Anmeldelse

Time Crisis: Razing Storm

Ny teknologi gjer ikkje alltid det enkle betre.

Lyspistolspela har ikkje gått fullstendig av med døden, men ein kan vel knapt kalle det ein stor sjanger i desse dagar. Wii har sett nokre Resident Evil-spel og det hysteriske House of the Dead: Overkill, men lyspunkta er likevel få. Time Crisis: Razing Storm er i så måte ei gledeleg gåvepakke. Vi får ikkje mindre enn tre spel på ei plate, og sjølv om gleda er temmeleg kortvarig, er den absolutt merkbar.

Dei tre spela er Time Crisis 4, det snodige piratspelet Deadstorm Pirates, samt Time Crisis: Razing Storm som består av to delar, ein tradisjonell arkademodus i typisk lyspistolstil, og ein historiemodus som gjer eit tappert forsøk på å få til ein skikkeleg førsteperson skyter ved bruk av Move-kontrollaren. For ordens skuld, skal du ha denne pakka bør du ha Move, elles kan du like godt styre ekstremt langt unna. Å styre eit sikte over skjermen med ei analogstikke er daudfødt. Alternativt kan du bruke Namcos eigen GunCon 3, men den har ikkje vi fått testa.

Slemme teoristar er sjølvsagt fienden

Pang, pang du er død

Har du spelt eit lyspistolspel i ditt liv veit du kva du har i vente, du peikar mot skjermen og skyt fiendar enten aleine eller saman med ein ven. Time Crisis 4, Deadstorm Pirates og arkademodusen i Razing Storm er alle av den gamle typen. Spela går på skiner medan du får lov til å skyte alt på skjermen så snart kameraet sluttar å vandre.

Time Crisis 4 er det mest gjennomførte av desse tre, sjølv om det ikkje er det beste. Dette er først og fremst sidan du kan velje mellom fire våpen, noko som gjev deg meir variasjon. Du må samtidig tenkjer over kva våpen du brukar slik at du ikkje går tom for kuler når du treng dei. Kjem fiendane springande mot deg i store flokkar som ein bøling med galne damer på jakt etter ein mann dusja i Axe – noko dei ofte gjer – er det berre å fyre laus med maskingeværet. Har du derimot litt færre fiendar å halde styr på er det nok med pistolen. Hagla og ein triveleg granatkastar har òg sine bruksområde, og det er generelt sett ganske triveleg å sjå fiendane dette om som litt dårleg plasserte dominobrikker.

Piratspelet vel derimot å gjere ting på ein litt annan måte. Her har du berre eitt våpen, men du går aldri tom for ammunisjon, noko som gjer det til det lettaste spelet å starte med om du ikkje har vore borti sjangeren før. I dette korte pirateventyret må du kjempe mot både spøkjelse og skjelett, samtidig som du må lide deg gjennom dei minst overbevisande piratane du nokon gong har vore borti.

Det er likevel utan tvil det mest dynamiske og engasjerande eventyret. Dei forskjellige områda er meir varierte, og sidan du kan øydeleggje visse ting i områda kan du leike deg litt med korleis du skal knuse skjelettkrigarane. Med jamne mellomrom blir spelet i tillegg brote opp av forskjellige sekvensar som tvingar deg til å gå fram på nye måtar. På eitt tidspunkt sit du til dømes i ein båt som rutsjar ned eit vilt fossefar, og må kjapt rotere kontrollaren får å svinge unna store steinar.

Enden på sagaen kjem i form av nokre svære beist du må ta ned, kroppsdel for kroppsdel. Det er temmeleg moro ei stund, men sjansen for å gå tilbake er likevel ikkje så stor sidan det er langt frå like moro andre gong.

Det er greitt å få litt hjelp, sånn om du skulle vere i tvil

Skyt meg i filler

Razing Storm held seg i same gate som Time Crisis 4, med det unntak at du ikkje får velje våpen sjølv. I møte med forskjellige fiendar byter spelet ut våpen automatisk for deg, noko som ikkje er så gale sidan dei nye våpna du får leike deg med i korte periodar er av den kraftige varianten.

Felles for alle desse tre spela er at dei er ekstremt korte. Du kan runde kvar av dei på rundt ein halvtime om du er effektiv, og dette er ikkje akkurat høg valuta for pengane, med mindre du elskar å jakte etter høgre poengsummar, noko rankinglistene i spela oppfordrar til.

Likar du lyspistolspel er det derimot lite å tvile på. Dette er tre svært kapable skytefestar, og du får akkurat det du vil ha. Det er ikkje spesielt imponerande, men det er langt frå dårleg. Spelet har likevel nokre kontrollmessige problem som definitivt går ut over gleda. Spesielt i Time Crisis 4 har kalibreringa blitt eit problem, og eg har sett meg nøydt til å kalibrere kontrollaren på nytt fleire gongar i løpet av kort tid. Det typiske problemet er at siktet glir mot venstre, noko som i verste fall tvinga meg til å peike til høgre for skjermen for å skyte det som var rett framfor meg.

Problemet er størst i Time Crisis 4, merkbart i Razing Storm, og nesten ikkje-eksisterande i Deadstorm Pirates. Akkurat dette er veldig pussig sidan ein skulle tru kalibreringa ville vere lik i alle spela, men dette er tydelegvis ikkje tilfelle.

Det kan i tillegg vere verdt å merke seg at spelet ikkje på nokon måte er designa med pistoletuiet til PlayStation Move i tankane. Skal du lade om må du gjere dette ved å trykkje inn Move-knappen, noko som blir veldig upraktisk sjølv når ein held pistolen med begge hender.

Dette er typisk, ein soldat med eit våpen som peikar oppover

Framtidsvisjon

Den mest interessante delen av Razing Storm-pakka er historiemodusen til Razing Storm. Denne droppar fullstendig skinnesystemet til dei andre spela, og let deg styre alt sjølv. Det er enkelt og greit eit skytespel i førsteperson der du brukar Move-kontrollaren til å sjå rundt deg og styre siktet i staden for ei analogstikke.

Dette fungerer både glimrande og svært dårleg. Siktet er uavhengig av kameraet, noko som let deg plukke ned fiendar kjapt og effektivt, men når siktet når enden av skjermen byrjar skjermbiletet å følje etter. Dette kunne i ei perfekt verd ha vore intuitivt og saumlaust, men kameraet er seigt og tregt. Ingen innstillingar får det merkbart betre, og det er noko du berre må lide med.

Dårleg kamerakontroll får likevel sjeldan stor effekt på spelet. Fiendane kjem i nesten alle situasjonar frå berre ein vinkel om gangen, noko som gjer det lett å finne seg ein god plass medan ein plukkar ned alt som spring. Å skyte ned fiendar med Move-kontrollaren er overraskande effektivt, og det er ingen tvil om at dette kan fungere fabelaktig så lenge alt blir gjort riktig. Det er så mykje raskare enn å bruke ei analogstikke at eg ikkje greier å finne ein teit metafor å bruke på det. For å seie det slik, eg har aldri tatt fleire perfekt plasserte skalleskot på så kort tid i heile mi nesten livslange karriere som gamer, verken på PC eller konsoll.

Eg blir naturlegvis ganske glad av slikt, sjølv om eg er passifist av natur. Det som ikkje gjer meg glad er det livlause nivådesignet og dei hjernedaude fiendane som har like høg retningssans som ein flott bil utan førar. Dei spring mot deg i store flokkar, gøymer seg bak ei kasse og ser opp ein og annan gong. Du lærer deg rytmen til alle fiendane i løpet av få sekund, og så snart det er gjort, er så godt som alt gjort.

Hadde det vore ei reell utfordring i spelet, og meir gjennomtenkte utfordringar kunne dette blitt noko spesielt. Men både design og halvgjorde kontrollar sørgjer for at du aldri let deg rive heilt med. Det blir med tanken på kva som kan skje nå eit skikkeleg godt skytespel dukkar opp med Move-støtte, noko vi forhåpentlegvis får med det komande SOCOM 4-spelet.

Tidsklemma for vidarekomne

Konklusjon

Time Crisis: Razing Storm er for spesielt interesserte, eller for folk utan Wii som gjerne kunne tenkt seg å prøve eit spel i den gamle lyspistolsjangeren. Sjølv om kvart spel i seg sjølv er ganske kort, er det samanlagt mykje å kose seg med. Tre heilt greie arkadespel der du skyt alt som rører seg, og ein middelmåtig – men interessant – førstepersonsmodus gjer det til eit spel som i det minste er verdt å prøve.

Mine største ankepunkt er eigentleg veldig klare. Kontrollane er ikkje gode nok. Du må rekne med å måtte kalibrere meir enn ein gong i løpet av ein seanse, og dette er eit veldig stort skår i gleda. Å praktisk talt sjå siktet flytte seg ut av posisjon er ganske frustrerande. Om du kan leve med slike irritasjonsmoment er det likevel ingen ting i vegen for at du kan ha det ganske moro med Time Crisis: Razing Storm.

Merk: Time Crisis: Razing Storm har ein nettmodus vi ikkje har fått prøvd med vårt testeksemplar.

Siste fra forsiden