Hitman: Absolution
Anmeldelse

Hitman: Absolution

Elsk det eller hat det, Agent 47 har gått gjennom store endringar.

Agent 47 er tilbake. Den svartkledde herren med det raude slipset er klar for nye oppdrag. Produksjonsverdiane har gått i taket, og vi blir møtt av eit veldig lekkert spel med ein unik visuell stil. Kameraeffekter tydeleg inspirerte av Kane & Lynch-serien møter i nedtona drakt sterke fargar og stummane mørke i herleg samspel. Det er ikkje mangel på ting å sjå på, og saman med den dramatiske musikken er stemninga upåklageleg.

Historia er meir dominant denne gongen, sjølv om den først og fremst fungerer som trådar som binder dei ulike oppdraga saman. Vi møter ikkje stor forteljarteknikk, og persongalleriet er ikkje stort meir enn ei lang liste med klisjear, men den er likevel underhaldande. Fleire solide skodespelarar gjer ein formidabel jobb i å vekkje dei noko karikerte personane til live. Spesielt Keith Carradine briljerer i rolla som ein rik, ekkel og hensynslaus jævel.

Første dag på jobben.
Første dag på jobben.

Nei betyr nei

Noko luktar likevel brent i Hitman: Absolution, og det har alt med den kunstige intelligensen å gjere. Den er umogleg å akseptere. For eit spel som prøvar veldig hardt å la deg forsvinne i mengda og skape eit nokolunde truverdig bilete av korleis det er å infiltrere alt mellom himmel og jord, er det mykje som skurrar. Eg har stått trygg og roleg medan eg høyrer kulene suse i etasjen under meg. Eg er ikkje heilt sikker på kva dei eigentleg skaut på, men det er nok personen i etasjen over.

Eller kva med når eg skal prøve å snike meg forbi folk i tjukk tåke? Eg ser ikkje meir enn ein meter framfor meg, og skjønar kjapt at eg treng briller, for dei få fiendane rundt meg har null problem med å sjå meg. Sjølv kledd ut som ein soldat ser dei gjennom tåka at noko er feil. Ved å bruke list og litt smart tenking kan eg sjølvsagt kome meg forbi dei, men det er denne logikken. Når eg ikkje ser noko, forventar eg nesten det same frå folk rundt meg. Spesielt når eg tydeleg kan høyre dei klage over at dei knapt ser nasetippen sin.

Forkledningssystemet har fundamentale brestar. Ta på deg ei drakt og alle i same drakt merkar deg raskt, medan alle andre aksepterer deg utan eit blunk. Denne biten er grei, men om du ruslar rundt i heildekkande gul plastkjeledress med hette og vernebriller, vil likevel gule piler dukke opp på skjermen for å fortelje deg at nokon er i ferd med å oppdage deg. Det er på tide å snu og gå den andre vegen, eller bruke den nye instinktfunksjonen for å gli inn. Noko så enkelt som ein kokk kan spolere moroa sidan han ser deg midt i folkemengda og ropar ut «han er i forkledning!». Resultatet er naturlegvis kaos, og den kunstige intelligensen feilar igjen. Politifolk gløymer at dei står midt i eit folkehav når dei ser deg. Dei fyrer laus. Mellom folk og gjennom folk. Sjølvsagt tek ingen sivile skade av dette, det er berre du som er farleg.

Som du kanskje har skjønt er det best å ikkje ta ein einaste sjanse i Hitman: Absolution. Om du vil kan du fyre laus på alle som kan by på problem, men det er på eige ansvar. Å gå inn i ei offensiv rolle i eit forsøk på å spele dette som eit ordinært actionspel fungerer uhyre sjeldan. Sjølv med eit massivt automatvåpen i inventaret er dei lyddempa pistolane eller stive hender rundt ein nakke alltid dine beste vener. Er du ekstra flink på det kan du prøve å kome deg gjennom utan å drepe eller svimeslå nokon som helst. Alle angrep byr på konsekvensar, om det så er risikoen for å røpe ditt nærvær, eller eit fint lite minus på poengtavla.

Sjølvsagt møter vi paranoide hippiar med sitt eige gartneri.
Sjølvsagt møter vi paranoide hippiar med sitt eige gartneri.

Der spelet kollapsar under si eiga vekt om du prøvar å gli inn der du ikkje høyrer heime, briljerer det når du opererer i det skjulte. Få det til å sjå ut som ei ulykke, og du er godt på veg. Røsk tak i nokre straumkablar og vent til nokon slår lens før du slår på straumen. Skru på gasskomfyren og set i gong ein liten eksplosjon. Eller kva med å søle bensin ved ein bensinstasjon slik at ikkje berre målet ditt, men det meste anna går opp i røyk og eld? Ei solid «ulykke» kallar vi slikt. Er du heldig finn du kanskje ei lyddempa snikskyttarrifle og eit lite loft.

Eit godt kostyme har òg sine definitive stunder, trass døma ovanfor. Å vandre rundt i bamsedress i fullt dagslys medan du metodisk skyt ned alle som kjem nær er veldig feil og veldig riktig på ei og same tid. Alternativ kan du kle deg ut som fugleskremsel i ein maisåker og diskret likvidere alt. Den fredelege kan på si side luske stille forbi utan at nokon anar kva som er på ferde.

Poenget med det heile er at du har val. Av og til svært mange, andre gongar svært få. Om du skulle vere i tvil kan du berre gå inn på menyen for å sjå hint om kva ulike ting som kan gje deg ein bonus på poengtavla. Lista kan vere lang, og den er høgst inspirerande. Kreative framgangsmåtar blir løna i form av høgre poengsum og den ubeskrivelege kjensla av å lure alle fiendane trill rundt sidan absolutt ingen skjønar kva som skjer. Gjer du ein solid jobb låser du opp eigenskapar som gjer deg betre. Du toler meir, du svimeslår folk raskare, eller kanskje du ladar om våpna i eit litt høgre tempo.

Grei skuring

Mekanikkane i Hitman: Absolution er enkle, men dei endrar seg avhengig av vanskegrad. Til dømes får vi på lettare vanskegrader bruke sjekkpunkt for å lagre framgangen. Ikkje at spelet nødvendigvis blir lettare berre av den grunn. Først må du finne sjekkpunktet, og så må du bestemme deg for om akkurat no er eit godt tidspunkt å aktivere det på. Skru opp vanskegrada nokre hakk, og sjekkpunkta forsvinn fullstendig.

Vil du liste deg forbi eller skyte dei i kaldt blod?
Vil du liste deg forbi eller skyte dei i kaldt blod?

Den viktigaste nyvinninga er derimot at du kan bruke instinkt for å studere områda. Hald inne ein knapp og du får sjå objekt, folk, og kanskje kvar dei er på veg. Dette gjev deg ein god sjanse til å planleggje ruta di før du går til aksjon. Samtidig endrar instinktet seg avhengig av vanskegrad. På dei lettare vanskegradene kan du få tips til korleis du skal gå fram, noko som forsvinn heilt når spelet blir vanskelegare, samtidig som instinkt blir vanskelegare å opparbeide. I tillegg kan du slå av og på alt slik det passar deg. Vil du ikkje ha noko hjelp, er det ditt eige val.

Instinkt kan brukast til fleire ting, og ikkje berre til å studere kva du har å bryne deg på. Som nemnt kan du bruke det for å liste deg forbi folk i same klede som deg, noko som fungerer glimrande så lenge du ikkje er i område med for mange folk, og du faktisk har instinkt på lager. Å bruke instinkt på denne måten får instinktmeteret til å renne ut, og du blir difor nøydd til å tenkje godt over kva du skal gjere før du gjer det. For å byggje opp igjen instinktet må du lukkast med ulike handlingar, om det så er å dumpe nokon i ein container, eller lure folk til å forlate eit område.

Ein ny funksjon som nyttar instinkt er punktskyting. Ein måte å bruke våpna på som på elegant vis demonstrerer kor effektiv Agent 47 kan vere. Skulle du kome inn i eit område med ei gruppe fiendar kan du starte punktskytinga der du merkar alle som skal likviderast. Ein improvisert og høgst dramatisk filmsekvens (du kan hoppe over) viser då korleis du elegant får folk til å deise mot bakken i sakte kino.

Kva du enn gjer må du alltid ha i tankane korleis du etterlet deg spor. Du kan skyte folk om du vil, og du kan gøyme lika i ei kasse eller eit skap, men det hjelper ikkje nødvendigvis mykje når blodflekken på golvet likevel er lett synleg. Å ta nokon med berre nevane eller ein streng er tryggare med tanke på kva som skjer med kroppane, men risikoen for å bli sett er større.

Hitman Absolution

Hitman Absolution Windows Windows X360 PS3

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 20. november 2012
  • Plattform: PC
  • PEGI: 18+
  • Sjanger: Action
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: IO Interactive

Hitman Absolution X360 X360 PS3 Windows

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 20. november 2012
  • Plattform: Xbox 360
  • PEGI: 18+
  • Sjanger: Action
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: IO Interactive

Beste priser På lager Få varsel når prisen faller

Kommentarer (63)

Forsiden akkurat nå

Til toppen