Anmeldelse Tatsunoko vs. Capcom Ultimate All-Stars

Slåssing for alle

Capcom serverer enda eit ballespark til alle sine konkurrentar.

Eg likar Japan, men hvis eg skal prøve å forklare folk kva Tatsunoko er, så hadde det blitt blank løgn frå første ord. Sanninga er at eg som dei fleste andre måtte ty til Wikipedia for å forstår kva den eine halvdelen av Capcom sitt siste slåssespel er. Som dei fleste andre utanfor Japan kjenner eg ikkje til varemerket Tatsunoko. Det var med lettare begeistring eg fann ut at selskapet som står bak mange legendariske anime- og manga-seriar (legendariske i Japan vel og merke), òg er opphavet til hovudpersonen i ein av mine absolutte favorittfilmar; Casshern.

Nok om Tatsunoko sitt opphav. Du treng eigentleg ikkje vite stort meir enn at du sannsynlegvis aldri har verken sett eller høyrt desse figurane, og du vil nok kanskje meine dei alle er litt for like kvarandre.

Heftige galleri

Det einaste som eigentleg manglar variasjon i Tatsunoko vs. Capcom er figurane frå Tatsunoko. Dei forskjellige superheltane går stort sett i kvite klede, og har kanskje ei maske som skal etterlikne eit dyr. Vi har ei svane og ei ørn, samt ein del forskjellige «man»-folk. Yatterman, Tekkaman, Ippatsuman osv. Det er kanskje ikkje så langt unna amerikanarane sine Superman, Batman og Spider-man, men for ein ukultivert nordmann kan det heile sjå ut som svært utspekulært melking av ei ganske mager ku. Men så kan ein jo ikkje forvente eit sofistikert verdssyn frå ein nordmann frå landets desidert beste vestkant.

Når ein set seg ned med dei forskjellige kamphanane viser det seg derimot kjapt at velkjende poleringa til Capcom absolutt er til stade. Krigarane er alle så markant forskjellige og differensierte at det er svært lett å plukke opp ein, spele med han, og hugse han utanåt for all ettertid.

Samtidig er det ikkje direkte vanskeleg å lære seg angrepa til dei fleste krigarane. Det er ikkje eit hav av sjukt vanskelege angrep å utføre, og dei fleste av dei baserer seg på ein halvsirkel eller kvartsirkel etterfølgt av ein angrepsknapp. Det interessante med Tatsunoko vs. Capcom er korleis det sjeldan spelar noko rolla kva angrepsknapp du vel å avslutte med. Du utfører det same angrepet uansett, men nøyaktig kor raskt og kraftig det er, vil variere.

Det som ikkje varierer er det konstante fokuset på å byggje seg opp for å utføre eit saftig spesialangrep. I Tatsunoko vs. Capcom går slike angrep under namnet «Hyper Combo», og kvart slag og spark vil byggje opp «Hyper Combo»-metret gjennom til saman fem steg. Eit enkelt spark gjer lite skade i dette spelet, men ved å konstant angripe fienden og lenkje saman forskjellige angrep, vil du kunne fyre laus ein «Hyper Combo» slik at du kan fargeleggje skjermen i alle regnbogens fargar, medan du ser helsa til motstandaren styrte mot null i eit dramatisk tempo.

To mot alle

Tatsunoko vs. Capcom er eit lagbasert kampspel. Det vil seie at i staden for å setje ein og ein krigarar mot kvarandre, vel du to krigarar før kvar kamp. Å ha to krigarar er nyttig først og fremst på to måtar. Når det skulle passe deg kan du skifte kven du vil spele med. I tillegg kan du når som helst få hjelp av partnaren som står på sidelinja. Eit enkelt knappetrykk vil få kompisen din til å hoppe inn i skjermen for å sparke frå seg før han hoppar ut igjen. Dette er sjølvsagt noko folk lett kunne tenkt seg å utnytte, og det er difor ei pause mellom kvar gong du kan hente inn makkeren.

Å ha to krigarar på lag er samtidig veldig praktisk om du får litt for mykje juling på ein gong. Sett at du er litt uforsiktig og brått blir eit offer for ein brutal kombo som etterlet deg knapt i stand til å stå på beina. I ein slik situasjon kan du berre skifte ut offeret slik at han eller ho kan få seg ei pause.

Å ta seg ei pause kan vere ein god idé sidan du kan regenerere helse i Tatsunoko vs. Capcom. Kor mykje du kan få tilbake kjem an på kor mykje du har motteke, og dette er noko du lett kan få oversikt over ved å gløtte kjapt på helsemålaren. Den gule fargen viser kor mykje du har akkurat no om ingenting endrar seg, medan den raude delen viser kva du kan få tilbake om du ikkje blir skada igjen. Det er eit godt system som gjer deg nøydt til å tenkje kjapt og nøye over korleis du skal reagere i ein situasjon. Mange gongar er det beste alternativet å ta ein time-out. Ikkje berre for å berge livet, men òg sidan nokre krigarar enkelt og greitt er meir effektive mot kvarandre.

