barnespela på lang tid, då er det på ein måte greit.

Aww, så søte dei er!

Sikkel i trynet

Sidan eg er på veg mot 30 seier det seg sjølv at eg ikkje er i målgruppa for dette spelet. Eg er sånn ca 20 år for seint ute, men bak mørke gardiner og låste dører kan til og med eg sleppe det indre barnet fri.

Eg har blitt veldig glad i Kinectimals. Det er eit vakkert og varmt spel. Det er ingenting her som minnar om konflikt og problemløysing. Dette er eit spel slik det bør vere når det er dei små ungane som skal kose seg med det. Alt er ein leik, og når du enno har god tid på deg før du merkar ekte ansvar, då har du lov til å leike deg gjennom kvardagen.

I Kinectimals spelar du deg sjølv, og gjennom møtet med forskjellige små kattedyr må du oppføre deg omtrent sånn som du ville ha gjort i røynda. Du finn deg ein katt, du kosar med han ved å strekke ut henda og flytte dei over kroppen hans, du leikar med han ved å late som om du kastar ting inn i skjermen, og du blir etter kvart litt glad i den vesle krabaten som spring fram og tilbake gjennom det grøne graset som bøyer seg for dei viltre potane hans. Om scenarioet får meg til å måtte trekkje fram det varme smilet, tør eg ikkje tenke på kva det vil gjere med nokre ungar mellom fem og ti år.

Første punkt i spelet er å velje ein unge. På rad og rekke sit ein tiger, ei løve, ein leopard og så bortetter. Ingen av dei blir sure om dei ikkje blir valt, dei berre smiler og purrar og spring heim til der kattungar held seg når dei ikkje er i selskap med deg. For deg og ditt nye kjæledegge er det derimot heilt andre ting som står på plakaten i eit spel som har ei temmeleg robust framdrift full av små aktivitetar å ta seg til.

Spelet gjer det det kan for å sjarmere deg i senk

På skattejakt

Sjølv om Kinectimals i stor grad handlar om å leike med eit kjæledyr, er dette berre ein liten del av spelet. I løpet av eventyret ditt på den vakre øya vi er på, vil du gradvis kome deg til nye soner. Dette vil la deg og kjæledyret leike dykk så lenge de vil i store opne område der ein kan ta seg ein matbit, kose litt, eller finne fram nokre leikar for å få tida til å gå. Det er dette som er essensen av kva Kinectimals er, og sjølv om det kanskje høyrest noko døvt ut, er det forbausande engasjerande.

Sjølv om eg aldri kan seie eg fekk den heilt sterke tilknytinga til dyret mitt (er nok for gammal), merka eg definitivt at eg kosa meg i det hårete selskap. Dyret kjem heile tida med forslag til kva de kan finne på, og om han er svolten eller skiten får du beskjed om det.

Du vil ikkje ha så veldig mykje direkte kontakt med dyret. Om du vil kose må du inn på menyen for så å bla deg fram til kosinga. Akkurat dette er ein litt tungvindt måte å gjere ting på sidan kosinga gjerne kunne ha vore tilgjengeleg kvar gong dyret kjem opp til deg. Om eg har kasta ein ball og tigerungen min har vore så flink at han har henta den, då vil eg gjerne kose litt der og då, i staden for å gå inn på ein meny. Denne menyen er ikkje vanskeleg å kome inn på, men det er eit unødvendig hinder som ikkje burde ha vore der for akkurat den tingen. Du må halde ut handa, vente til ikonet fyller seg opp, før du kan bla gjennom dei forskjellige kategoriane i leikekassa di. I kassa finn du alt frå mat og børster til flygande tallerkenar og gamle støvlar. Noko for ein kvar smak altså.

Leik i parken

Det er desse leikane som vil stele all tida di. Om du plukkar fram ei leike vil du raskt få forskjellige utfordringar. Har eg framme ein kastering får eg etter kort tid beskjed om å treffe tre objekt, eller kanskje kaste så langt som råd. Det heile går av seg sjølv, og det blir ein konstant og ubevisst motivasjon sidan du berre leikar, men likevel kjem deg vidare på vegen mot neste område. Kvar gong du klarar ei utfordring får du poeng som fyller seg opp på ei linje på toppen av skjermen. Denne er delt opp i fleire stopp som representerer forskjellige område du kan vitje i sona du er i akkurat no, og kvar gong du når eitt nytt får du ta turen dit.

Slik får du altså krabaten til å spele død

Desse områda byr på forskjellige konkurransar som du stort sett må gjere aleine. Eit døme på desse er korleis du skal køyre ein radiobil over ei bane på kortast mogleg tid. Det er ei ganske spesiell kjensle å køyre bil utan å ha noko som helst i henda, men det fungerer overraskande godt, sjølv om dette er ein svært enkel køyremodell.

Litt større utfordring kjem det når du skal geleide katten din gjennom ei hinderløype der du må hoppe, krype og balansere deg over hindra. Det er små og underhaldande utfordringar som let deg vinne pengar og nye leikar til kassa. Pengar er ein fin ting å ha om du vil ta ein tur til butikken på øya. Her kan du kjøpe halsband til krabaten din, samt nye leikar til kassa. Om du er villig til å betale kan du finne mykje rart her, og du kan til og med hamstre møblar til ei lita hytte du kan besøke for å kike på skattane du har funne så langt. Akkurat denne biten av spelet har ikkje gjeve meg mykje, men om du likar å dekorere virtuelle rom er det berre å slå seg laus.

Om du ikkje klarar desse konkurransane er det likevel ingen grunn til å fortvile. Du tapar ingenting på å ikkje vinne, og du kan prøve igjen så mange gongar du vil. Dette er eit spel som handlar om å heile tida ha det moro, heilt utan motgang, og det gjer det for det aller meste ein svært god jobb i.

Skår i gleda

Det er likevel visse ting som trekk ned hygga. Det merkast allereie ganske tidleg at variasjonen som i starten framstår som veldig god, eigentleg ikkje er det. Du får heile tida nye gjenstandar, men alle er innanfor ei lita gruppe kategoriar. Du får ganske mange flygande tallerkar, du får ein haug med ballar, og du får etter kvart ein del forskjellige matbitar å fore dyret med. Det er svært få av dei nye tinga du får som faktisk gjer noko nytt, og det tek vekk mykje av gleda av å få noko nytt i hende.

Litt kos må til ved enden av dagen

Andre ting igjen er heilt ubrukelege. Eg har stort sett ikkje hatt nokon kontrollmessige problem med Kinectimals, men å kaste ein støvel eller ein gummikylling på blink får meg til å kaste inn handkleet. Ein ting er å kaste eit objekt som manglar symmetri, ein annan ting er å kaste noko som ikkje vil bli kasta i utgangspunktet. Å treffe blink med desse tinga har blitt så banalt vanskeleg for meg at eg har gitt opp, og kjem aldri til å ta i ein skiten sko igjen. Eg går tilbake til min nye favoritthobby; kasteringen.

Sjølv om ikkje alt er heilt optimalt er grafikken noko for seg sjølv. Kinectimals er eit nydeleg spel som tidvis nesten ser ut som ein Pixar-film. Det er fargerikt og livleg, og dei forskjellige kattungane er så elskverdige og fulle av sjarme at dei er fullstendig uimotståelege. Den konstante purringa deira gjer det heller ikkje lettare å gå frå dei.

Det er likevel ein ting som er for dårleg, og med det meinar eg så katastrofalt dårleg at eg lurer på kva Microsoft har tenkt på. Vi har eitt av dei mest fascinerande barnespela nokon sinne, og så tek ikkje Microsoft seg råd til å oversetje det til norsk? Kva er det staben eigentleg trur? At alle nordmenn får engelsk inn med morsmelka? Ubisoft har prestert å oversetje kampspelet Fighters Uncaged, då må Microsoft kunne gjere det same med eit spel som tryglar og ber om det.

Spelet byr på ei hinderløype eller to

Konklusjon

Kinectimals er ei sjarmbombe. Det er eit spel som verkeleg brukar Kinect for å levere noko heilt unikt. I staden for å få ungane til å benke seg ned framfor TV-en vil dei springe bort til den og rope med gledesrop medan dei leikar med eit nesten kriminelt søtt dyr.

Spelet er ikkje feilfritt, det blir etter kvart mykje av det same, men for dei yngste er ikkje dette nødvendigvis ein negativ ting. Det blir aldri for mykje å halde styr på, og nye ting blir introdusert i eit fornuftig og venleg tempo. Best av alt er likevel den fine moralen, om vi kan bruke det ordet. Kinectimals er fritt for problem, fritt for vald, fritt for nederlag, og det heile er berre ein lang opptur langs ein veldig blomstrete veg. Eg forventar ikkje at du som les dette nødvendigvis vil sjå det heilt store poenget, men still dine yngre slektningar opp framfor TV-en, og du vil lære ei god lekse om ungar.

Siste fra forsiden