Anmeldelse

The Sky Crawlers: Innocent Aces

Høgtflygande action

Krig mistar både mål og meining når born blir pilotar.

1: Side 1
2: Side 2

Krig er eigentleg ein temmeleg tåpeleg ting, og av og til dukkar det opp eit kunstverk som veit å setje akkurat dette i eit solid perspektiv. Berre tenk over dette: Vi har kriga så lenge vi har eksistert. Er det då kanskje ikkje på tide å innsjå at krig ikkje løyser konfliktar? Hadde krig vore effektivt på nokon måte, burde vi jo i løpet av nokre tusen år ha prestert å funne fram til enden på elendet. Men nei, vi krigar framleis, og våpenindustrien i seg sjølv har sikra den norske stat nokre gode milliardar på bok det siste året.

The Sky Crawlers presenterer ein framtidsvisjon som tek alt dette i ein veldig naturleg retning, sjølv om den skulle vere ganske trist. Kva om freden omsider skulle kome? Kva om ingen hadde ein god grunn til å krige? Kva då? Kva skal våpenindustrien og krigsmaskineriet gjere med tida si?

Svaret er så enkelt og banalt at eg er stygt redd for at det på eit eller anna tidspunkt kan bli ein realitet. Regissert krig i spesielle teatersoner. Krig for krigen si skuld. Ein måte å tene pengar på, ein måte å skape underhaldning. Krig mellom multinasjonale firma som berre skal tene pengar. Ein krig der soldatane byter «side» om den eine fraksjonen skulle bli for sterk. Ein tåpeleg krig der det einaste formålet er å vise folk kva krig er, slik at dei ikkje gløymer at fred er ganske bra.

Forteljarkunst

Historia står veldig sterkt i The Sky Crawlers: Innocent Aces, og eg vil vie den ein del plass før eg går vidare på det reint tekniske. Spelet fortel historia heile tida, uavhengig av om du spelar, eller følgjer med på ein sekvens mellom oppdraga. Dette spelet er på sett og vis ei opptakt til animefilmen The Sky Crawlers frå Mamoru Oshii og Production I.G., som igjen er basert på bøkene til Hiroshi Mori. Vi møter ikkje dei same personane som i Oshii sin film, men det tek føre seg ein del av det som hender i god tid før filmen. Ei rekke ting blir forklart og utbrodert som filmen aldri brukar mykje tid på. Samtidig vil ein del detaljar du kanskje ikkje tenkjer mykje over medan du ser filmen, brått få ny og sterkare meining.

Med andre ord er det eit must at du ser filmen for å få fullt utbytte av spelet. Samtidig vil eg seie at det er eit must å spele spelet for å få fult utbytte av filmen. Dette er to likeverdige verk i eitt univers, og eg er temmeleg sikker på at tematikken vil sitje igjen hos deg i lengre tid.

I dette alternative krigsuniverset spelar du rolla som ein anonym og «stum» pilot som etter kvart stig i rekkene. Det heile startar uskuldig nok med ein gjeng pilotar som gjer jobben sin, men etter kvart byrjar ting å ta nokre litt problematisk retningar. Medpilotane dine blir skotne ned ein etter ein, og som erstatning kjem nokre umodne og direkte ubehagelege pilotar inn. Dei er berre for born å reikne, og går under namnet Kildren. Som eit resultat av genforsking er dei perfekte pilotar som aldri blir gamle, og berre kan døy i kamp.

Klamme dilemma

Å dytte ungar inn i krig er ikkje problematisk berre frå eit etisk standpunkt, men det byr på ei rekke problem som følgje av at Kildren enkelt og greitt ikkje er modne nok til å sjå verdien av eit liv. Det einaste dei tenkjer på er kampen i lufta. Den eine er besett av å utføre ein duell, den andre meiner alle som fell i krigen er svake og udyktige. Det finnest ingen grunn til å bry seg.

Det er haldningar som moralsk sett ikkje høyrer heime hos folk med tilgang på flygande drapsmaskiner, men samtidig ser ein lett kvifor desse «borna» etter kvart fasar ut dei eldre pilotane. Om du kan dytte ein samvitslaus skrott inn i cockpiten, har du den perfekte pilot som ikkje nøler med å følgje ordre.

Kildren sitt inntog blir herleg dokumentert gjennom flotte animesekvensar mellom oppdraga, men historia utviklar seg i tillegg medan du flyr flyet ditt. Pilotane snakkar kontinuerleg og overbevisande om kva som utspelar seg i lufta, og eit oppdrag kan brått få nye mål ut av kva retning historie går. Det heile er sjølvsagt stramt regissert, men det sørgjer for å blande gode utfordringar og ei svært engasjerande historie på ein veldig god, og veldig effektiv måte. Du får ei sterk kjensle av å vere ein del av noko litt større enn deg sjølv, og at det du gjer i lufta faktisk spelar ei rolle.

Som eit resultat av dette blir du veldig engasjert, og ein blir lettare fast bestemt på å ta ned alle dei avskum som skulle kome nære nok. Eg må innrømme at det er ei stund sidan eg har vore så til dei grader fiksert på skjermen medan eg spelar eit spel. Auga mine praktisk talt svir.

Genialt kontrollsystem

The Sky Crawlers: Innocent Aces kjem til oss frå det som smått legendariske Project Aces, Namco-temaet som står bak Ace Combat-serien. Med The Sky Crawlers-lisensen har dei gjort noko heilt anna enn kva dei er kjende for, og det med stort hell. I staden for å byggje opp ein svært detaljer og potensielt sett komplisert flysimulator for Wii, har dei forenkla alt så brutalt at det absolutt ikkje står noko i vegen mellom deg og underhaldninga.

I staden for å halde Wiimoten i høgre hand som vanleg, byter spelet om på standardoppsettet. Du held Nunchucken i høgre hand som ein joystick, medan justerar vinkelen på Wiimoten for å endre farten. Det heile fungerer forbløffande bra, og det er heilt umogleg å ikkje dra heile kroppen med når du legg om flyet. Det einaste som kan blir eit lite problem, er at det i alle fall for min del blir litt vanskeleg å koordinere den venstre handa medan eg vrir og vender på den høgre. Dette medfører at eg stort sett heile tida flyg i toppfart, noko som sjølvsagt ikkje er det beste når du skal ta ein brå sving.

Om ein ser bort frå denne detaljen, sit kontrollsystemet som eit skot. Nunchucken er responsiv, og sjølv om flyet i nokre få situasjonar låser seg fast i ein vinkel i nokre sekund, er dette eit minimalt problem som for alt eg veit kan vere grunna dårleg kontakt mellom Wiimoten og sensoren.

Korleis du brukar Wiimoten og Nunchucken er derimot ikkje kva eg meiner når eg seier at Project Aces har gjort alt veldig enkelet. The Sky Crawlers nyttar eit sonesystem som let deg låse deg på ein fiende om du er nær han lenge nok. Er du innanfor rekkevidda til ein fiende, vil eit meter gradvis vakse opp gjennom tre steg. Når du eitt av desse kan du fyre laus i ei automatisk rørsle som plasserer deg i halen på fienden. Om du let metret lade seg heilt opp, vil du få ei enda betre og stødigare plassering. Full opplading tek likevel veldig lang tid, og forskjellen er ikkje stor nok til at det eigentleg er verdt å vente.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden