Anmeldelse

Defense Grid 2

Kongen av tårnforsvar er tilbake

Defense Grid 2 raffinerer og utvider ein velfungerande formel.

Om det er tårnforsvar du er på jakt etter kan du ikkje trå feil med Defense Grid 2. Spelet tek den velkjende stilen frå det første spelet og gjer akkurat dei riktige tinga for å hekte spelaren. Ved første augekast er alt ved det same. Vi blir sendt til ei rekke ulike brett der vi finn ei eller to opningar som sender inn bølgjer med fiendar på rekke og rad. Din jobb blir å setje opp det eine tårnet etter det andre, både for å plaffe ned beista, men og for å lage nye og lengre vegar for dei å vandre gjennom. Endestasjonen er ei samling energikuler, og om fiendane først kjem så langt kan ting raskt bil langt meir utfordrande.

Defense Grid 2 kan kanskje sjå litt grått og traurig ut ved første åsyn. Det er ikkje verdas penaste spel akkurat. Gjennomgangstemaet er grått, og sjølv om det heile etter kvart blir ein sviskekompott av eksplosjonar, kan dette på ingen måte kallast eit vakkert spel. Det skal likevel godt gjerast å finne eit tårnforsvarspel med meir sjarme. På di ferd til stadig nye brett vil du igjen få følgje av Defense Grid-travaren General Fletcher, ein kunstig intelligens med ein brennande kjærleik for bringebær.

Denne gong får vi også selskap frå ei rekke andre kunstige intelligensar. Etter kvart som desse byrjar å oppdage at dei har mista delar av sine eigen kode, endar vi opp med å bli vitne til nokre absurde samtaler som gjennom glitrande skodespel og ramsalt alvor kan få deg til å bryte ut i latter meir enn ein gong. Historia i spelet kjem ingen til å bry seg om, men dialogen som turar fram medan du byggjer tårn og knuser fiendar kjem til å sitje ved deg lenge. Defense Grid tek seg sjølv og sitt eige univers så langt frå seriøst som det på nokon måte er mogleg å kome, noko både spelet og spelaren tener stort på.

Alt må døy

Å kome i gang med å byggje forsvarsverk er ein jobb som no enklare enn nokon sinne. I staden for å berre plante det eine tårnet etter det andre får vi no eit heilt nytt element som får svært mykje å seie for heile spelet. Nye boostertårn fungerer som små og billege klossar du kan plassere der du elles set eit tårn. Den låge prisen gjer det lettvindt å forvandle eit digert rutenett til ein labyrint fiendane må navigere gjennom, før du deretter kan plassere andre tårn på toppen av boostertårna.

Desse nye byggjeklossane blir raskt eit av dine viktigast verkty for å sørgje for at fiendane ikkje rekk fram til målet sitt før du har fått blåst dei til fillebitar.

Å vere viktige byggjeklossar er likevel ikkje det einaste desse tårna er gode for. Dei kan i tillegg gje bonusar til tårna som står oppå dei. Har du eit brennheitt lasertårn ståande på ein slik kloss kan du etterpå velje å oppgradere tårnet til å enten gje 25% meir skade, samle inn fleire poeng frå alle fiendane som døyr i nærleiken, til å kunne sjå usynlege fiendar.

Som du kanskje ser er eg ein stor fan av meteorar og missil. (Bilete: Øystein Furevik/Gamer.no).
Du kan lage dine egne brett.

Boostertårnet er det eine av to nye tårn i Defense Grid 2. Det nye missiltårnet fungerer som eit alternativ til meteortårnet vi òg fann i det første spelet. Meteortårnet sender ei klynge med eksplosivar over lange avstandar, og fungerer såleis godt mot klynger av små fiendar. I det nye Missiltårnet får vi derimot eit enkelt, men kraftig prosjektil som fungerer langt betre mot dei store og kraftige fiendane.

Dette er alt som er å finne av nye tårn i Defense Grid 2, og såleis kan ein kanskje få inntrykket av at spelet strengt tatt ikkje byr på så mykje nytt, men dette kunne ikkje ha vore lengre frå sanninga. Etter kvart som du turar gjennom historia og rundar ulike brett vil du låse opp diverse oppgraderingar til tårna som du vel før du går i gong med eit brett.

Desse oppgraderinga kan få tårna til å gjere alt frå å utelukkande skyte mot dei sterkaste fiendane, til å sakke ned fiendar, eller gjere etsande skade. Oppgraderingane er eit glimrande tilskot til spelet, og let deg skreddarsy opplevinga meir etter din eigen spelestil. Eventuelt kan du skru ting med tanke på kva utfordringar eit gitt brett har å by på.

Varierte utfordringar

Dei ulike bretta i Defense Grid 2 er ei solid blanding av lineære vegar og opne brett der du er fri til å finne din eigen strategi. Det er mykje rom for prøving og feiling, noko som òg vil bli svært viktig på fleire av spelets meir utfordrande brett. Nokre av utfordringane i Defense Grid 2 er eit par hakk over det vi er vande med frå det første spelet, men vi finn ein god balansegang i kva spelet krev av deg.

For hardbarka spelarar vil kvart brett kunne spelast gjennom på mange forskjellige måtar, der du til dømes kan velje å spele gjennom med ei fast mengde ressursar å byggje tårn for, eller berre for å sjå kor lenge du kan halde ut.

Det er først når ein verkeleg har fått kontroll på dei ulike tårna og oppgraderingane at Defense Grid 2 for alvor viser seg frå sine beste sider. Ein plasserer tårn med mål om å lage den lengste moglege vegen for fiendane, medan ein set opp tårn som handterer kvar sine felt. Eit tårn sakkar ned fiendane, eitt briljerer på å fjerne potensielle skjold, medan andre tårn igjen peprar eit område med eksplosivar, før ein til slutt har eit tårn plassert utelukkande for å plukke ned eventuelle restar. Når ein har gjort alt, eller i alle fal det meste riktig, kan ein berre setje seg tilbake for å sjå fruktene av arbeidet sitt.

Skulle det gå skeis kan du som i det første spelet bla deg bakover i tid slik at du kan gå tilbake til eit punkt før planen din viste seg frå si verste sida. På denne måten kan ein metodisk prøve og feile inntil ein kjem fram til den beste strategien.

Moro for fleire

Av dei største nyvinningane i Defense Grid 2 finn vi moglegheita for å spele saman med andre. Fleirspelarmodusane i Defense Grid kjem i tre former. Du kan spele gjennom eit brett der to spelarar deler ressursane, men dette er strengt tatt ein ganske kjip modus sidan to spelarar må dele på den same mengda ressursar ein elles ville hatt aleine. Såleis endar ein lett opp med å berre fortelje kvarandre kva ein skal byggje. Eit alternativ er at kvar spelar har eigne ressursar og eigne felt å byggje på. Om du ikkje er heilt fan av samarbeid, kan du konkurrere med ein annan spelar om å gjere den beste jobbe.

Den siste modusen er på alle måtar den beste, og kan bli vanvittig underhaldande. Når du spelar mot nokon vil kvar spelar ha heile brettet for seg sjølv, medan dei nede i høgre hjørne vil kunne du sjå ein miniversjon av motstandaren sitt brett. Her er det om å gjere å byggje opp dei beste forsvarsverka, for kvar gong du drep ein fiende vil denne dukke opp på motstandaren sitt brett.

Om du byggjer opp forsvaret ditt smart kan du skape fullstendig kaos hos motstandaren, og fylle brettet hans med så mange fiendar at han eller ho ikkje har sjanse til å forsvare kulene sine.

Under all moroa ein kan ha aleine eller saman med andre finn vi nokre skavankar som ikkje heilt held mål. Å setje opp ein fleirspelarseanse er alt for tungvindt, og ser ut til å ignorere dei fleste framskritt som er gjort på denne fronten sidan Internett blei allemannseige.

I tillegg er menysystemet noko tungvindt til tider, i alle fall om du skulle våge å spele med mus og tastatur. Mitt einaste råd til deg er å gløyme akkurat det. Spelet er designa for handkontroll, noko ein tydeleg ser gjennom korleis spelet låser musa. Flytter du på musa flyttar du heile skjermen som om du skulle trykke på piltastane, og navigering i menyar når du skal byggje noko er imponerande lite brukarvenleg. Om du derimot brukar ein handkontroll bør du ikkje møte nokre slike problem.

For den som føler seg kreativt byr Defense Grid 2 i tillegg på ein kartlagar slik at du kan utvide med dine eigne kart, eller du kan laste ned kart andre har laga.

Konklusjon

Om du har venta på Defense Grid 2, eller du berre vil ha eit nytt tårnforsvarspel, leverer Defense Grid 2 så det held. Utviklarane har introdusert ei rekke smarte tillegg som verkeleg får mykje å seie for opplevinga. Dei nye oppgraderingane du kan setje på tårne let deg forme di eiga oppleving i langt større grad, samtidig som det opnar opp for mykje eksperimentering. Du kan spele gjennom ulike brett eit uttal gongar for å finne den beste framgangsmåten, og når du trur du har funne den er det berre å skru opp vanskegrada for å verkeleg teste deg sjølv.

På toppen av det heile er Defense Grid 2 eit spel med uhorvelege mengder sjarme. Ein skulle ikkje tru at ein bunke ansiktslause kunstige intelligensar kunne vere nokre av dei mest elskverdige personane i eit spel i år, men det har utviklarane likevel prestert å få til.

Det finnest ei rekke spel som leikar seg med tårnforsvarformelen. Eit par av dei som er verdt å sjekke ut er Anomaly 2 og Orcs Must Die!-serien.

8
/10
Defense Grid 2
Spelet har ei rekke smarte tillegg som verkeleg får mykje å seie for opplevinga.

Siste fra forsiden