Anmeldelse

Kirby's Epic Yarn

Sukkersøtt plattformeventyr i toppklassen.

Kirby's Epic Yarn er ulikt noko anna eg kan hugse å ha prøvd. Maset og jaget etter betre og meir avansert grafikk er noko Hal Studios har fullstendig ignorert. Det siste Kirby-spelet kunne sikkert ha blitt eit glimrande spel sjølv om det hadde bydd på ei tredimensjonal verd. Det kunne òg ha vore lekkert og innbydande med handteikna figurar og bakgrunnar, men som vi alle veit likar Nintendo å gjere ting på sin måte. Etter suksessen med Wii og DS har dei torpedert seg inn på alle livsstilsområde, og det gjer dei denne gongen òg.

Sjølv om Kirby's Epic Yarn på ingen måte gjer ein innsats for å fortelje deg korleis du skal gjere livet ditt betre, så blir likevel alt litt betre av denne vesle perla. Med nål og tråd henta ut av sykorga til besta har utviklarane gått til verks for å sy saman eit heilt unikt spel der kvar ein bakgrunn er laga av stoff i forskjellige fargar og mønster, og alle figurar er vekte til live gjennom magisk ulltråd.

Har du sett noko så søtt før?

Sjarmbombe

Stilen er kanskje noko spesiell, men det blir ikkje mindre absurd når forteljarstemma gjev oss nødvendig informasjon. Du skjønar, Kirby var eigentleg i si eiga verd der alt var ved det gamle, men så dukka den forferdelege trådmannen Yin-Yarn opp. Med strikkepinnane sine lagar han mykje trøbbel, men det er ikkje før Kirby i sin umettelege appetitt svelger ei magisk snor, og blir sugd inn i Yin-Yarns magiske sokk at eventyret i sykorga byrjar.

Altså. Kva skal ein seie? Mest av alt lurer eg på kva folka bak dette spelet har røykt, men så lenge resultatet blir så flott som dette får det vere. Ved å velje denne unike grafiske stilen har utviklarane klart å bygge opp ei uvanleg verd som gjennom sin fargerike presentasjon likevel har noko veldig nostalgisk og kjært over seg. Den fine og behagelege jazz-inspirerte pianomusikken gjer òg sitt til at det er heilt umogleg å ikkje kose seg godt når ein spelar.

Kirby's Epic Yarn er i form og funksjon eit erketradisjonelt plattformspel av den gamle sorten. Det er ingenting nemneverdig nytt å spore, men det er likevel gjennomført til fingerspissane og serverer akkurat det vi vil ha. Gjennom fleire forskjellige fargerike område som alle er baserte rundt eitt eller anna tema, får vi verkeleg sjå kva kreative utviklarar kan gjere med litt sytråd. Vi får alt frå lystige skoglandskap til mørke grotter og fargerike dinosaurlandskap. Å kalle dette kreativt blir kanskje å ta litt hardt i sidan dei fleste plattformspel har ein tendens til å gå gjennom dei fleste klimasoner i løpet av fartstida si, men den visuelle stilen gjer det likevel til noko heilt spesielt.

Det som verkeleg skin reint bortsett frå det visuelle er korleis dei forskjellige nivå er sett saman. Utviklarane har funne gode måtar å nytte dei forskjellige miljøa på. På dinosaurnivået må du til dømes balansere på toppen av hovuda til dinosaurar som sym i vatnet, eller risikere livet ved å springe inn i kjeften til ein sint Tyrannosaur for å få tak i nokre verdfulle perler.

Sånn går det når du et for mange tomatar.

Kirby kan brukast til alt

Det kløktige nivådesignet blir forsterka av eigenskapane til Kirby. Sidan han strengt tatt ikkje er meir enn eit snøre lagt i eit mønster kan dette nyttast på fleire måtar. Ved å slenge ut ein tråd kan Kirby gripe tak i både fiendar og objekt han møter på, og dette tillet spelaren å gjere veldig mykje med berre ein knapp. Du kan knuse fiendar eller plukke dei opp for å kaste dei på noko, eller du kan dra i ei snor for å trekkje saman bakgrunnen slik at nye delar av landskapet blir tilgjengeleg.

I tillegg kan Kirby endre form for å betre utnytte områda. Om du hoppar i ned i vatnet blir han til dømes om til ein ubåt, eller du kan gjere han om til fallskjerm-Kirby for å sakte gli nedover. Det meste skjer heilt automatisk eller blir aktivert på svært enkle måtar, noko som lar deg bruke all tida di på å kose deg med kva spelet byr på i staden for å tenkje over korleis du gjer forskjellige ting.

Sjølv om nivådesignet er veldig underhaldande og heile tida sørgjer for at du raskt kjem deg framover, kunne visse element ha vore hakket betre. Det er ingenting som teknisk sett ikkje fungerer, men spelet er veldig lett, og du møter nesten aldri ei utfordring. Her og der må koordinasjonen testast litt, og av og til må ein bruke dei små grå, men dette er stort sett små unntak som ikkje varer lenge. Spelet er plankekøyring heile vegen gjennom, og ikkje ein gong dei forskjellige sjefskampane byr på ei stor utfordring. Eg blei nesten litt paff der eg banka ein stor drage tidleg i spelet på godt under eit minutt.

Heldigvis er ikkje Kirby's Epic Yarn eit spel som krev utfordring for å vere underhaldande. Det er meir enn nok å berre kose seg med dei artige nivåa, og å ta del i den konstante jakta på fleire perler, eller forskjellige skjulte gjenstandar. Spelet er så herleg variert at kvart einaste nivå byr på noko nytt. Det når på ingen måte dei massive høgdene til variasjonskometen Super Mario Galaxy, men det er nok til at du aldri går lei.

Ei skrekkeleg pyse.

Små distraksjonar

Ved sidan av å først og fremst vere eit plattformspel har Kirby's Epic Yarn i tillegg ein liten kreativt avstikkar. På dei forskjellige nivå kan du finne møblar du kan bruke til å møblere eit hus du svært så generøst får tildelt. Her kan du plassere ting som du vil, eller du kan skifte tapet og fargar på det meste. Dette er strengt tatt ikkje underhaldande så veldig lenge, men konseptet blir utvida litt med at du får i oppdrag å innreie hus for andre leigetakarar. I tillegg må du kanskje samle nokre perler for å utvide blokka du bur i. Alt har sjølvsagt si løn, og i dette tilfellet er det små minispel på dei nivå du allereie har kome deg gjennom.

Desse er så enkle ting som å finne ut kvar fem små typar har gøymt seg i løpet av kort tid, og det er faktisk eit artig avbrekk. Tida går, du ser perler du gjerne vil samle inn, men du har ikkje mykje tid på deg. At ekstremt enkle konsept som dette endar opp som god underhaldning er takka vere solide mekanikkar som fungerer uansett kva dei brukast til.

I tillegg kan du spele saman med ein ven, noko som sjølvsagt gjer sitt for å gjere spelet enda eit hakk meir underhaldande, noko som kjem godt med sidan det er i kortaste laget. Det tek ikkje mange timane før du nærmar deg slutten, og det einaste som eigentleg er i stand til å dra ut levetida er jakta på å finne alt på kvar bane. Sjansen er derimot stor for at du gjennom den lette vanskegrada allereie har funne alt, og det er difor ikkje mange nivå som innbyr til omspeling i større grad enn at dei byr på glimrande nivådesign.

Denne karen er det litt meir futt i.

Konklusjon

Nintendo har noko ingen andre plattformhaldarar har. Dei har knakande gode plattformeventyr som er like appellerande for store og små. Kirby's Epic Yarn er enda eit spel i denne solide sigersrekkja med trivelege spel som byr på fargerike område og glimrande nivådesign. Konkurrentane har sine alternativ sjølvsagt, og kvaliteten er der så visst, men om det er plattform av den gode gamle sorten finn du ikkje betre plattformer å underhalde deg på enn dei Nintendo står for.

Kirby's Epic Yarn gjer ingenting for å endre denne trenden. Det er eit flott og polert spel som byr på herlege og trivelege nivå som held på å sprekke av sjarm. Dei mange måtane å bruke Kirby på sørgjer for ein endelaus variasjon, og du finn ikkje ei einaste keisam stund i spelet.

Spelet er riktig nok i kortaste laget, og det er ikkje så utfordrande som det gjerne kunne ha vore, men det set ingen stoppar for engasjementet. Kirby's Epic Yarn byr enkelt og greitt på glimrande og solid plattforming i uimotståeleg verd.

Siste fra forsiden