Fabelaktig kontrollsystem

Tatsunoko vs. Capcom er ikkje berre eit tvers igjennom solid slåssespel, det er samtidig eit spel som presterer kunstverket å vere fantastisk lett å kome i gong med. Med unntak av Super Smash Bros finnest det sannsynlegvis ikkje noko slåssespel det er lettare å plukke opp, få til, og ha det moro med i løpet av få sekund.

Kjerna til denne prestasjonen er korleis kontrollsystemet endrar seg i høve med kva kontrollar som er tilkopla maskina. For erfarne spelarar vil det defintivt vere best å spele med ein Classic- eller GameCube-kontrollar, sidan desse vil gi deg eit kontrollsystem du er kjend med frå andre spel på andre konsollar. Om du har litt peng til over kan du i tillegg skaffe deg ei skreddarsydd arkadestikke. Kor vidt denne er verdt pengane kjem sjølvsagt an på i kor stor grad du vil spele akkurat dette spelet, sidan det ikkje akkurat finnest mange slåssespel på Wii.

Felles for dei forskjellige kontrolloppsetta er at det heile er temmeleg forenkla i forhold til blant anna Street Fighter IV. Presisjonen som krevjast er ikkje like brutal, og det er heller ikkje like mange knappar å halde styr på. I staden for høge og låge slag og spark, har du berre svakt, medium og hardt angrep, noko som gjer det heile veldig lett å kome i gong med.

Om du likevel ikkje skulle få til noko, er det berre å hive vekk alle avanserte kontrollarar og heller sitje igjen med Wiimoten. Her har du berre to knappar for alle angrep, der den eine tek seg av alle slag og spark, medan den andre piskar ut Hyper Combo-angrep og liknande. Du fnys kanskje av dette, men før du kjem for langt i fnyset ditt skal du tenkje over kva dette kan gjere for folk som elles slit med å få til noko som helst i eit slåssespel. Om eg skal vere heilt ærleg vil eg kalle det ein genistrek frå Capcom si side. Det er klart spelet mistar mykje av detaljnivået om du skal spele det slik, men poenget må vel heller vere å bruke dette kontrollsystemet som ein ypparleg inngangsport til sjangeren.

Variabelt ytre

Om det er ein ting presentasjonen til Tatsunoko vs. Capcom gjer riktig, er det å få fram dei forskjellige krigarane på ein måte som gjer det veldig tydeleg at ein HD-konsoll på ingen måte er nødvendig for å kose seg med litt kamp på liv og død. Figurane er velmodellerte, karismatiske og fulle av animasjonar som pustar liv i dei. Det er i tillegg lagt stor flid i å få alt til å sjå veldig tøft ut når krigarane fyrer laus spesialangrepa sine. Det er klart det aldri når nivået til Street Fighter IV, men det er no heller ikkje meininga.

Det som først og fremst trekk ned det visuelle inntrykket er bakgrunnar som er fullstendig anonyme. Dette er kanskje greitt frå eit rein teknisk standpunkt sidan alle distraksjonar er dårlege distraksjonar i eit slikt spel, men likevel, det kunne ha vore litt meir sjarm i områda. Den einaste arenaen som verkeleg skil seg frå resten er Dead Rising-helten Frank West si heimebane; eit kjøpesenter der zombiane fell frå taket. Søtt.

Menyane i spelet er uansett for dårlege. Dei er direkte stygge å bla gjennom, og dei presterer samtidig å vere rimeleg vanskelege å finne fram i. Spelet har nok av Heldigvis er det lett å finne dei forskjellige modusane, som vanlege ein-mot-ein-kampar, å vinne mest mogleg før helsa går tom, eller å halde ut lengst mogleg. Det som verkeleg manglar er ein solid treningsmodus ala den vi finn i Street Fighter IV. I staden må vi ta til takke med ein simpel modus der du utan tips og triks kjempar mot ei dokke.

Konklusjon

Dette er eit av dei få tilfella der det eigentleg spelar veldig lita rolle om du likar ein sjanger eller ikkje. Det finnest nok av folk som slit med slåssespel-sjangeren sidan dei enkelt og greitt ikkje får til noko. Dette problemet løyser Tatsunoko vs. Capcom på meisterleg vis ved å inkludere kontrolloppsett for alt frå nybyrjarar til erfarne spelarar på proff-nivå.

Det er mange herlege krigarar å velje mellom, og sjølv om omlag halvparten av dei vil vere fullstendig ukjende og kanskje litt rare for den gjengse nordmann, vil du garantert finne noko du likar med dei kjapt.

Tatsunoko vs. Capcom er atter eit glimrande slåssespel frå Capcom, og det spesielle denne gongen er at dei har klart å lage eit slåssespel absolutt alle kan ha det moro med.

Vurdering


Tatsunoko vs. Capcom: Ultimate All-Stars Wii Wii 8/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 29. januar 2010
  • Plattform: Nintendo Wii
  • Utgiver: Capcom
  • Utvikler: Capcom

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen