Anmeldelse

Bravely Default

Blant dei beste rollespela på lang tid

Om du har sakna Final Fantasy av den gamle sorten, er dette for deg.

Det er ikkje til å kome bort frå at Final Fantasy-serien har utvikla seg svært mykje opp gjennom åra. Frå å i starten handle om fire ganske ansiktslause heltar som reiste rundt på eventyr i ei fantasyverd full av krystallar, har historiene blitt meir og meir innvikla, til både glede og frustrasjon for fansen. Fokuset på overdådige filmsekvensar og ein estetisk design som raskt fungerer som drivstoff for cosplaykulturen har lagt si stramme hand om serien, og mykje av det som gjorde serien til kva den ein gong var, er borte.

Utvikling treng ikkje vere negativt, og det er heller ikkje det dette handlar om, men om du skulle vere blant dei som av og til skulle ynskje at du berre kunne få tilbake eitt av desse spela som fekk deg til å like serien i utgangspunktet, har du fått lite av det du har bedd om.

Bravely Default er i så måte nøyaktig det du har sakna på absolutt alle punkt. Det er eit langt og velformulert kjærleiksbrev til alt som definerte Final Fantasy før storslagne filmsekvensar tok over. At Square Enix skriv eit kjærleiksbrev til seg sjølv høyrest kanskje noko rart ut, men når resultatet blir så fantastisk som dette lar vi det gå.

Final Fantasy opp av dage

Tiz Arrior vil redde verda etter å ha mista heimbyen sin. (Foto: Square Enix).

Det heile startar sjølvsagt med ei massiv katastrofe. Byen Norende forsvinn i avgrunnen, og den einaste overlevande er Tiz Arrior. Ein ung mann som ser sin eigen vesle bror forsvinne inn i mørket medan jorda slukar byen han ein gong budde i. Herifrå startar eit langt og omfattande eventyr. Tiz møter på kort tid tre personar som saman med han utgjer ditt følgje gjennom heile spelet.

Allereie her vinn spelet stort. Utviklarane har definert persongalleriet på glimrande vis. Dei er stereotypiske på mange måtar, men samtidig så godt skildra gjennom dialog og enkel animasjon at du raskt blir glad i dei.

Tiz er den sjølvsagt naive typen med store tankar om å gjere det rette. Agnès er ei pertentleg ung dame som har vakse opp i eit så isolert miljø at alt som bryt med hennar strenge moralkode er ikkje mindre enn uakseptabelt. Edea er på si side dottera av ein mektig mann, og ber sterkt preg av å vere ein smule høg på pæra. Ringabel er på si side noko for seg sjølv. Ein kjekk ung mann med fabelaktig hår som først og fremst lurer på om det er pene damer i kvar by følgjet vitjar.

Akkurat den siste biten lar vi gå fordi han er så danna og pen i ordtøyet at ein må finne seg i å akseptere den elles rimeleg overflatiske haldninga hans.

Bravely Default er eit av dei spela som tener stort på at det aller meste av dialogen er utført av skodespelarar. Dette spelet hadde ikkje vore det same utan. Innleiingsvis kan ein kanskje reagere litt her og der, men etter kvart som karakterane gror på deg og du blir kjend med dei blir det svært tydeleg at så og seie alle skodespelarane er som skapte for rollene dei har fått i dette spelet. Dei bringer enormt mykje liv og karakter til persongalleriet, noko som er essensielt for eit spel på fleire titals timar krydra med store mengder dialog.

Krystallvandring

Som i mange Final Fantasy-spel har krystallar ei stor rolle i Bravely Default. Historia handlar om korleis Tiz og følgjet hans må vekkje fire krystallar til live for å redde verda frå den undergangen som starta med katastrofa i Norende. Naturlegvis er ikkje alt heilt slik det først ser ut, og historia vil kanskje ikkje vinne prisar for originalitet, men den er underhaldande. Du kan gjette deg til ein del av det som vil skje, medan andre ting vil få deg til å undre deg over kva veg dette eigentleg vil gå.

I di ferd for å redde verda får du raskt tilgang på eit solid verdskart som kan utforskast både ved å vandre, og seinare ved å fly i eit luftskip. Som i gamle Final Fantasy-spel reiser du over dette kartet før du stoppar ved ein by eller eit område som må reinskast for fiendar.

Verdskartet er fargerikt og fullt av sjarme. (Foto: Square Enix).

For å vere eit spel på 3DS er spelet imponerande vakkert. Spesielt byane sprett ut av skjermen på ein nydeleg og unik måte. Alle byar og små område utan fiendar er teikna for hand, og dei er fulle av små og finurlege detaljar. Eit gammalt skip ute på havet ser til dømes ut som om det skal knekke i to, der morkne plankar og skeive veggar går i alle retningar.

Fiendtlege område er diverre hakket mindre kreative og er stort sett labyrintar du ser ovanfrå. Desse er i motsetning til byane reine 3D-modellar, men dei held på den handteikna tekstureringa, noko som gjev dei eit unikt preg. Her vandrar du frå eit punkt til eit anna medan du utforskar avstikkarar for å finne kister og fiendar medan du får kose deg med spelets absolutt beste sider. Felles for det aller meste du ser i Bravely Default er den sterke og gjennomførte estetiske linja utviklarane har lagt seg på. Karakterane er fulle av liv, og fiendane kjem i alle former og fasongar.

Perfeksjonert kampsystem

På papiret er Bravely Default som alle andre japanske rollespel av den gamle sorten. Kampane skjer på tilfeldige tidspunkt, og du bankar fiendar gjennom eit turbasert kampsystem. Så langt byr ikkje spelet på nokon overraskingar, men alle detaljane utviklarane har lagt inn i kampane, og alt rundt dei, er blant det beste eg har spelt nokon sinne.

Lat oss ta dei turbaserte kampane først. Dei er valfrie. Du kan sjølv velje kor ofte dei skal dukke opp frå fem alternativ, og om du verkeleg ikkje føler for å hamne i kamp på eitt eller anna tidspunkt kan du berre skru kampane heilt av. Om du merkar at du er for svak til å kome vidare i spelet kan du berre skru frekvensen opp til maks slik at du hamnar i kamp nesten for kvart steg du tek.

I kampane møtast heltar og udyr side om side. (Foto: Square Enix).

På denne måten kan du gjere akkurat det du vil. Ta det med ro der du vil ta det med ro, og om du finn eit område med fiendar som gjev mykje erfaring, kan du berre slå deg laus til du har bygd opp gruppa di. Skulle spelet bli for lett eller for vanskeleg kan du i tillegg skru opp og ned vanskegrada akkurat slik det passar deg.

Kampane i seg sjølve byr på eit svært smart system som let deg vere så offensiv eller defensiv som det passar deg. Bravely Default kjem av namnet på to viktige funksjonar i spelet. Når du skal velje kva ein person skal gjere kan du velje Brave eller Default. Brave let personen ta opp til fire turar på rappen, medan Default sender personen inn i forsvarsmodus slik at du kan spare opp ein tur.

På denne måten kan du lett høvle over svake fiendar, men om du gjer dette mot sterkare fiendar kan det by på trøbbel. Brukar du fire turar på rappen utan å ta knekken på fienden, vil han få fire turar før du er klar igjen. Å balansere korleis du skal bruke Brave og Default blir ein uhyre viktig del av spelet. Å bruke Brave effektivt kan få enorm utteljing, men om du gjer ein feil kan fienden ende opp med å høvle over deg i staden. Skulle dette skje kan du bruke noko som heiter Bravely Second. Med dette får du ein gratis tur ekstra, men for å bruke dei må du bruke poeng du får tak i gjennom mikrotransaksjonar.

Strengt tatt er heilt konseptet overflødig. Eg har aldri vore i ein situasjon der eg såg meg freista til å bruke ei øre på noko som helst, og dette er eit ekstra alternativ som berre er av verdi om du vil suse gjennom spelet utan å møte ei skikkeleg utfordring.

Arbeid til folket

Som i alle rollespel med respekt for seg sjølv samlar du inn erfaringspoeng etter kvar kamp. I Bravely Default får du ikkje berre poeng for kvar persons erfaringsnivå. Alle fiendar du tek knekken på gjev deg i tillegg eigenskapspoeng. Desse brukast på å byggje opp jobbklassane, noko som skjer uavhengig av det generelle erfaringsnivået.

Spelet byr på totalt 24 klassar å velje mellom. Du låser desse opp ved å knuse diverse sjefar rundt omkring i spelet. Dei aller fleste av desse kampane er valfrie, noko som betyr at det er meir eller mindre opp til deg kor mange jobbklassar du vil ha tilgang på.

Moglegheitene med jobbklassane er enormt mange.

Det tek ikkje lang tid før magien over dette jobbsystemet viser seg svært tydeleg. Du kan kanskje berre ha ein jobb til ei kvar tid, men du kan i tillegg velje å få tilgang på alle kommandoane du har lært deg frå ein annan klasse. På denne måten har du i praksis tilgang på to klassar til ei kvar tid, noko som let deg eksperimentere stort med korleis du vil gå fram. På toppen av dette har kvar klasse fleire passive eigenskapar du kan utruste heltane i gruppa di med. Desse eigenskapane kan gjere deg meir motstandsdyktig mot fysiske eller magiske angrep, eller kanskje dei gjer deg sterkare og lar deg få litt liv tilbake kvar gong nokon slår deg.

Du kan blande passive eigenskapar frå alle klassar. Har du låst opp ein eigenskap kan du bruke den uavhengig av klasse, og moglegheitene dette byr på er enorme. Sei til dømes at du vel å setje Edea til å vere den fysisk sterke piratklassen. Ved bruk av passive eigenskapar kan ho ha veldig lett for å automatisk hoppe unna angrep, i tillegg til at ho går til motangrep kvar gong ho blir angripen. Om ho brukar sin tur på å provosere fienden kan resultatet raskt bli at ho denger nesten alle fiendane i bakken utan å ta skade sjølv.

Estetikken i Bravely Default er ein suksess på alle punkt. (Foto: Square Enix).

Dette er berre eit døme på kva som er mogleg i spelet, og moglegheitene er enormt mange. På toppen av dette finn vi eit stort utval utstyr og våpen som gjev ulike eigenskapar. Desse kjøper du frå butikkar, eller du kan investere litt tid i eit minispel der du skal byggje opp igjen landsbyen Norrende ved å setje landsbybuarar til å byggje. For å få folk til å busetje seg i byen må du finen folk via StreetPass, eller eventuelt logge deg på nettet ein gong i døgnet.

Det er verdt innsatsen, for mykje av utstyret som blir tilgjengeleg her er av den uhorveleg sterke sorten.

Konklusjon

Bravely Default er ei sann perle av eit spel. Det gir og gir og sluttar strengt tatt ikkje med å gi før det heile er over. Det er svært lenge sidan eg har hatt så lett for å sitje i omlag 70 timar med eit spel utan å på eitt eller anna tidspunkt bli trøytt og få lyst til å gjere noko anna. Bravely Default hentar meg tilbake kvar gong, og ved å vere på 3DS er det veldig lett å bli freista til å berre plukke opp spelet i ei lita pause her og der for å prøve å byggje ein jobbklasse opp litt til.

Du blir hekta. Både gjennom dei enormt engasjerande mekanikkane, men og fordi spelet byr på ei sjarmerande og underhaldande verd. Persongalleriet og verda dei lev i er godt skildra, og det ligg mykje tanke og arbeid bak alt. Dette er ikkje eit spel der ein får inntrykket av at ting berre blir dytta inn fordi det er tøft. I løpet av spelet får vi solide historieleksjonar, og om du skulle ha lyst til å vite enda meir byr eit solid leksikon på det meste du kan tenkje deg.

Bravely Default er kort og godt eit fantastisk spel som byr på endelaus moro. Leitar du etter eit spel å kose deg med på den vesle portable, finnest det knapt betre alternativ

Om du skulle vere klar for meir portabel rollespelmoro frå Japan, er Pokémon X, Fire Emblem: Awakening og Persona 4 Golden glimrande alternative.

Vi har valgt å bruke noen konseptbilder i tillegg til skjermbilder for å illustrere anmeldelsen. De to største bildene er konseptkunst fra spillet.

9
/10
Bravely Default
Bravely Default er ei sann perle av eit spel.

Siste fra forsiden