Insanely Twisted Shadow Planet
Anmeldelse

Insanely Twisted Shadow Planet

Eit visuelt slåande spel med svært sterke inspirasjonskjelder.

Sommaren er den tida på året då dei sære og i stor grad ganske unike spela brått blir midtpunktet. I eit økosystem som resten av året er prega av enorme produksjonar med fleire millionar i budsjett, er det så godt som full stopp medan sola stor som høgast på himmelen. Insanely Twisted Shadow Planet hadde sannsynlegvis ikkje hatt ein sjanse til å bli sett av meir enn ein ørliten brukarandel elles i året, men er no eitt av fem Summer of Arcade-spel som får mykje merksemd på Xbox Live.

Det kan spelet med det lange namnet absolutt trenge, for med mindre du faktisk set deg ned og spelar det kan du slite med å forstå kva spelet går ut på. Den mildt sagt spesielle grafiske stilen frå Michel Gagnè er søyla som ber heile spelet, og utviklarane har imponerande stor tru på den visuelle presentasjonen sidan du skal leite godt og lengje for å finne eit meir sparsamt lydbilete enn dette.

Hald fast før vinden tek deg.
Hald fast før vinden tek deg.

Tilbake i svart

Insanely Twisted Shadow Planet er eit mørkt spel bygd opp av sterke silhuettar og distinktive former. Sjølv om du flyg rundt i ein svart UFO i område som òg er rimeleg svarte, er det sjeldan noko problem å sjå kva som skjer. Formene er tydelege og lette å forstå, samtidig som ein veldig god bruk av kontrastar og fargar gjev alt sin eigen plass i biletet.

Du flyg frå det eine området til det andre på eitt stort kart som gradvis låser seg opp for deg etter kvart som du finn nye verkty. Skal det samanliknast med noko må det bli Castlevania eller Metroid utan tyngdekraft. Alt handlar om å kome seg til det neste punktet i spelet som byr på nye verkty å bruke mot miljøet eller fiendar, og når dette punktet er nådd ber det vidare til neste.

Verktya du finn varierer i både form og funksjon. Du startar med ein enkelt pistol som har eit opplagt formål, og denne kan du etter kvart oppgradere til å skyte både tre og fire kuler om du plukkar opp delar gøymde rundt i den fascinerande verda. Pistolen er ikkje det einaste som kan oppgraderast, men framgangsmåten for å få tak i oppgraderingane er den same. Dei ligg ofte innelåst i ei bittelita sone i eit område du for lengst er ferdig med, og du må difor vente på nye verkty før du seinare kan ta turen heile vegen tilbake får å få tak i dei.

Gradvis blir jakta på verkty både meir kreativt og meir utfordrande. Du finn ei gripeklo du kan løfte og dra ting med, ein stråle som gjer mykje av den same nytten ved å la deg flytte ting i område du ikkje kjem deg inn i sjølv, eller ein laser som kan rikosjettere langs krystallar. Nye våpen dukkar opp med jamne mellomrom, og kvar fiende har gjerne eitt våpen dei er svake mot, noko du kan finne ut av ved å bruke den praktiske røntgenstrålen som viser deg kva verkty som passar for eit bestemt objekt.

Sånn går det om ein er uforsiktig med mørkare krefter.
Sånn går det om ein er uforsiktig med mørkare krefter.

Smør på flesk

Det tek ikkje lang tid før ein innser at alt ikkje er like gjennomtenkt. Gripekloa og strålen har definitive forskjellar, men er samtidig så like at du no og då ikkje veit kva du skal bruke. Røntgenstrålen kan vere ekstremt misvisande, og fortel deg tunge og seige måtar å ta fiendar på. Til dømes fekk eg beskjed om å bruke rakettar mot eit tentakkelbeist eg møtte seinare i spelet. Ikkje så veldig praktisk når tentaklane skyt små eit mylder av små prosjektil mot deg. Eg skifta til pistolen og tok knekken på beistet veldig kjapt og utan problem.

Ein kan undre seg over om utviklarane bevisst driv med misvisande informasjon. Det kan ha sin verdi det, men her blir det berre irriterande sidan du kastar bort tid på å gjere ting på ein lite effektiv måte.

Alternativt får du verkty som er så godt som ubrukelege. Eit kraftskjold fekk eg til dømes berre bruk for ein einaste gong i heile spelet, og det minnar nesten om eit spel der ein enten har sett seg nøydt til å kutte innhald, eller ein berre ikkje har teke seg bryet med å strame opp i innhaldet. Dette er ikkje eit stort spel, og det er difor ganske rart at dei puttar inn ting som er fullstendig overflødige, men det har altså Fuel Cell gjort.

Samtidig er visse verkty veldig vanskelege å bruke skikkeleg. Spesielt gjeld dette gripekloa som du blir nøydt til å bruke ganske ofte for å plassere forskjellige objekt. Eit godt døme på dette er når du skal få nokre laserstrålar til å rikosjettere mot ein stor krystall. For å få dette til må du plassere mange små krystallar i nokre hol, men dette er ein omstendeleg prosess som blir langt verre av kor vanskeleg presisjonen er. Å få riktig vinkel på krystallen slik at den glir inn i holet er ein ting, men det blir mykje verre av at det er lett å dulte bort i kantane rundt holet slik at du mistar vinkelen du har arbeida alt for lenge med å stille inn riktig.

Dette er irriterande nok, men det blir enda verre når ei utfordring som denne store krystallen latar som om du skal gjere meir enn du eigentleg skal. Både her og der blir du lurt til å tru at du skal utføre fleire operasjonar enn nødvendig og når du først innser dette har du gjerne brukt mykje tid og blitt temmeleg lei samtidig.

Ein av dei meir kreative sjefaen byr på ei engasjerande utfordring.
Ein av dei meir kreative sjefaen byr på ei engasjerande utfordring.

Lett, men tregt

Ein kan på ingen måte klandre Insanely Twisted Shadow Planet for å vere eit vanskeleg spel. Det byr på sine utfordringar, og tidvis er dei ganske gode, men for det meste kjem du deg gjennom utfordringane utan problem. Dei beste utfordringane er dei der du veit halvvegs kva du skal, men er litt usikker på avslutninga. Til dømes byr eitt av dei siste områda på ganske mykje moro der du må navigere gjennom tannhjul som snur opp ned på verda.

For det meste er det likevel plankekøyring, og de er vanskeleg å la seg imponere eller engasjere stort. Å demme opp eit område er noko du garantert har gjort før i ditt liv, og du får ikkje akkurat ein ny vri på det her. Det einaste som eigentleg byr på ei nemneverdig utfordring er korleis du ofte støyter på fiendar uansett kvar du er. Dei er sjeldan spesielt sterke, men dei må handterast for at du skal få arbeide i fred.

Dette er derimot ikkje alltid like enkelt. Spesielt provosert blei eg då eg i stummande mørke skulle feste ei lykt til nokre støpsel før eg fresa dei med elektrisitet. Ikkje berre var det så beksvart at eg berre så vidt har i stand til å skimte konturane av alt som skjedde, men i tillegg var området fullt av dusinvis av knøttsmå fiendar som svirra rundt meg.

Eg veit ikkje heilt korleis utviklarane har tenkt at eg skal handtere ein situasjon der eg ikkje ser fiendane som svermar rundt meg, men dei har no i det minste inkludert eitt og anna verkty som kan hjelpe på problemet om ein tenkjer seg om litt. Samtidig hjelper det på at du finn små lysande kuler som kan reparere skipet ditt, i tillegg til at kvart sjekkpunkt fiksar deg heilt opp. Det er derimot ganske dårleg at spelet er ganske sporadisk i når desse punkta lagrar spelet. Eg har meir enn ein gong enda opp i situasjonar der eg blir sendt alt for langt tilbake etter eit uheldig dødsfall.

Tommelfingerregel: Om beistet har mange auge er det best å kome seg vekk.
Tommelfingerregel: Om beistet har mange auge er det best å kome seg vekk.

Konklusjon

Det er litt vanskeleg å bry seg stort om Insanely Twisted Shadow Planet. Spelet har eit slåande ytre, og når ein ser introduksjonen med symfonimusikken dei har lånt frå Dimmu Borgir er det lett å tenkje at dette vil bli noko heilt spesielt.

Spelet er absolutt spesielt, men spesielt er ikkje nødvendigvis bra. Insanely Twisted Shadow Planet er ikkje stort meir enn ein stilisert versjon av Metroidvania-stilen og det er langt frå like bra. Grafikken er herleg og byr på enormt mykje kreativitet, men fundamentet den støttar seg på er ikkje godt nok.

Ikkje misforstå, Insanely Twisted Shadow Planet er eit heilt kurant spel du garantert vil kunne ha det artig med, men sjansen er samtidig stor for at du vil bli irritert og lei. Ikkje for at det er vanskeleg, men for at du må fram og tilbake heile tida på jakt etter noko du kanskje har mista, eller fordi spelet lurer deg til å tru du ikkje er ferdig sjølv om du var ferdig for lenge sidan.

Hadde spelet blitt stramma opp litt, og hadde meiningslause element som eit verkty du brukar berre ein gong blitt luka ut, kunne dette heilt sikkert ha blitt noko meir. Slik det har enda opp er ikkje spelet stort meir enn eit vakkert eventyr som trur det er mykje betre enn det eigentleg er.

Merk: Insanely Twisted Shadow Planet byr på ein fleirspelarmodus der du kan både konkurrere og samarbeide om å få lykter lengst mogleg i farlege område, men denne har ikkje blitt testa sidan det var ingen å spele med.

X360 5 /10 Middels

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

Insanely Twisted Shadow Planet

Insanely Twisted Shadow Planet X360 X360 5/10 Windows

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 3. august 2011
  • Plattform: Xbox 360
  • PEGI: 7+
  • Sjanger: Action
  • Utgiver: Microsoft
  • Utvikler: Fuel Cell Games

Beste priser

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Alle brukere Dette gjør brukerne nå

Til toppen