Test

ASUS ROG Strix Flare

Eit gamingtastatur som osar av kvalitet

ASUS ROG Strix Flare er skapt for å vare.

 
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Tastaturet er kanskje det datatilbehøyret me brukar mest, og gjerne ventar nokre år med å skifte ut. Det gjer at det kan vere lurt å påkoste seg litt ekstra for å få tak i skikkeleg kvalitet, noko som held. ASUS ROG Strix Flare vil koste deg heile 1700 kroner, men verkar framleis som ei god investering.

Strix Flare er eit tastatur som osar av kvalitet. Dei høge tastane er gode å skrive på, og den rilla plastikken er eit stilig designval som liksom fremmar inntrykket mitt av at utviklaren har gjort arbeidet sitt her. Det både ser og kjenst ut som noko som vil helde koken i fleire år framover, og det heile er supplert med fine RGB-lys i alle moglege fargar som kan konfigurerast i aust og vest, samt eit baklys som kan forplante seg utover heile pulten din om du ønskjer.

Design

Tastaturet koplast i PCen med ein lang og tjukk fletta kabel, som kan vere litt uhandterleg, men verkar såpass solid at det skal veldig mykje til for å skade den. På baksida finn du ein eigen USB-port (såkalla «passthrough») som er hendig viss du har eit par hovudtelefonar med ein kort kabel, eller ein minnepinne du ikkje orkar å sette inn i datamaskinen. Dessverre er det berre USB 2.0, men det får jobben gjort.

ASUS ROG Strix Flare kjem med ein gjennomsiktig hardplastbit, som du kan sette eigne klistremerker på.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er ei rekkje dedikerte medieknappar på toppen av tastaturet, samt eit taktilt hjul til å justere lyd – eller kva enn du vil programmere det til i programvara. Fleire av tastane kan òg makroprogrammerast, men det er ingen dedikerte makroknappar, noko me gjerne skulle sett på eit så stort tastatur som dette.

Sjølve tastane tas enkelt av og på, og skjuler Cherry MX RGB-brytarar. Ei ny utgåve av tastaturet med Cherry MX Speed Silver er òg på veg. Underteikna testa ein versjon med Cherry MX RGB RED, ein lineær brytar med middels støynivå. Det framleis eit langt stykke ned til lydnivået på eit membrantastatur, men det er i det minste slik at naboen din vil måtte konsentrere seg for å få med seg lyden viss du trykker dei heilt ned. Brytaren er blant dei betre du kan få tak i, og gir eit behageleg nedtrykk som er passande for både gaming og skriving. Det er dei som meiner at lineære brytarar bør brukast eine og aleine til spel, men dei fungerer framleis godt til skriving og kontorbruk. Sjølv syns eg at det går mest på kva ein er vand med. Det er i stor del personleg preferanse om ein vel lineære eller taktile brytarar, men lineære kan vere ein fordel i visse spel, der det er greitt å kunne få tilslag utan å trykke knappen heilt ned, og den taktile responsen du får med ulineære brytarar er til hjelp viss ein skriv mykje.

Statiske fargar blir nok mitt val til slutt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

For å sikre komfort mens du held fingrane på WASD-tastane, kan du ta på den medfølgjande handleddstøtta. Den er litt i det smalaste laget for dei mellomstore hendene mine, men hellinga gjer at eg kan kvile handbaken på bordoverflata og framleis få eit særs behageleg grep. Eg prøvde tastaturet i ein drøss med ulike spel, der den lengste speløkta nærma seg åtte timar utan at eg merka noko hint til ubehag i hendene mine. Det same kan eg rapportere frå ei skriveøkt på drygt fire timar.

Programvaren

ASUS ROG Strix Flare har programmert RGB-lyset slik at du kan endre profil med hurtigtastar, men det er òg mogleg (og langt enklare) å gjere det via programvaren ROG Armory II. I utgangspunktet har du fem profilar å velje mellom, der du kan bruke 10 ulike forhåndsinnstillingar for lyset, eller lage din eigen. Til dømes har eg brukt ein bølgjeeffekt på WASD-tastane som går gjennom heile fargespekteret, ein konstant blåfarge på piltastane, og dei andre tastane reagerer på trykka mine slik at dei skiftar farge. Eg kan justere lysstyrken med ein knapp på tastaturet, så ein slepp at lyset blir forstyrrande. Alt dette endrast kjapt i ROG Armory, der du får forhandsvisning av dei forskjellege oppsetta via ein illustrasjon. Til sjuande og sist kjem eg nok til å ende med å bruke statiske fargar, men for dei som er interesserte i ha nokre kule lyskonfigurasjonar er det få tastatur som byr på så mange moglegheiter som dette.

ROG Armory II lar deg pusle med fargekombinasjonar i timesvis.
Skjermdump ROG Armory

ROG Armory har òg moglegheit til å synkronisere lyseffektane i tastaturet med andre ASUS-produkt du brukar. Det skal i utgangspunktet fungere med hovudkort og skjermkort frå ASUS ROG, men programvaren klarte ikkje å identifisere verken ROG Maximus X Hero-hovudkortet eller ROG Strix 1080Ti-skjermkortet mitt av ein eller anna grunn, så eg fekk ikkje testa dette.

Elles har du tilgang til standardkonfigurasjonsalternativ som å sette opp makrotastar, lage statistikk over kor mykje du brukar visse tastar, samt ein meny der du kan byte om på tastane. Det heile er veldig intuitivt, og ein forstår augeblikkeleg korleis det fungerer.

Konklusjon

ASUS ROG Strix Flare er eit dyrt tastatur, men kvalitetsfokuset veg opp for effekten det har på lommeboka di. Byggekvaliteten er noko av det beste du kan få tak i, og dei mange måtane du kan skreddarsy RGB-lyset på vil kunne halde deg i programvaren i timesvis.

Med val mellom lineære og taktile brytarar kan du finne det som passar best for deg. Her får du eigne dedikerte medieknappar, ei behageleg handleddsstøtte og eit flott design. Det er mykje å hente for pengane her, sjølv om prisen er høg.

Les også: SteelSeries nye flaggskip er ei formidabel mus »

8
/10
Asus ROG Strix Flare
Strix Flare er eit komfortabelt, forseggjord og bunnsolid tastatur.
Topp byggekvalitet
Nærmast endelause RGB-kombinasjonar
Dedikerte mediaknappar
Gode brytarar
Behageleg ved bruk i lange periodar
Stilig design
Pris
Ingen dedikerte makroknappar

Siste fra forsiden