Anmeldelse The Godfather II

Mafia på feil spor

Atter ein gong tar du del i det kriminelle livet til den legendariske Corleone-familien.

Gudfaren-filmane er kjende for mykje forskjelleg, men flyktig bruk av vald er ikkje ein av dei. Det betyr ikkje at filmane var utan valdelege episodar, det betyr at der vald var eit verkemiddel, blei det brukt til stor effekt. Samtidig la den sparsame bruken av vald, mykje større tynge til den når den først dukka opp.

Dramaet var det store midtpunktet. Historia om ein familie i konstant omvelting. Michael Corleone sine indre traume medan han tok faren sitt imperium vidare. Det er mykje god historie å hente her, men historia ligg berre som eit hult bakteppe for eit spel som ignorerer alt filmane, og bøkene dei er baserte på stod for. Gudfaren II, som Gudfaren før det, handlar om vald. Blodig, uprovosert og meiningslaus vald.

Slå først, spør etterpå

Eg er ikkje framand for vald i spel. Det er den ingrediensen som ligg til grunne for dei fleste spela som byr på noko slags form for underhaldning. Det er akseptert at for å gjere noko som helst i ei interaktiv verd, må du drepe for å kome dit. Sjølv i Mario sine spel må du drepe skjelpadder for å redde prinsessa. Det er litt trist eigentleg, at noko så frykteleg som vald og drap skal bli til den lettaste og mest vanlege forma for underhaldning, for folk i alle aldrar.

Kvifor denne leksjonen om vald? Fordi ein av verdas største utviklarar av spel, har teke ein lisens dei kunne ha gjort kva som helst med. Ein lisens med ei historie så solid og fundamentalt gripande at den ligg høgt på listene over tidenes beste, og dei har øydelagt den. Dei har køyrt historia gjennom søppelkverna, og teke det minst brukte elementet, og gjort det til så og seie den einaste ingrediensen i eit spel som oppfører seg som Grand Theft Auto sin prepubertale nevø. Historia ligg her, men den er fortalt på ein måte som ikkje engasjerer, og du kjem aldri inn i den same stemninga filmane bygde opp.

Spelet kamuflerer seg bak å gi deg moglegheiter til å styre ditt eige vesle imperium, men du kjem aldri unna det udiskutable faktum at nitti prosent av tida går med på å drepe den eine etter den andre stakkaren som kjem i din veg. Du bankar opp ein stakkars butikksjef for å ta over sjappa, og du drep alle vaktene den rivaliserande mafiafamilien skulle ha gitt jobben med å forsvare eigedomen. Berre dette i seg sjølv er nok til å bli lettare oppgidd. Det er så mange måtar EA kunne ha løyst dette på. Dei kunne ha lete seg inspirere av Mass Effect til dømes. Dei kunne ha lete deg spasere inn i ei forretning, og gjennom eit smart samtalesystem, kunne du overtale eigaren til å gi deg litt av inntekta, i byte mot tryggleiken du gir tilbake.

Om eigaren framleis skulle nekte, hadde det kanskje vore tid for å statuere eit eksempel ved å kaste han eller eit familiemedlem ned frå eit hustak, men nei, slik er det ikkje her. Det første du gjer her, er å angripe. Du slår, du sparkar, og du kastar han rundt. Du knuser TV-ar og du trugar kundar. Du spreie frykt kontinuerleg i kvar einaste sjappe du plantar beina, før det på nokon måte er noko poeng i å starte forhandlingane. Ikkje at vi snakkar om interessante forhandlingar heller, det er berre snakk om å gjere eigaren redd nok, så overgir han seg. Gjer han for redd, og han berre slår tilbake. EA har likevel prestert å gjere denne delen av spelet underhaldande, og dei har eit kreativt kontrollsystem for å pryle folk.

Hjernedaud progressjon

Valden hadde gitt meir meining om det var ein viss logikk bak det heile. Til dømes gir det meining at ein handlangar som deg vil bruke rå makt på denne måten når du er ny i faget, så i starten av spelet er alt eigentleg temmeleg underhaldande. Etter kvart som du tek over fleire og fleire forretningar, ville det derimot ha gitt mykje meir meining om ein eigar av ei forretning hadde blitt redd så snart han såg deg, og let seg overtale utan at du må ty til billege triks som slag og spark.

