Anmeldelse Naruto Ninja Destiny II

Drit på boks

Kom her og rull deg i tjære og fjær medan eg sparkar deg i skrittet og ler.

Naruto har fått seg ein knekk. Eg likar Naruto, men eg likar ikkje Naruto i så stor grad at eg er villig til å godta piss som dette.

Eg slit med å finne ord, etter å ha brukt veker på å oppnå ei total speletid på over to timar. Eg må tvinge meg sjølv til å plukke det opp, og eg må finne ein pinne å bite i for å døyve smerta medan eg lid meg gjennom eit par smertefulle minutt, før eg i raseri hamrar mot av-knappen som ein blind galning på amfetamin og metadon som i vill panikk prøvar å treffe ein spikar fordi han veit at om han ikkje gjer det, då kjem han til å døy. Døy langsamt, medan verdas kortaste og mest frykteleg groteske midilåt repeterer gjennom hjernebarken heilt til alt går svart.

Eg har lyst til å banne.

Faen!

Takk, det var betre.

Virtuell tortur

Du skjønar, eg slit med å skrive dette. Spelet er ikkje berre vanskeleg å spele, det er vanskeleg å ta stilling til òg. Men eg skal prøve å forklare spelet på eit vis som gjer at du, lesaren, får det du ventar deg frå Gamer.no: Ein relativt lang og velformulert tekst der alle (eller i alle fall nesten alle) element ved det aktuelle spelet kjem fram, og blir kommenterte, på sakleg vis (om mogleg).

I Naruto spring du rundt som Naruto i ein liten by sett ovanfrå. For kvart oppdrag må han ut av byen, og då ser du ei grotte, ein skog, eller liknande, ovanfrå. På tilfeldige tidspunkt hamnar du i kamp mot ein fiendtleg ninja. Du trykker inn knappen for kraftig slag to gongar, etterfylgt av eit trykk på knappen som får Naruto til å kaste seg bak fienden, før du trykkjer to gongar på det sterke angrepet igjen. Du repeterer dette nokre gongar, medan du prøvar å halde ut musikk som burde bli tema ved menneskerettsdomstolen i Haag, og fienden døyr.

Du spring vidare gjennom skogen eller grotta, hamnar i nokre kampar til (der du gjentek nøyaktig same prosedyre som eg nettopp gjekk gjennom på temmeleg sakleg vis, om eg skal få seie det sjølv), før du når mål. Mål er som regel heilt nedst på kartet, så la vere å springe til sida, du kastar bort tid.

Dette er alt. Det er ingenting meir å seie om dette spelet, så med mindre du elskar å få kjønnsorgana dine lemlesta av ei rusten kjøtkvern foreslår eg at du styrer unna.

Patetisk kampsystem

Om du vil ha fleire detaljar om spelet, kan eg prøve å grave dei fram. Kampsystemet er gjerne alfa og omega i eit spel som dette, men i løpet av dei første 30 sekunda av den første kampen, har du skjønt korleis du skal ta kvar einaste fiende i heile spelet. Det er så infantilt at eg finn ikkje ord. Du har to angrep, svakt og sterkt, men det svake angrepet blir blokkert heile tida. Det sterke angrepet blir så godt som aldri blokkert, så det blir kjapt tydeleg kva du må gjere. At du kan hoppe bak fienden for å slå han i ryggen legg berre opp til totalitært misbruk, og slik går dagane.

Om du Gud forby skulle møte ein fiende som byr på ei utfordring, må du aller først innsjå at spel ikkje er di greie, og at du må finne deg ein ny hobby. Om du ikkje vil sjå sanninga i auga, kan du i staden ta i bruk Rasengan. Rasengan er eit ganske kraftig angrep som sluker halvparten av helsa til dei fleste fiendane. For å bruke Rasengan treng du Chakra. For å få Chakra må du slå fienden, og no bør du skjøne kvar dette er på veg.

La oss gå gjennom dømet på korleis du speler frå litt lengre oppe i teksten, men oppdatere den for pingler som treng hjelp til pysete fiendar:

To kraftige slag + hoppe bak fienden + to kraftige slag = Rasengan = Død fiende. Repeter etter ynskje.

Altså, spel kan vere enkle, det er heilt greitt. Men det får no pokker meg vere grenser. Dette er ei fornærming mot mitt intellekt og eg blir faktisk ganske provosert. Spelet gjer ikkje eit einaste forsøk på å gjere noko kreativt, og det spyttar deg i trynet heile vegen gjennom torturen. Eg kan tenkje meg at utviklarane ler ganske godt av kvar einaste stakkar som enda opp med å bruke pengar på denne skiten.

Berre for å ha nemnt det, så kan du plukke opp forskjellige gjenstandar rundt omkring som får opp igjen helsa di, eller gir deg styrke og liknande. Du treng eigentleg ikkje bry deg om dette, sidan du aldri får bruk for det, men det er jo kjekt å vite kva symbola på den nederste skjermen eigentleg er.

Konklusjon

Som du kanskje har sett, så seier eg ikkje så alt for mykje om forskjellige ting i spelet, men det er fordi det er ingen forskjellige ting i spelet. Det einaste du gjer er å springe gjennom ufatteleg sterile, stygge og tronge korridorar berre for å hamne i kamp mot ein eller anna klovn du lett gir grisebank om du berre brukar taktikken eg har illustrert ved hjelp av nokså kreativ ordbruk. Medan du held på med dette vil øyra dine bli torturert av musikk som får det til å gå iskaldt ned gjennom ryggen på deg. Dette er, alt i alt, total valdtekt av sansane dine.

Det burde vere lover mot å lage slik skit. Eg for min del orkar ikkje meir. Eg treng eit sølibat i nokre år. Det verste av alt er at det er ingen bugs eller tekniske feil som øydelegg. Spelet er laga slik. Dei som laga dette spelet visste kva dei dreiv med.

Det er ein veldig skummel tanke, og det kvalifiserer til Gamer.no sin strengaste dom.

  • DS: 1/10

Diskutér artikkelen i forumet

Forsiden akkurat nå

Til toppen