Anmeldelse

Levande asfalt

Er du klar for litt spinnvill racing på bøljan blå?

Hydro Thunder var i si tid ein lanseringstittel på Dreamcast, samt eit rimeleg populært arcade-spel med ristande stol og full pakke. Det var av den type spel som ikkje akkurat satsa stort på realisme, men i staden retta blikket mot korleis ein kunne gjere racing på vatn moro, koste kva det koste ville.

Hydro Thunder Hurricane trassar det meste av naturlover for å kunne levere noko som aldri prøvar å vere noko anna enn rein underhaldning. Det er eit racingspel på vatn, men å samanlikne det med andre våte spel blir ikkje heilt riktig. Dette er ikkje Wave Race, og det er heller ikkje Blood Wake (sjølv ein av bakmenna var med på denne tittelen òg). Hydro Thunder Hurricane slektar mykje meir på Wipeout, og sjølv om Hydro Thunder-serien på ingen måte er ny er det vel kanskje på tide at Xbox-eigarane òg kan ta del i den Wipeout-aktige moroa.

Ikkje akkurat cruise i ein vestlandsfjord.
Ikkje akkurat cruise i ein vestlandsfjord.

Retro-action

Det blir med ein gong tydeleg at utviklarane av Hydro Thunder Hurricane ikkje har gløymt røtene til spelet. Det heile opnar med ei stemme som ropar tittelnamnet som om det var ei krigserklæring, og herfrå tek det berre sekundar før du er i gong.

Hydro Thunder Hurricane er eit raskt og umiddelbart tilfredsstillande spel som aldri sluttar å utfordre, men som samtidig aldri grensar over i det sadistiske. Du kan alltid bli betre, og du kan alltid lære deg dei forskjellige banene betre for å nå betre tider. Den største suksessen til spelet er korleis det briljante kontrollsystemet blir brukt i kombinasjon med svært intelligent design på banene. Kontrollane er i utgangspunktet svært enkle, men gjev deg likevel alt du treng. Du gassar med ein finger, dyttar inn styrestikka med ein annan, medan den siste blir brukt for den essensielle boosten samt eit og anna hopp.

Om du nokon gong skulle sjå eit behov for å bremse har du misforstått, dette er ikkje eit spel som handlar om å sakke ned farten før ein sving, berre for å trå inn gassen når du er halvvegs gjennom. Her boostar du på før svingen og slepp den rett før du svingar til sida, berre for å skyte deg ut av svingen igjen knapt eit sekund seinare. Heile målet med spelet er å halde ein ekstremt høg fart, og om du kan klare å halde inne boosten kontinuerleg sjølv om du svingar, då er du på rett spor.

Boost får du gjennom å plukke opp forskjellige flasker som ligg rundt omkring på banene, og utan boost ligg du strengt tatt ganske tynt i det. Eit alternativ i slike situasjonar er å kome seg bak ein annan båt sidan dette byggjer opp farten din, noko som kan gje deg eit kraftig momentum som let deg rutsje forbi fleire båtar på kort tid.

Er du mann eller mus?
Er du mann eller mus?

Berg- og dalbane

Spelet byr på åtte forskjellige baner, og alle byr på ei solid blanding av tronge kanalar og nesten latterlege sekvensar der enten Tor med hammaren slår eit slag for store bølgjer, eller ein massiv dinosaur stikk fram hovudet sitt for ein rask matbit. Det skjer så mykje i løpet av ei bane at det lett kunne ha blitt vanskeleg å vite kvar ein skal feste auga. Spillet makter derimot ganske elegant å navigere utenom slike fallgruver. Alt som skjer i «verda» rundt deg, skjer framfor deg, og det skjer for det meste med så god avstand til båten din at du rekk å navigere unna ei potensiell katastrofe.

Det heile er som om du er i ein vanvittig dyr temapark lettare inspirert av Jurassic Park-sjef John Hammond sin «vi sparte ikkje på noko»-filosofi. Dette er derimot ikkje alt som betyr noko. Etter å ha spelt desse banene fleirfaldige gongar forsvinn naturlegvis sjokkmomentet. For å halde levetida gåande vendar ein difor blikket mot alle dei skjulte snarvegane som ligg spreidd rundt på alle banene. Ein del av dei er rimeleg lette å sjå, medan andre går deg hus forbi medan du jagar etter førsteplassen. Å finne alle snarvegane er derimot ei stor glede som let deg vinne mange sekund. Dei blir i tillegg livsviktige om du vil halde deg i teten på høgre vanskegrader.

I jakta på snarvegar vil du få god bruk for hoppeknappen. Nokre skjulte snarvegar krev eit velplassert hopp i god fart for å kunne gjennomførast, men dette er ikkje den einaste nytta hopping har. Sjølv om Hydro Thunder Hurricane ikkje er det penaste spelet der ute, har det ein veldig effektiv fysikk på vatnet. Når båtar køyrer lagar dei bølgjer som i tur kan ha innverknad på køyringa di. Alternativt kan eit massivt objekt som fell i vatnet lage ei enorm bølgjer som fullstendig rotar til alt. Det blir litt som å få ei rampe i feil vinkel kasta ned i fanget, og eit godt koordinert hopp kan sende deg over slike utfordringar.

Ringane blir mindre på høgre vanskegrader.
Ringane blir mindre på høgre vanskegrader.

Olja lyn

Hydro Thunder Hurricane gjev deg ikkje vanskegrader nå velje mellom i tradisjonell forstand. I staden får du forskjellige båtar som alle byr på forskjellige utfordringar. Om du spelar gjennom ei bane med ein nybyrjarbåt vil du ikkje møte den store utfordringa, og tempoet er vel det vi må kunne kalle forsvarleg. Båtane kjem i tre forskjellige klassar (eller vanskegrader), og sjølv om både fart og handtering blir mykje betre i ein ekspertbåt, blir konkurransen tilsvarande.

Nye båtar får du gjennom å vinne ein medalje. Kvar medalje har ein poengverdi i forhold til vanskegrada, og etter kvart som poengsummen din stig vil du ikkje berre låse opp nye båtar, men òg nye baner, samt forskjellige utfordringar.

Desse utfordringane blir aldri like underhaldande som grunnleggjande racing, men dei har definitivt sin verdi. Spesielt «Ring Master» viser seg å vere eit viktig verkty i å utvikle din kompetanse med dei forskjellige båtane. Denne modusen pålegg deg å køyre gjennom tett plasserte ringar på kortast mogleg tid, noko som ikkje alltid er like enkelt. Gjennom denne modusen trenar du deg ikkje berre opp til å bli meir presis med di handtering av svinging og boosting, men ringane viser deg og skjulte vegar og lærer deg dei forskjellige banene å kjenne på ein veldig effektiv måte.

Ein annan modus er «Gauntlet», som sjølv om den byr på solide utfordringar ikkje på nokon måte er like interessant. Her skal du berre kome deg fort i mål medan du må navigere unna eksplosive tønner i vatnet. Vanskeleg er det, men det er òg den einaste staden spelet viser ein lettare tendens til sadisme, sidan plasseringa av tønnene kan bli noko frustrerande til tider.

Den siste modusen er eit meisterskap der du i tur og orden spelar gjennom dei andre modusane. Du får ikkje sjå noko her du ikkje får sjå elles, men om du tek ein medalje i eit meisterskap vil du få ei solid dose poeng som går med til å låse opp fleire nye utfordringar og båtar. Det kunne likevel ha vore litt fleire baner å låse opp, sidan ein tidleg merkar at ein køyrer dei same løypene svært ofte.

Elektrisitet og vatn er ikkje gode vener.
Elektrisitet og vatn er ikkje gode vener.

Konkurranseinstinkt

For eit kvart gjennomført racing-spel er det sjølvsagt i møtet med andre spelarar at spelet verkeleg får prøvd seg. Hydro Thunder sviktar på ingen måte her, og leverer halsbrekkande racing med beinhard konkurranse. Du kan spele opp til fire personar på ein skjerm, eller åtte stykk på nett. Det er i tillegg ganske hyggeleg at spelet er opent for delt skjerm over nett, noko som diverre har blitt mindre og mindre vanleg.

Det er berre to modusar å velje mellom, der eg berre har funne nok spelarar før lansering til å spele den eine, som er ordinær racing. Den andre er «Rubber Duck», noko som sikkert kan tolkast på mange måtar, og du skal få lov til å finne ut sjølv kor moro akkurat den modusen er.

Den presise og engasjerande køyremodellen til Hydro Thunder Hurricane gjer det til ei stor glede å spele saman med andre, men det er ein ting som ikkje heilt fungerer. Sjølv om fysikken på vatnet i spelet er god, kan ikkje det same seiast om dei individuelle båtane. Du vil ikkje merke stort til dette om du spelar aleine, men saman med andre er sjansen stor for å dulte borti andre båtar, noko som har litt skuffande resultat. Det er nesten ikkje tyngde i dei, og i staden for å krasje og dytte kvarandre i tronge situasjonar, endar ein opp med å køyre over kvarandre og praktisk talt bli liggjande i ein litt småpatetisk stabel av båtar.

Heldigvis kan du tilbakestille båten din umiddelbart ved å trykkje inn «back»-knappen.

God tur!
God tur!

Konklusjon

Hydro Thunder Hurricane gjer ein ting så riktig at den overskuggar alt anna. Kontrollane i dette spelet er så gjennomførte at båten nærast blir som ei forlenging av armane dine. Det heile er så presist og gjennomført at du etter timar med øving kan prestere å gasse gjennom ein U-sving nestan utan å sakke farten. Når du i tur blir kasta ut i den eine halsbrekkande bana etter den andre, er det umogleg å ikkje bli begeistra.

Dette er eit svært artig spel som bør halde deg gåande ei god stund. Dei åtte banene i spelet er alle svært forskjellige og fulle av snarvegar du kan lagre til hjernebarken, og øve på til du blir grøn i trynet. Det kunne godt ha vore litt meir innhald, sidan ikkje alle modusane er like spanande, men det som er på plass byr likevel på mykje moro.

Hydro Thunder Hurricane

Hydro Thunder Hurricane X360 X360

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 28. juli 2010
  • Plattform: Xbox 360
  • Sjanger: Racing
  • PEGI: Tillatt for alle
  • Utgiver: Microsoft Game Studios
  • Utvikler: Vector Unit

Beste priser

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Dette gjør brukerne nå

Alle brukere
Til toppen