Anmeldelse

Pokémon Black Version 2

Tradisjonen tru er dei små skapningane klare for nye kampar.

Eitt nytt Pokémon-spel kan ikkje akkurat kallast ei stor hending med mindre innsamling av søte krigsbeist er ditt høgaste mål i livet. Sidan det første spelet blei lansert på Game Boy i 1996 har vi sett regelmessige oppdateringar og nye versjonar som har raffinert opplevinga i staden for å endre den fundamentalt. Det same er gjeldande for Pokémon Black Version 2. Har du spelt eit Pokémon-spel, har du spelt dette, men det gjer ingenting. Mekanikkane er utprøvde og testa gong på gong, og grunnen til at dei framleis held seg intakte er enkel; dei fungerer, og dei fungerer godt.

Kven kjenner vel ikkje nostalgi over slike fagre skogar?

Pokémon Black Version 2 prøvar seg likevel på ei og anna nyvinning. Det første ein vil merke er at dette i motsetning til andre spel er ein direkte etterfølgjar. Vi tek på oss rolla som ein liten gut eller eller jente i Aspertia City. Etter nokre korte dialogar får du din første pokémon og dine første pokeballar. Herifrå ber det som vanleg ut på eit solid eventyr der det overordna målet er å samle så mange pokémon du kan.

Tradisjonen tru

Det er kanskje lett å gløyme, men ved kjerna er Pokémon-serien erketradisjonelle japanske rollespel. Vi får kanskje ikkje bli kjende med eit stort følgje meir eller mindre karismatiske figurar, men vi legg ut på langvarige eventyr full av fargerike område, snodige skapningar og eit mylder av turbaserte kampar mot både ville og tamme pokémon .

Målet med det heile er som før å slå åtte gymleiarar, og såleis er progresjonen veldig oversiktleg. Du er heile tida på veg til ein ny by, eit ny treningssenter, og ein ny trenar du må slå. Sidan førre gong har treningssentra fått seg ei oppussing, og fleire nye ansikt har kome inn. Metoden er likevel den same, og det er ikkje udelt positivt.

Det ligg ei solid blanding av hygge og uhygge i å gjere seg klar for ein gymkamp. Sjansen for at du har pokémon som er sterke nok for å slå leiaren er ikkje nødvendigvis stor, og sjølv om du skulle ha sterke pokémon er dei kanskje svake mot leiaren sine beste. Stein, saks, papir-systemet til Pokémon-serien lev i beste velgåande, og om det beste du har å kome med er ei sylskarp saks, hjelper det ikkje stort om fienden byr på småstein.

Med det endar ein raskt opp med å springe rundt på jakt etter noko å sigre over. Kampane med ville pokémon skjer på tilfeldige tidspunkt, men du veit alltid kvar dei kan finnast. Går du på ein veg eller nyklipt gras er du trygg, men om du tek turen ut i høgt gras, eller det enda meir risikofylte mørke graset kan du raskt møte fiendar. Det blir mange kampar og mykje arbeid for å byggje opp ei respektabel samling med pokémon, men dei går unna kjapt, og du har meir enn ein grunn til å oppsøkje kampane. Du vil både finne nye pokémon, trene dei gamle, utvikle ei samling som kan motstå den største trugsel.

Kampar i klassisk turbasert stil.

Meir, eg vil ha meir!

Kampsystemet er kjapt og effektivt. Har du ei solid samling pokémon bør du ha noko som kan takle dei fleste situasjonar, og møter du noko som er hakket for brutalt for den pokémonensom ligg i front, er det berre å byte den ut med ein etter forholda meir robust krigar. Utfordringane står i kø, og du møter konstant noko nytt som utfordrar deg til å leggje langsiktige planar for kva pokémonar du kan ha med deg. Det ligg mykje strategisk arbeid i å variere og utvikle samlinga di, og dette gjer seg spesielt gjeldande i kampar der du møter to eller tre pokémon samtidig.

Du kan ha med deg seks pokémon til ei kvar tid, om du ikkje vil ha ekstra rom i inventaret slik at du kan fange fleire. Å byggje opp alle seks kan derimot bli ein solid og langsam prosess. Det spelar inga rolle kor artige kampane er, gjer du ein ting ofte nok endar det opp med å gå av seg sjølv, og underhaldningsfaktoren har vanskeleg for å halde seg på topp. Motivasjonen er på topp når du får solide doser erfaringspoeng for å byggje opp krigarane dine, og omvendt når poengsummen du får på tampen av ein kamp er spinkel.

Det stadige drysset av nye pokémon du ikkje allereie har fanga sørgjer for at du regelmessig får eit kick av at du no har sjansen til å utvide repertoaret. Det oppgraderte Pokédxet gjer samtidig denne jobben mykje meir oversiktleg enn før. Du kan no sjå alle pokémon du har møtt i eit område, og du får medalje når du har funne alle. At du veit når du har funne alle er ei gudegåve, og det forhindrar deg frå å springe rundt på måfå.

I tillegg finn vi nye metodar for å lære dei små detaljane. Pokéstar Studios er ein smart liten læringsmodus kamuflert som eit filmstudio. Du skal lage små filmar og følgje eit manuskript, men samtidig velje kva pokémon som bør brukast. Det er så enkelt som å velje kva pokémon som er sterk mot ein annan, og om du ikkje har denne kunnskapen inne frå før, får du den kjapt her. Å lage filmar i seg sjølv er noko som mister sin verdi ganske kjapt, men lærdomen du tek med deg er nyttig.

Test deg sjølv i ei solid verdsturnering.

Ingen sjansar

Historia er på ingen måte av den avanserte sorten. Sjølv om vi møter nokre slemme folk, som gjengen i Team Plasma, handlar det heile først og fremst om å bli ein flink pokémontrenar. Det er litt skuffande eigentleg. Det er rom for å byggje opp noko hakket meir avansert i dette universet, sjølv om spela gjerne skal passe for ein yngre generasjon. Vi får små hint her og der om at det å fange pokémon i små ballar for å slåst med dei ikkje er heilt riktig, men temaet blir aldri utforska.

Historia blir i staden først og fremst munter og triviell, utan å engasjere. Det er likevel ikkje poenget, spelet handlar om å gjere ting, ikkje følgje med på dei. Pokémon Black Version 2 byr på fleirfaldige timar med underhaldning, og når det heile er over er det likevel ikkje på nokon måte over. Sjølv om historia har nådd sin ende opnar spelet berre opp og gjev deg enda meir du kan bryne deg på.

Innsamling av dei pokémonane du garantert enno ikkje har funne blir eit naturleg tidsfordriv, men å prøve seg på verdsmeisterskapet i pokémon er heller ikkje dumt. Her får du prøve deg mot kjende pokémontrenarar frå serien si lange historie, for å sjå kven som er best. Denne turneringa går gjennom store delar av spelet, og let deg teste deg sjølv når du måtte ynskje.

Pokémon Black Version 2 introduserer i tillegg eit flunkande nytt prestasjonssystem for serien. Gjennom ei rekke medaljar får du slått fast kva du har prestert, men du kan òg få hintmedaljar som peikar deg i retning av ting du kan gjere for å vinne nye. Det er ein smart detalj som kan variere korleis du oppfører deg når du jaktar og trenar pokémon.

I tillegg kan du kommunisere med andre spelarar via nettet. Du kan preike med dei om du vil, men av større interesse er å byte pokémon og gi kvarandre forskjellige nøklar som låser opp ulike vanskegrader. Eventuelt kan du bli med på Fun Fest Missions. Her kan du saman med andre spelarar gå på skattejakt og ta del i diverse små spel for å vinne premiar du kan ta med deg tilbake til hovudspelet.

Fargerikt og søtt, slik det skal vere.

Konklusjon

Små endringar er det som skildrar Pokémon-serien best. Det skjer ikkje frykteleg mykje nytt i kvar utgåve, men det er nok til at det kan få ei merkbar effekt på spelet. Spørsmålet er om det er nok. Sjølv om Pokémon Black Version 2 byr på ei og anna nyvinning er det i praksis rimeleg identisk med dei føregåande spela. Det skjer ikkje mykje nytt, og eg stiller meg litt tvilande til kor lenge Nintendo og utviklarane hos Game Freak kan ture på før dei må gjere nokre litt meir fundamentale endringar med formelen.

At vi i Black Version 2 i tillegg møter den same verda som i Black Version, med svært minimale forskjellar, er med på å byggje opp inntrykket av at dette kunne ha vore veldig mykje meir. Det er likevel moro, slik det alltid er å jakte på pokémon. Det er lett å la seg rive med av tvangstanken om å berre finne ein til, og kampsystemet har tross alt nytt godt av mange år med raffinering.

Om du er på jakt etter eit triveleg og lettfatteleg rollespel som likevel har mykje å by på, eller aldri får nok av Pokémon er dette eit sikkert kjøp. Skulle du derimot meine at serien er moden for endringar, er det ingenting her som vil endre meininga di.

Pokémon Black/White Version 2 er i sal for DS.

Siste fra forsiden