Anmeldelse

Toki Tori 2

Kreativ problemløysing med høge krav til tolmod.

Toki Tori er namnet på den vesle kyllingen som er hovudkarakteren i den hjernetrimmande semi-plattformserien ved same namn. Den første utgjevinga i den no to spel gamle serien kom ut heilt tilbake i 2001, på gode, gamle Game Boy Color, til jamt over god kritikk over den ganske fjøl. Seinare kom spelet ut til både på WiiWare, iPhone, PC og PlayStation Network, og sjølv om eg ikkje har spelt originalen, verkar det tydeleg at utviklar Two Tribes her har kokt opp eit slags konsentrat av det som gjorde det første spelet til ein suksess: Eit lite utval med verktøy som ein må ta i bruk på stadig meir innfløkte og kreative måtar.

Enkle verktøy, store utfordringar

Dei aktuelle verktøya er her fuglekvitter og tramping, der den generelle regelen er at førstnemnde lokkar skapningar til deg, mens sistnemnde jagar dei vekk. Dette er altså dei to eigenskapane kyllingen har, og det er ved hjelp av desse, i vakkert samspel med sine naturens omgjevnader, at han skal manøvrere seg gjennom ei toleleg stor og rikhaldig spelverd. For å få til dette krevst ei god blanding av veltrimma hjerneceller, kreativitet og kombinasjonen prøving/feiling. Sistnemnde i tidvis ekstreme dosar.

For Toki Tori 2 er eit svært utfordrande spel, som nektar å mate deg med teskei, og som lar deg finne ut av det aller meste på eiga hand frå første stund. Det positive ved dette er at Two Tribes våger å stille krav til spelaren, der mange andre av dagens utviklarar nærmast lar det gå sport i å lage lange og utfyllande introduksjonar som fortel spelaren nøyaktig kva han eller ho skal gjere i ein kvar situasjon. Det negative er at det kan vere både forvirrande og frustrerande å spele eit spel der ein ikkje aner kva målet er, og der dei fleste av oss vil setje seg fast nokså hyppig.

Innleiingsvis kalla eg Toki Tori 2 for ein semi-plattformar, og det krev kanskje ei lita utgreiing. Det har seg nemleg slik at spelet ser veldig ut som eit plattformspel, i den forstand at, vel, det består i stor grad av plattformar. Men Toki Tori skil seg frå den tradisjonelle plattformsjangeren gjennom at ein manglar den eine eigenskapen som i stor grad definerer nettopp denne sjangeren: hoppinga. Kyllingen vår er ikkje i stand til å hoppe. Han klarer rett nok å traversere trinn av den svært låge sorten, men noko plattformhopping er det ikkje snakk om.

Kreativ «good cop, bad cop»

I staden må han altså manipulere omgjevnadene sine i ein slags «good cop/bad cop»-variant, gjennom kvitring og tramping. Utgangspunktet er interessant, fordi når ein har såpass få verktøy for handa, så må ein – i reinaste MacGyver-ande – i større grad trå til med dei kreative hjernecellene; ein må lage ei atombombe ut av ein binders og ein kulepenn.

Two Tribes skal ha massevis av skryt for sjølv å ha vore kreative i utforminga av bretta og gåtene, for her er det ikkje nødvendigvis nok å tenkje utanfor boksen; her må ein gjerne både vrenge og deformere boksen for å kome fram til rett svar. Men, som nemnd, dette er ein balansekunst, og det er ikkje til å leggje skjul på at det til tider kan vere vanskeleg å halde frustrasjonen på armlengds avstand. For det er fort gjort å bli litt oppgitt når ein nettopp har klart å løyse ei gåte ein stod fast på i lang tid, for så like etter å stå fast på neste gåte. Heldigvis er dei fleste gåtene nokså logisk bygt opp, slik at løysinga sjeldan er langt unna – ein må berre oppdage henne.

Spelets største problem er for meg dei første par timane, der eg føler at eg speler litt i blinde; ingenting er blitt meg forklart, det einaste eg veit er at eg har desse to eigenskapane som har ein viss effekt på omgjevnadene mine, samt at det finst obeliskar av noko slag her – store steinar som lyser opp og ser ut til å bli aktivert når eg passerer dei. Men etter kvart byrjar det skje ting som gir meg eit lite lysglimt av klarheit.

Lang tone, kort tone

Ved litt eksperimentering med kvitringa, blir det nemleg fort klart at det går an å kvitre både lange og korte tonar, og at det slik går an å setje saman noko som minner om melodiar. Utover i spelet møter eg med jamne mellomrom på ein liten fugl som lærer meg ein ny melodi for kvart møte. Desse melodiane har kvar sin effekt: Den første fraktar meg tilbake til førre lagringspunkt, og denne vil ein få bruk for svært ofte, etter som ein stadig kjem opp i situasjonar der ein må starte gåta frå byrjinga av igjen.

Men det er først den tredje gongen eg møter denne fuglen at eg verkeleg føler at spelet deler noko særleg informasjon med meg. Då får eg nemleg høvet til å bli plukka opp av ein diger hauk, som tar meg med opp i skyene, og lar meg sjå oververda frå langt der oppe. Først då går det opp for meg at dei nemnde obeliskane faktisk er hurtigreise-punkt, der denne hauken kan setje meg ned igjen. Dette høvet til å sjå verda ovanifrå, og til å hurtigreise, gjer ikkje berre verda meir påtakeleg for meg, det gjer det òg langt lettare å ta ein pause frå eit problemområde, for så å vende tilbake til det seinare. I staden for at eg då må leggje frå meg heile spelet, fordi det ikkje finst alternativ, kan eg då heller prøve meg på eit anna område, som eg kanskje har latt liggje frå tidlegare.

Endå til er det slik at jo meir spelet deler med meg av informasjon, jo meir byrjar puslespelbitane å falle på plass med tanke på målet langt der framme – som, kanskje ikkje overraskande, er nok ein variant av å redde verda. Og jo meir ein veit om målet, jo meir motiverande er det å fortsetje å grunne på desse gåtene, og å trasse den tidvise frustrasjonen dei fører med seg.

For øvrig, for dei som skulle lure på kva rolle Wii U-en sin GamePad-skjerm speler her, så er det ingen spesielle funksjonar å snakke om, utover det at du kan spele Toki Tori direkte på GamePad-skjermen. Men det er jo noko, det òg.

Konklusjon

Det største problemet til Toki Tori 2 er nok den litt treige og trassige starten, der det er fort gjort å stille seg spørsmålet: «Korfor gjer eg dette?» Men kjem ein først over den bøygen, så vil ein finne at dette på mange måtar er ein godt skjult hardcore-skatt. Det ser ut som eit søtt, lite pusleeventyr, det har triveleg og småcatchy musikk, og viss du lar kyllingen stå i ro for lenge, så berre smiler han og vinkar jovialt mot skjermen. Men under dette übertrivelege ytre gøymer det seg eit spel som er egna til å by til og med dei hardaste av dei harde på ei og anna solid nøtt.

Spelet er i seg sjølv ikkje kjempestort, og ei effektiv gjennomspeling vil nok vere over på nokre ganske få timar. Men legg til alle timane med prøving, feiling, hovudkløing, hårutriving og liknande, så blir summen at Toki Tori 2 faktisk tilbyr ein heil del hjernetrim for pengane. Og sjølv om ein fort får ein tilsvarande del frustrasjon med på kjøpet, så er nok det til å leve med når ein får tilbakebetalt i den gode kjensla av å ha løyst ei skikkeleg vrien gåte.

Vurdering


Toki Tori 2 Wii U Wii U 8/10 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 4. april 2013
  • Plattform: Nintendo Wii U
  • Utgiver: Two Tribes
  • Utvikler: Two Tribes

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen