Solid og utfordrande rollespel for taktikeren

Blackguards bryt med den utviklinga rollespela har sett dei siste åra.

Det er nesten trist å seie det, men spel som dette ser vi verkeleg ikkje ofte no for tida. Dette er kanskje ei sanning med modifikasjonar, men tidene har utvilsamt endra seg. Blackguards baserer seg på eit rollespel av gamlesorten. Eit av desse spela der du grev deg ned i eit lass av bøker, der terningar rullar i bakgrunnen for alt du gjer, og der tilfeldige uhell kan øydeleggje dagen din. 

Blackguards stryk deg ikkje med håra. Det tek deg med til noko som bryt heilt og halde med den utviklinga rollespela har sett dei siste åra, og denne mentaliteten gjer Blackguards til eit herleg friskt, annleis og utfordrande spel.

Fem på rømmen

Alle karakterane i Blackguards er ikkje like stabile.
Alle karakterane i Blackguards er ikkje like stabile. (Skjermbilete: Gamer.no)

Sjølv om vi omsider endar opp med å skulle ta tak i vanlege fantasy-scenario der verda er i ferd med å gå under, byr Blackguards på eit noko anna utgangspunkt. Hovudpersonen – som du sjølv får lov til å byggje opp og setje namn på – blir kasta i fengsel i starten av spelet under skuldningar om å ha utført eit brutalt drap.

Det er her det heile startar, og raskt møter du to andre noko spesielle karakterar. Vi har den ganske høflege ordsmeden og magikaren Zurbaran, samt den noko brautete og krigsglade dvergen Naurim. Så snart trekløveret er komplett blir neste stopp å bryte seg ut av fengsel, før vi seinare fyller ut gruppa med eit par nye særeigne personar.

Dynamikken mellom dei fem personane er god, og det er forfriskande at dei på ingen måte er vener. Tillit er ikkje eit nøkkelord i denne gjengen, og konfliktar oppstår i fleire situasjonar utan at det får innverknad på spelet. Dialogen er for det meste god, og skodespelet er stort sett svært passande. Den visuelle presentasjonen er ikkje noko å rope hurra for, men den formidlar den mørke fantasy-verda i Blackguards godt, og gjer saman med eit stemningsfullt lydspor mykje for å dra deg inn i eit krevjande spel som helst ser at du investerer mange timar i slengen.

Ta deg i akt

Blackguards er ikkje enkelt. Det merkar du tidleg. Etter fleire år med det mange likar å kalle konsollifiserte rollespel, har eg blitt vand med at eg nesten blir sterkare og kraftigare utan å gjere noko. Drep ein fiende her, ein fiende der, og vips, du har gått opp to, tre, kanskje fire, fem eller seks erfaringsnivå i løpet av den første timen. Du er eit overmenneske som skyt lynboltar frå rompa før du har lært å stå. Makt min gode ven, makt!

Våpenspesialisering får stort utslag på effektiviteten i kamp.
Våpenspesialisering får stort utslag på effektiviteten i kamp. (Skjermbilete: Gamer.no)

Fullt så enkelt er det ikkje i Blackguards. Dette spelet brukar regelsettet til det tyske penn og papir-rollespelet The Dark Eye, og sørgjer for at til og med den beste kan feile. Rollespelsystemet har ikkje konvensjonelle karakterklassar slik andre rollespel har, og heller ikkje erfaringsnivå som meir eller mindre automatisk plasserer tal på riktig stad for å gjere deg sterk. I staden står du fritt. Du får ein sum erfaringspoeng etter kvar kamp og når du fullfører oppdrag, og med denne summen kan du gjere akkurat det du vil.

Om du vil bli ein mektig nærkampskrigar brukar du poenga dine på å byggje opp kor flink du er med ditt utvalde våpen, samt styrke og andre parameter som har innverknad på kor god du er til å treffe fienden. Vil du i staden bruke boge eller magi går du sjølv inn på desse spora ved å velje kva vil vere kraftig i, og kva talent og eigenskapar du vil ha.

Det er eit svært fritt system som legg enormt mykje ansvar på spelaren. Gjer du dårlege val, eller tankelaust byggjer litt overalt, kan du finne deg i situasjonar der ingenting fungerer. Om du derimot tenkjer smart, og har tolmod til å setje deg grundig inn i systema som er langt meir avanserte og gjennomtenkte enn dei først gjev inntrykk av, vil du kunne finjustere krigarane dine med ein millimeterpresisjon eg ikkje har sett makan til på lang tid.

Ta ein person du har utvikla innan magi som eit døme. Det naturlege er kanskje å gje fyren ein stav som gjev ein liten bonus i det magiske terreng. Ein hakket meir utspekulert strategi er å byggje han opp til å bli ein kløppar med bogen, før du låser opp ein magi som let han lage ein farleg skugge av seg sjølv. Denne skuggen vil fungere som ein ny soldat i kampen, og magikaren står deretter fritt til å blant anna helbrede allierte, skyte eldkuler eller kaste rundt seg med magiske skjold. Du har svært mange val og moglegheiter, og ved å eksperimentere og utforske finn ein heile tida nye framgangsmåtar.

Vi har definitivt sett betre dagar.
Vi har definitivt sett betre dagar. (Skjermbilete: Gamer.no)

I tur og orden

Spelet byr ikkje på utforsking av ei verd i ordinær forstand. I staden er verda presentert gjennom eit rimeleg stort kart, og du klikkar på område av interesse. Det neste som skjer er enten at du møter eit statisk bybilete der du kan snakke med folk, handle, ta på deg oppdrag, og kanskje lære nokre nye eigenskapar frå trenarar, eller at du hamnar i kamp.

Som rollespelet det hentar reglane sine frå er Blackguards turbasert. I kampane har du alt frå ein til fem krigarar som kan bevege seg på eit heksagonalt nett. Kampområda kan tidvis vere ganske store, og er ikkje låste til eit firkanta område. Nokre er avlange korridorar, andre er innsida av eit hus der veggar og dører kjem i vegen, medan du utandørs kan måtte hanskast med at tre og steinar står i vegen. Her og der finn du gjenstandar du kan bruke flittig. Om fiendar står nær ei oljetønne veit du kva du har å gjere, og om dei skulle stå i tørt gras er det berre å sende av garde ei eldkule for å jamne ut oddsa litt.

Kampane i Blackguards kan vere nådelause. Det kjem strengt tatt an på korleis du byggjer opp karakterane dine. Gjer du kloke val – noko du enten gjer med flaks eller ved å lese all informasjonen spelet tilbyr om diverse parameter og eigenskapar – kan du meisle ut spesialiserte krigarar med mektige eigenskapar som komplimenterer kvarandre perfekt. I slike situasjonar kan dei fleste kampane gå unna utan dei heilt store problema.

Eit bord kan vere eit hinder, eller eit strategisk utgangspunkt.
Eit bord kan vere eit hinder, eller eit strategisk utgangspunkt. (Skjermbilete: Gamer.no)

Sjansen er derimot stor for at du vil møte harde utfordringar meir enn ein gong, og ikkje reint sjeldan har eg starta kampar om igjen fleire gongar fordi eg tydeleg ser korleis mine steg så langt i kampen har sendt meg ut på ein einvegstur til grava. Det er fleire grunnar til at kampane byr på gode utfordringar. Dei byr på fiendar som gjer kloke val – altså, alt det du ikkje vil dei skal gjere – og du er ikkje garantert å treffe blink med kvart slag og kvar pil. Dette merkast òg når du startar ein kamp på ny sidan fiendane ikkje gjer det same kvar gong.

Kor stor sjanse du har til å lukkast med magi eller treffe med eit våpen kjem an på kor mykje du har bygd opp relaterte parameter og eigenskapar, samt kor sterk fienden er. Om du har 99% sjanse for å lukkast i noko, betyr ikkje det at du vil lukkast kvar gong. Du har framleis 1% sjanse for å feile, og feile vil du.

Det heile burde vere velkjent for erfarne rollespelarar, men det er langt meir tydeleg her enn i mange andre moderne rollespel. Du kan aldri vere sikker på at ein kamp og eit skot vil gå din veg, og ved slutten av ein kamp kan du sitje igjen med eit knippe krigarar som alle syng på siste verset. Du føler deg aldri heilt trygg, og dette sørgjer for at du aldri heilt veit kva du har i vente.

Mykje å ta av

Blackguards byr på ei ganske lineær historie som gjev deg små val her og der. Desse vala har lite å seie for kva som skjer, men dei kan til dømes ha innverknad på om du hamnar i kamp eller ikkje. Ved sidan av historia byr spelet på eit mylder av sideoppdrag du står fritt til å bryne deg på om du vil. Sjølv om dei er valfrie er det absolutt ein fordel å hive seg over alt du finn, sidan dette gjer det lettare å byggje seg opp mot dei beinharde utfordringane du elles vil møte.

Sideoppdraga kan i tillegg gje deg ein bonus i form av nye lærarar som kan lære deg spesielle eigenskapar. Triksa dei lærer bort kan kome godt med, men det er ikkje alltid like lett å halde oversikt over kvar dei ulike lærarane er. Eg såg meg til slutt nøydd til å ta fram ei blokk og notere ned kven som hadde dei eigenskapane eg var på jakt etter, slik at eg slapp reise over heile kartet for på jakt etter ein einsleg person.

I byane kan du handle, plukke opp nye oppdrag, og ta deg ein kvil om helsa er på veg nedover.
I byane kan du handle, plukke opp nye oppdrag, og ta deg ein kvil om helsa er på veg nedover. (Skjermbilete: Gamer.no)

Denne manglande oversikta er diverre ikkje unik for lærarane. Spelet byr på stor valfridom i korleis du kan byggje opp karakterane dine, men det er ikkje alltid like lett å sjå konsekvensane av vala dine. Når du kler deg opp med nye rustningar kan tungt metall til dømes gjere krigarane tregare, men det er ikkje alltid like lett å sjå om det du har kledd ut folka dine i er for tungt.

Blackguards hadde tent på betre direkte kommunikasjon med spelaren. Spelet let deg skumme over grunnprinsippa i reglane når du vil, og i starten såg eg meg nøydd til å sjå over desse meir enn ein gong. Om du ikkje tek deg tid til å forstå alt, kan du lett bli forvirra.

Konklusjon

For dei som leitar etter eit solid og utfordrande rollespel som let deg skru saman nøyaktig dei krigarane du vil, er Blackguards eit glimrande spel. Det byr på mange vanskelege kampar, men det er aldri urettferdig. I staden gjer spelet det veldig tydeleg at du no tek turen inn i ei farleg verd der kvart steg kan bli det siste. Det er ei herleg reise der du gjennom mange kampar samlar inn den erfaringa du treng for å byggje opp krigarane dine slik du vil ha dei.

Valfridomen spelet byr på i så måte er ikkje unik, men det er sjeldan eg ser det gjort fullt så fritt som dette. Slik gjer det sjølvsagt mogleg for spelaren å øydeleggje for seg sjølv, men dette spelet er laga for dei som er på jakt etter nøyaktig den utfordringa spelet legg opp til.

Om du er som meg og ikkje har sett deg ned saman med vener rundt eit bord for å trille terningar på alt for mange år, kan Blackguards vere ei nostalgisk og herleg utfordrande oppleving.

Klør du etter meir turbasert moro? Sjekk ut fantastiske The Banner Saga »

Vurdering


"Ei nostalgisk og herleg utfordrande oppleving."

Blackguards Windows Windows 8/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 24. januar 2014
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Daedalic Entertainment
  • Utvikler: Daedalic Entertainment

Beste priser

Nedlasting 4,- Til butikk
Ikke på lager 209,- Til butikk
Ikke på lager 209,- Til butikk
Ikke på lager 339,- Til butikk

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen