Dance Central
Anmeldelse

Dance Central

Her er redningspakka for alle oss med to venstreføter og sosial angst.

Eg har aldri hatt noko som kan kome i nærleiken av frykt for det offentlege. Eg klarar meg temmeleg fint omringa av framande personar, sjølv om mi interesse for å ha direkte kontakt med dei ikkje alltid er like høg. Når det kjem til dans, stiller ting ser derimot veldig annleis. Å danse får det til å gå kaldt nedover ryggen min, og eg kjenner eit nagande behov for å springe til næraste toalett. Tanken på å danse, tanken på noko så enkelt som å røre kroppen min i takt, eller til ein rytme, skremmer livet av meg.

Den personen som stort sett er ekstremt trygg på seg sjølv, som ikkje eig frykt for større forsamlingar, blir ein struts med hovudet i bakken så snart dansing kjem på programmet. Eg likar det ikkje.

Klarer ikke laste video

Frå null til gull

Den store fordelen med Dance Central er at eg no kan danse. Ikkje på den måten at eg er god til å danse, men eg kan tillate meg sjølv å bruke tid på aktiviteten. Godt gøymt bak tjukke gardiner &ndash og med låst dør – er eg trygg. Den stive kroppen som skrik i i angst og panikk kvar gong eg vurderer å svaie med hoftene mjuknar gradvis opp, og eg kan no slå meg på brystet og seie at eg har dansa hardt til musikk frå Lady Gaga.

Dance Central er utan tvil det mest interessante Kinect-spelet så langt. Det er eit spel som er heilt unikt for Kinect, og ikkje kan gjennomførast på noko anna format. Dance Central er ei heilt ny oppleving, og den er god. Heilt frå startskotet går merkar du at folka hos Harmonix veit kva dei driv med. Navigeringa gjennom menyar er lynrask og gruslegg det Microsoft sjølv har bygd opp. I staden for å flytte ein markør over skjermen flyttar du berre handa di opp og ned for å bla i lister. Når du finn det du vil ha viftar du kjapt i lufta med ei rørsle som kan vere så rask som du vil. Dette er mykje nærare Minority Report enn noko anna eg har sett så langt.

Denne raske navigeringa glir over i alle element av spelet, og spelet skil mellom kva du gjer med høgre og venstre hand på ein smart måte. Skal du velje noko brukar du den høgre. Skal du gå tilbake brukar du den venstre. Venstrehanda blir i tillegg brukt medan du lærer deg forskjellige danserutiner. Om du treng meir tid på å lære noko, eller kanskje må sakke ned farten litt for å forstå kva du skal gjere, er det opp med venstrehanda for å vifte ting på plass.

Det er raskt, det er effektivt, det fjernar alle brysame mellomledd, og det sørgjer for at spelet har alle lys og auge retta mot dansinga som står i sentrum av Dance Central.

Æ kan danse!

Før du går i gong for alvor bør du stille deg sjølv eit alvorleg spørsmål: Kan du danse? Dette er eit spørsmål du bør finne eit svar på før du blar gjennom songlista som gjev deg tilgang til alle songane heilt frå starten. Det har seg slik at om du ikkje kan danse, då bør du byrje med første låt, og bli der. Dance Central er blodhardt for ein person som a) er ute av trening, og/eller b) ikkje kan danse.

Dei blå korta gjev deg oversikt over kva trinn du skal danse
Dei blå korta gjev deg oversikt over kva trinn du skal danse

Alle låtene i spelet ligg nedover ei liste, og er rangert etter generell utfordring. Denne rangeringa er uavhengig av vanskegrada, og dei tre forskjellige vanskegradene gjer ikkje stort anna enn å skalere kor mykje av utfordringa i ein dans du må meistre. Det mest spesielle med vanskegradene i spelet er at du er fysisk nøydt til å bli ein betre dansar for å få dei til, noko som òg kan krevje betre fysisk form.

Lat oss likevel gå tilbake til start. Dei første låtene er temmeleg simple greier, der du ikkje skal gjere stort anna enn å vrikke litt på hofta og veive litt med armane. Det er enkelt, men det er samtidig ein glimrande inngangsportal til dansens verd. Sjølv om du ikkje blir den heilt store danseløva av dei første låtene i spelet kjem du til å lære deg fleire rytmar, og små triks. Ting som kanskje ser vanskeleg ut viser seg å vere ganske greitt å få til, og omvendt. Viktigast er likevel at det kjennest veldig godt når du naglar ein dans, held rytmen heile vegen gjennom, og får fem stjerner som premie.

Etter den rolege starten stig derimot utfordringa i monstertempo, og det viser seg at dei enkle låtene i starten er heilt nødvendige for å å ein liten basis på plass før ein kan ta imot tyngre leksjonar. Dance Central er eit ekstremt utfordrande spel om du ikkje allereie kan danse, og det vil du merke på kroppen.

Vanskeleg øving

Du kan kaste deg rett ut i å prøve å nagle dei forskjellige dansane på første forsøk, eller du kan gå gjennom ei opplæring i Break it Down-modusen. Break it Down er eit veldig godt tiltak som visar deg alle dansestega eitt etter eitt, og om du startar på lett vanskegrad og sakte byggjer deg opp mot hard, aukar utfordringa i eit veldig fornuftig og passande tempo ved å inkluderer fleire og fleire ny trinn i dansen. Break it Down har likevel ei stor blemme som kan by på frustrasjon.

Om det er eit dansetrinn du ikkje får til, burde det ha vore lettare å trene på det. Spelet merkar om du gjer noko feil, og vil tilby deg å sakke ned farten, men tidsrommet du har for å gjere dette er ganske kort. Om du ikkje tenkjer over det sidan du prøvar å meistre noko, mistar du lett sjansen din. Om du ikkje klarar eit dansetrinn på noko forsøk, og ikkje legg merke til teksten på toppen av skjermen som tilbyr deg å prøve på ny, hoppar spelet vidare til neste trinn. Kva med å berre stoppe og spørje deg om du vil halde fram med å øve inn trinnet når du feilar alle forsøk?

Stereoen lyser opp når du gjer det bra
Stereoen lyser opp når du gjer det bra

Samtidig er det ikkje alltid heilt lett å forstå kva du skal gjere. Du har visuelle hjelpemiddel gjennom ein dansar på skjermen og nokre små illustrasjonskort, men alt spelet eigentleg fortel deg er kvar du gjer noko gale. Ikkje kva du gjer gale. Om vi hadde fått gode direksjonar til forbetringar på utføringa vår som vi får i til dømes Your Shape: Fitness Evolved, kunne det blitt veldig mykje betre.

Trass sine manglar er likevel Break it Down ein effektiv måte å lære seg ei låt på. Du får to eller tre trinn å lære om gongen, og det er ei veldig grei mengde. Som regel vil du ikkje ha store problem med å forstå kva du skal gjere heller, så problema med treninga er ikkje noko som konstant vil plage deg.

Herleg nøyaktig

Det aller beste med Dance Central er utan tvil at dette er det einaste spelet der eg enno har til gode å merke svikt frå kameraet si side. Kinect ser kva du gjer, og det sørgjer for at du heile tida har full oversikt over kva du gjer riktig, og kva du bør bli betre på. Du ser ikkje deg sjølv i Dance Central, men festar i staden blikket på ein figur som blir di referanse. Denne figuren dansar og demonstrerer alt du må gjere, og om du bommar vil raude strekar markere dei ledda det gjeld. Ligg handa di rett ned når den eigentleg skal ut, vil den tilsvarande handa på skjermen lyse opp.

Det er eit veldig effektivt og solid system som informerer deg utan å bli for påtrengande. Ringar på golvet vil i tillegg måle takta di, og lyse opp i fargar for å vise deg kor bra du gjer det. Alt dette er visuelt, og feedback gjennom lyd er minimalt, noko som er ein veldig god ting sidan det let deg fokusere hundre prosent på musikken, utan at små uromoment kjem inn og røskar deg ut av takta.

Denne musikken er naturlegvis av ein veldig kommersiell sort. Om du er på jakt etter alternativ dansbar musikk er du på feil stad, sidan det er kjende låter frå dei siste åra som står høgst på plakaten. Vi kan danse til musikk frå artistar som Lady Gaga, Kylie Minogue, Basement Jaxx og No Doubt. Det er ei god og variert liste som byr på mange forskjellige rytmar og stilartar. Vi endar difor naturlegvis opp med veldig variert dansing, og sjølv om fleire dansetrinn blir brukt om att til forskjellige låter, er det mange dansar.

Dansarane fungerer som eit speglbilete av deg sjølv
Dansarane fungerer som eit speglbilete av deg sjølv

Det største holet i Dance Central-pakka er det sosiale aspektet som nesten ikkje er til stade. Spelet byr på ein fleirspelarmodus, og denne er berre enkle dansekampar der kvar spelar viser kva dei kan etter tur. Dance Central kunne verkeleg ha nytta godt av ein full modus der folk kan spele mot kvarandre, eller med kvarandre for den saks skuld. Utan det sosiale endar Dance Central opp som eit veldig aktivt spel du driv på med heilt aleine. Det er ingen grunn til å vere sosial med det, sidan det ikkje byr på noko fornuftig å gjere i sosiale situasjonar.

Konklusjon

Dance Central vinn mest på den gode ideen enn på gjennomføringa. Harmonix har kokt i hop eit genialt nytt konsept, og eg gledar meg verkeleg til å sjå kva dei vil gjere med det i framtida. I Dance Central latar du ikkje som om du dansar, du dansar. Spelet vil nok ikkje lære deg å bli dansegolvets konge, men det vil garantert gjere det litt mindre skummelt å ta golvet i bruk.

Dance Central er solid og sveitt moro som får fram ei heilt anna meistringskjensle enn eg er vand med. I staden for å hugse kva knapp ein skal bruke til riktig tid, må ein trene opp kroppen til å hugse ei heil rutine. Det er noko veldig anna enn kva spel stort sett byr på, men det er eit velkoment alternativ. Om Harmonix kan putte inn ein treningsmodus som verkeleg duger, og får inn eit sosialt element vi kan kose oss med på seine kvelder, då kan dette bli ekstremt bra.

X360 7 /10 Godt

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

Dance Central

Dance Central X360 X360 7/10

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 10. november 2010
  • Plattform: Xbox 360
  • PEGI: 12+
  • Sjanger: Festspill
  • Utgiver: MTV Games
  • Utvikler: Harmonix

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen