Ghost Trick: Phantom Detective
Anmeldelse

Ghost Trick: Phantom Detective

Eit oppsiktsvekkande engasjerande stykke kriminalhistorie.

Du er død. Livet er over, og der dette for dei fleste sannsynlegvis betyr eit nytt tilvære i ei kiste under jorda, er saka ei heilt anna for Sissel. Vår mann i døden (Sissel er ikkje nødvendigvis eit feminint namn om vi strekkjer oss utanfor våre eigne landegrenser) blir skoten, og endar raskt opp i dialog med ei snakkande lampe. Den hjelpsame lampa kan informere både han og oss om ei rekkje nye og svært spanande eigenskapar nokre få utvalde får når dei dør. Eigenskapar som kjem godt med når ein skal prøve å finne ut kvifor han blei drepen, kven som drap han, og mange andre mysterium.

For å finne ut av alt dette kan Sissel no reise rundt mellom forskjellige objekt i nærmiljøet for å gjere det eit spøkjelse gjer best, men han kan òg gå tilbake til fire minutt før eit dødsfall for å prøve å endre på situasjonen. Slikt blir det faktisk svært intelligent og gjennomtenkt underhaldning av. Godt krydra med sær og treffande humor.

Små barn kan å løyse verdsproblema på eksemplarisk vis
Små barn kan å løyse verdsproblema på eksemplarisk vis

Lekkert og stilreint

Ghost Trick: Phantom Detective er veldig behageleg for auga. Det brukar svært enkel todimensjonal grafikk der du ser alt frå sida, men skjermen er likevel proppa full av detaljar og små element som hjelper deg vidare på ferda. Det som verkeleg sperrar auga opp er derimot den nydelege animasjonen som får kvar karakter til å framstå som noko heilt spesielt. Vi har den superkule etterforskaren som dansar og hoppar bortover og tek eit par Michael Jackson-mooves før han praktisk talt jublar ut sine kommentarar.

Vidare møter vi eit eksepsjonelt kreativt register med forskjellige personar. Vi møter ein panikkslagen politibetjent som bryt ut i spontan dans når han er stressa, og nokre sære blå folk som først og fremst tek livet av andre, men som òg pønskar ut stygge planar, planar det etter kvart blir din jobb å kome til rota av.

Det heile er mildt sagt svært innbydande, og over eit musikalsk bakteppe inspirert av alt frå Noir til detektivfilmar frå 70-talet får vi i tekstform presentert dialogar og vinklingar gjennom eit språk like kreativt som animasjonen. Kort og godt er førsteinntrykket fenomenalt. Spelet dyttar på deg den eine absurde situasjonen etter den andre, og det er kjærleik ved første blikk.

Smart og utfordrande

Du får verkeleg kjensla av å tre inn i eit anna univers når du spelar Ghost Trick, og dette er ikkje bere takka vere den glimrande presentasjonen. Det som verkeleg stel showet er ei lang rekke med utfordrande og engasjerande oppgåver. Eit gjennomgangstema er at folk på ein eller annan måte døyr, både gjennom tilfeldigheiter og planlagde attentat. Når dette først skjer kan du som sagt spole tida tilbake til fire minutt før dødsfallet, og du må bruke tida for alt den er verd.

Shamon!
Shamon!

For å kome godt i gong får du først sjå ein reprise av alt som skjedde i minutta før døden stirar ein stakkar i auga. Denne reprisen er eit viktig verkty for å finne små hint og tips om korleis ein skal løyse problemet du står ovan for. Spelet er likevel ikkje så stramt at du berre har fire faktiske minutt på deg. Sjølv om tida rullar og går i den verkelege verda kan Sissel hoppe inn i spøkjelsesverda når som helst. Her står tida stille og du kan flytte deg mellom forskjellige objekt i nærleiken ved å dra den lysande sjela hans over skjermen med DS-pennen.

Du har derimot ikkje heilt fritt spelerom. Sissel kan ikkje flytte seg langt, og ofte står du ovanfor eit problem der du ikkje heilt veit korleis du skal kome deg frå det eine punktet til det andre. I slike situasjonar blir det ofte viktig å både ta ein kikk på kva som skjer i den verkelege verda samt i spøkjelsesverda. Om du let tida gå kan det hende nokon brått går forbi, og ber på ein gjenstand du kan hoppe inn i, tenkjer du ikkje raskt nok kan sjansen din vere ute, men dette er eigentleg ikkje noko stort problem. Strukturen i spelet er svært venleg mot spelaren, og om du ikkje skulle få alt til på første forsøk kan du starte om igjen så mange gongar du vil, anten frå starten eller frå eit nådd sjekkpunkt.

Vegen vidare kan vere både opplagt og kamuflert, noko eg sjølv fann ut då eg etter lang tids grubling fann ut at eg måtte kaste meg inn i ein dråpe vatn før han traff bakken. Dette er noko som er gjeldande for heile spelet. Svaret du leitar etter er ikkje alltid opplagt, men om du følgjer godt med er det alltid logisk.

Eit svært essensielt element i spelet kjem av namnet. Sissel kan utføre forskjellige triks med fleire av gjenstandane han hoppar inn i, og dette er alfa omega for å få ting til å skje. Dette kan vere alt frå å slå på ei kran, få eit papir til å dette av veggen, eller du kan opne ein fallem under ein stakkar som umiddelbart møter hard betong. Spelet fortel deg kva ein gjenstand kan gjere, eller om ingenting kan gjerast med den, noko som er til stor hjelp sidan spelet raskt kunne blitt veldig komplisert og prega av prøving og feiling om ein måtte prøve ut kvar bidige gjenstand før ein kom seg skikkeleg i gong.

Nei det skulle no berre mangle!
Nei det skulle no berre mangle!

Konstant driv

Uavhengig av kvar du er og kva situasjon du står ovanfor kan du alltid vere heilt trygg på ein ting; du har alltid eit tydeleg mål. Du spring aldri rundt på måfå på jakt etter ein idé, og får konstant servert informasjon som dyttar deg i riktig retning. Dette er ikkje nødvendigvis hjelp til å løyse eit problem, sjølv om det òg skjer, men først og fremst klargjeringar av kva som må gjerast, og kvar. Denne driven kombinert med at få område er veldig store sørgjer for at du aldri står fast lenge. Det skjer sjølvsagt, men du finn alltid løysinga innanfor eit rimeleg tidsrom. Det finnest ingen utfordringar så vanskelege og absurde at du må på nett for å finne svar. Spelet bryr seg ikkje om slikt. I staden får du solide utfordringar som held deg gåande i ti til 15 minutt før du blir sendt vidare til neste situasjon og neste utfordring.

Når du reiser frå ein stad til ein annan skjer dette på rekordtid. Alt du treng gjere er å hoppe inn i ein telefon før du enkelt og greitt vel destinasjon frå ei liste over telefonnummer du har vore i kontakt med tidlegare. Du kan ikkje ringe og ta telefonen sjølv, men må gripe sjansen når du høyrer den gje frå seg ein lyd, noko som òg kan by på ei utfordring sidan vegen mellom deg og telefonen kan vere ei solid hinderløype. Heldigvis har utviklarane sørgja for at folk utan relevans for historia ikkje ringer medan spelet går sin gang.

Framdrifta dei forskjellige mekanikkane i spelet byr på gjer det veldig vanskeleg å leggje frå seg spelet. Sjølv om det er lagt opp på ein tidseffektiv måte der du lett kan prestere mykje i løpet av kort tid, er det minst like lett å berre spele litt til. Spelestilen er uhyre engasjerande, og saman med ei historie som er oppriktig interessant å få med seg, blir du sitjande. Ein skulle kanskje tru at ein i løpet av nokre timar går seg lei av den oppskrifta spelet byr på, men dette er langt frå tilfelle, og spelet maktar på makelaust vis å kome med den eine utfordringa betre enn den andre.

Det er ikkje lett å vere politimann
Det er ikkje lett å vere politimann

Konklusjon

Ghost Trick: Phantom Detective er eit veldig engasjerande detektivspel som passar perfekt til sitt format. Det er kreativt og smart skrudd saman, og er lett å leggje mykje tid i samtidig som det aldri krev så mykje tid om gongen at du ikkje lett kan legge det frå deg om du må. Spelet byr på ein sær kombinasjon av japansk fantasi og klassiske eventyrspel, som framstår som noko veldig nytt og friskt.

Gjennom herleg animasjon og flotte dialogar skapar Ghost Trick eit stort engasjement som heile tida driv deg vidare for å finne ut av kva som eigentleg har skjedd. Det er både moro og spanande på ei og same tid, og spelet oppnår ein glimrande balanse mellom både stressande og lattermilde situasjonar.

Det som verkeleg stel showet er derimot dei mange nøtene du må løyse på din veg for å løyse kriminalgåta. Du møter alle tenkjelege problem, men ingen av dei er for absurde og abstrakte til at du ikkje kan finne ut av dei ved å bruke hovudet. Det er ein solid logikk forankra i alt du gjer, heilt uavhengig av kor rare situasjonane du står ovanfor skulle vere.

Ghost Trick: Phantom Detective er eit must for alle som likar gode tankenøter, ei spanande historie, og eit herleg persongalleri.

DS 9 /10 Klassisk

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

Ghost Trick: Phantom Detective

Ghost Trick: Phantom Detective DS DS 9/10 iPad 9/10 iPhone 9/10

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: Ikke fastsatt
  • Plattform: DS
  • PEGI: 12+
  • Sjanger: Eventyr
  • Utgiver: Nintendo
  • Utvikler: Capcom

Beste priser

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Alle brukere Dette gjør brukerne nå

Til toppen