Anmeldelse

Assassin's Creed III: Liberation

Stort potensiale i skranglete innpakning.

Eg gjekk lei Desmond Miles for mange år sidan. Eg har ikkje noko problem med å innrømme det. Historiene i Assassin's Creed-serien har alltid fenga meg på grunnlag av tidsepokane vi har blitt sendt på eventyr i, ikkje for sine overhengande konspirasjonar og fiksfakseri.

Difor kan eg ikkje klage når heile Desmond-historia er tilsidesett i Assassin's Creed III: Liberation. Asbergo er ikkje heilt ute av biletet sidan spelet pakkar seg inn i eit produkt Asbergo leverer til deg som konsument, men det blir med akkurat det. Vi reiser aldri fram og tilbake mellom notid og fortid, og heile eventyret handlar om ein av alt for få kvinnelege afroamerikanske heltar; Aveline de Grandpré.

Pengar kan kjøpe det meste.
Pengar kan kjøpe det meste.

Kven er du?

Det er eit enormt potensiale i Assassin's Creed III: Liberation som aldri blir utnytta. Først og fremst gjeld dette Aveline, som vi veit alt for lite om. Vi møter ho som lita jente, springande rundt i ein småskiten by, og før du veit ordet av det er ho ein erfaren snikmordar. Vi får svært lite forklaring på korleis ho enda opp i ei slik rolle, og om du vil vite meir må du lese dagbokinnlegg frå mora hennar som du naturlegvis må finne sjølv, strødd rundt i byar og villmark.

Kva som får ei vaksen dame til å rive ut sider av dagboka si for så å leggje deg i trestammar, på hustak, og liknande er ikkje opp til meg å finne ut av, men reagere, det har eg lov til.

Å tvinge deg til å lese for å fordjupe deg i ting er ikkje nødvendigvis ein negativ ting. Det kan hjelpe oss med å forstå verda betre, eller berre gje oss ekstra bakgrunnsinformasjon om vi skulle ynskje den. Slike metodar gjev oss gjerne valet om kor mykje vi vil setje oss inn i ei verd. Akkurat det er heilt kurant, men når denne bakgrunnsinformasjonen er viktige livsdetaljar om hovudpersonen vi skal sympatisere med blir det raskt problematisk.

Resultatet er at den elles ganske interessante historia blir utan tyngde. Det handlar i aller største grad om Aveline og hennar kamp i New Orleans og omkringliggjande sumpområde, men utan den emosjonelle ballasten som kunne ha fått spelet til å trekkje i strengar som får spelaren til å bry seg. Det er frykteleg synd, for New Orleans er eit fascinerande utgangspunkt for eit spel.

Til sumpa vi vandrar

Vi møter Aveline på slutten av 1700-talet. New Orleans blir dratt i fleire retningar, og både franskmenn og spanjolar vil ha sin bit av kaka. Naturlegvis får vi fletta inn diverse konspirasjonar og samansverjingar, og sjølv om Liberation reint teknisk sett ikkje kan måle seg med sin bror på heimekonsollane, er dette eit spel som osar av stemning.

Padling i Assassin's Creed III: Liberation er eit mareritt.
Padling i Assassin's Creed III: Liberation er eit mareritt.

Utviklarane hos Ubisoft Sofia har gjort ein eksemplarisk jobb i å vekkje eksentriske New Orleans til live. Byen skiftar mellom alt frå rønner til påkosta herskapshus, og kontrastane mellom sosietetsfolk, slavar, voodoo og alligatorar i sumpane er store. Tidvis er det nesten så du kan lukte eimen av rotne planter. Lydar, fargesetjinga og den magiske utsikta når du sit på eit kyrkjetårn og ser utover det flate og mystiske landskapet set alle sine markante spor.

Det som verkeleg vekkjer spelet til live er derimot musikken. Den har ein nesten nifs dramatikk over seg. Berre å rusle rundt i gatene sender eit gufs nedover ryggen sidan musikken fortel langt meir enn historia på noko punkt gjer sjølv. På liknande vis fortel nesten primale trommerytmar at du er langt frå sivilisasjonen når du langt ute i sumpa må ut i kamp.

Kjende trakter

I motsetning til tidlegare Assassin's Creed-spel på portable plattformer er Liberation umiddelbart gjenkjenneleg. Det heile oppfører seg som spela vi er vande med, og du vil klatre over hustak, luske gjennom gater, og klatre i tre lik det nyleg lanserte Assassin's Creed III. Vi finn likevel ei rekke forskjellar, og dei fleste av dei kjem som eit resultat av trykkskjermen og diverse rørslefunksjonar. Positivt er det ikkje. Utviklarane har gjort det meste akkurat litt vanskelegare enn dei bør vere, og det trekk ned opplevinga. Skal du skifte våpen må du trykkje på skjermen, men noko så simpelt blir forkludra av at du berre kan velje eitt om gongen. Skal du gjere klar den nye piska i tillegg til sverdet må du inn i det vesle inventaret to gongar, i staden for å la det bli med den ein.

Samtidig er det lett å bli småirritert over at utstyret heile tida nullstillar seg. Skulle du feile i eit oppdrag slik at du må prøve på ny – eller blir transportert til eit nytt ledd i historia – går våpenutvalet tilbake til ein standard slik at du må byte på ny. Eit unødvendig og merkeleg val.

Kampane fungerer elles som vi er vande med. Aveline kan fekte, skyte giftpiler og dra fiendar mot seg med piska. Du kan vere offensiv, eller du kan vente på å gjere motangrep. Eit angrep kan i tillegg lenkjast saman ved å trykkje på fiendar på skjermen slik at du tar ut fleire fiendar på ein gong, noko som er svært nyttig om du må ta ut fleire fiendar på kort tid.

På tide med litt voodoo?
På tide med litt voodoo?

Dei fleste Vita-eksklusive funksjonane er likevel meir irriterande enn noko anna. No og då må du til dømes halde kameraet opp mot eit lys for å sjå skjulte kart. Greitt nok det skulle du tru, bortsett frå at sjølv om eg held maskina rett opp mot ei lampe skjer ingenting. Det er mange rare måtar å sitje fast i eit spel på, men dette må vere den mest absurde. Å måtte herje i fleire minutt for å få kameraet til å registrere ei massiv lampe er banal idioti. Nokon har ikkje gjort jobben sin.

Nesten, men ikkje heilt

Assassin's Creed III: Liberation er eit spel som vil så gjerne, men heile tida blir slått tilbake av både tekniske og designmessige frustrasjonar. Eg har støtt på mange tekniske glippar som har tvinga meg til å starte om igjen, og det er like surt kvar gong. Ein gong hoppa ein soldat eg måtte drepe ned i vatnet, berre for å gli 200 meter ned i avgrunnen utan å døy. Andre gongar er folk som i følgje kartet skal vere der, heilt borte. Ofte feilar du i eit oppdrag fordi spelet ikkje gjer ein god nok jobb i å informere deg om kva kriteria for suksess er. Det toppar seg med feilmeldingar som sender deg ut i startmenyen, og som berre dukkar opp igjen på same stad heilt til du har flaks og kjem deg forbi det problematiske området.

Det heile vitnar om eit spel som på ingen måte er ferdig, og dette inntrykket sig over i det meste spelet har å by på. du kan vandre rundt og snikmorde folk alt du er god for, og om nokon registrerer liket som ligg rett framfor dei er høgst sporadisk. Alternativt kan du bli antasta av ein gjeng lugubre mannfolk – noko som alltid endar opp i ein uunngåeleg kamp – berre for at byvaktene går til angrep på deg.

Sistnemnde er eit resultat av dei ulike forkledningane du kan ta på deg for ulike oppdrag. Aveline kan kle seg ut som snikmordar, rik dame, og slave. Går du rundt som slave ser folk ned på deg, og dette i seg sjølv er ikkje negativt sidan de reflekterer livet i New Orleans på den tida, men det hadde vore fint om konsekvensane av det var hakket meir brukarvenlege.

Tremekanikkane frå Assassin's Creed III dukkar opp her òg.
Tremekanikkane frå Assassin's Creed III dukkar opp her òg.

Kostyma er likevel ein interessant mekanikk. Som den rike dama kan du kome deg inn stadar der dei andre ikkje slepp til, men du kan verken springe særleg fort, eller klatre. Snikmordar- og slavekostyma har på si side både fart og spenst, men har likevel tydelege forskjellar. Som snikmordar har du full tilgang på heile våpenarsenalet, men du kan ikkje gli inn mellom slavar for å vere usynleg. Samtidig er folk alltid meir på vakt for deg når du er snikmordar, og du er alltid meir berykta. Du byggjer naturlegvis opp eit rykte, og dette kan du få ned på ulike måtar. Snikmordaren drep vitne, madammen snik pengar i lomma på ein offiser, og slaven riv ned plakatar. Det er ein funksjonell måte å gjere det på, og heldigvis er du ikkje tvinga til å vere i dei ulike rollene for å kunne gjere noko med ryktet ditt.

Same gamle

Strukturen i spelet vil vere velkjent. På kartet finn du utkikkspunkt, butikkar, og både sideoppdrag og hovudoppdrag. For det meste er du fri til å gjere det du vil når du vil. Om du vil ture på med historia kan du gjere det, men om du heller vil gjere nokre sideoppdrag eller sanke inn nokre skattar er det fritt fram. Av og til blir ting derimot låst, og du blir tvinga til å gjere eit oppdrag, og gjerne i eit spesifikt kostyme. At du ikkje får noko val i dette er synd. Om vi stod litt friare til å sjølv skulle finne ut korleis vi skal gå fram, hadde det gjort mykje for å leve oss skikkeleg inn i verda.

Spelet byr sjølvsagt på enkelte element for å gjere det til meir enn berre ei lang rekke med drap. Frå basen din som ligg i eit varehus ved bryggene kan du sende ut skip for å kjøpe og selje varer. Målet er naturlegvis å tene pengar slik at du kan kjøpe nye og betre våpen, og kanskje nokre fargevariantar av kleda dine. Skipsfarten er likevel dårleg integrert i spelet. Du blir sjeldan sendt tilbake til varehuset, og dette kombinert med at kvar sjøreise naturlegvis tek tid å gjennomfør, fører til at du lett gløymer heile greia, eller den blir ein upraktisk og tidvis utilgjengeleg distraksjon.

Fleirspelarmodusen er lett å hoppe over.
Fleirspelarmodusen er lett å hoppe over.

Liberation byr i tillegg på ein RISK-inspirert fleirspelarmodus som ligg utanfor grunnspelet. I dette turbaserte spelet skal du ta over landområde som enten Asbergo eller snikmordarane. Denne og er lett å gløyme. Ikkje berre må du ut i hovudmenyen for å ta del i den, men som med skipsfarten går det tid mellom kvar gong du kan gjere noko. Vi får med andre ord enda eit dårleg integrert element som ikkje fører mykje nevenyttig til spelet.

Konklusjon

Assassin's Creed III: Liberation er i utgangspunktet eit underhaldande og solid eventyrspel som gjev oss ein interessant hovudperson som skil seg stort frå bermen. Eg skulle ynskje dette var det viktigaste eg hadde å seie om spelet. Diverre er det eit spel plaga av så mange tekniske feil og irriterande designval, at det trekk heile opplevinga ned veldig mange hakk.

Vi får dei same velkjende og solide mekanikkane vi er vande med. Historia kastar oss inn i eit fascinerande univers, og å plukke ned fiendar utan å bli sett er like engasjerande som du kan forvente deg. Når du brått feilar fordi utan at spelet maktar å fortelje deg kvifor, alt låser seg, eller kontrollmetodar rett og slett ikkje fungerer, blir det derimot vanskeleg å anbefale dette spelet.

Assassin's Creed III: Liberation er i sal for PlayStation Vita.

Vurdering

Assassin's Creed III: Liberation

Assassin's Creed III: Liberation Vita Vita 5/10

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 31. oktober 2012
  • Plattform: Playstation Vita
  • Sjanger: Action
  • PEGI: 18+
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft Sofia

Beste priser På lager Få varsel når prisen faller

    249 249 1

Kommentarer (12)

Forsiden akkurat nå

Dette gjør brukerne nå

Alle brukere
Til toppen