Anmeldelse

Rush Rush Rally Racing

Arkaderacing som gjer vondt og godt på dei rette stadene.

Bilspel har alltid vore blanda drops for meg. Dei har ofte ei bratt læringskurve, som eg sjeldan er tålmodig nok til heilt å toppe. Dei kan dessutan fort bli både keisame og frustrerande om framgangen lar vente på seg. På toppen av det heile går sjangeren gjerne hardt utover både temperament og tommelfingerhud. På den andre sida er jo utgangspunktet for bilspel utvilsamt bra, for det er gøy å køyre bil. Og virtuell bilkøyring er endå meir gøy enn den reelle varianten, fordi ein ikkje berre kan, men skal køyre det reimr og tøy kan halde. Det er ein god sjangerpremiss. Det store spørsmålet er i så måte om utviklarane er i stand til å ivareta det gode utgangspunktet.

Tradisjonelt arkadebilspel

Rush Rush Rally Racing er eit godt, gammaldags arkadebilspel, der du ser bana frå sånn omtrent senit perspektiv og det meste er lagt opp på eit nokså tradisjonelt og føreseieleg vis. Sjølve presentasjonen er enkel, og forfriskande lite sjølvhøgtideleg, og du treng ikkje klikke deg gjennom mange menyane før du er klar for asfalten. Spelet har tre forskjellige modusar – «grand prix», «time attack» og «challenge» – og du har fem bilar å velje mellom, kategorisert på klassisk vis etter handtering, akselerasjon og toppfart. Etter desse to vala er det full gass.

For her er ikkje noko analogt gass- og bremsesystem, som ein gjerne ser i meir moderne og til dels realistiske simulatorar. Her er det full gass og bråbrems som gjeld, og det er i grunn befriande enkelt og presist; når eg hamnar utanfor bana eller på andre måtar i bakevja er det i dei aller fleste tilfelle min eigen feil. Og i bakevja hamnar eg ofte, for som nemnd over: Læringskurva er nokså bratt. Heldigvis betyr det òg at ein merkar reell framgang frå runde til runde, noko som gjer at spelet alltid er utfordrande, men sjeldan frustrerande.

I «grand prix»-modusen er det om å gjere å hamne blant dei tre beste i eit løp som stort sett går over tre til fem rundar. Klarer ein det, får ein prøve seg på neste bane, med same premiss – klarer ein det ikkje, har ein ytterlegare to forsøk på å forbetre plasseringa før det er game over. Det er aldri enkelt, men heller aldri uoppnåeleg, og variasjonen i banene er også forfriskande; her får ein prøve seg både i ørkenlandskap, i meir og mindre levande bytrafikk og på meir tradisjonelle bilbaner. Den som er ørlite observant vil dessutan fort finne at enkelte av banene byr på små snarvegar der ein kan spare verdifulle sekund, noko som sjølvsagt blir spesielt viktig i «time attack»-modusen.

I motsetnad til i «grand prix» er det her berre snakk om enkeltrundar, der det einaste som tel er å kome seg til mål så fort som mogeleg. Kvar gong du set ein ny banerekord, dukkar det opp ein spøkelsesbil som representerer rekordrunden, og som du då kan måle deg mot. Diverre er det berre rundetida som blir lagra permanent, mens spøkelsesbilen ikkje varer lenger enn fram til neste gong du avsluttar time attack-modusen. I den siste modusen «challenge» køyrer du ein mot ein med det formål å leggje motstandaren langt nok bak deg til at han eller ho hamnar utanfor biletkanten. Førstemann til fem er vinnaren, og motstandarane blir progressivt vanskelegare etter kvart som du vinn deg framover. Alt i alt ein artig og litt annleis modus, sjølv om det nok ikkje er den eg har brukt mest tid på.

Litt smertefullt

Eg var inne på banene, og føler eit behov for å understreke kvaliteten på desse. Ein har hovudsakleg tre forskjellige omgjevnader – ørken, by og racerbane – som alle banene tar utgangspunkt i. Her er ikkje allverda til vekt lagt på realisme, men heldigvis desto meir på køyreglede og variasjon: Der dei fleste banene startar på asfalten, er det ikkje sjeldan at ein, rundt eit par svingar, opplever at vegen er stengt og at bana fortset rett ut i sanda, eller gjennom eit bustadområde, eller at ein må hoppe over ein tungt trafikkert hovudveg. Klarer du ikkje hoppet, må du trasse trafikken på hovudvegen, finne nærmaste avkøyring, og kome deg inn på sjølve bana igjen derifrå. Som nemnd over er det også snarvegar å finne på enkelte baner, men her er gjerne ein viss risiko involvert; viss ein bommar litt på (til dømes) det avgjerande hoppet, så går sekunda fortare enn bilen.

Tommelfingerhuda får gjennomgå, og dette gjeld især om ein brukar Wiimoten til å styre med – det viser seg nemlig at intens trykking på d-paden ikkje er som balsam for tommelputa. Går ein for Classic-kontroller eller den gode, gamle Gamecube-stikka (eg hadde diverre ingen av desse for handa då eg testa spelet), slepp ein billegare unna på smertefronten, men det kan hende ein må ofre litt når det gjeld presisjon. Dette blir i stor grad eit spørsmål om smak, men spør du meg er såre tomlar uansett ein del av bilspelopplevinga.

Konklusjon

Rush Rush Rally Racing er eit spel som satsar på ei lite høgtideleg arkadeoppskrift, og som i stor grad treff mål i forsøket. Til sjuande og sist er dette eit bra spel fordi det er rein motormoro: ukomplisert – men aldri enkelt – lite sjølvhøgtideleg og rett på sak. Skal ein først lage eit bilspel basert på gårsdagens teknologi, er dette utvilsamt ei fruktbar tilnærming.

Det aller beste ved dette spelet er nok likevel banene, som er både utfordrande, varierte og godt utforma; etter kvart som ein lærer dei å kjenne vil ein merke at ein meistrar dei stadig betre for kvar gjennomkøyring. Rush Rush Rally Racing er rett nok ingen konkurrent til Forza eller Need For Speed, men det får vere greitt, for det prøver det heller ikkje å vere. I staden er det rett og slett eit sjarmerande og kjapt bilspel som gjer vondt og godt på svært mange av dei rette stadene. Og sjølv om det ikkje akkurat tilbyr ei storslått speloppleving, så er det aldeles upåklageleg underhaldning.

Rush Rush Rally Racing er i sal gjennom Wiiware.

Rush Rush Rally Racing Wii Wii 7/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 19. april 2012
  • Plattform: Nintendo Wii
  • Utgiver: RedSpotGame
  • Utvikler: Senile Team

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen