Anmeldelse

Tales of Symphonia: Dawn of the New World

Festeleg gjensyn

Når heltar blir skurkar står konfliktane på rekke og rad.

1: Side 1
2: Side 2

Hektiske kampar

Kampsystemet i Tales of-serien har alltid skilt seg ein del frå andre spel i sjangeren, sjølv om det skjeldan skjer mykje nytt frå det eine spelet i rekka til det andre. Har du spelt eit Tales of-spel før, veit du nøyaktig kva du har i vente, og det fungerer like godt som alltid. Det heile skjer i sanntid, og du høgg laus med sverdet og hiv frå deg det eine spesialangrepet etter det andre. Tempoet er definitivt dette kampsystemet si sterkaste side, og saman med nokre nye spesialangrep som verkeleg gjer kål på fienden, skal det godt gjerast å miste gløden.

Det dukkar i tillegg opp eit nytt strategisk element gjennom monstra du kan ha med deg. Dei har alle forskjellige eigenskapar, og er sterke og svake mot forskjellige fiendar. Kva monster du vel å ta i bruk i eit gitt område kan få mykje å sei for utfallet. Samtidig er det viktig å hugse på at du berre kan ha fire monster i følgjet ditt, noko som gjer det viktig å balansere mellom å ha monster med høge erfaringsnivå, og eventuelle nye monster du vil byggje opp.

Om du har med deg nok gjestar kan du derimot velje å la alle monstra stå utanfor kamp. Det er maksimalt fire krigarar med i ein kamp, og det er veldig greitt at alle som står på sidelinja får erfaringspoeng sjølv om dei ikkje deltar aktivt. At monstra får erfaringspoeng på denne måten er heilt nødvendig, sidan eit nytt monster startar på nivå ein, og dermed er heilt ubrukeleg i starten.

Stramt og lineært

Sjølv om historia er eit stort sjarmtroll trekk det ned at spelet har blitt mykje meir lineært enn før. Eg har ikkje noko problem med ei historie som tek meg frå den eine staden til den andre, men når utviklarane vel å fjerne verdskartet serien har hatt i alle år, merkar ein raskt at noko manglar. Det heile går unna i eit mykje større tempo, og ein får aldri utforske noko som helst på eige initiativ. Kartet er redusert til eit todimensjonalt bilete bretta rundt ei svær tredimensjonal kule, omlag som ein globus, og når du skal gå frå den eine staden til den andre, vel du berre frå ei liste.

Det er ganske synd, sidan du aldri får ta deg litt fri til å berre sanke erfaringspoeng. Skulle du hamne i ein situasjon der du treng meir erfaring, er ditt einaste alternativ å gå fram og tilbake i eit av områda du finn fiendar. Du må sanke erfaringspoeng svært sjeldan, så dette blir aldri noko problem slik sett, men det er likevel synd.

Når du først går til ein stad, kan du rekne med svært mange historiesekvensar, og dette er som sagt ei fryd, men mange lange lastesekvensar deler opp moroa her og der. Det er strengt tatt hakket for mykje lasting i dette spelet, og nokre gongar er dei forskjellige historiesekvensane sett saman på ein veldig merkeleg måte som tvingar enda meir lasting på deg. Eit godt døme på dette er korleis du nett har vore vitne til ei lengre samtale, før du får kontrollen tilbake etter ei lastepause. Herifrå får du kanskje lov til å gå tre eller fire skritt før ein ny lastesekvens introduserer meir historie.

Kvifor utviklarane ikkje berre kan køyre slike sekvensar i eitt utan unødvendige stopp med ekstra lasting, er utanfor mi fatteevne.

Fint og fargerikt

Dawn of the New World resirkulerer mykje frå det første Tales of Symphonia-spelet, noko som bør gi deg ein god peikepinn på kva du har i vente grafisk. Det er verken imponerande eller skuffande, og gjer jobben sin godt. Den grafiske stilen er med sine enkle former og fine fargar eit spel som fungerer temmeleg godt på Wii. Det når sjølvsagt ikkje det smellvakre Xbox 360-spelet Tales of Vesperia (ja, eg veit om den japanske PlayStation 3-versjonen som så langt diverre står utan europeisk dato) til knea, men det får gjort jobben.

Musikken er på si side eit svært blanda samansurium av herlege melodiar og katastrofale rytmar som bør gravleggjast på botnen av ein ein djup sjø. Eg finn ikkje heilt ord for å beskrive kor horrible nokre av «melodiane» i dette spelet er. Heldigvis er det meste av musikken av god kvalitet, sjølv om dette spelet aldri vil vinne nokon prisar på denne fronten.

Konklusjon

Tales of Symphonia: Dawn of the New World er definitivt ein verdig oppfølgjar til det herlege Tales of Symphonia som underteikna skrytte stort av for nokre år tilbake. Det er riktig nok ein solid porsjon gjenbruk av både tidlegare område og personar, men dette betyr ikkje at spelet blir dårleg av den grunn. Eg har hatt så mykje moro med dette spelet den siste tida, at slikt berre blir meiningslaust flisespikkeri.

Den nye hovudpersonen er kanskje ei pyse, men han er ei pyse omringa av herlege personar som verkeleg spelar på at han er ei pyse. Dawn of the New World er stappfullt av fornøyeleg humor og karakterbygging dei fleste andre utviklarar kan ta stor lærdom av. Dette er eit spel laga av folk som ikkje er redde for å fulle spelet med fullstendig retningslaus dialog som ikkje har noko anna formål enn å få deg til å le godt. Ei god sideeffekt er jo sjølvsagt at du sakte, men sikkert innser kor stor pris du set på å opphalde deg i dette selskapet.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden