Anmeldelse

Ratchet & Clank: Q-Force

Det velkljende radarparet prøvar seg på litt tårnforsvar.

Når vi reiser på eventyr med Ratchet & Clank er det som regel i form av eit forseggjort eventyr der vi flyr frå planet til planet for å skyte alskens beist med feite våpen og ei solid dose humor attåt. Q-Force er i så måte eit anna beist. Vi får som vanleg eit solid våpenarsenal av kjende og rimeleg kjære dødsfabrikkar, men noko eventyr er det ikkje.

Det betyr likevel ikkje at spelet er utan historie. Nei du, her får vi ei dramatisk og nesten sorgtung forteljing om korleis ein liten stakkar kan gå frå å vere kaptein Quarks største fan, til å ville sjå han død. Stor forteljarkunst er det ikkje, men vi får i det minste ein grunn til kvifor vi etter kvart må reise frå den eine planeten til den andre. Så alt for dystert blir det ikkje, og det kan det no heller ikkje bli når Herr Trololo er på lydsporet.

Du kan aldri få for mange kanonar.

Bølgjeskvulp

I staden for å utforske diverse område i kjend stil blir vi kasta ut i det som best kan kallast ulike arenaer. Her får vi som i dei fleste tårnforsvarspel ein base som må haldast trygg. Inne i basen finn vi kraftkjerner som må forsvarast for ein kvar pris, og det er sjølvsagt desse fiendane vil ha. Utanfor denne basen finn vi store område fulle av utfordringar før vi omsider når eit mål der noko stort sett skal øydeleggjast.

Den næraste samanlikninga til Ratchet & Clank: Q-Force blir eigentleg Orcs Must Die!Iron Brigade frå Double Fine. Ein av dei viktigaste jobbane dine i Ratchet & Clank: Q-Force blir å byggje forsvar slik at fiendane ikkje berre kan valse inn i basen din. For å få råd til dette må du knuse kassar fulle av skruar og mutterar, og drepe fiendar som gjev si dose skruar. Etter kvart som du spelar og kjem deg vidare til nye planetar får du gradvis tilgang på nye kanonar, og grunnregelen er som regel at kvart nye våpen er både dyrare og betre enn det førre.

Dette er eigentleg spelet sin største og første feil. Dei beste tårnforsvar-spela gjer det ikkje veldig tydeleg at nokon våpen er best. Dei byr på varierte våpen med individuelle funksjonar som må setjast saman i forhold til kva fiendar vi har å bryne oss på. Q-Force leikar seg litt med tanken, men det stoggar eigentleg der, og vi får ikkje ein gong oppgradere dei få våpna vi har tilgang på. Vi får ein flammekastar og ein kanon som frys fiendar til is, men kva skal ein eigentleg med slikt når ein heller kan punge ut litt meir for ein rakettkastar som skyt ting langt, langt borte?

Litt strategisk tenking kjem likevel godt med. I tillegg til diverse kanonar kan du plassere ut miner og elektriske veggar som sakkar ned framfarten til fiendane. Solid kombinering av kanonar og andre forsvarsverk kan bety alt av forskjell når fiendane prøvar seg.

Quark skapar som vanleg meir trøbbel enn løysingar.

Krasj, boom, bang

Forsvar av basen er berre halve moroa i Ratchet & Clank: Q-Force. Dette er tross alt eit Ratchet & Clank-spel, og då blir det heilt naturleg at du får springe rundt og gjere ugagn sjølv. Dynamikken er svært enkel. Du byrjar utan noko som helst, men får kjapt velje deg eit våpen frå eit ørlite utval på ein liten våpenstasjon i basen. Deretter spring du ut i verda og jaktar etter fiendar og kassar som kan gi deg mutterane du treng for å kjøpe nye forsvarsverker.

Etter kvart som du prøvar å opparbeide ein solid økonomi vil du finne nye våpenstasjonar som gjev deg nye våpen. Som i tidlegare Ratchet & Clank-spel blir våpna oppgraderte ved kontinuerleg bruk, og desse oppgraderingane er permanente. Du må finne alle våpen på ny for kvart brett, men dette er eigentleg like greitt sidan mykje av utfordringa hadde forsvunne om du kunne starte med fullt arsenal kvar gong.

Kvart nivå har ein serie med ulike mål du må oppfylle. Ofte må du finne nokre generatorar slik at du kan kutte straumen for å kome deg inn i til ditt endelege mål. Dette er ikkje like rett fram som å berre springe til generatorane. Du må samstundes handtere stadige bølgjer med fiendar, og om du ikkje har gjort ein solid jobb i å byggje opp forsvaret ditt, må du haste tilbake til basen din.

Her kan ein få mykje moro med eit variert våpenarsenal fullt av gamle kjenningar som blant anna den alltid like nyttige medhjelparen Mr. Zurkon. Å kaste ut ein diskoball ved inngangspartiet til basen din er samtidig gull verdt, og å sjå bølgjer med fiendar praktisk talt bli massakrerte av kanonar og kva våpen du no enn måtte ha i henda er solid løn for arbeidet.

Etter at du omsider har knust ditt endelege mål på kvart nivå, blir det heile avslutta med ei siste massive bølgje av fiendar. Her får du testa om du har gjort ein fornuftig jobb i korleis du har bygd opp forsvaret ditt. Heldigvis står du ganske fritt til å prøve og feile. Om du innser at eit våpen er heilt feil for ein situasjon, kan du selje det og få tilbake alle pengane.

Kvart nivå byr på mykje å gjere.

Du og meg og vi to

Ratchet & Clank: Q-Force byr på ei grei dose moro, men det er over alt for fort. Utfordringane er der, og det å finne den beste framgangsmåten for å takle eit nivå på held deg gåande, men du har ikkje mange gode grunnar til å gå tilbake når det først er over. Til det blir nivå for like, og svært mange nivå er berre resirkuleringar av eitt og same nivå, noko som gjer det enda mindre spanande å gjere ting på ny. Å kunne setje på fargefilter og store hovud er – for å seie det mildt – ikkje nok.

I staden kan du prøve deg på litt samarbeid. To spelarar kan samarbeide om å forsvare basen, og dette endrar dynamikken ein del. Ein spelar kan vere offensiv, medan den andre forsvarar basen. Diverre du ha ein ven på lista di som òg har Ratchet & Clank: Q-Force for å få spele samarbeidsmodusen. Kvifor spelet ikkje let deg søke etter andre spelarar er eit mysterium, men slik er det. Alternativt kan du spele saman med ein ven via delt skjerm.

Betre blir det om du er klar for å kjempe mot andre spelarar, og her får du heldigvis søke etter spel. Du kan spele aleine mot ein annan spelar, eller i lag med to mot to. Dette endrar alvorleg talt spelet fullstendig på absolutt alle punkt. Kvart lag startar på sin ende av kartet der dei har sin heimebase. Før ein går i gong får ein eit par minutt på å ta over kraftstasjonar. Desse produserer ein kontinuerleg strøm av pengar, og desto fleire du har, desto meir pengar får du. Naturlegvis er det best å sikre seg flest mogleg av desse, og kampen om dei blir kjapt hard.

Når denne fasen er over er det tid for å kjøpe forsvar og beist som kan angripe fienden sitt lag. Til slutt brakar det laus og du må balansere eit intenst spel mellom å forsvare basen din og angripe fienden. Det heile går i eit skyhøgt tempo, og nøler du eit einaste sekund kan det vere alt som skal til for å slå deg tilbake mange hakk. Så snart alle bølgjene med fiendar er døde, går ein tilbake til første fase, og må prøve å ta over resten av generatorane, eller stogge motstandarane frå å ta dei du allereie har.

Det er direkte synd at det første du møter når du fyrer opp Ratchet & Clank: Q-Force er kampanjen, for den er strengt tatt ikkje det beste dømet vi har på tårnforsvar. Q-Force burde ha vore sentrert rundt fleirspelarmodusen frå første stund, for den er ustyrteleg moro, og byr på noko heilt utanom det vanlege. Konkurranseinnstinktet vaknar som aldri før, og sjølv om det kjennest som om du har hundre ting å halde styr på, så får du det likevel til.

Stiller før stormen, eller noko slikt.

Konklusjon

Ratchet & Clank: Q-Force er eit spel delt på midten som ikkje heilt veit kva det vil. Det blir presentert som ei ny historie i Ratchet & Clank-universet, sjølv om det kjapt blir tydeleg at dette ikkje er ditt ordinære eventyr med radarparet. Kampanjen er heilt grei, men ikkje stort meir enn det. Vi får ei akseptabel dose tårnforsvar som aldri når dei heilt store høgdene, og heilt tydeleg har svært tydeleg forbetringspotensiale.

Om du kastar deg på nett og spelar mot andre blir dette eit heilt anna beist. Fleirspelarmodusen i Ratchet & Clank: Q-Force er kreativ og frisk, og byr på ein herleg intensitet det er umogleg å seie nei til. Her får du testa både reaksjonsevne og strategisk kløkt, og om du har ein solid medspelar med på laget er alt duka for ei solid hyggestund som kanskje gjer deg litt sveitt.

Vi endar i praksis opp med to ganske ulike spel der det eine er veldig bra, og det andre er berre heilt OK. Om du vil konkurrere mot andre er Ratchet & Clank: Q-Force knall, men om alt du vil ha er litt tårnforsvar finnest det langt betre alternativ.

Siste fra forsiden