Anmeldelse

Halo: Combat Evolved Anniversary

Spelet som praktisk talt definerte skyting på konsoll er tilbake.

Å ignorere Halo: Combat Evolved sin relevans for konsollspel er som å ignorere ein vital del av vår felles historie. Ingen påstår at du er nøydd til å elske spelet, ei heller like det, men å nekte for kor mykje spelet har hatt å seie for førstepersons-skytespel på konsoll blir galskap.

Vi har hatt skytespel på konsoll før Halo i fleire format, men ingen av dei klikka med publikum på same måte som Halo. Det var alltid noko feil, og det var ingen som på nokon måte kunne tenkje seg at eit skytespel på konsoll kunne vere betre enn eit skytespel på PC. Mus og tastatur er framleis langt framfor kva ein kan få til med ein kontrollar, men kor raskt du kan snu deg er ikkje alt. Dei siste åra har vi sett eit dramatisk skifte, og mange føretrekk no å spele på konsoll. Ein kollega sa det for fleire år sidan ganske treffande då vi diskuterte skytepel generelt:

– Å spele på PC er som å styre eit punkt som flyt i lufta. På konsoll kjenner du tyngda i kvart våpen.

Mykje har skjedd på ti år.

Heilomvending

Orda hans beit seg fast hos meg, for det er eigentleg slik eg har sett på det òg. Eg er ein av dei som raskt fann ut at eg likte skytespel betre på konsoll. Det var kanskje tregare, og det var kanskje litt vanskelegare å treffe mellom auga på fienden, men det kjentest betre ut.

Eg var nok ikkje aleine om den tanken, for Halo blei raskt eit verdsomspennande fenomen. På kort tid blei det ikkje berre det største skytespelet på konsoll, det blei eitt av dei største skytespela, punktum. Spelets innflytelse er no synleg overalt. Kort tid etter at Halo blei ein suksess byrja andre spel å adoptere det som no er standard i dei fleste skytespel; regenererande helse, at du berre kan ha med deg nokre få våpen om gangen, og ikkje minst sette spelet ein ny standard for sofasamarbeid. Halo var kanskje ikkje det første spelet som gjorde alle desse tinga, men det var det første som verkeleg fekk det til.

No har det altså utruleg nok gått ti år, og Microsoft ser på det som god skikk og bruk å pusse opp den gamle klassikaren litt. Dette stiller meg ovanfor eit ørlite dilemma. Skal eg sjå på spelet i seg sjølv og vurdere kor godt det held seg opp mot andre spel som er populære i dag, eller skal eg sjå på kva som er gjort for å gjere denne Anniversary-utgåva verd å kjøpe om du allereie har spelet frå før?

Eg vel å gå ein stad midt i mellom. Vi må sjølvsagt sjå på korleis spelet held seg, men vi skal bruke mest tid på å gå restaureringa nærare i saumane.

Litt posering før alt går til helvete.

Gammal vare, ny drakt

Halo: Combat Evolved Anniversary er eit ganske anna visuelt beist enn kva Halo var i 2001. No blir spelet presentert gjennom Bungie sin Halo: Reach-motor, og det er lett å sjå at mykje har skjedd dei siste ti åra. Samtidig skal ein ikkje gløyme at Halo faktisk var eit veldig imponerande spel då det dukka opp første gong. Forskjellen på no og då blir ekstra stor når ein får sjå forskjellen rett framfor seg. Eit lett knappetrykk let deg skifte mellom ny og gammal grafikk, og det er ein svært god referanse å bruke for å sjå kva Anniversary-utviklarane hos Saber Interactive gar gjort.

Har du Halo friskt i minne vil du derimot merke spesielt ein ting ganske raskt: Fargane. Svært mykje har skjedd med fargane i Halo-serien, og om dette er eit forsøk på å gå dei seinare spela sine grafiske oppgraderingar i saumane, eller eit teikn på kvar Microsoft sjølve vil ta den visuelle stilen no som Bungie er ute av biletet vitast ikkje, men Halo: Combat Evolved er i 2011 eit svært fargerikt spel.

Faktisk vil eg kalle det hyperfargerikt, og ikkje på ein måte alle vil like. Vi kjenner alle til den kraftige posisjonen magenta har i Covenant sitt fargespekter, men det er ikkje berre denne fargen som blir køyrt hardt i Anniversary. Alt har blitt meir fargerikt, og utviklarane har gått så hardt til verks at område som tidlegare blei oppfatta som tørre område av sand og stein, no har blitt lett tempererte soner med lauvskog og tett grasvekst på bakken.

Det spelar kanskje ikkje den aller største rolla, men det nye fargespekteret merkast svært godt. Spesielt nivå som Truth and Reconcilliation, The Silent Cartographer og sumpområda i 343 Guilty Spark er tidvis vanskelege å kjenne igjen takka vere sin meir fargerike natur. Puristane kan nok få seg ei par sjokk, og ikkje heilt utan grunn. Sjølv om alt ser svært mykje betre ut har den fargerike presentasjonen ein litt negativ konsekvens. Spelet er veldig mykje lysare no. Å bruke nattsyn på Truth and Reconcilliation er meiningslaust sidan du ikkje treng det. Og synsvidda på mørke område er så god at den dunkle og klaustrofobiske stemninga frå originalversjonen i stor grad forsvinn.

Ein gammal slager som framleis held koken.

Ny giv

Det er derimot mykje positivt med den nye presentasjonen. Sjølv om Halo: Combat Evolved er eit spel som lener seg farleg mykje på gjenbruk av både korridorar og store område, er dette noko som er lettare å leve med no enn før. Det heile ser så mykje betre ut at det er lettare å kome seg gjennom The Library utan å gå seg vill bak identiske klossar, og mange stadar er det lett å få kjensla av at progresjonen er betre, sjølv om kodinga i spelet er nøyaktig den same som i orginalen. Vi finn derimot ikkje ei einaste endring på sjølve spelet, og du vil ikkje finne ei einaste oppgradering eller justering på noko som helst.

Ikkje at det er nødvendig. Halo: Combat Evolved er framleis eit knakande godt spel. Det er ganske imponerande kor underhaldande eit spel som består av så mange like korridorar presterer å vere. Våpenkjensla i spelet er ein draum få har greidd å gjenskape, og dei overdrive gode våpna skapar ei kjensle av makt det er vanskeleg å få fram med ord.

Spelet er ein meister å få deg til å tru du er ein machohelt av dei store. Det oppmuntrar deg utan eit ord til å gjere akkurat det som er rett for situasjonen. Ein stad spring du nådelaust inn i eit område medan peprar kuler mot fiendane og slår dei med kolben, før du i eit anna listar deg forsiktig framover med kikartsikte og godt tolmod. Det heile blir avslutta av ei intens jakt der du med pumphagle skyt den eine fienden etter den andre med eitt skot. Spelet har konstant driv, og kan stå skulder mot skulder med dei fremste av dagens største skytespel.

Sjølv om Halo: Combat Evolved var tidleg ute med storslegne filmar som fortalte ein rom-opera av dei store, er det framleis eit spel som demonstrerer at ein ikkje må ha stadig større eksplosjonar og katastrofar for å skape godt gameplay.

Kanonføde kallar vi slikt.

No og då klarar likevel ikkje spelet å halde seg heilt i vater, og i periodar tærer det litt vel hardt på tolmodet der du spring lange avstandar over enten ei slette eller gjennom identiske korridorar som like godt sender deg tilbake til start som framover. Redninga her bli Marty O'Donnel sin fantastiske musikk som har blitt spelt inn på ny til stor suksess.

Klar for skattejakt?

Ingen med respekt for seg sjølv kan lage ein nyversjon av ein gammal klassikar utan å dytte inn litt ekstramateriell. I Halo: Combat Evolved Anniversary kjem dette primært i form av tro ting. Den mest tilgjengelege av desse er forskjellige terminalar plassert rundt omkring på kvart nivå. Desse terminalane viser nye animerte sekvensar som fyller ut historia i spelet, og samtidig gjev nokre hint om kva vi kan vente oss i framtida. Jamt over er det god kvalitet på desse, og dei er absolutt verdt å få med seg om du kan finne dei.

Ei større utfordring vil du få gjennom å finne hovudskallane som ligg rundt omkring. Som i nyare Halo-spel er hovudskallane eit element som let deg slå på diverse effekter eller reglar. Til dømes kjem spelet med nedlastingskode til ein skalle som vil få alle grunts til å sprenge når dei døyr. Ein annan skalle slår av automatisk fokus, noko som endrar opplevinga av spelet ganske drastisk.

Meir omfattande ekstramateriell kjem i form av eit bibliotek du får tilgang til berre om du har Kinect. Har kan du skanne diverse objekt i spelet for så å studere dei ved hjelp av Kinect. Det er artig ei lita stund, men jamt over mista eg interessa for dette ganske fort, så om du ikkje har Kinect er det ikkje noko stort tap.

Combat Evolved møter Reach.

Sist, men ikkje minst har vi sju fleirspelarbrett frå det originale Halo som no er oppussa for ein nyare generasjon. Strengt tatt er denne biten ekstremt skuffande sidan du er nøydt til å spele desse bretta gjennom fleirspelarmodusen i Halo: Reach (som kjem med Halo: Combat Evolved Anniversary). Dette betyr at du ikkje får bruke våpna frå kampanjen, men i staden må spele med våpna og eigenskapane frå Reach. Ikkje at dette i seg sjølv er problematisk sidan denne fleirspelarmodusen på alle måtar er tvers igjennom solid, men Halo: Combat Evolved kunne aldri spelast over Xbox Live, og alle som hadde håpa at dei endeleg skulle få sjansen må no gå skuffa heim.

Bretta er derimot like solide som før og kan definitivt konkurrere hardt med alt som har kome i nyare Halo-spel. Så snart ein kjem over kor skuffa ein er over å ikkje få bruke den originale magnumen og pumphagla i fleirspelarmodusen, kan ein gå over til å kose seg med dei herlege bretta.

Konklusjon

Det herskar ingen tvil om at Halo: Combat Evolved er eit uhyre solid skytespel. Det merkast umiddelbart når ein plukkar opp kontrollaren, og det er ei kjensle som berre blir forsterka når ein spelar saman med nokon. Det har tålt tida enormt bra, og om ein stiller det opp side om side med nyare skytespel er det temmeleg hard konkurranse sjølv om spelets tidvis ekstremt repeterande nivådesign kan bli vel mykje av det gode.

I denne oppussa utgåva av spelet får vi nøyaktig det same spelet som før, berre flottare og med betre lyd. Grafikken har fått seg ei massiv oppgradering, og sjølv om det ikkje er heilt på nivå med Halo: Reach, er det likevel i toppsjiktet blant moderne skytespel.

Om du enno har til gode å spele ein klassikar som mange meiner revolusjonerte skytespela, har du ingen grunn til å nøle. Halo: Combat Evolved Anniversary er eit viktig stykke spelhistorie.

Halo: Combat Evolved Anniversary er i sal kun for Xbox 360.

Siste fra forsiden