Jurassic Park: The Game
Anmeldelse

Jurassic Park: The Game

Telltale brukar dinosaurar for å levere eit spel du aldri har sett makan til.

Jurassic Park: The Game er eit av dei merkelegaste og mest udefinerbare spela eg nokon gong har spelt. Eg har utruleg vanskeleg for å setje ord på kva eg nett har vore gjennom, men ikkje nødvendigvis på ein negativ måte. Med Jurassic Park har Telltale Games utforska særs utrygt farevatn, og at dei gjer det med ein massiv intellektuell eigedom som Jurassic Park er ekstremt modig, om ikkje dumdristig.

Dette er omlag så langt ein kan kome ei krysning mellom spel og film utan å ha føta spesiel godt planta nokon stad.

Den originale Gerry Harding.
Den originale Gerry Harding.

Tilbake til Isla Nublar

Jurassic Park-spelet held fram der den første filmen slutta. Strengt tatt byrjar den kort tid før den store stormen som i godt samarbeid med Dennis Nedry skapte rikeleg med kaos i parken, og den held fram ei god stund etter der filmen sluttar. I løpet av spelet møter vi ei rekke ulike personar som alle har vidt forskjellige motivasjonar og grunnar for å vere der, men felles for dei alle er at det er meir til dei enn kva vi får sjå ved første augekast.

Dei mest sentrale hovudpersonane er i stor grad Gerry Harding og dottera hans Jess. Som mange sikkert vil hugse frå filmen er Gerry Harding sjefsvetrinæren i Jurassic Park, men han har tydelegvis kasta seg under kniven i dei timane som har gått mellom hans arbeid med Triceratopsen i filmen, og inntil vi møter han i spelet. Den litt eldre og smått lubne mannen med bart, pistrete hår og ein caps har blitt erstatta med James Bond, og akkurat dette framstår som unødig. Eg ser ikkje heilt kvifor ein normal og eldre mann er mindre truvderig enn ein unaturleg kjekk eldre mann i topp fysisk form, men det er tydelegvis det Telltale meiner.

Resten av rollebesetninga er alle nykomarar, og vi møter eit knippe leigesoldatar og ein forskar, men ingen av dei er spesielt glade for å sjå kvarandre. I utgangspunktet framstår ikkje dei forskjellige personane som spesielt kreative, men dette endrar seg gradvis. Som sagt har dei alle diverse motivasjonar, og etter kvart som historia rulla rover skjermen er det lett å gå god for dei. Telltale har dikta opp sine eigne historier og bakgrunnar, men dei har samtidig fletta inn element frå både filmen og boka med stor respekt for kjeldematerialet. Telltale har gjort ein god jobb i å svare på spørsmål som filmen aldri gav svar på, men som boka derimot har gått i nærare detalj på.

Jurassic Park er eit spel som først og fremst handlar om dei forskjellige personane vi møter, korleis det er å hamne på ei øy full av dinosaurar, og dei praktiske og mentale utfordringar dette fører med seg. Heldigvis er historia veldig sterk i spelet, og dialogen er til tider veldig godt skrive. Vi møter eit par unødige klisjear her og der, men desse klarar ikkje velte det solide menneskelege dramaet som står i sentrum. Det hjelper òg at skodespelarane som leverer dei mange linjene med dialog jamt over gjer ein veldig solid jobb med veldig få unntak.

Telltales Gerry Harding på rømmen frå puristpolitiet.
Telltales Gerry Harding på rømmen frå puristpolitiet.

Slik sett er Jurassic Park: The Game ein langt betre oppfølgjar til den første filmen enn både The lost World: Jurassic Park og Jurassic Park 3. Det som trekk mest ned er eigentleg nokre få plotthol som bør få dei som har sett filmen nokre gongar til å heve eit augebryn. Kvifor møter vi til dømes opp til fleire raptorar i spelet når to av dei tre raptorane frå filmen blir drepne av mamma T-Rex, medan den tredje er innelåst i eit fryserom? Telltale kjem med mange gode svar på ting dei fleste sannsynlegvis ikkje vil tenkje over, medan andre ting framstår som massive logiske brestar.

Tungt Regn

Sjølv om historia er god, vil det være delte meiningar over kva Telltale har valt å gjere med Jurassic Park-universet. Denne diskusjonen vil derimot berre bli småtteri samanlikna med dei delte meiningane som garantert vil oppstå over korleis spelet i praksis fungerer. Dette er verken actioneventyr eller peik-og-klikk av den gamle sorten. Telltale har lete seg inspirere stort av Heavy Rain og køyrer på med kontekst-sensitive kommandoar i ein kvar situasjon. Nokre gongar er spelet som ein knappesekvens inspirert av God of War-medan du andre gongar må trykke på knappar i tur og orden for å klatre opp ein skrent.

Heavy Rain er ein klar inspirasjon, men når ein kjem til område der ein får lov til å tenkje litt, viser det seg at Jurassic Park på sett og vis berre er ei naturleg vidareføring av peik-og-klikk-mentaliteten. Vi står ofte ovanfor eit oversiktsbilete der du har fleire interessepunkt. I staden for å peile over biletet med musa for å finne noko som reagerer flyttar du heller kameraet til eit punkt lyser opp med til dømes eit forstørringsglas og symbolet til ein knapp. Samtidig kan du frå eit lettfatteleg hjul velje kva del av eit aktuelt scenario du vil sjå nærare på, og du kan enkelt flytte deg rundt i eit område på ein måte som blir hakket meir filmatisk enn ein er vande med frå statiske peik-og-klikk-spel.

Inspirasjonskjelda for samtalesystemet er klar.
Inspirasjonskjelda for samtalesystemet er klar.

Heilt i starten framstår det som noko restriktivt, men dette endrar seg etter kvart som spelet kjem inn i den rette rytmen. Jurassic Park er først og fremst ei historie, og spelet sin funksjon er å la deg ta ein aktiv del i historia, ikkje å forme den sjølv. Med dette i tankane fungerer spelet ofte heilt glimrande. Din jobb er å reagere på det som måtte skje, eller løyse eit problem i eitt område. Dette kan vere alt frå å finne ut kva som skjedde med Dennis Nedry sin bil, til å finne ut korleis du skal kome deg ned frå ein høg skrent når alt du har til disposisjon er ei berg- og dalbane.

Spelet skiftar ofte mellom hektiske og rolegare sekvensar som skapar ein god balanse. Eg synest derimot det blir litt overdrive mykje frenetisk knappetrykking når ein skal overleve atter eit møte med sinte kjøtetarar. Ofte kan ein få inntrykket av at Telltale er så glade i kjøtetarane sine at dei ikkje er i stand til å bruke dei med måte. Alt for mange scener som kunne ha utvikla seg lenger blir avbrotne av at raptorar eller ein sint T-Rex igjen krasjar festen.

Schizofren kontroll

Eit anna område som godt kan skape frustrasjon er kontrollane. Dette er eit spel som heilt tydeleg er laga for ein handkontroll, og det tok meg ikkje lang tid å plugge den inn. Når ein spelar med ein handkontroll får ein logiske symbol på skjermen som heile tida gjer det veldig klart og tydeleg kva du skal gjere. Om du spelar med mus og tastatur er saka ei heilt anna.

Nesten abstrakte symbol fortel deg at du skal trykke opp, ned, fram eller tilbake, og musa må flyttast fram og tilbake over skjermen for å nå funksjonar som helst skulle hatt sin eigen knapp. I dei mest hektiske situasjonane kan reaksjonstida bli for dårleg i forhold til kva den er med ein handkontroll der rett knapp ligg rett under fingeren. Som om det ikkje var nok er det ikkje alltid spelet oppfattar kva du trykkjer nå du brukar mus og tastatur.

Peik-og-klikk med meir direkte kontroll.
Peik-og-klikk med meir direkte kontroll.

Dette kan bli noko slitsamt i enkelte situasjonar, men slike tekniske feil har likevel sine morbide lyspunkt. Blir spelet hektisk er det garantert fordi ein eller fleire personar står i fare for å døy, og det er ei imponerande lang rekke med kreative dødsfall i spelet. Skulle du feile kan du med andre ord få deg ein liten latter der T-Rex kastar rundt på folk som spinkle filledukker. Den største baksida er at du no og då må hakket for langt tilbake i tid om du døyr. Jurassic Park er eit spel som kan vere svært underhaldande så lenge alle inntrykk er nye, men å spele sekvensar om igjen har lite føre seg.

Gjennomført stil

Å kalle Jurassic Park: The Game det penaste Jurassic Park-spelet gjennom tidene seier ikkje stort. Det har gått nokre år sidan Operation Genesis fryda oss med parkbygging, og det har skjedd mykje sidan den gong. Jurassic Park: The Game kjem ikkje til å imponere nokon, utviklarane har valt ein mellomveg der dei balanserar tekniske grenser med kreativ design godt. Det heile ser kanskje nokre år gammalt ut, men dette sluttar ein raskt å tenkje over så snart spelet er i gong.

Dinosaurane er jamt over solide og gode gjenskapingar av dyra frå filmane. Spesielt dei større dyra ser veldig bra ut, men eg stussar litt over raptorane. Dei har fått alt for store hovud. I tillegg har dei og nokre andre dinosaurar så breie kjevar at dei nesten ser ut som billege plastfigurar, og det ser – som du kanskje forstår – ikkje heilt bra ut. I tillegg kan animasjonen vere ganske stiv, og fleire tobeinte dinosaurar ser litt ut som om dei vraltar av garde. Det blir ufrivillig komisk og burde ikkje ha vore så frykteleg vanskeleg å rette på om Telltale brukte litt meir tid på å gjere anatomisk research.

Musikken er på side side jamt over god. Telltale har brukt både delar av dei originale komposisjonane til John Whilliams, samt nokre nye som hentar inspirasjon og toneart frå Whilliams sine komposisjonar. Det er klart at komponisten har hatt ei svært utakknemleg oppgåve i å skulle hoppe ette Wirkola på denne måten, men han har gjort ein akseptabel jobb. Det er ikkje alt som høyrest like bra ut, og her og der blir det hakket for tydeleg at Telltale ikkje har det dyraste symfoniorkesteret i VST-biblioteket sitt, men vi finn likevel nokre fine nye melodiar som kler sine situasjonar godt.

Ikkje alle dinosaurane er like sinte.
Ikkje alle dinosaurane er like sinte.

Konklusjon

Eg kan sjå føre meg at Jurassic Park: The Game vil gjere mykje for å halde fram diskusjonen om kva eit spel eigentleg er. Såleis vil det møte mykje motstand, for Jurassic Park by på mange dialogscener der du ikkje får delta, og det er eit spel som baserer seg på kontekst-sensitive kommandoar i staden for direkte kontroll over noko som helst. Det er både vågalt og modig.

Men er det bra? Ja, absolutt. Med mindre du avskyr knappesekvensar bør du ikkje ha noko problem med å kose deg med Jurassic Park. Dette er eit spel som først og fremst fortel ei historie, og der spelmekanikkane sin hovudfunksjon er å drive den vidare. Når historia er såpass gjennomført som den er her, og balanserer godt mellom dramatikk og humor er det eit godt val.

Vil du ha eit spel av den tradisjonelle sorten har du kome feil, men om du heller vil ha ei engasjerande historie og ikkje er fjern for å prøve noko nytt, er Jurassic Park: The Game absolutt å anbefale.

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

Jurassic Park: The Game

Jurassic Park: The Game Windows Windows 7/10 PS3 Mac X360

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 15. november 2011
  • Plattform: PC
  • Sjanger: Eventyr
  • Utgiver: Telltale Games
  • Utvikler: Telltale Games

Beste priser På lager Få varsel når prisen faller

Kommentarer (22)

Forsiden akkurat nå

Alle brukere Dette gjør brukerne nå

Til toppen