LocoRoco: Midnight Carnival
Anmeldelse

LocoRoco: Midnight Carnival

Hoppeballane tek ein ny og dramatisk vri.

Kva tenkjer du når du tenkjer LocoRoco? Hygge? Eit triveleg spel i eit avslappa tempo? Om så skulle vere, blir eg ikkje overraska. LocoRoco-spela har bydd på overkommelege utfordringar du sjeldan treng slite for mykje med. Utfordringa har loge meir i å meistre ting til perfeksjon, enn det å berre overleve.

Dette har endra seg fullstendig i den siste tittelen med dei fargerike ballane.

Aller først bør eg likevel starte med ei kjapp innføring i kva LocoRoco er, for dei som enno ikkje har stifta nærare kjennskap med serien. I LocoRoco styrer du ein av fleire forskjellige ballar som går under namnet LocoRoco. Med desse ballane skal du hoppe, rulle og fly på luftstraumar gjennom forskjellige todimensjonale kart som er så genialt samansette at der alltid er noko nytt å finne. Etter kvart som du hoppar og rullar gjennom nivåa, vil du plukke opp forskjellige bær. Nokre vil få ballen til å vekse seg større, ved at nye LocoRocoar smeltar saman med dei du allereie har. Andre bær gir deg poeng du kan handle ting for.

Det heile skjer i eit tempo som sjeldan når dei heilt store høgdene, men når det først skjer, er det eit herleg dragsug som piffar opp ein heller fredeleg kvardag.

Storm i vente

I Midnight Carnival har alt endra seg. Det er ikkje lenger store brett med mange skjulte vegar. No handlar alt om fart. Det handlar om å kome seg frå start til mål på kortast mogleg tid, og det handlar om å overleve. Det heile er mykje vanskelegare enn før, og eit dødsfall kan kome før du får sukk for deg.

Du er stort sett konstant i fart, og det er svært sjeldan du får tid til å sitje stille. Dette kan vere fordi store delar av nivået hellar nedover, eller fordi plattforma du står på vil smuldre opp om du ikkje flyttar deg kjapt. Samtidig vil du bli nøydt til å tenkje veldig raskt i ei rekke situasjonar. Om du er hakket for treg, kan du miste eit livsnødvendig hopp, og ende opp med spolere alt for deg sjølv. Det er lett å hamne i situasjonar der du er nøydt til å starte på nytt for å kome vidare.

Døden er eit brennheitt tema i Midnight Carnival. Ikkje fordi spelet på nokon måte omtalar temaet, men fordi den heile tida stirar deg i auget. Bretta er stappfulle av farar. Det kan vere alt frå piggar på bakkar og veggar, eller flygande skapningar som ligg akkurat i vegen for deg, slik at alle hopp blir utfordrande. Du har så mange liv som du har LocoRocoar i ballen din, og med tanke på at du både har færre av dei her enn før, pluss at det er lettare å misse deg, endar det heile opp som ei mykje større utfordring.

Dette kan ein sjå på som både positivt og negativt. På den eine sida gir det eit friskt pust til serien, som gjer noko nytt med dei gamle mekanikkane vi kjenner frå før. På den andre sida kan det bli litt vel frustrerande. Å ufrivillig hamne i situasjonar det ikkje er mogleg å kome ut av med livet i behald er ikkje noko moro. Samtidig skjer ting ofte i eit så pass høgt tempo at det er veldig vanskeleg å sjå kva som kjem før det skjer. Desse ufrivillige situasjonane er noko du ikkje kan hjelpe for den første gongen du prøvar. Du flyr ut ein lang tunnel, og rett utanfor ligg eit beist med piggar. Du døy ein gong først for å vite at her må du gjere noko veldig kjapt.

Grisebank

Ein del situasjonar i spelet er ganske demotiverande. Det er absolutt interessant å prøve å meistre bretta, men når du veit at grunnen til at du døyr er utanfor din kontroll, blir ein lett ganske frustrert. Du har kanskje gjort ein fabelaktig innsats og har plukka opp alle frukter og blomar du kunne finne, berre for at spelet tek knekken på deg. Dette er kanskje grunnen til at vi finn sjekkpunkt i spelet, for du kjem til å døy, og det er tydelegvis noko utviklarane har innsett. Diverre lagrar ikkje desse sjekkpunkta statusen din då du nådde det (sjølv om du må betale ein solid sum for å bruke dei), og brukar du dei, startar du med berre ein LocoRoco. Sistnemnde er noko som vil få ein del til å berre starte på nytt, sidan ein gjerne vil gjere sitt beste.

Ein ny del av mekanikkane i Midnight Carnival er at du no kan lenkje saman hoppa dine. Dette fører i hovudsak med seg to ting. Først og fremst vil det gi deg sjansen til å hoppe mykje høgre, noko som er essensielt for å kome vidare på alle nivåa. Samtidig får du bonuspoeng for lange lenkjer, noko som kjem godt med om du er interessert i å vise kva du er laga av på poenglistene.

Desse hoppa er i tillegg noko av det som gjer Midnight Carnival til eit veldig engasjerande spel trass den tidvis svært harde utfordringa. Å lenkje saman det eine hoppet etter det andre kan få opp tempoet, men det let deg i tillegg hoppe gjennom tronge kanalar du elles ikkje hadde hatt sjangs på. Det krev ein viss presisjon, men kjensla av å meistre utfordringa er utanfor all diskusjon.

Solid sjarmoffensiv

LocoRoco Midnight Carnival er like sjarmerande som dei tidlegare spela i serien. Trass sine enkle og todimensjonale former, presterer grafikken å vere noko av det meste appellerande du kan sjå på, uavhengig av plattform. Som ein bonus kan du kjøpe forskjellige pynteting å putte på LocoRoco-ballane, slik at du til dømes har ballar med hattar. Det er ikkje ein stor detalj, men det bringer enda ei bøtte med sjarm inn i spelet. Musikken er i den same lystige og fengjande gata som før, og den vil garantert gjere ei rekke frustrerande stunder litt lettare å akseptere.

Nytt i Midnight Carnival er ein fleirspelarmodus som let deg jage gjennom nivåa saman med andre. Denne har sine gode og negativ sider, men eg er litt i tvil om kor vidt LocoRoco er rette staden for fleirspelar-aktivitetar. Det er moro så lenge begge spelarane kjenner nivåa, men om ein brått skulle kome til eit punkt der ein ikkje finn nokon utveg, forsvinn heile poenget. Med tanke på kor lett det er å døy i dette spelet, kan denne modusen bli litt meiningslaus.

Konklusjon

LocoRoco: Midnight Carnival er ein artig vri på serien. Det heile har skifta tempo, og krev no kjapp tenking og god presisjon. På dette området fungerer Midnight Carnival veldig bra. Det gir ei herleg plattformkjensle som veldig få andre spel byr på for tida. Samtidig har utviklarane kanskje gjort det heile litt for vrient. Du susar gjennom nivåa og rett inn i livsfarlege situasjonar det kan vere veldig vanskeleg å kome seg ut av. Fiendar ligg på lur overalt, og sjølv om utfordringa for det meste er god, blir det litt i overkant til tider.

Det er likevel her LocoRoco-magien kjem inn. Sjølv om ein blir frustrert og slår av maskina rett etter at ein har blitt grusa av spelet, tek det berre nokre kjappe blikk mot PSP-en, og nokre sekund med indre diskusjon før ein plukkar den opp igjen og prøvar ein gong til.

PSP 7 /10 Godt

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

LocoRoco Midnight Carnival

LocoRoco Midnight Carnival PSP PSP 7/10

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 29. oktober 2009
  • Plattform: PSP
  • PEGI: 3+
  • Sjanger: Gåteløsning
  • Utgiver: SCEE
  • Utvikler: JoWood Productions

Beste priser

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Alle brukere Dette gjør brukerne nå

Til toppen