(Bilde: From Software)

På sitt beste er Dark Souls III eit meisterverk

OPPDATERING: Etter mykje tid med fleirspelardelen har vi satt karakter.

Eg har kome til ei stor dør. Karakteren min har ikkje mykje liv igjen, og eg har ingen Estus-flasker. Eg skjønar fort at her er det nok ein sjefskamp. Til tross for mangel på livspoeng, går eg gjennom døra.

Med ein gong blir eg møtt av synet av ein einsam soldat, som nærmast teleporter seg bort til meg, og drep meg med eit slag. Han stirrar ned på liket mitt, mens orda «You Died» materialiserer seg på skjermen min. Eg vaknar opp med eit bål, klar for ein ny runde.

Etter eg vaknar opp med bålet den 20. gongen, byrjar eg å lure på kva i alle dagar som skjer. Ein time seinare, og eg har framleis ikkje slutta i frustrasjon. Sjefskampen har fullstendig trollbunde meg.

Rundt forsøk nummer 26 klarer eg å gjere den fyrste fasen av sjefskampen nesten utan å ta skade. Eg er klar for fase to, med masse Estus igjen. Heile to gongar får eg til «backstab», og sjefen har nesten ingen livspoeng igjen. Ein treff, så er det gjort. Framleis har eg fullt liv, og to Estus-flaskeladingar igjen.

«Fashion Souls» er blitt enda meir aktuelt enn før med dei mange rustningane.
«Fashion Souls» er blitt enda meir aktuelt enn før med dei mange rustningane. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ut av ingenting bestemmer sjefen seg for å sleppe laus ein dommedagskombo, og drep meg på eit knapt sekund.

Eg stirrar på skjermen med open munn, og kontrollaren dett ut av handa mi. Handa mi byrjar å skjelve, og gir seg ikkje før nokre minutt seinare.

Aldri i mitt liv har eg hatt ein så intens oppleving i eit spel, og eg kan ikkje førestille meg at noko vil toppe det med det fyrste.

Dark Souls III er til tider heilt eminent.

Imponerande kampsystem

Det nye innslaget i serien klarer å byggje på dei beste spelmekanikkane i dei tidlegare «SoulsBorne»-spela, og gjer dei enno betre. Rullinga verkar enno meir jamn enn før, våpensporinga er på linje med det fyrste Dark Souls-spelet, og treffskanninga er betre enn nokon sinne.

Så langt kan eg ikkje sette fingeren på ein einaste mekanikk i kampsystemet som har blitt dårligare i forhold til dei andre spela, men eg har ikkje fått bryne meg mot andre spelarar på nett enno.

Dark Souls III har meir enn 180 våpen og rundt 65 rustningssett, så me har fått mange nye leiketøy. Rørslesetta til våpen me har sett før har for det meste gått tilbake til korleis dei var i det fyrste spelet i seria. Mykje av det nye som Dark Souls II introduserte har blitt reversert, som kjem som ei positiv overrasking. Dark Souls III har også introdusert mekanikken «våpenkunst», som gjer at omtrent alle våpen har eit eller to angrep som bruker mana. Desse angrepa kan vere unike rørslesett, det kan vere ein teknikk som gjer at du gir meir skade, eller det kan vere noko som minkar skaden du sjølv tar. Våpenkunsten bruker mana på same måte som magi. 

Den utvalde vandøde ser utover dei samankopla områda.
Den utvalde vandøde ser utover dei samankopla områda. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dark Souls III har også gjort sjefsvåpna mykje meir interessante og nyttige. Denne gongen har me nokre verkeleg tøffe rørslesett å boltre oss med, og for ein gongs skuld er våpna brukbare. I Dark Souls II gav sjefsvåpna inntrykket av å vere noko gimmick-aktig, men i det nye spelet kjem mange til å bruke sjefsvåpna til heile gjennomspelingar.

Rustning-systemet er også litt annleis frå dei andre Dark Souls-spela. Det er ikkje lengre mogleg å forbetre rustninga, på same måte som i Bloodborne. Dette er gjort for at ein ikkje skal få for store fordelar i kampar mot andre spelarar.

Dark Souls III kjem med nokre av dei mest imponerande sjefskampane i noko spel eg har prøvd. Dei unike rørslesetta deira, stemninga som blir bygga opp med lydspora. From Software verkar å ha lagt meir arbeid i hovudkampane denne gongen. Mot slutten av spelet kjem det sjefskampar som har eit heilt brutalt vanskelighetsnivå.

Det er likevel nokre sjefskampar som godt kunne ha vore utelatt frå spelet, som rett og slett er for enkle, og er direkte keisame. Dette er spesielt i den fyrste delen av spelet. 

Stemninga er ikkje heilt slik den burde vere

Det fyrste Dark Souls-spelet hadde ein spesiell stemning. Det er ikkje så lett å sette fingeren på det, men det var bare eit eller anna med det spelet som gjorde at ein kjende at her, her vil alt drepe meg. Alt var dystert, mørkt. Stemninga var kanskje det eg likte aller best med spelet.

Dark Souls III gir inntrykk av å ville fremme den same kjensla hos spelaren, men får det ikkje heilt til. Til tross for eit av dei flottaste lydspora eg nokon gong har høyrd, er det ikkje heilt det same. Den sadistiske tonen til karakterane du støyter på er ikkje der lengre, sjølv om stemmeskodespelet er heilt glimrande. Faktisk er stemmeskodespelet så bra at eg blei direkte rørt på eit tidspunkt i historien.

Nivådesignet i Dark Souls III skiljer seg frå dei tidlegare innslaga i serien. Det er ikkje fullt like mange nivå som før, men dei er til gjengjeld meir komplekse, og samansette. Heile verda heng mykje meir saman enn det gjorde i for eksempel Dark Souls II, der det ikkje var så mykje logikk i korleis områda hang saman.

Estus må ein ha.
Estus må ein ha. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette gjer at spelet framstår litt meir lineært, og det er lettare å finne ut kvar ein skal i denne runden. Eg har ikkje prøvd å spele eit «SoulsBorne»-spel utan guide før, men det gjekk fint. Til tider satt eg meg litt fast, men ikkje i nærleiken av korleis det ville vore viss eg skulle bryna meg på Dark Souls II utan noko hjelp. At det er enklare å finne fram har ikkje hatt noko negativ innverknad på spelet for min skuld, for det er så mange interessante snarvegar som binder nivå saman (på linje med heisen frå Firelink Shrine til Undead Parish i Dark Souls, for eksempel).

Det tok meg omtrent 45 timar å spele igjennom heile spelet den fyrste runden, og då slo eg alle sjefane i spelet. Sjølv med færre områder har eg brukt vesentleg meir tid på ein gjennomspeling  i dette enn noko anna From Software-spel. 

«New Game Plus» har fått litt vel lite fokus førebels. Sjefane verkar alt for lette i forhold til basisspelet, og det er ikkje like mykje som forandrar seg som i Dark Souls 2 (i alle fall i fyrste New Game Plus). 

Samanlikning mellom høgaste (venstre) og lågaste (høgre) innstilling viser få forskjellar anna enn "anti-aliasing" og skuggelegging. 

Fleirspelar

Samarbeidsmodusen har fått ein oppussing i forhold til dei tidlegare Dark Souls-spela. Sjeleminne frå Dark Souls II er fullstendig fjerna, slik at samarbeid og kamp mot andre spelarar er basert på bare sjelenivå så lenge ein ikkje bruker passord. For å hindre at nokon bruker veldig mykje tid på ein karakter med lavt nivå retta mot invasjonar, er kamp mot andre spelarar også basert på kor mykje du har oppgradert våpenet ditt.

På same måte som i Bloodborne, har ein no moglegheita til å sette eit passord i innstillingsmenyen, slik at ein bare kan samarbeide med dei som har det same passordet aktivt. Denne funksjonen lar ein samarbeide på tvers av sjelenivå, som gjer at ein karakter på nivå ein kan samarbeide med nokon som er over nivå hundre. Karakteren til den som er på høgt nivå blir skalert ned for å passe den andre, men det er ikkje balansert godt nok. Eg prøvde å spele med ein karakter i høgt nivå med ein ven som akkurat hadde byrja med spelet, og eg drepte omtrent alt med eit slag. Sjefskampane blei litt tamme på det viset. 

Samarbeidsmodusen i SoulsBorne-serien har vore av varierande kvalitet, der det ofte tar lang tid for å finne den du vil spele med. Dette har blitt forbetra litt, men dei same problema er framleis til stades. 

Dette går nok ikkje bra...
Dette går nok ikkje bra... Bilde: From Software

I tidlegare spel har invasjonar vore basert på forbruksgjenstandar som «Cracked Red Eye Orb». Dark Souls III har slike, men også ein gjenstand som ikkje forsvinn, og lar ein invadere andre så mange gongar ein vil. Ein får gjenstanden ved å snakke med ein karakter i Firelink Shrine, etter å ha drepe ein anna spelar i kamp. 

Kor moro kampane mot andre spelarar er, vil kome litt ann på kva våpen dei har. Framleis er det nokre balanseringsproblem som må taklast, spesielt med våpen som kan bruke veldig mange hurtigangrep på kort tid. Korte sverd og sablar er eit mareritt viss ein ikkje er god på parering, og eit par av dei største våpna gjer heilt latterleg mykje skade. 

Det tar sjeldan meir enn ti sekund for å finne nokon å innvadere, då det er så mange som speler. Frå dei rundt 100 invasjonane eg har utført så langt, er det ein ting som skiller seg klart frå dei tidlegare spela, og det er kor ofte ein havner i ein mot tre eller fire-situasjonar. For det meste kan ein klare seg viss ein bruker monster til hjelp, men det kan bli litt irriterande at ein ikkje finn fleire kampar der det bare er ein mot ein.

Innstillingsmenyen lar oss for ein gongs skuld skifte tastar.
Innstillingsmenyen lar oss for ein gongs skuld skifte tastar. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Konklusjon

Dark Souls III introduserer mykje nytt til serien, samt at det byggjer vidare på mekanikkar som har fungert godt i tidlegare spel. Den kryptiske historieformidlinga er tilbake, men me får litt meir konkret informasjon no. Det blir ikkje noko mindre tolking og analysering av soga enn før, tvert i mot, men ein ser eit klart forsøk på å knyte saman soga frå dei andre spela. Korleis ein forstår historia vil vere veldig forskjellig frå person til person, men eg kan trygt seie at ein ikkje vil bli skuffa. No når me er i den siste syklusen av Dark Souls-universet, der kun gnistar er igjen av The First Flame, har spelaren fått eit viktig val å ta. 

Fleirspelaren treng enno litt balanseringsarbeid, men er utan tvil den beste i serien så langt. Det er blitt lettare å spele både mot og med andre, og det har blitt meir givande. 

På sitt beste er Dark Souls III eit meisterverk. Dessverre vil ting som dei keisame sjefskampane gi ein inntrykket av at det har gått litt fort i svingane hos From Software. Noko småplukk til tross; det nye spelet har ein vesentleg sterkare einspelardel enn Dark Souls II, nesten på linje med det fyrste. 

Oppdatering 18. april: Anmeldelsen er oppdatert med karakter og refleksjoner om flerspillerdelen. 

Vurdering


"Dark Souls 3 byggjer vidare på dei beste elementa frå serien, og kjem med mykje nytt."

Dark Souls III Windows Windows /10 PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 12. april 2016
  • Plattform: Windows
  • Utvikler: From Software

Beste priser

Ikke på lager 299,- Til butikk
På lager 445,- Til butikk
Ikke på lager 449,- Til butikk
Ikke på lager 449,- Til butikk

Kommentarer (46)

Forsiden akkurat nå

Til toppen