Anmeldelse

The Sky Crawlers: Innocent Aces

Høgtflygande action

Krig mistar både mål og meining når born blir pilotar.

1: Side 1
2: Side 2

Kaotisk sirkus

I tillegg til den automatiske manøveren for å plassere deg bak fienden, kan du bruke analogstikka på Nunchucken til å velje ein av åtte retningar for forskjellige taktiske manøvrer. Desse er alt frå å ta ein u-sving, til å ta ein piruett for å dukke unna fienden sine kuler. Samanlagt gir alle desse manøvrane deg alt det spelerom du treng for å kunne ha det vanvittig moro.

I dei fleste oppdraga blir du konstant jaga av fiendtlege fly, og ved å kaste deg bak dei i høgt tempo får du heile tida kjensla av å vere ein heilt banalt dyktig pilot, sjølv om du eigentleg ikkje er det. Det heile kokar eigentleg i hop til at spelet tillet deg å berre ha det moro. Det krev nesten ingenting frå deg for å få til noko, og sjølv om spelet absolutt byr på beinharde utfordringar – avhengig av vanskegrad – er ingen av dei uoverkommelege.

Dei gongane eg har møtt ein vegg, har resultatet først og fremst vore at pulsen banka raskare, og eg beit i over- og underleppe om kvarandre medan auga mine penetrerte skjermen, og så godt som samtlege kroppsdelar kasta seg rundt i omlag 360 forskjellige vinklar samtidig. Eg trur det på godt norsk blir kalla spasmar.

Ein og annan nedtur

Alt held ikkje like høg standard i The Sky Crawlers. Dei få nedturane som dukkar opp kjem som regel i form av nokre oppdrag med ein litt dårleg struktur, eller gjennom litt for dårleg variasjon i oppdraga. Alle oppdrag som berre skal ha deg til å jage andre pilotar er fantastisk moro, men etter kvart er mangelen på ulike fiendar så merkbar at ein kan få kjensla av å berre gjere det same heile tida. Det er framleis moro, men så snart prioriteten din blir å bombe ting på bakken, søkk engasjementet mange hakk. Skal du bombe ein bygning, ein stridsvogn, eller ein båt, må du som regel sleppe meir enn ei bombe på målet. Dette betyr at du må fly fram og tilbake nokre gongar, noko som veldig effektivt slår på kvilepulsen.

Desse oppdraga blir raskt keisame, og engasjementet som finnest i dei fleste oppdraga blir borte. Det er ikkje akkurat mange slike oppdrag, men når det er totalt 17 oppdrag i spelet, blir nokre få ein temmeleg høg prosent av totalen.

For å gjere slike oppdrag mot ting på bakken hakket raskare å kome seg gjennom er det essensielt å ha det beste av våpen. Dette er noko du må finjustere i hangaren mellom oppdrag. Du får etter kvart tilgang på eit solid utval forskjellige fly, og alle flya har ei rekke parameter du kan justere. Du kan byte ut alt frå motor og panser, til våpen og farge, noko som alt i alt gir deg god kontroll over korleis flyet ditt vil handtere.

Kor godt utstyr du har tilgang på kjem derimot an på dine prestasjonar i lufta. Spelar du godt, vil du få nytt snop å leike med, men om du søv i timen, vil utbyttet bli deretter. For å prøve å maksimere arsenalet ditt kan du spele om igjen alle oppdraga i den vanskegrada du vil. Høgre vanskegrad gir betre utstyr, og det blir såleis ei ganske saftig gulrot som heng og dinglar framfor nasa på flyet.

Konklusjon

Det er ikkje for ofte at eit spel verkeleg får meg til å tenkje, men det har The Sky Crawlers: Innocent Aces definitivt prestert. Historia i spelet er knakande god, spesielt om du i tillegg tek deg tid til å sjå filmen med same namn. Den har nokre typiske krumspring, men den underliggande tanken, og det menneskelege dramaet traff meg akkurat der ei god historie skal treffe. Den byggjer opp rundt spelet, og skapar det perfekte bakteppet rundt det som eigentleg er eit intenst actionspel.

Når du tek av med eit av flya i dette spelet kjem du til å ha det ufatteleg moro. Dette er engasjement av «hopp ut av sofaen»-typen, og det kjennest på kroppen dagen derpå. Kontrollsystemet er genialt, lettfatteleg og effektivt, og sørgjer for at du alltid er midt i dei mest intense kampane.

Spelet kunne hatt litt meir variasjon, og nokre av oppdraga kunne med fordel ha vore droppa, men alt i alt er The Sky Crawlers: Innocent Aces eit Wii-spel du bør få med deg.

The Sky Crawlers: Innocent Aces kjem i sal 26. februar, for Wii.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden