Anmeldelse

Bayonetta 2

Ein actionfest av dei store

Med hud, hår og tango skal englar og demonar møte si overkvinne.

Eg synest eigentleg Bayonetta er ganske teit. Der, eg sa det. Eg ser klårt og tydeleg det enorme juvet mellom dei som elskar dama med umogleg lange bein, og dei som meiner ho er symbolet med alt som er feil med moderne kultur. Begge sider av saka er legitime. På den eine sida spelar Bayonetta så uforskamma mykje på sex at ein nesten berre må ta det som ein spøk, og på den andre spelar Bayonetta så uforskamma mykje på sex at ein byrjar å lure på om det eigentleg er ein spøk. For min del blir det berre teit. Kanskje har eg blitt for gammal, eg veit ikkje.

Det fine med Bayonetta er at ho aldri framstår som eit offer for noko som helst. Ho er hundre prosent i kontroll over seg sjølv og sin eigen seksualitet, og ho veit veldig godt at ho er den beste av dei beste. At eg personleg ikkje finn ho det minste attraktiv spelar inga rolle. Ho har bein i nasa, og det gjer ho tøff.

Hakket for mykje av det gode

Rumpa er som regel i fokus. (Skjermbilde: Nintendo)

Innleiingsvis sparkar Bayonetta 2 frå seg med ei rekke hysteriske filmsekvensar der heltinna vår utan blygsel dyttar det ho har å by på inn i kameraet. Det er litt kult i starten, men i ei lang rekke filmsekvensar har utviklarane sørgja for at kameraet dvelar ved rumpa og skrittet hennar akkurat lenge nok til at det ikkje herskar nokon tvil om at du har sett nøyaktig det utviklarane vil du skal sjå.

Greit nok det, men magien – om vi kan kalle den det – forsvinn litt når du har sett dette mange gongar. Der du først ikkje heilt kan hjelpe for å humre litt for deg sjølv, endar det opp som eit gammalt og litt billegg knep som til slutt mistar all effekt. Det blir litt som ein one trick pony, for å seie det på godt norsk.

Eg vil berre spele. Nøyaktig kor stor omkrinsen på hoftene til Bayonetta er, er strengt tatt ikkje så viktig for meg. Men spele får eg ikkje gjort så mykje av, i alle fall i løpet av dei første timane i Bayonettas verd. Historia i spelet er eigentleg ganske uinteressant, men det er den som får mestepraten av fokuset i byrjinga, og det heile framstår som ein veldig lang og ikkje så frykteleg interessant filmsekvens som svolteforar meg på dei infernalskt herlege kampane eg er her for å ta kontroll over.

Verre blir det av at du gjennom store delar av spelet må ha med deg ein liten og svært irriterande fyr på slep som ikkje tilfører spelet stort meir enn konstante beskjedar om at du må følgje etter. Ja, eg veit kvar vi skal, men eg veit og at spelet ikkje går på tid. Å ha ein liten unge som masar om at eg må skunde meg når eg veit veldig godt at det kan finnest skjulte skattar rundt omkring på nivåa, er utelukkande eit irritasjonsmoment. Eg får nesten kjensla av å bli håna når eg etter ikkje så alt for lang tid følgjer etter han, og spring forbi berre for å ende opp med å høyre «ikkje så fort» bak meg.

Full av ful

Sjølv om eg ikkje er verdas største fan av individet Bayonetta, likar eg definitivt spela ho dukkar opp i. For å ha det klart, som ein Wii U-tittel er Bayonetta 2 eit vanvittig lekkert spel. Vi spring rundt i store, tidvis massive område der du både ser langt, og møter eit vanvittig spekter av absurde fiendar. Der det første spelet var litt grått og kantete til tider, er Bayonetta 2 ei bombe full av fargar. At dette går så stødig og kjapt som det gjer, er nesten mirakuløst.

Torturkammeret er din ven i Bayonetta 2. (Skjermbilde: Nintendo)

Kampsystemet er ein virvelvind av blendande inntrykk, og det skjer så enormt mykje på skjermen til tider at det blir vanskeleg å sjå kva som skjer. Tempoet er så høgt som du kan få det, og framleis ha ein viss idé om kva som skjer på skjermen. I eit spel der presis timing er alfa omega for å få mest ut av opplevinga, oppstår det ein ganske tydeleg akilleshæl som ikkje går an å oversjå. Helst skulle eg ha sett meg ferdig med å vere kritisk no, men eg er redd det ikkje er tilfelle. Det er ein ting til som verkeleg frusterer meg når eg spelar Bayonetta 2.

Som i det første Bayonetta-spelet er Witch Time ein av dei viktigaste mekanikkane. Måten dette fungerer på er at du hoppar unna eit angrep rett før det treff mål. Med riktig timing sakkar tida ned i nokre få sekund, og du får ein gyllen sjanse til avlevere alvorlege mengder skade på ein fiende som godt mogleg er litt forvirra ei stund.

Problemet er at desse angrepa ikkje alltid er like lette å sjå. Det kan vere mange grunnar til dette. Av og til er det eit fyrverkeri av lys og rørsler som kjem frå så mange stadar samstundes at det er vanskeleg å sjå akkurat det lyset, eller den rørsla som indikerer eit nært føreståande slag i trynet. Eventuelt kan det vere så mange fiendar på skjermen at dei kjem i vegen for kvarandre. Ei anna, men heldigvis sjeldnare årsak, er at slag kjem frå fiendar utanfor skjermen, noko eit tidvis uvenleg kamerasystem må ta skulda for. Sistnemnde skjer ikkje så ofte at det er eit stort problem, men det skjer ofte nok, og det er frustrerande sidan du har lite å stille opp med mot slikt.

Det kan skje uhorveleg mykje på skjermen til ei kvar tid. (Skjermbilde: Nintendo)

Blant dei beste i klassen

Der, no er eg ferdig med å klage. Det einaste som gjenstår no er å falle på kne og lovprise spelet som går under namnet Bayonetta 2. Utviklarane hos Platinum Games har i ei årrekke no demonstrert at det er absolutt ingen i bransjen som har meir stålkontroll på actionspel. Frå det første Bayonetta-spelet til Metal Gear Rising: Revengeance har dei demonstrert korleis dei forstår action i høgt tempo på ein heilt spesiell måte.

Kampsystemet i Bayonetta 2 er utan diskusjon blant dei aller, aller beste i klassen, og det slår bein under konkurrentane. Når alt klaffar i Bayonetta 2 – og det gjer det stort sett – er det som å kome inn i ei transe der du berre flyt med vinden. Du ser knapt kva som skjer, du berre kjenner det i kroppen. Du sonar ut, slår, sparkar, skyt, og dansar mellom fiendane som ein grasiøs ballettdansar som avsluttar kvart hopp med å virvle opp ei demonisk hand som hamrar fiendane i bakken med makelaus kraft.

Det er nesten umogleg å slite med å forstå korleis du skal handtere fiendane. Utviklarane kommuniserer det på meisterleg vis, og du kjem til å nyte nesten kvar kamp uavhengig av om du verkeleg går inn for å meistre kvar kombo, hamrar laus utan å vite kva du driv med, eller brukar det nesten banalt enkle, men like fullt velfungerande kontrollsystemet som let deg pryle fiendar berre ved å trykke på kontrollarskjermen.

Spelet legg opp til at alle kan delta på sin premissar, men for dei som verkeleg kjenner denne sjangeren, og vil ha ei skikkeleg utfordring, gir spelet enda meir. Når ein lærer seg dei ulike angrepa å kjenne oppstår ei heilt anna flyt der angrepa nesten kjem av seg sjølv. Du susar mot fienden, sender ut ein kort kombo før du dansar unna eit angrep, og sender ein lengre kombo inn i ryggen på han. Med ein kombo hiv du fienden opp i lufta, med den andre hoppar du sjølv opp i lufta og sende stakkaren med haka først inn i bølingen med fiendar som framleis er på bakken.

Kunsten å vere god

Demonbeist frå helvete, møt Bayonetta og be di siste bøn. (Skjermbilde: Nintendo)

Bayonetta 2 gir deg kjensla av å vere god, men det er likevel langt frå redd for å gi deg grisebank om du ikkje følgjer med i timen. Spelet kan no og då vere utilgiveleg, men aldri i så stor grad at det blir umogleg. Om du slit kan du bruke gjenstandar som får opp helsa, gjer deg immun mot skade, får kvart slag til å gjere meir skade, eller for å fylle opp magien som krevst for å bruke overdådige spesialangrep.

Du kan kjøpe ei rekke ekstrautstyr som gir deg ulike fordelar, samt nye våpen som alle byr på sine unike angrepsmønster. Bayonetta kan ha eit våpen i kvar hand og eitt på kvar fot, og for den avanserte kan du skifte mellom to ulike våpensamansetningar med eit knappetrykk.

Absolutt alt er tilrettelagt for at du skal kunne kome deg gjennom alle utfordringane spelet kastar på deg. Om du får det til er ei heilt anna sak, men du veit veldig godt at med svært få unntak døyr du fordi du ikkje var god nok. Akkurat det er ei forferdeleg kjensle, for å måtte akseptere at ein ikkje er verdsmeister kan vere svært vanskeleg. Gleda over å til slutt klare den kampen som har slått deg i bakken fleire gongar er derimot monumental.

Flyten i spelet er glimrande, og gir deg korte pausar der du enten får ein filmsekvens frå den tullete historia som – når rett skal vere rett – blir stadig meir artig å følgje med på. Alternativt får du nokre vegar og korridorar å springe gjennom der du får studere dei fantasifulle og nydelege områda, før det brakar laus i ein ny kamp der du like ofte som ikkje, møter beist så aggressive at dei garantert hadde stått på lista over sjefskampar i andre spel i same sjanger.

Når du omsider er ved vegs ende treng det heller ikkje vere slutt. Spelet byr på ein samarbeidsmodus der du kan høvle deg veg gjennom fiendane saman med ein partner, og det er naturlegvis fritt fram for å spele gjennom kvart nivå fleire gongar for å perfeksjonere poengsummane dine.

Konklusjon

Bayonetta 2 er eit spel du blir andpusten av. Det kan vere direkte slitsamt å spele, og om du er utmatta etter nokre timar i denne verda skal du vite at det er heilt greit. Eg forstår deg. Eg har vore der, og eg kjenner di smerte. Men eg kjenner og den umåtelege kjensla av å kome seg gjennom det. Kjensla av å meistre ein utfordrande kamp berre for å bli møtt av ein platinum-pokal som fortel deg at dette, dette kunne du ikkje ha gjort betre.

Visst har spelet nokre irritasjonsmoment, og eg blir ikkje overraska om enkelte spelarar vil mislike personen Bayonetta så sterkt at det tek bort delar av underhaldningsverdien. For meg druknar alt dette i ei lang rekke herleg utfordrande kampar som både piner og fyller meg med fryd om kvarandre. Bayonetta 2 er blant årets beste spel, og det er enda eit herleg innskot i ei stadig lengre rekke av fantastiske spel på Wii U.

Om du likar Bayonetta 2 bør du få med deg Metal Gear Rising: Revengeance frå same utviklar. Eit hakket mindre krevjande, men likevel svært underhaldande spe i same sjanger, er DMC: Devil May Cry.

9
/10
Bayonetta 2
Ei lang rekke herleg utfordrande kampar som både piner og fyller meg med fryd.

Siste fra forsiden