I staden spelar du heile spelet som ein simpel pøbel. Du spring frå den eine sjappa til den andre, og tek den over, og du blir etter kvart litt lei. Først når ei sjappe er di, byr spelet på sine meir interessante element. Du kan setje ut vakter på kvar eigedom, og du har enkle verkty du kan bruke til å halde kontroll over ditt vaksande imperium. Det blir aldri dei heilt avanserte greiene, og der er eigentleg mange fleire menyar enn der er reelle val, men det gir deg ei kjensle av at det du gjer er litt større, enn kva du nokon gong erfarte i det første Gudfaren-spelet.

Etter kvart som du hyrer inn fleire menn under deg, kan du i tillegg ta sjansen på å ta over bedrifter utan å delta sjølv. Du berre sender undersåttane dine medan du gjer andre ting. Akkurat dette gir deg ei litt større kjensle av å vere ein person med makt, men det er òg ein av veldig få ting som gir deg denne kjensla.

Du slepp aldri unna kjensla av å vere ein pøbel. I kvar by må du styrte ein eller fleire rivaliserande familiar. For å gjere dette, må du ta ut overhovudet sine næraste undersåttar, og dette er ikkje berre berre. Dei må drepast på heilt spesielle måtar, for å statuere eit eksempel sjølvsagt. Skulle du tilfeldigvis drepe denne personen gjennom ei vilkårleg utveksling av kuler, vil han berre bli sendt til næraste sjukehus, og du må vente ei stund på neste sjanse. Nei, for å verkeleg drepe desse folka, må du først finne ut korleis dei skal drepast. Dette gjer du ved å finne folk i byen som av ein eller anna grunn har denne informasjonen. Utfører du ei teneste for desse folka, fortel dei deg det du vil vite.

Latterleg vandalisme

Jobbane du må gjere er alt frå å banke opp ein utro ektemann, til å drepe ein eller anna fjott. Andre gongar må du rasere eit hus, som til dømes ein strippeklubb. Dette er kanskje noko av det mest patetiske og håplaust dårleg gjennomførte elementet i spelet. Dei einaste du faktisk kan øydeleggje i desse klubbane, er flaskene på borda, og med litt ustabil presisjon på kontrollaren, er dette ein tidkrevjande og søvndyssande jobb.

Bortsett frå akkurat dette er kontrollane i spelet absolutt funksjonable, og om du berre vil ha enkel action i ei open verd, er faktisk The Godfather II er godt val. Du får eit solid utval av våpen å velje mellom, og sidan du lett kan låse deg fast til ein fiende, er det sjeldan noko problem å ta ut fiendane. Det er faktisk ganske moro. I tillegg kan du ha med deg ein liten gjeng med undersåttar som hjelper deg i kampane. Dei har samtidig spesielle eigenskapar som kjem godt med i forskjellige situasjonar. Ein lege kjem til dømes godt med når du står ovanfor store mengder med fiendar, sidan han kan få deg på beina igjen med full helse om du skulle bli skoten ned.

Dei andre eigenskapane kjem til nytte på andre måtar, som til dømes før du kjem så langt som å gå i direkte kamp mot fienden. Nokre undersåttar kan plante sprengstoff, andre kan kutte straumnettet, medan andre igjen kan låse opp ein safe får å få ta i litt ekstra peng.

Det er ikkje dei heilt store vala, men det er nok til å gi spelet litt nødvendig variasjon. Undersåttane kan du samtidig oppgradere med nye eigenskapar om du er villig til å ta farvel med ein del av innhaldet i lommeboka di. Du kan òg oppgradere dei og personen du spelar sjølv på fleire område. Dette er alt frå å vere flinkare med våpen, til å tole meir skade. Ein anna, og minst like artig funksjon, er korleis du kan kle opp gjengen din i akkurat den stilen du skulle ynskje, slik at familien din får sin eigen visuelle identitet. Om du vil ha ein stivpynta gjeng med kvite lakksko er det ditt val, og om du heller vil ha ein pøbelgjeng i motorsykkeljakker, kan du sy saman det òg.

Du har nokre andre måtar å justere eigenskapane til gjengen din på. Ved å ta over rivaliserande familiar sine bedrifter vil du sakte, men sikkert, låse opp forskjellige kriminalitetsringar. Utbyttet du får frå desse er alt frå å få tilgang på skotsikre vestar, til metallknokar og betre økonomi. Om ein av bedriftene i ein ring forsvinn inn i dei grådige hendene til ein anna familie, vil du derimot miste slike bonusar, så det er viktig å ta vare på eigedomen sin.

Flatt og livlaust

The Godfather II er på ingen måte eit vakkert spel. Det inneheld fleire store byar, men dei er sterile og heilt blotta for noko interessant å feste auga på. Bortsett frå personane som generelt sett er av rimeleg høg kvalitet, om vi ignorerer samtlege kvinner, ser spelet ofte ut som om det kunne ha blitt henta frå førre generasjon. Det meste er takka vere svært livlaus lyssetting som aldri gjer noko som helst for å få ting til å sprette ut av skjermen. I tillegg er animasjonen mangelfull på sitt beste, og overbeviser så godt som aldri.

Dei fleste personane er prega av urealistiske rørsler, og du merkar tidleg at utviklarane berre har kopiert og limt inn forskjellige animasjonar på mange personar. Ansiktsanimasjonane på hovudpersonane er det einaste unntaket, der ein kan sjå korleis rynker og særtekk i andleta endrar seg når dei snakkar.

Fleire av skodespelarane låner ansikta og stemmene sine til personane dei spelte i filmane, men diverre er det tydeleg at dette ikkje gjeld Al Pacino, mannen som spelte hovudpersonen sjølv; Michael Corleone. Han verken liknar eller høyrest ut som seg sjølv i spelet, og dette trekk ned heilskapsinntrykket nokre hakk kvar gong han er i ei scene.

Konklusjon

Om du er ein svoren fan av Gudfaren-filmane bør du styre langt unna dette spelet. Det viser nesten forakt for kjeldematerialet, og omformar heile den legendariske serien til simpel og tanketom underhaldning. Det kunne ha vore så mykje meir. EA er heim til mange talentfulle folk, og eg er sikker på at nokon av dei kunne ha kome opp med ein god idè for eit Gudfaren-spel som viser filmane og det litterære materialet dei er baserte på respekt.

Det hadde vore spanande å få spele eit skikkeleg mafia-spel som ikkje enda opp som ei simpel GTA-klone. Ikkje at vi kunne forvente mykje anna, sidan det første Gudfaren-spelet òg var ei GTA-klone. The Godfather II gjer eit forsøk på å spytte inn litt meir mafia-kontroll, men det er ikkje nok. Historia druknar i mange meiningslause skotvekslingar. Det druknar i eit overdrive fokus på vald, og det er ikkje det Gudfaren handlar om. Valden i seg sjølv kan definitivt vere underhaldande, men i lengda blir det ikkje godt nok.

Gudfaren handlar om alt som ligg bak valden, og eg håpar EA held det i tankane om dei vel å lage fleire spel.

Merk: Anmeldelsen er basert på PlayStation 3- og PC-utgåvene. Spelet er óg i salg for Xbox 360. The Godfather II inneheld onlinefunksjonalitet det diverre ikkje har vore mogleg å teste i våre anmeldareksemplar.

  • PlayStation 3: 5/10
  • PC: 5/10

Diskuter artikkelen i forumet

Vurdering


PS3 | Windows
Middels

The Godfather II PS3

The Godfather II Windows

The Godfather II X360

The Godfather II PS3 PS3 5/10 X360 Windows 5/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 26. februar 2009
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Electronic Arts
  • Utvikler: EA Games

The Godfather II Windows Windows 5/10 X360 PS3 5/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 26. februar 2009
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Electronic Arts
  • Utvikler: EA Games

The Godfather II X360 X360 PS3 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 26. februar 2009
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Electronic Arts
  • Utvikler: EA Games

Forsiden akkurat nå

Til toppen