Gears of War 4 (Bilde: Microsoft Studios)

Kongen på haugen

Motorsaggjengen kan framleis levere der det gjeld.

At det har gått ti år sidan eg sat bak tastaturet og knota ned mine ekstatiske ord om Gears of War, er litt rart å tenkje på. Eg hugsar uhyre godt korleis heile spelet blei runda på ein kveld saman med ein kamerat, og eg var så godt som utsliten etterpå. Det var eit kort spel som likevel makta å by på ei oppleving som overgjekk det meste anna.

Dei neste spela i serien gav meg ikkje heilt den same euforiske kjensla, men like fullt, Gears of War-serien betyr noko for meg sidan det første spelet var så hinsides fett.

Gears of War 4 har med andre ord ganske mykje å leve opp til. Dei opphavelege utviklarane hos Epic Games har levert stafettpinnen vidare til Microsofts eige studio The Coalition, og den nye gjengen har mykje å bevise. Dei skal ikkje berre ivareta gameplayet som har inspirert tallause utviklarar i åra sidan, men òg introdusere oss for nye hovudpersonar i ei verd der Marcus Fenix er konge.

Stille før stormen.
Stille før stormen. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Akkurat det skal du vere unnskyldt for å meine dei ikkje får til. Dei første timane med Gears of War 4 er eit rimeleg langdrygt «tja». Det er ingenting som er direkte feil, men det manglar gneist. Det manglar det vesle ekstra som løftar spelet over andre. Vi blir introduserte for spektakulære kulissar som viser at desse folka forstår kva verd dei leikar i, men det betyr så lite. Når kvart område i praksis er ei ny fotballbane med rektangulære boksar du og fiendane kan gøyme seg bak, går ein raskt inn i eit repetitivt mønster.

Ei stødig kurve

Gears of War 4 lev og dør på ti år gamle mekanikkar som framleis fungerer godt den dag i dag. Gears of War er framleis Gears of War, og utviklarane har absolutt nagla skytekjensla. Dei har finjustert og gjort små endringar, men alle er til det betre. Det er stramt, presist, og gjev deg nøyaktig dei verktya du treng du å gjere kål på fiendane. Eitt og anna nytt element blir blanda inn i valsen, som til dømes å kunne dra fiendar ut frå dekning, eller å kunne hoppe over hinder som ligg i vegen. Ingen av dei endrar stort på opplevinga, men dei gjev litt ekstra krydder i situasjonar der du kanskje skulle trenge det.

Sjølv om alt sit som eit skot reint mekanisk, er det likevel vanskeleg å finne entusiasmen. Dei første kapitla dannar eit inntrykk av at utviklarane ikkje heilt veit kva dei skal gjere med Gears of War. Dei fleste nivå ser bra ut, men endar likevel opp med å ikkje vere stort anna enn eit flatt område med ein og anna boks dytta på plass slik at du kan gøyme deg. Gi meg ei kasse LEGO, og eg kan gjere det same.

Ei heftig motorsykkeljakt er eit herleg avbrekk.
Ei heftig motorsykkeljakt er eit herleg avbrekk. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Sakte, men sikkert byrjar likevel ting å skje. The Coalition ser ut til å lene seg på ein filosofi om at vi skal byrje i det små, før vi i ei stødig kurve byggjer oss opp mot ei spektakulær avslutning som får deg til å tørste etter neste spel. Frå strategisk plasserte boksar glir vi over til å møte rasande uvær som snur alt på hovudet. Bygningar rasar saman og bilar flyr gjennom lufta. Held du auga opne kan du finne diverse stablar med skrot som kan skytast for å sende ein tung død flagrande over irriterande fiendar. Du kastar ein granat berre for å få den sendt i retur av vinden, og innser at det kanskje er ein ìde å vere litt forsiktig.

Andre stadar bryt utviklarane opp strukturen ved å til dømes la deg sitje bak rattet på ein motorsykkel medan eit fly lar det regne eksplosive tønner over deg. Her og der snik utviklarane inn element frå tårnforsvarmodusen Horde, og lar deg byggje forsvarsverk før fiendane veltar over deg.

I takt med alt dette byrjar nivådesignet å bli litt meir inspirert òg. Frå å springe mellom boksar i flate område, blir områda meir dynamiske, der den etter kvart innøvde «dukk, skyt, dukk, skyt»-mekanikken får kvile litt til fordel for meir strategiske løysingar. Ein innandørs kamp mot eit massivt beist er eitt av høgdepunkta, men massive beist kan raskt bli frustrerande nedturar òg.

Ein av dei nye skapningane The Coalition har kokt i hop kan til dømes slå deg ut med eit slag, og med mindre nokon får deg på beina igjen raskt, plukkar den deg opp og ber deg av garde medan alt du kan gjere er å sjå på. Rekk ikkje dine allierte å stappe nok kuler inn i beistet før det stikk av, er du død og må tilbake til førre sjekkpunkt. Altså, dette fungerer heilt fint når du spelar saman med nokon som forstår kor viktig det er å gjere skikkelege prioriteringar i livet. Når ein spelar saman med ein kunstig intelligens som først og fremst bryr seg om kva fiende som er nærast, blir det heile noko verre.

Ein og annan ny fiende dukkar sjølvsagt opp.
Ein og annan ny fiende dukkar sjølvsagt opp. Bilde: Microsoft

Gammal verd, nye heltar

Noko av det ein gjerne hugsar best frå Gears of War-serien er dynamikken mellom hovudpersonane, den breiale tonen og den fandenivaldske haldninga. Så barskt at det blei komisk, men ikkje så komisk at det blei teit. The Coalition har mykje å leve opp til, og gjer sitt beste. I Gears of War 4 møter vi J.D. Fenix, sonen til Marcus Fenix, samt venene Del og Kait. Dei er ein heilt grei gjeng, men Marcus, Dom, Cole og Baird er dei ikkje. Dei skal derimot ha for å prøve, og sjølv om dei «vittige» kommentarane for det meste blir noko flate, finn vi eitt og anna gullkorn.

Er det eigentleg rart ein blir glad for å sjå denne sinnataggen?
Er det eigentleg rart ein blir glad for å sjå denne sinnataggen? Bilde: Microsoft

Skodespelarane gjer for det meste ein god jobb, men eg trur ikkje heilt på dei. Ingen av dei osar av den same råskapen som hang over alle og ein i dei tidlegare Gears of War-spela. Dette blir mykje tydelegare når ein og anna gammal Gears of War-figur dukkar opp, og ting umiddelbart løftar seg til eit heilt anna nivå. Historia er likevel bra nok til at du bryr deg og lurer på kva som eigentleg skjer i denne verda som strengt tatt skulle ha fått orden på problema sine for mange år sida. Mange spørsmål blir stilt, få finn svar, men den raude løparen ligg pent til rette for det neste spelet i serien.

Den visuelle presentasjonen er det på si side ingenting å utsetje på. The Coalition har produsert eit uhyre lekkert spel. Dei ulike områda er uhyre detaljerte, men det beste med den visuelle stilen i Gears of War 4 er korleis vi startar i ei verd som endeleg har funne fred, berre for å ta det eine steget etter det andre inn i helvete. Det har blitt sagt at eit av måla til utviklarane var å gå tilbake til horror-elementa frå det første Gears of War-spelet, noko dei absolutt har fått til. Der dei førre Gears of War-spela blei stadig meir fargerike, blir Gears of War 4 berre mørkare og mørkare desto lengre du spelar, og det tener spelet stort på.

Har eg eitt ankepunkt ved presentasjonen er det at musikken er fullstendig identitetslaus. Den er erketypisk moderne Hollywood-musikk som fungerer der og då. Om den hadde vore sløyfa fullstendig er det likevel ikkje sikkert nokon eigentleg hadde merka det. Dei bombastiske tonane frå tidlegare spel er sakna.

Det er på nettet det skjer

Av og til er ikkje små kuler nok.
Av og til er ikkje små kuler nok. Bilde: Microsoft

Svært mange har venta på Gears of War 4 først og fremst for å ta del i dei blodige leikane på nettet. Om ein ting er sikkert, er det at dette er eit felt der Gears of War 4 innfrir alle forventningar. Ein ekstra bonus er at eit digitalt kjøp av Gears of War 4 gjev deg spelet til både Windows 10 og Xbox One. I praksis betyr dette at du med ein kopi av spelet kan spele på både PC og Xbox One-samtidig. Om du vil kan to personar spele med delt skjerm på Xbox One, saman med ein tredje spelar som sit på PC. Du kan spele via delt skjerm på PC òg, men ikkje over nett.

Fleirspelarbiten av Gears of War 4 byr på ei rekke ulike modusar som er delt inn i to kategoriar; Horde og Versus. Felles for begge modusane er at du kan ta i bruk ulike kort du kan kjøpe for eigne pengar, eller med spelets eigen ressurs. Desse korta kan gi deg ulike bonusar på tvers av modusane. Til dømes kan du stige i gradene raskare ved å bryne deg på ulike utfordringar som å skyte ei gitt mengde fiendar, eller gje deg tilgang på nye karakterar eller kosmetiske endringar.

Horde-modusen er ei vidareføring av masseslakta som blei innført i Gears of War 2, og let fem spelarar spele saman mot bølgjer av fiendar. I versjon 3 av denne modusen får vi ei rekke nyvinningar. Den kanskje viktigaste av dei er at dei fem spelarane får velje mellom fem ulike karakterklassar. Desse er alt frå ingeniørar som kan reparere forsvarsverk, til soldatar med ulike styrker. Karakterklassane kan stige i erfaringsnivå etter kvart som du brukar dei, og du kan gjere denne prosessen raskare ved å bruke kort.

I Horde-modusen kan du i tillegg ta i bruk kort som gjev deg bonusar medan du spelar. Døme på dette er kort som fører til at våpenlading går raskare, eller at våpna dine gjer meir skade. I tillegg vil du gradvis stige i erfaringsnivå for kvar klasse etter kvart som du brukar dei, noko som let deg bruke fleire kort samtidig. Korta er ein enkel, men effektiv mekanikk som let deg skreddarsy spelestilen din litt, og vi finn ulike kort tilpassa dei fem ulike karakterklassane Horde-modusen no byr på.

Heilt på toppen av det heile finn vi 3D-printaren Fabricator som let deg byggje nye forsvarsverk eller våpen etter kvart som du sankar inn poeng frå falne fiendar. Alt lagt i hop, endar vi opp med ein intens modus som byr på utfordringar for alle ferdigheitsnivå, og for meg blei det raskt ein personleg favoritt.

Pumphagle i fleisen

Om målet var å skape noko ekkelt, trur eg jobben var vellukka.
Om målet var å skape noko ekkelt, trur eg jobben var vellukka. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Om samarbeid mot kunstig intelligens ikkje er barskt nok for deg, byr Versus-modusen på ei rekke ulike leikar med livet. Naturlegvis finn vi ulike variantar av tradisjonelle modusar som Team Deathmatch og King of the Hill, men The Coalition har bakt inn nokre kreative nye utfordringar òg. Ta til dømes Dodgeball, ein modus som har svært lite med ballar å gjere, men som lar deg hente tilbake ein fallen lagkamerat ved å likvidere ein fiende. Alternativt kan du prøve deg på Arms Race der alle på laget har det same våpenet, men der våpna kvart lag har i bruk er i konstant endring. Du blir strengt tatt tvinga til å lære alle våpna å kjenne, og dette er såleis eit veldig kult tillegg.

Guardian er ein meir ordinær modus, men der må du sørgje for å passe på lagkapteinen. Så lenge han eller ho er i live kan du kome tilbake om nokon tok eit nakkeskot på deg, men om kapteinen er død, kjem ingen tilbake. Her er det til stor hjelp å ha ein kaptein som innser at eit Rambo-tokt ikkje alltid er den beste ideen.

Jamt over har The Coalition gjort ein utmerka jobb med fleirspelarmodusen, og det er så mykje å bite tenna i her, at alt er på plass for å gje spelet eit langt liv. Dei ulike karta du kan spele på er av høg kvalitet og er forskjellige nok til at dei i seg sjølv skapar nye utfordringar. Nye kart skal dessutan bli lagt til kvar månad over det neste året.

Viktigast av alt er likevel at fleirspelarmodusen ser ut til å vere svært stabil. I løpet av iherdig speling over mange timar har eg berre ein og anna gong merka ustabilitet, men det kan godt mogleg ha vore grunna mitt eige nett. Det er raskt å finne kampar, og når du først har funne deg ei gruppe å spele med, kan de halde det gåande i timevis utan irriterande avbrekk.

Konklusjon

Kraftige stormar gjer livet surt, spesielt for fienden.
Kraftige stormar gjer livet surt, spesielt for fienden. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Sjølv om det kanskje var på tide å la Marcus, Dom og resten av gjengen frå Gears of War få seg ei pause, merkar ein fråværet deira tydeleg. Dette er absolutt Gears of War, men det er ikkje heilt det same utan karakterar som løfta spela sine opp til å bli noko meir enn berre dekningsbaserte skytespel. Det nye trekløveret som styrer historia i Gears of War kan – med litt arbeid – kanskje vakse seg til å bli spelkulturelle ikon, men ingen av dei er i nærleiken av å setje dei same spora som heltane i Gears of War gjorde.

Marcus Fenix er og blir han sinte, grove fyren med panneband. Sonen hans er ein ny blond kjekkas. Det seier eigentleg det meste.

Reint teknisk er Gears of War 4 ein maktdemonstrasjon. Utviklarane har nagla skytemekanikkane, og sjølv om kampanjen i starten slit med uinspirert nivådesign, byggjer det seg opp, og blir betre og betre for kvar time du spelar. Avslutninga tek det heile til fabelaktige høgder, og får meg til å glede meg stort til neste kapittel i denne sagaen. Sjølv om dei haltar litt i starten, har The Coalition gjort ein flott jobb med Gears of War 4, og det er liten tvil om at serien er i trygge hender.

Det er derimot i fleirspelarmodusen at Gears of War 4 verkeleg viser musklar. Det er så mange gode idear stappa inn i dette spelet at dei fleste bør finne noko å kose seg med. Dei som helst vil spele på lag med andre kan drukne mange timar i Horde-modusen, medan Versus-modusen byr på så mange ulike og kreative måtar å spele på at spelarar av alle kaliber bør kunne finne noko som passar for dei. Det er lenge sidan eg har hatt det så moro på nett, og fleirspelarmodusen i Gears of War 4 er eine og aleine verdt inngangsbilletten.

Vurdering


XOne | Windows
Klassisk
"Gears of War 4 er ein maktdemonstrasjon."

Gears of War 4 Windows

Gears of War 4 XOne

Gears of War 4 Windows Windows 9/10 XOne 9/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 11. oktober 2016
  • Plattform: Windows
  • Utvikler: The Coalition

Prisinformasjon kommer snart

Gears of War 4 XOne XOne 9/10 Windows 9/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 11. oktober 2016
  • Plattform: Xbox One

Beste priser

På lager 337,- Til butikk
På lager 338,- Til butikk
Forventet lagerdato 399,- Til butikk
På lager 497,- Til butikk

Kommentarer (30)

Forsiden akkurat nå

Til toppen