Kinect Joy Ride
Anmeldelse

Kinect Joy Ride

Bilspilet for deg som er glad i grøftekanten.

Du kan nesten byrje å lure på kva dei har tenkt. Eit bilspel utan ratt. Eit bilspel utan taktil kontroll. Eit bilspel heilt utan fysisk respons av noko slag. Ein sport så fullstendig avhengig av nøyaktig presisjon og kjemi mellom førar og kontroll? Det kan jo berre gå ein veg, eller kva?

Kinect Joy Ride var ikkje alltid slik. Ein gong i tida skulle det vere eit spel du kunne laste ned gratis frå Xbox Live Arcade. Innteninga skulle kome i form av mikrotransaksjonar, og det å skreddarsy sine eigne bilar skulle vere ein stor del av spelet. Spør du meg er det eit mykje meir interessant konsept enn kva Kinect Joy Ride har prestert å bli, sjølv om det kanskje hadde blitt litt vel likt ModNation Racers.

Bremsespor i eit spel der du ikkje kan bremse er noko paradoksalt
Bremsespor i eit spel der du ikkje kan bremse er noko paradoksalt

Hopp inn då vel!

Om du har venta lenge på Gran Turismo 5 har eg berre ein ting å seie: Spring. Spring så langt beina kan ta deg, og sørg for å leggje beina godt opp under nakken medan du held på. Dette spelet er ikkje for deg. Dette er bilkøyring i si enklaste og simplaste form, og alle tankar om presisjon og gode reaksjonar bør leggjast igjen ved døra. Dette spelet tillet ingen av delane. Det fungerer heilt greitt ut frå kva det prøvar å gjere, men så prøvar det eigentleg ikkje på så mykje at det er ein stor jobb å få det til.

For å ta det beste først: Dette spelet er veldig lett å kome i gong med. Det er så lett at eg strengt tatt ikkje kan hugse noko lettare. Du stiller deg berre opp framfor skjermen og «grip» om rattet. Det er alt som skal til før kjerra rullar framover. Den enkle treningsbana du umiddelbart blir kasta ut på byggjer raskt opp ein kraftige illusjon. Du vil garantert innbille deg at det er ganske lett å halde styringa på kjerra, for den ser faktisk ut til å gjere akkurat det du vil. Det er litt som å kome til ei surrealistisk sfære, nesten som når General Quarich styrer armane til robotdrakta si i Avatar. Det ser riktig nok ikkje like barskt ut, men eg kan ikkje nekte for at eg kvekka «Hå hå, no hands» til meg sjølv ein og anna gong.

Galskapen spinnar derimot raskt ut av kontroll, og dette vil du merke deg frå aller første gong du tek del i eit løp mot konkurrentar. Du må rett og slett lære deg spelet på ny, noko som er litt paradoksalt sidan du for knapt fem minutt sidan lærte å spele spelet for første gong. Er du heilt aleine treng du ikkje gjere meir enn å svinge i ein sving, skal du presse deg forbi konkurrentar er det ei heilt anna. Rask navigering mellom bilar viser seg å vere ekstremt vanskeleg, "rattet" låser seg, og du endar opp i grøfta.

Det går likevel sin gong, og etter eit par rundar har du lært deg å forstå korleis ein skal leve med spelets markante skavankar. Den viktigaste av dei er korleis det er heilt umogleg å ha full kontroll over kjerra. Du vil meir enn ein gong i løpet av ei runde innsjå at ho stygge «Ring»-dama i TV-en har teke kontroll over rattet, og no har stor moro med å køyre deg inn i ein vegg. Her er leksjon nummer ein: Aldri køyr inn i ein vegg. Om du så gjer, ikkje prøv å svinge for å kome deg tilbake på bana, trekk heller henda mot deg for å rygge. Det fungerer glimrande minst halvparten av gongane.

I lufta kan eigentleg ingenting gå gale
I lufta kan eigentleg ingenting gå gale

Store komplikasjonar

Kontrollane i Kinect Joy Ride er altså ikkje av det mest stabile slaget, og dette har utviklarane teke konsekvensen av. Gassen går til dømes heilt av seg sjølv, og farten går opp og ned utan at du eigentleg merkar stort til det. Samtidig har forskjellig terrengunderlag null effekt på farten, noko som eliminerer alle problem som skulle oppstå om du endar opp med å køyre over grus og gras. Dukkar noko opp i vegen for deg er ikkje dette eit merkbart problem heller, sidan alle mindre hinder blir smadra enkelt.

Alle desse elementa er så absolutt grep som er tatt for å få noko som ikkje fungerer optimalt til å fungere på eit brukbart nivå. Vi endar opp med eit køyrespel som er ufatteleg snevert i kva du kan gjere, men det skapar likevel ein liten gnist som fortel deg at det heile er litt moro.

Du har fleire forskjellige måtar å spele Kinect Joy Ride på, og sjølv om grunnprinsippa er dei same, og dei forskjellige modusane ikkje kan klandrast for å vere oppfinnsame, byr dei på nok underhaldning til å kunne glede den delen av deg som ikkje har den mest avanserte forma for kritisk sans.

Spelet byr på seks forskjellige økter. To av dei er typiske løp mot andre bilar, der den eine av dei let deg bruke forskjellige våpen ved å halde den venstre handa ut til sida. Tenk på det som ein ekstremt enkel versjon av Mario Kart, og du er på rett spor. Problemet med våpna er at det er veldig få av dei, og ingen av dei er spesielt interessante. Du plukkar dei i tillegg opp frå kassar som ikkje seier noko om kva dei inneheld, og sjansen er difor stor for å ende opp med noko heilt ubrukeleg. Begge formene for løp endar difor opp med å handle meir om å finne snarvegar for å kome seg raskast i mål.

Å kome først i mål er likevel ikkje alt spelet handlar om. For å låse opp nye bilar (som ikkje byr på andre endringar enn reint kosmetiske) og baner må du samle fans. Fans får du ved å vinne medaljar, men òg for å gjere kule triks når du tek eit saftig hopp. Som med resten av spelet er triksa ekstremt enkle å utføre. Du lener overkroppen i ein eller anna retning, og held henda i ein annan. Dette er alt som skal til for å få bilen til å snurre rundt i høg fart. Praktisk nok kan du ikkje krasje i spelet, og landar alltid på hjula.

Du får etter kvart mange bilar, men endringane er utelukkande kosmetiske
Du får etter kvart mange bilar, men endringane er utelukkande kosmetiske

Hopp og sprell

Dei andre modusane i spelet er av ein meir kreativ natur. Den eine skal ha deg til å gjere så mange triks du kan i ein half pipe, ein annan skal ha deg til å køyre så raskt du kan utan å krasje i noko. Ein meir interessant variant er når du skal køyre ned så mange små statuer du kan, før du krasjar ned større kolossar. Den siste modusen er derimot heilt meiningslaus. Du står på eit fly og skal kopiere forskjellige posisjonar som blir vist på skjermen. Du skal strekke deg og bøye deg i alle verdas teitaste former, og det einaste denne modusen eigentleg oppnår, er å slå veldig godt fast at Kinect ikkje alltid er like godt eigna til å lese dei små detaljane.

Om du har lyst til å brøle stygge ting til skjermen fordi du får strekk i alle musklar medan du forgjeve prøvar å gjere som du får beskjed om, ver min gjest.

Felles for alt i spelet med unntak av den sistnemnde modusen er at du kjem til å ha det ganske moro ei lita stund. Spesielt vil nok dei yngre kunne glede seg stort over magien som får bilen til å følgje henda deira, men om er av den meir erfarne sorten kjem du raskt til å gå lei. Det er få baner å velje mellom, og det er ingenting å hente på å spele det i time etter time. Du får nye bilar, men ingen av dei er betre enn den førre. Alle former for skreddarsying av kjerrene er skalerte ned til ei enkel omlakkering.

Spelet manglar dermed progresjon. Det er absolutt ingenting som driv deg vidare og oppmodar deg om å halde fram. Spelet har ein unekteleg sjarme gjennom sin enkle og sjarmfulle grafikk, og den fengjande musikken gjer absolutt sitt for å inspirere deg til å halde fram, men det er berre ikkje moro nok. Det er alt for lite innhald i spelet til å rettferdiggjere eit kjøp.

Kinect Joy Ride er spelet med tidenes enklaste triksemotor
Kinect Joy Ride er spelet med tidenes enklaste triksemotor

Konklusjon

Kinect Joy Ride kunne ha blitt noko heilt spesielt for Microsoft. Om dei hadde kombinert tanken om eit køyrespel for Kinect med originalideen bak Kinect Joy Ride; eit gratis spel du kunne utvide gjennom mikrotransaksjonar, kunne dette ha blitt noko heilt anna. Basisen er på plass, men det ferdige produktet framstår som eit skjelett av det som kunne ha vore.

Køyringa er ikkje feilfri, men den er artig. Det betyr ikkje så mykje om du hamnar utanfor vegen, for farten held seg oppe, og du kjem deg raskt nok inn igjen. Spelet er ikkje presist, men det fungerer godt nok, og om Microsoft hadde utnytta dette til å bli eit spel med mykje innhald og mange fleire baner, kunne det blitt noko veldig flott.

Den gang ei. Dette er eit spel som her og der skin strekt, men som heile tida blir drege ned igjen til landjorda av mangelen på noko nytt å gjere.

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

Kinect Joy Ride

Kinect Joy Ride X360 X360 5/10

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 10. november 2010
  • Plattform: Xbox 360
  • PEGI: 3+
  • Sjanger: Racing
  • Utgiver: Microsoft Game Studios
  • Utvikler: BigPark

Beste priser

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen