Anmeldelse

Toy Soldiers

Støypejernskrigen

Krigføring med miniatyrsoldatar går aldri av moten.

Tower Defense-sjangeren har fått seg ein markant og velkommen oppsving den siste tida. Spel som Defense Grid, Pixeljunk Monsters og til og med det nyaste South Park-spelet baserer seg alle rundt ein veldig enkel formel: Bygg forsvarsverk og stå imot stadig større bølgjer med fiendar. For kvar fiende som døyr får du pengar, og for pengane kjøper du atter nye våpen. Det er ein ganske triveleg sirkel.

Toy Soldiers er det nyaste spelet i denne sjangeren, og disse krigsleikane gjer nok til at det definitivt ikkje har noko problem med å skilje seg ut frå sine næraste konkurrentar.

Leikegrind

I Toy Soldiers blir du plassert i ei fiktiv leikekasse. Går du nær nok inn på ting vil det vere lett å gløyme akkurat dette, men så snart du merkar at basen din – det punktet fienden for all del ikkje må nå fram til – er ein oppbevaringsboks, blir alt veldig tydeleg.

Ser du rundt deg kan du sjå det som ser ut som veggane på eit guterom, og det er veldig lett å la seg sjølv få lov til å tru at du sit på knea i ei sandkasse og leikar med små tinnfigurar. Illusjonen blir samtidig sterkare av det herlege designet på absolutt alt i spelet. Mellom oppdrag får du sjå reklameplakatar frå «Toy Soldiers» frå selskapet Signal Toy Company, og alt er gjort så overbevisande at ein lett kan tru vi har med eit lisensiert spel å gjere.

Eit godt auge for detaljar har tydelegvis vore viktig under heile utviklingsprosessen, for det er små element overalt som du kanskje ikkje ser heilt med ein gong, men som får ein til å smile når ein legg merke til dei. Små stridsvogner har til dømes ein opptrekksnøkkel stikkande ut av sida, og når soldatar døyr av gass blir dei heilt stive og går inn i sin «naturlege» posisjon.

Spelet kastar oss inn i leiketyversjonen av den første verdskrigen, og krigen er presentert på ein herleg måte. Eit gammalt filmfilter ligg over skjermen og dannar ei svært gammaldags stemning, medan solide lydeffektar skapar eit svært stemningsfullt bakteppe som av ein eller annan grunn minnar meg om Worms.

Aktivt forsvarsverk

Det er to veldig vesentlege forskjellar mellom Toy Soldiers og dei fleste andre Tower Defense-spel. Først og fremst har du den aktive rolla du kan tre inn i. Du kan setje deg ved spakane i alle stasjonære våpen, og dette er i mange situasjonar heilt essensielt for å overleve. Våpna er berre måteleg presise på eiga hand, og i situasjonar der mange fiendar til dømes kjem nære basen din, er det berre du som verkeleg er i stand til å avgjere kva fiendar det er viktig å gå etter først.

I tillegg til dette har du to forskjellige typar køyrety du kan setje deg inn i. Den eine er dei forskjellige stridsvognene (med maksfart 5 km/t) du kan bruke til å gå til effektivt motangrep på fienden. Sjølv om fienden aldri byggjer stasjonære våpen, har han ofte nokre få ved starten av eit brett. Med ei stridsvogn kan du kome deg fram til slike, og øydeleggje dei lenge før du har ein kanon som kan gjere den same jobben.

Dette er derimot ikkje alt ei lita stridsvogn kan gjere. Alle køyrety har to forskjellige våpen, og for stridsvognene betyr det eld og gass. Om du køyrer midt inn i eit område fullt av fiendar, kan du berre gasse dei litt, og alle saman fell mot bakken medan lommeboka di klatrar med sjumilssteg oppover BMI-skalaen.

I tillegg til stridsvognene kan du hoppe inn i eit fly. Desse kan sleppe bomber på forskjellige mål, og jage etter fienden sine fly. Felles for alle køyretya er at du aldri kan gå tom for dei, og dei kostar ikkje pengar. Om du skulle krasje – eller bli skoten i filler – må du berre vente nokre sekund før farkosten er tilbake i god form.

Kanonføde

Sjølv om det kan vere moro å knuse fienden med stridsvogn eller fly, ligg hovudfokuset på dei forskjellige stasjonære våpna som vil gjere storparten av arbeidet for deg. Som vanleg i eit Tower Defense-spel er det livsviktig å finne gode plasseringar av våpen. Om du feilar i dette, vil du lett måtte bite i eit pill råtent og veldig surt eple. Å starte om igjen er ikkje noko moro, spesielt sidan dette spelet har kriminelt lange lastetider både på menyar og når du lastar eit brett.

Difor er det best for deg at du veit kva dei forskjellige våpna er gode for. Du har alt frå rakettar til mitraljøse og flammekastar, og dei har alle sine bruksområde. I tillegg kan du setje ned hindringar, noko som spesielt gjer flammekastaren meir effektiv. Om fienden må krype under ei sperring brukar han meir tid enn normalt, og dette gir flammekastaren og eventuelt dei andre våpna dine mykje betre tid til å gjere ein grundig jobb.

Alle våpna kan i tillegg oppgraderast to gongar, og for å vinne dei forskjellige slaga blir det heilt essensielt å vite kva du skal prioritere først. På toppen av skjermen kan du til ei kvar tid sjå kva type fiende som vil kome i neste bølgje, noko som er til stor hjelp i å legge planar for ein knusande siger.

Variabel utfordring

Toy Soldiers er eit ekstremt todelt spel, og det varierer enormt kor moro ein har det. Nokre brett er heilt fantastiske, og byr på endelaus kreativ fridom i korleis du skal forsvare deg sjølv mot eit hav av fiendar. Når Toy Soldiers får det til, får det det til på den måten berre store strategispel har for vane å gjere det. Kjensla av å verkeleg ha funne ein taktikk som fungerer, er til å ta og kjenne på.

Andre brett er derimot fullstendig uinteressante, og kan vitne om at utviklarane har gått tomme for inspirasjon veldig tidleg med tanke på at det er berre tolv brett, og at du kjem gjennom mange av dei rimeleg kjapt. Dei dårlege bretta er irriterande sidan dei manglar strategisk djupne, og gjer det alt for tydeleg korleis ein skal løyse problema.

Alternativt gjer utviklarane det så urettferdig vanskeleg at ein ikkje får lyst til å spele meir. Nokre slag sluttar med at ei eller anna gigantisk maskin på storleik med Godzilla kjem for å ta knekken på deg. Har du ikkje gjort alt riktig fram til dette punktet, må du i mange døme rekne med å døy veldig brutalt. Problemet er korleis du skal kunne vite kva som er riktig utan å ha møtt beistet før. Sidan spelet ikkje byr på sjekkpunkt i løpet av dei mange – og tidvis ganske lange – slaga, er det lett å miste interessa av slikt.

Det er sjølvsagt mogleg å klare slike utfordringar på første forsøk, og dette gjer sjølvsagt den individuelle situasjonen betre, men det endrar ikkje på det faktum at desse monstermaskinene enkelt og greitt ikkje byr på eit fnugg av underhaldning. Dei er store, tunge, toler mykje, og tek lang tid å knekkje. Sist eg sjekka låg moroa i Tower Defense i å knuse bølgjer av mindre fiendar med fantastiske forsvarsverk, men eg kan sjølvsagt ta feil.

Lite innhald

Det er ingen tvil om at mekanikkane som ligg til grunn for Toy Soldiers fungerer utmerka, men når bretta du spelar på er av høgst variabel kvalitet, går det ut over sluttproduktet. Dei dårlege bretta er for lange, og dei gode bretta for korte. I tillegg kjem du gjennom heile kampanjen på alt for kort tid, og spelet har har ingenting å by på for å halde deg gåande. Der du i Defense Grid kan spele gjennom dei forskjellige bretta på mange forskjellige måtar, som til dømes med sterkare fiendar, fleire bølgjer med fiendar, eller kanskje ved å køyre kartet baklengs, byr Toy Soldiers berre på høgre vanskegrad.

At du ved å runde spelet får lov til å spele gjennom ein kampanje som tyskarane er knapt verdt å nemne, sidan dette er nøyaktig dei same bretta som i hovudkampanjen. Å spele som tyskarane blir difor det same som å spele gjennom spelet ein gong til, og det heile framstår som eit temmeleg billeg trekk for å sleppe unna med alt for lite innhald.

Konklusjon

Toy Soldiers er i korte trekk eit fantastisk konsept i ei skuffande innpakning. Mekanikkane fungerer på absolutt alle plan, og det er verkeleg moro å få ta del i eit Tower Defense-spel som er hakket meir aktivt enn kva vi er vande med. Du kan hoppe inn i køyrety, eller skyte ned fiendane frå eit av dei forskjellige stasjonære våpna du kan ta i bruk. I staden for å bli ein tilskodar til kva forsvarsverka dine kan få til, blir du ein aktiv deltakar, og dette fungerer veldig godt.

Det er mykje strategisk potensiale, og det er difor synd at utviklarane har valt å trekkje teppet vekk under beina på deg akkurat når du kosar deg som mest. Fleire brett sluttar når du endeleg synest du har overtaket, og hindrar deg frå å la den kjensla søkkje. Det gjer heile greia litt antiklimatisk.

Du vil likevel ha mykje moro med Toy Soldiers. Til tider er det fabelaktig underhaldning, og vi får håpe det dukkar opp nokre nedlastbare pakkar med ekstra utfordringar.

Siste fra forsiden