Noko heilt spesielt

Anmeldelse Dragon's Dogma: Dark Arisen

Noko heilt spesielt

I mørkret er det berre vondskapen som høyrer deg skrike.

Dragon's Dogma: Dark Arisen er ein utvida versjon av actionrollespelet Dragon's Dogma frå i fjor. I denne teksten vil eg derfor i hovudsak gå inn på kva som er nytt. Les anmeldelsen av originalspelet dersom du trenger en innføring i dei grunnleggjande mekanikkane.

Så er vi her igjen. Eit år etter at Capcom lanserte sitt fenomenale actionrollespel Dragon's Dogma har dei lansert spelet på ny. Det heile minnar svært mykje om taktikken dei brukar for å halde liv i slåssespela sine. Lag eit spel, send det ut til publikum, og kjem med ein ny versjon ei tid seinare som byr på nye figurar, nokre små endringar, og kanskje litt anna godt.

Dark Arisen er ikkje eit nytt spel, og det er heller ikkje ei utviding av Dragon's Dogma. Det er begge deler. I dette spelet får du det fulle og heile originalspelet meir eller mindre slik du hugsar det, men i tillegg kjem det med nokre praktiske og tekniske justeringar, samt eit massivt underjordisk område som gjer sitt beste for å pryle deg sanselaus.

Det er dette vi kallar godsaker. Ein smakfull rett som berre gir og gir, før det tar maten frå deg, smekkar deg på fingrane, og gir den tilbake igjen til ein litt usikker og varsam spelar.

Piler og eld er dine beste vener.
Piler og eld er dine beste vener.

Gode endringar

Ein kan stusse seg litt over vala Capcom har gjort i korleis dei har valt å lansere Dark Arisen. Det er vanskeleg å sjå nokon openbare grunnar til at dette spelet ikkje kunne ha blitt lansert som ei tilleggspakke i staden for å tvinge deg til å kjøpe heile spelet om att. Som plaster på såret for alle dei som allereie har punga ut for Dragon's Dogma får dei som har eit spel lagra på maskina si ein solid bunke riftkrystallar (meir om desse seinare, og tru meg, du får bruk for dei) og ein del snasent nytt utstyr.

Har du spelt originalen vil du først og fremst merke to ting når du spelar Dark Arisen. For det første er det mykje lettare å kome seg fram og tilbake. Utviklarane har putta inn langt fleire teleporteringskrystallar, og du slepp no å trave fram og tilbake over lange avstandar for å gjere den minste ting. På sett og vis kan ein seie at dette bryt litt av den dynamikken som oppstod i originalen. Du er ikkje lenger tvinga til å utfordre villmarka kvar gong du skal ein stad, men samtidig må du likevel utforske eit område før du kan plassere ein teleporteringsportal der.

Om alt du gjer er å teleportere fram og tilbake kvar gong du skal ein stad går du glipp av uhyre mykje, og dette er såleis ikkje den smartaste taktikken. Konsekvensane av konstant teleportering er at du går tregare opp i erfaringsnivå, du samlar inn færre ressursar du kan skape livgivande gjenstandar med, og du merkar kjapt at dei ressursane du treng for å oppgradere våpna dine er mangelvare.

Du blir med andre ord litt straffa for å ta den billege vegen ut, og dette er bra. For mykje av opplevinga i Dragon's Dogma er å møte villmarka og alle farane den byr på. Lettvindt teleportering blir likevel eit pluss seinare i spelet når du er så sterk og kraftig at ein kvar tur gjennom skauen er blotta for utfordring. Monotonien over dette blir fjerna, og du får bruke tida på det du vil og må.

Denne karen tenner aggressivt på menn.
Denne karen tenner aggressivt på menn.

Ei anna endringa som er hakket meir usynleg er at menysystemet no er kjappare. Det oppfører seg på same måte som før, men dei små pausane som heile tida dukka opp i originalen er for det meste borte, og å skulle gå inn i inventaret for å bruke ein drikk midt i ein kamp er no kjapt og effektivt. Samtidig er det mykje lettare å fordele gjenstandar mellom deg og krigarane i gruppa di sidan du lett kan sjå kor mange dei har av ein gitt gjenstand. Xbox 360-versjonen kjem på to diskar slik at du kan leggje inn japanske stemmer og HD-teksturar, men for å vere heilt ærleg er det ikkje lett å sjå forskjell.

Til mørkret, kameratar!

Det aller viktigaste av dei nye elementa i Dark Arisen er Bitterblack Isle, eit heilt nytt område som byr på eit underjordisk grottesystem fullt av farar som overgår det meste spelet har bydd på tidlegare. Det at heile greia er under jorda fører med seg fleire nye utfordringar som på mange måtar endrar dynamikken vi er vande med.

For det første er det alltid mørkt, og du må heile tida halde eit vakent auge med kor mykje olje du har å fylle lampa di med. Går du tom er du mildt sagt i trøbbel sidan Dark Arisen introduserer nye konsept som brått og uventa kan gjere livet ditt til eit mareritt om du ikkje har førebudd deg.

Sidan eg måtte spele Dark Arisen på ei testmaskin der eg ikkje tidlegare hadde ei lagra Dragon's Dogma fil måtte eg ty til ein ferdiglaga karakter. Denne var på nivå 75, og sidan Capcom anbefaler å vere minst nivå 50 før ein utforskar Bitterblack Isle tenkte eg med meg sjølv at dette burde gå heilt fint. Feil.

Dette er eit syn du helst bør vere i god form for å møte.
Dette er eit syn du helst bør vere i god form for å møte.

Dark Arisen kombinerer utforskinga i Dragon's Dogma med spontane utfordringar du ikkje kan forutsjå på nokon måte. Etter kvart som du vandrar lengre nedover i grottesystemet vil du finne gangar, rom og større område der fiendar av alle slag kan finnast, men det er dei uventa utfordringane som byr på største problem. Når som helst kan skjermen bli mørk, berre for å avdekke eit livsfarleg beist som kan få den sterkaste mann til å springe i panikk. Ein ogre som blir opphissa av menn (i motsetning til å fastlandsogren som blir opphissa av kvinner), ein massiv og beksvart drage, eller ein blodtørstig gigantulv, er alle beist som kan gjere livet surt for deg.

Ikkje berre er desse fiendane uforutsigbare og livsfarlege, men dei toler enormt mykje bank. At det heile skjer mellom veggar og tak endrar samtidig utfordringane. Du kan ikkje lenger berre springe langt unna og bruke dei store områda til din fordel. Du er innelåst, sjølv om du skulle vere i ein massiv underjordisk gardsplass. Det er vanskelegare å kome seg unna, og det er vanskelegare å finne gode innfallsvinklar, noko som gjer utfordringa desto større.

Samtidig er det heile pakka inn i bratte trapper, smale bruer og høge tårn som skrik etter luft i dei klaustrofobiske og mørke grottene. Både du og lakeiane dine kan bli ufrivillige offer for fritt fall om ein minotaurmutant svingar slegga og kastar deg veggimellom. Som ein erfaren Dragon's Dogma-spelar vakna eg til ein brutal realitet. Eg døde oftare, og lakeiane mine døde mykje oftare. Å vandre nedover i mørkret med tre krigarar på slep er ein ting, å brått måtte gjere det aleine er noko heilt anna.

Mørkret sig på.
Mørkret sig på.

Stødig framgang

Undergrunnskomplekset er bygd opp på ein temmeleg smart og organisert måte. Etter kvart som du vandrar nedover vil du etter kvart finne vegar til overflata igjen. Desse gjer det enklare å kome seg fram og tilbake utan å måtte vandre enorme avstandar. Om du er i knipe kan du bruke ein magisk stein for å kome tilbake til overflata, men den sender deg ikkje ned igjen, og difor er det ei stor glede kvar gong ein finn ei dør som leiar ut.

Det er mange grunnar til å returnere til overflata. Der finn vi kvinna som har bedt deg om å utforske Bitterblack Isle, og ho kan fjerne forbanningar frå utstyr du finn i grottene. Utstyret du finn i Bitterblack Isle er ikkje nemneverdig unikt, med unntak av ringane. Dei kan gjere eigenskapane dine eit nivå betre. Har du eit fancy triks med sverdet kan du med ein ring altså bli enda betre i det trikset.

Rundt omkring i grottesystemet finn vi i tillegg ein tidlegare arisen. Han fungerer som ei vandrande sjappe, og når du finn han kan du oppgradere utstyret ditt, kjøpe gjenstandar, eller organisere lagerplassen din. Ein ekstra bonus med denne karen er at han ved hjelp av diverse gjenstandar og riftkrystallar kan forbetre utstyr som allereie er smidd i drageeld. I originalspelet var drageeld det høgste punktet våpen og utstyr kunne oppgraderast til, så dette er absolutt eit velkome tillegg.

Riftkrystallane blir i tillegg brukt til å reparere riftportalar. Desse portalane brukar du når du skal hente deg nye lakeiar å ha med i følgjet ditt. At dei fiksar helsa til lakeiane dine kjem òg uhyre godt med når ein tenkjer på alle farane som luskar rundt kvart hjørne. Å reparere portalane blir gradvis dyrare desto lengre ned i Bitterblack Isle du kjem, og dei 100 000 riftkrystallane du får innleiingsvis om du har spelt originalen kan raskt bli gull verd. Samtidig skal du ikkje sjå bort frå at om du skulle sitje der med enormt mange riftkrystallar etter å ha runda Dragon's Dogma, vil bruke litt ekstra på å kjøpe dyre lakeiar på høgre nivå. Det kan kome godt med når du bokstavleg talt møter mannen med ljåen.

Eitt slag frå han er alt som skal til før du døyr, så trå varsamt.

Solid bruk av magi fiksar det meste.
Solid bruk av magi fiksar det meste.

Konklusjon

Med Dragon's Dogma har Capcom skapt noko heilt spesielt. Det er eit utfordrande og massivt rollespel som verkeleg får fram den intense stemninga av å reise på eventyrferd i farlege område. I Dark Arisen blir eventyrferda tona ned, men farane auka. Vi fann underjordiske område i originspelet òg, men ikkje på denne måten. Dette er eit enormt kompleks av gangar og rom som kan ta deg fleirfaldige timar å kome gjennom. Eg merka ikkje at tida gjekk, men då eg på eit punkt kort tid før slutten sjekka klokka for å sjå kor mykje tid eg hadde brukt under jorda, såg eg at eg hadde halde på i over 25 timar.

Du kan sikkert bruke mindre tid enn som så, men Dragon's Dogma: Dark Arisen er likevel så fullt av innhald at det blir ei gåvepakke både til erfarne spelarar, og dei som er nysgjerrige på kva dette spelet eigentleg er.

Om du er på jakt etter eit omfattande eventyr som gladeleg får deg til å ofre fleirfaldige timar på å gå deg vill i mørkret, finn du knapt betre alternativ.

Dragon's Dogma: Dark Arisen kjem i sal 26. april, for Xbox 360 (testet) og PlayStation 3.

X360 9/10 Klassisk

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

Dragon's Dogma: Dark Arisen

Dragon's Dogma: Dark Arisen X360 X360 9/10 PS3

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 26. april 2013
  • Plattform: Xbox 360
  • Sjanger: Action, Rollespill
  • PEGI: 18+
  • Utgiver: Capcom
  • Utvikler: Capcom

Beste priser

Kommentarer (21)

Forsiden akkurat nå

Alle brukere Dette gjør brukerne nå

Til toppen