Little King's Story
Anmeldelse

Little King's Story

Lyst til å bli konge? Det er arbeid, mykje hardt arbeid.

Kven kunne vel ikkje tenkje seg å bli konge? Makt. Den makta du sit med der du slenger den slaskete ræva di over kongetrona og veivar med eit septer i rein latskap. Ah, makt, tenk deg det. Undersåttar som gjer kva du enn måtte be dei om, medan du får servert druer frå halvnakne jomfruer i eit palass av gull.

Det er makt, men det er absolutt ikkje slik livet er som konge i Little King's Story. Her må du gjere alt sjølv, og trass i at du har nokre lojale medhjelparar som kjem med gode råd og nye moglegheiter no og då, er det du som må gjere grovarbeidet. Du må brette opp armane, og stikke nevane i molda, for å seie det slik

Mykje ansvar

I Little King's Story er du ein knøttliten gut som ved å følgje nokre rotter inn i skauen, kjem over ei kongekrone som gjer han om til ein knøttliten konge. Frå å vere ein heilt normal unge, er du brått ein konge som må slite med den utfordringa det er å byggje opp eit heilt kongerike. Du må ta med deg dei late innbyggjarane i den vesle byen din, og leggje ut på vandring for å sanke pengar og bytte. Alt dette må du ta med deg tilbake til rønna som går for slottet ditt. Her byter du skattane med pengar, slik at du kan få ein nokon lunde stabil økonomi, før du i tur kan kjøpe nye hus til innbyggjarane dine.

Det utviklar seg raskt, og der du først spring rundt med nokre få ansvarslause tullingar, har du brått oppgradert til bogeskyttarar, soldatar og pengeinnkrevjarar. Det er akkurat her den store magien til spelet ligg. Du får heile tida noko nytt, og du berre prøve dette nye før du slår av. Dette er sjølvsagt drepen for alt sosialt liv, og du endar opp med å sitje framfor skjermen heile dagen, og til langt på natt.

Som konge vil du aldri gå aleine, og du kan plukke med deg dei folka du vil før du legg ut på eventyr. Desse folka endar opp med å springe i ein etter kvart ganske lang hale bak deg, og det er ekstremt viktig å tenkje nøye over kva folk du vil ha med deg. Det kan vere lurt å ha med seg til dømes bønder og bygningsarbeidarar. Bøndene kan grave fram skattar, og finne varme kjeldar som du kan bade i om helsa er skral. Bygningsarbeidarane set opp trapper og bruer der det er mogleg, slik at du kan utforske nye område.

Utfordringa her er å finne den rette balansen. Det kan ta veldig lang tid å byggje ei bru, men om du vil ha meir enn ein arbeidar for slike jobbar, må du ofre nokre krigarar. Alle folka i kongeriket ditt er riktig nok i stand til å angripe fienden, men det er ikkje alle som er like farlege for fienden.

Du må heile tida vege dei positive og dei negative sidene ved ei gitt samansetning, og du kan banne på at du ofte vil kaste kontrollaren frå deg i det du innser at samansetninga du trudde var perfekt, endar opp med å føre til det totale nederlag.

Smerteleg kontroll

Det er viktig å få fram at Little King's Story er eit herleg spel. Samtidig er det eit spel med svært openbare manglar, som er til så stor frustrasjon at det går hardt utover heilskapen.

Til dømes er det lett å stille spørsmål ved visse sider av progresjonen. Du får tak i alt mogleg nytt gradvis, men du må betale for det. Ting kostar pengar, og svært nyttige ting kostar gjerne mykje pengar. Ein slik ting er eit podium som let deg velje akkurat kva folk du vil ha i følgjet ditt. I starten er du nøydt til å gå opp til kvar enkelt person for å få han med deg, og etter kvart som riket ditt veks, kan du ende opp med å bruke like mykje tid på å finne dei folka du treng, som på å gjere noko produktivt.

Folka vandrar dit dei vil, og du har aldri nokon måte å finne ut kvar dei er. Du spring over heile området du har kontroll over i ei vill, og som regel håplaus jakt. Etter kort tid får du kjøpe eit podium som let deg sortere folk etter yrke, men her òg må du fysisk gå opp til dei for å ta dei med. Håplaust nok vil i tillegg alle dei du allereie skulle ha i følgjet gå kvar til sitt om du stig opp på podiet. Det var ikkje før eg hadde spelt i omlag fire timar at eg endeleg kunne velje frå ei liste kven eg ville ha med meg, samt sortere etter yrke, helse og liknande. Det er for dårleg, dette burde ha vore tilgjengeleg heilt frå starten.

Ein viktig grunn til dette, er helsa til innbyggjarane dine. Ved å gå opp til dei har du ingen måte å finne ut kor god den er, og såleis får du ikkje vite kven som er best skikka til kva jobb. I staden blir det heile på måfå, noko som kan få fram ei sterk misnøye med spelet, som det tek lang tid å bli kvitt.

Little King's Story

Little King's Story Wii Wii

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 24. april 2009
  • Plattform: Wii
  • PEGI: 7+
  • Sjanger: Simulator
  • Utgiver: Rising Star Games
  • Utvikler: Marvelous Interactive Inc.

Beste priser

Forsiden akkurat nå

Til toppen