Anmeldelse Tales of Symphonia: Dawn of the New World

Festeleg gjensyn

Når heltar blir skurkar står konfliktane på rekke og rad.

Kva skal ein eigentleg gjere når verda allereie har blitt redda frå den visse undergang? Svaret er såre enkelt, vi tek den mest rettskafne og moralsk bevisste helten vi kan finne, og gjer han til ein skurk. Ja, du høyrde riktig. Loyd har blitt ein skikkeleg ufordrageleg fyr som finn det for godt å slakte ned folk, og brenne ned byar fulle av sivile. Alt for å få tak i Centurion-kjerner. Disse kjernene inneheld nokre mektige skapningar som kan ta dei forskjellige beista i verda under sin kontroll.

Akkurat no ligg desse skapningane i djup søvn, og difor ligg sjefen deira, Kong Ratatosk òg i djup søvn. Ein sovande Centurion medfører ei lang rekke problem, som til dømes at forskjellige monster skiftar beite og oppførsel, samt at det brått kan byrje å snø i det som i alle år har vore ein ubehageleg tørr ørken.

Emil i Lønneberget

Vår helt i denne dramatiske historia heiter Emil, og han hatar Loyd. Ikkje så rart kanskje, sidan Loyd er ansvarleg for at begge foreldra hans no ligg nokre fot under jorda, saman med ganske mange andre innbyggjarar frå byen Palmacosta. Tidleg møter Emil den unge jenta Marta, og ei temmeleg einsidig kjærleikshistorie byrjar umiddelbart å ta form.

Emil er ein sjenert, snøvlete og generelt temmeleg inkompetent person som ved eit lukketreff endar opp som ein Ratatosk-riddar. Dette sender Emil inn i Ratatosk-modus kvar gong han er i kamp, noko som er svært heldig sidan Emil i normal modus garantert hadde planta tuppen av sverdet sitt i stortåa før han hadde makta å lange ut mot ein fiende.

Det er kanskje denne uskuldige og naive sida ved Emil som får Marta til å bli så over alle støvelskaft forelska i fyren. Kjensler byrjar gradvis å byggje seg opp hos Emil, men han er for feig til å seie noko. Difor er det svært hendig at ein bekmørk Centurion med namnet Tenebrae er ein del av følgjet. Han er ein gretten gubbe som mest ser ut som eit ganske vellukka forsøk på å krysse ein katt med ein hund. Tenebrae seier alltid det han meiner, og det osar gjennom av ein endelaus sarkasme kvar gong han opnar kjeften.

Utover dette trekløveret blir vi ikkje kjende med mange nye personar. Etter kvart som historia går sin gang, møter vi heile gjengen frå det originale Tales of Symphonia, og det blir eit gledeleg gjensyn som verkeleg slår hardt fast kor fabelaktig dette persongalleriet er.

Ein god latter

Historia i Dawn of the New World er ikkje den sterkaste eg har sett, men den engasjerer likevel fleirfaldige gongar meir enn dei fleste spel eg kan ramse opp på ei hand. Plottet er ikkje stort meir enn godt nok, men det kjem i ei så herleg pakke at det er umogleg å ikkje bli forelska på ny. Dialogen og samspelet mellom dei forskjellige personane i historia er fabelaktig. Som i ein del andre lengre historier, endar det opp med å handle meir om gjengen som er ute på tur, enn kvifor dei i utgangspunktet er på tur.

Som vanleg i eit Tales of-spel blir i tillegg dei herlege Skit-sekvensane ein viktig del av karakteroppbygginga. Desse sekvensane får du sjå ved å trykke inn ein knapp når du får beskjed om at ein ny Skit er tilgjengeleg, og dei er alltid like fornøyelege. Emil, Marta og dei andre i gruppa diskuterer både kva dei skal gjere, og personlege ting seg i mellom. Som regel blir det aldri for seriøst, og ein sekvens der Tenebrae på sitt sarkastiske og djevelske vis forklarar kvifor Emil ved ein glipp kalla Sheena for mor, fekk meg til å gapskratte høglydt i fleire minutt.

Den gode humoren er det som verkeleg får deg til å knytte band til persongalleriet, og det er lenge sidan eg har sote igjen med så mange breie smil om munnen som eg har gjort i løpet av dette spelet.

Monsterfarm

Dawn of the New World slit litt med å gjere veldig lite nytt. Det har nye hovudpersonar, nokre nye kampelement, og ei ny historie, men stort sett resirkulerer spelet veldig mykje. For det meste vitjar du berre område vi allereie har besøkt i det første Tales of Symphonia, og sølv om det er nye oppgåver å utføre, hadde det ikkje skada om vi fekk vitje delar av verda vi ikkje har sett før. I tillegg kan ein av og til få inntrykk av at gamle heltar er putta inn berre for at fansen skal få leike med dei. Dette er i og for seg greitt, men det kunne ha vore gjort på ein betre måte. Dei er med i gruppa, og du kan ha dei med i kamp, men dei går aldri opp i erfaringsnivå, og du kan ikkje skifte ut utstyret deira. Dei gamle heltane endar difor opp som ei litt spinkel affære der dei eigentleg ikkje er stort anna enn gjestar.

Heldigvis går det ikkje ut over kor moro du vil ha det. Dei er som regel berre med deg i korte periodar om gangen, og du endar aldri opp med å slite med dei låste erfaringsnivåa.

Samtidig demonstrerer det kvar fokuset eigentleg ligg denne gongen. I staden for å fordele merksemda di over ei stor rollebesetning, vil du i Dawn of the New World samle monster. Dette er noko som kan minne om Shin Megami Tensei-serien, sjølv om det ikkje er like avansert. Etter ein kamp kan du invitere med deg eit monster om tilhøva tillet det. Alle nye monster du får med deg vil gå opp i erfaringsnivå akkurat som deg, og etter kvart vil dei bli svært nyttige allierte i kamp.

Tales of Symphonia: Dawn of the New World Wii Wii

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 13. november 2009
  • Plattform: Nintendo Wii
  • Utgiver: Namco Bandai
  • Utvikler: Namco

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen