Anmeldelse

Kingdom Hearts: Birth by Sleep

Gjer deg klar for dei feitaste kampane på denne sida av Ole Brumm.

Kingdom Hearts: Birth by Sleep held fram den merkelege sagaen om nøkkelsverd, Disney-karakterar og historier om lys og mørke og ingenting av det du finn i midten. Det spesielle denne gong er at dei kjære Final Fantasy-figurane held seg langt unna, og historia utspelar seg før det første spelet i serien.

Handlinga dreiar rundt tre forskjellige personar, og spelet let deg gå gjennom historia som kvar og ein av dei tre venene Ventus, Terra og Aqua. Vi møter dei rett før ein seremoni som skal avgjere om Aqua, Terra eller begge to skal oppgraderast til nøkkelmeistrar. Historia som følgjer er strengt tatt ikkje spesielt interessant. Den er full av klisjear om godt mot vondt, og handlinga er full av filosofiske monologar om kvifor det eine er betre enn det andre. Moralen i seg sjølv er god nok, men utføringa blir litt slapp og vanskeleg å bry seg om.

Tre gode vener ventar på bråk

Det hjelper heller ikkje at kvaliteten på skodespelarane er av varierande kvalitet. For alle Disney-figurane er naturleg nok Disneys eigen stemmestab parat til å levere varene, men når det kjem til Square Enix sine eigne kreasjonar ser det ut til at det er viktigare å hyre inn skodespelarar du kanskje har sett på TV enn erfarne stemmeskodespelarar. Det er lett å høyre kvifor det første alternativet er best. Når ein eller annan Disney-karakter snakkar er det som henta rett ut av ein film, og dialogen er utført av folk som verkeleg kjenner karakteren inn og ut.

På Square Enix-sida finn vi kjende og erfarne namn som Leonard Nimoy og Mark Hamill, og desse karane gjer ein god jobb, men kvaliteten på hovudpersonane sjølv, og då spesielt Terra blir tam, flat og lite inspirert.

Eit visuelt meisterverk

Kingdom Hearts-serien har alltid skilta med imponerande grafikk, og Birth by Sleep er på ingen måte noko unntak. Vi får servert eit spel som praktisk talt kjempar mot den vesle skjermen det er stengt inne i. Spelet vil ut. Det vil opp på den store skjermen, og det vil vise kor vakkert det eigentleg er.

Kvart einaste område er bygd opp med omhug, og alt glir saman på ein imponerande og svært gjennomført måte. Du kan ta eit av Kingdom Hearts-spela på PlayStation 2 og sjå føre deg at du ser det på ein liten skjerm, og du er i mål. Imponerande grafikk har derimot si bakside, og i Birth by Sleep heiter den lastetider. Kvar gong du skal inn i ein filmsekvens, eit nytt område, eller noko så enkelt som å opne menyen, må du vere klar for å vente litt. Du blir raskt vand med det, men det er irriterande i starten.

Mikke er alltid klar for bråk, med eit smil

Square Enix har riktig nok bygd inn nokre funksjonar for å gjere ting betre. Du kan installere ein solid porsjon av spelet på eit minnekort (noko som er høgst anbefalt), eller du kan køyre prosessoren hardare, noko som går ut over batteritida.

Om lasting og batteri ikkje plagar deg kan du eventuelt skru grafikken opp frå 16 bit til 32 bit, noko som ikkje har massivt utslag på det visuelle, men skal du ha det beste, så skal du ha det beste.

Kom og bli med

Historia og all den flotte staffasjen er eigentleg berre ei unnskyldning for å servere oss eit heftige kampsystem som går sin eigen veg utan å bry seg om kva alle andre måtte tenkje, heldigvis. Det skal godt gjerast å finne noko meir unikt og særeige som samtidig har ein umiddelbar familiaritet ved seg. Frå det første sekundet du plukkar opp eit nøkkelsverd veit du nøyaktig kva du driv med, og spelet kastar nye funksjonar og djupe system på deg i eit fornuftig tempo som sørgjer for at du raskt veit kva du skal gjere for å gjere kål på fiendane.

Herifrå blir det heile derimot raskt meir utfordrande. Etter at grunnprinsippa har blitt banka inn i skallen din er det opp til deg korleis du vil gå vidare. Du kan hamre laus på fiendane som du vil, men om du ikkje gjer nytte av dei avanserte, men brukarvenlege systema kjem du ikkje til å kome langt.

Som tidlegare Kingdom Hearts-spel har du ei liste på høgre side av skjermen, og denne kan du bla gjennom med piltastane for å finne kraftige angrep og diverse former for magi. Dette er derimot ikkje noko du kjem til å gjere ofte – og godt er det – sidan å bla i lista er det einaste negative trekket ved kampsystemet. Å finne fram til helsebringande magi medan du flyttar deg rundt og daskar laus på ein sint fiende er ikkje den lettaste saka i verda. Noko godt kjem det no ut av det, sidan eg no ein meister i å bruke tommel og peikefinger til to forskjellige ting samtidig.

Grafikken er like nydeleg som alltid

Nok om det. Det er ein grunn til at lista er der. Den viser alle dei forskjellige angrepa og magiformene du har tilgjengeleg til ei kvar tid. Ved å tusle rundt i menyane kan du fylle opp lista med dei eigenskapane du vil. Dette kan vere alt frå fysiske angrep til forskjellige former for magi, og dei blir alle gradvis sterkare og går opp i nivå etter kvart som du sankar inn erfaringspoeng.

Etter kvart ender du garantert opp med fleire eigenskapar enn du kan bruke, og då er det tid for å kombinere! Ta to eigenskapar, same kva det er, sleng dei i hop, kast ein krystall inn i miksen får å få ein ekstra bonus, og du har kjapt skaffa deg det som potensielt er eit nytt superangrep. Det er ein enorm motivasjon i å byggje opp eigenskapar, og smelte dei i hop for å få nye. Du får konstant ei kjensle av at det du gjer betyr noko, du blir heile tida sterkare, og å finne ut korleis eit nytt angrep fungerer er like spanande kvar gong. Bonusane du kan få på eigenskapane er eit godt døme på dette. Dei kan gje deg motangrep og resistens mot det eine og det andre, og når du først har lært dei frå ein eigenskap, har du dei permanent.

Og så tar det av

I likskap med resten av Kingdom Heart-serien handlar kampane om å gjere ting i eit skyhøgt tempo. Dei tre forskjellige hovudpersonane har alle til dels forskjellige måtar å kjempe på, men dei har likevel mykje til felles. Du hamrar laus med forskjellige angrep, du byggjer opp komboar, og du blir betre i alt etter kvart som du går opp i erfaringsnivå. Du startar puslete, men endar opp som ein superhelt som vik unna angrep, og kastar fiendane inn i ein virvelvind før du mosar dei med eit fatalt avslutningsangrep.

Kva eigenskapar du brukar for å drepe fiendane har fleire forskjellige utslag. Om du berre brukar standardangrepet vil du til dømes få eit av fleire «enkle» avslutningsangrep. Om du derimot flettar inn bruken av fysiske eller magiske eigenskapar vil du kunne gå inn i forskjellige modusar der du gjer mykje meir skade, og får eit vanvittig avslutningsangrep til slutt. Kva modus du går inn i kjem an på kva eigenskapar du har brukt. Brukar du mest fysiske angrep går du inn i ein fysisk modus, og omvendt. Dette systemet pumpar konstant adrenalin inn i kroppen, og spesielt under mange sjefskampar gjer du det du kan for å kome inn i det, sidan du veit kor stort utslag det vil ha på resultatet.

Terra låner magi frå Maleficent

Eigenskapar og modusar er derimot ikkje alt. Så lenge du ikkje er tom for poeng kan du gå inn i ein D-Link med forskjellige karakterar du har møtt. I starten har du berre dine nære vener, men etter kvart kan du opprette ein link med forskjellige personar frå Disney-universa. Ein D-Link er kort fortalt ein modus som let deg få eigenskapane til den personen du lenkjer til, og dette kan bli ekstremt nyttig i mange situasjonar. Kvar gong du opprettar ei lenkje får du i tillegg full helse, noko som også kan bli svært nyttig i fleire av dei vanskelege sjefskampane.

Desse kampane kjem i mange forskjellige former, og det varierer kor underhaldande dei er. Nokre av dei byr på ei solid og balansert utfordring, medan andre igjen (og då helst dei mot slutten av spelet) kort og godt berre er sadistiske og ekstremt usympatiske. Det er slikt som tvingar deg til å gå tilbake for å byggje opp karakteren din, og få tak i nye bonusar og eigenskapar. Til slutt finn du likevel ein utveg, og det blir aldri så vanskeleg at det ikkje er mogleg å kome gjennom det.

Mykje det same

Sjølv om kampsystemet i Birth by Sleep er direkte genialt, gjer ikkje det heilt opp for dei manglane spelet har elles. Som sagt er ikkje historia av den mest engasjerande typen, og driv deg ikkje akkurat videre. Når du helst skal spele gjennom den tre gongar – ein for kvar karakter – blir det etter kvart litt for mykje. Ironisk nok blir historia hakket betre av denne strukturen. Dei tre hovudpersonane vitjar kanskje dei same verdene, men dei gjer det aldri samtidig, og ved å spele gjennom spelet med alle hovudpersonane får du sjå historia frå andre vinklar, samt at ein person kanskje kjem til ein stad etter at ein annan har vore der. På denne måten får du med deg både opptakt, konsert og etterspel på ein fin måte.

Nedturen kjem i å gå gjennom dei same områda fleire gongar. Sjølv om utfordringa alltid er god, og kampsystemet er glimrande, mistar ein noko av motivasjonen når ein spring gjennom ei Disney-verd for tredje gong. Du vil gjerne sjå noko nytt, og det blir etter kvart litt som å gå på autopilot. Eg hadde heller tatt eit lengre eventyr med ein hovudperson, enn ei kortare historie tre gongar.

Eg likar ikkje mark seier eg! Eg likar ikkje mark!

For å skape litt variasjon får vi noko eg må seie eg har sakna frå Square Enix sine nyare spel; eit minispel. Kingdom Hearts byr på eit brettspel lettare inspirert av monopol, og sidan dette kan brukast til å byggje opp eigenskapane dine, er det gull verdt. Du triller ein terning og flyttar rundt på forskjellige brett inspirert av Disney-verdene du vitjar i løpet av reisa di. Det er eit artig og gjennomført spel som fungerer godt som eit avbrekk om alle dei intense kampane skulle ende opp med å sende smertefulle kramper gjennom tomlane dine.

Konklusjon

Med Kingdom Hearts: Birth by Sleep er Square Enix tilbake i form. Verken Kingdom Hearts 2 eller Kingdom Hearts 358/2 Days imponerte meg noko særleg, og det gjer Birth by Sleep til ei enda større glede å ta del i. Historia er kanskje ikkje den beste, og det heile blir tidvis mykje av det same, men det hindrar deg ikkje frå å erfare den reine og skjære gleda du får av å spele det.

Grunnen til denne gleda er enkel. Kampsystemet er eit fyrverkeri av hopp og slag og alle regnbogens fargar, og det sørgjer for at Birth by Sleep er eit spel der du vil finne ein kamp. Du leitar etter dei. Kampane er det store høgdepunktet, og då er det sanneleg godt at du kan banne på at du finn ein rundt kvart einaste hjørne. Slikt vil vi gjerne ha meir av, og om neste ledd i Kingdom Hearts-sagaen i tillegg skulle prestere å levere ei historie som verkeleg maktar å engasjere, då har vi oppskrifta på ein klassikar.

Siste fra forsiden