Anmeldelse

Lightning Returns: Final Fantasy XIII

Ei knallsterk avslutning

Square Enix serverer eit inspirerande farvel med ein uventa trilogi.

Square Enix

Eg gjorde ein stygg feil nokre timar ut i Lightning Returns: Final Fantasy XIII. Sjølv om spelet tydeleg forklarte meg at det ville vere umogleg å få tid til å hjelpe alle dei som hjelp ville ha, ignorerte eg dette, og sette meg fast i byen Luxerion i alt for lang tid. Fram og tilbake sprang eg, på jakt etter folk, på jakt etter gjenstandar. Irritasjonen over den tikkande klokka som aldri slepp taket på deg vaks, og eg merka at eg på ingen måte hadde det moro.

Det var direkte keisamt, og ein skarp kontrast til den første timen eller to som vitna om noko heilt anna. I staden for å umiddelbart setje i gong med å knuse fiendar slik dei tidlegare spela i XIII-trilogien har gjort, måtte eg utføre detektivarbeid. Mi viktigaste oppgåve var å snakke med folk. Det kan ikkje kallast meir avansert enn å finne riktig person for å høyre kva han eller ho hadde å seie, men plassert i ein mørk og stemningsfull by som saman med eit sterkt lydspor skapte ei velkommen noir-stemning, kosa eg meg.

Eg skulle ynskje eg hadde hatt vit til å reise frå Luxerion då stemma til Hope oppmoda meg om å gjere nettopp det. Men nei, eg skulle gjere meg ferdig her.

Tid er pengar

Opningsbyen Luxerion byr på ei Noir-isk stemning.

Lightning Returns: Final Fantasy XIII byggjer vidare på den forvirrande tidsreisa i Final Fantasy XIII-2. Vi reiser ikkje lenger gjennom tid og rom, men har i staden hoppa heile 500 år fram i tid. Dette er ein realitet som kjem fram ofte i løpet av spelet, men som aldri blir truverdig sidan folk snakkar om å ha jobba med ting i fleire århundre på same måte som dei ville ha gjort om dei hadde snakka om år eller månader. Det blir hakket for trivielt, og strengt tatt ganske synd sidan dei psykologiske konsekvensane av å leve evig knapt blir handterte.

Folk har berre slutta å eldast, og no vandrar dei rundt utan mykje mål og meining. Ein og annan stad har Square Enix skrudd saman nokre oppdrag og historier som kan vere direkte rørande, og på desse tidspunkta skin historia i Lightning Returns. Diverre er desse unntaka i eit spel som slit med å formidle brutaliteten ved å leve i 500 år. Vi har derimot ikkje lenge igjen. Tidleg blir vi informerte om at det berre er 13 dagar igjen før verda går under, og i samband med det vil guden Bhunivelze lage ei ny verd frå asken til den førre.

Denne nye verda treng sjeler, og det er her Lightning – vår kvinne i stormen – kjem inn i biletet. I løpet av dei dagane som er igjen må ho frigjere sjeler, og dette betyr i praksis at du skal ta deg av problema deira. Problem som i stor grad går ut på å finne ein person, finne ei gitt mengde gjenstandar, eller ta knekken på eit beist. Det er ikkje uhyre originalt, men du har alltid noko å vere på utkikk etter, og du går ikkje tom for ting å gjere. Ho er i praksis ein kjølig Messias-figur som hjelper folk med å få oppfylt sine siste ynskje.

Lightning Returns druknar i sideoppdrag du enten får frå tilfeldige personar eller oppslagstavler, og dei vil bli eit mareritt om du er av typen som må gjere alt. Det er ikkje mogleg å gjere alt. Aksepter det, og lev etter denne regelen. Ei klokke tikkar og går på skjermen til ei kvar tid, og ulike oppdrag blir tilgjengelege til ulike tider av døgnet. Nokre oppdrag er berre tilgjengelege om morgonen, andre i eit kort tidsrom på ettermiddagen. For å fullføre må du igjen møte opp på rett stad til rett tid.

Du står fri til å ta ting slik det passar deg.

Spelet byr på fire store område. To byar i form av Luxerion og Yusnaan, den digre ørkenen The Dead Dunes, samt Wildlands; eit massivt område som skiftar frå langstrakte sletter til tjukke skogar. I alle desse områda vil du finne unike opprag som alle følgjer klokka. Skal du vere effektiv er det for din del best å ikkje låse seg til tanken om å fullføre ein stad før du går vidare til den neste. I staden legg spelet opp til at du reiser mellom desse områda for å handtere tida di best.

Fri og frank

Lightning Returns står som ein nesten brutal kontrast til Final Fantasy XIII. Der det første spelet i denne trilogien severte oss eit i stor grad svært lineært spel som fokuserte på historia, er Lightning Returns den rake motsetning. Det er historier her, og dei ulike områda byr på tidvis ganske gode forteljingar, men tempoet du tek dei inn i er valfritt. I dette spelet blir du kasta ut i ei diger verd der du strengt tatt står fritt til å gjere som du vil. Når du til dømes reiser til Wildlands for første gong kan du følgje historia som utspelar seg der, men det er ingenting som stoggar deg frå å gå ein heilt annan veg.

Dine første stunder i eit nytt område kan bli ei herleg ferd der du berre utforskar og gjer deg kjent med dine nye omgjevnadar. Du kan oppdage små samlingar med folk, landsbyar, og elles kva eit område har å by på i ditt eige tempo. Dette høyrest kanskje noko paradoksalt ut med tanke på at klokka tikkar og går, men utviklarane har lagt inn ein smart funksjon som hjelper deg med å handtere tida betre.

Du kan blande klesplagg og utstyr etter eigne behov.

Kvar gong du vinn i ein kamp vil du få Eradia. Dette er ei kraft du kan bruke til å gjere alt frå å teleportere mellom område (i staden for å til dømes bruke ein time på å ta toget), til å stogge tida i kampane, eller få klokka til å stå heilt i ro medan du utforskar verd. Sistnemnde er ein livreddar. Om du har mykje som skal gjerast kan du berre låse tida ei stund. Kvar kamp du vinn gir deg meir Eradia, og såleis kan du halde det gåande svært lenge.

Å angripe alle fiendar du ser kan såleis lett bli ein freistande tanke, men i Lightning Returns er konsekvensane av ein kamp heilt annleis enn i andre spel. Du får ikkje erfaringspoeng, berre Eradia, pengar og kanskje ein gjenstand eller to. For at Lightning skal bli sterkare må du utføre oppdrag, og dette er den einaste måen å byggje ho opp på. Oppdrag tek derimot tid, og den einaste måten å få meir tid på er ved å drepe fiendar. Det heile heng i hop på ein ganske utspekulert måte.

Ei utfordring som etter kvart gjer seg svært synleg er at det ikkje er endelause mengder med fiendar i dette spelet. Før eller seinare vil du få beskjeden om at du no har utrydda ein art. Det er ein brutal vekkjar. Kva skal du gjere no? Korleis skal du få tid til alt om du går tom for fiendar? Det er ein djevelsk idè frå Square Enix si side, men den skapar ei nerve som verkeleg held deg i skinnet. Spesielt merkbart blir dette om du er midt inne i ei katakombe full av dører med tidslås, og brått utryddar ein av dei få fiendane som finnest der.

Det er lett å utvikle både elsk og hat for klokka, men ein ting er sikkert; den held deg på beina til ei kvar tid og sørgjer for at du ikkje stagnerer utan mål og meining. Utviklarane kunne likevel ha jobba hakket meir med den. Det er ikkje til å unngå at du vil ende opp i stuasjonar der klokka berre blir ein fiende. Av og til må du finne deg i å tvinne tommeltottar medan du ventar på eit gitt tidspunkt, og slikt blir berre frustrerande når du veit du ikkje har uendelege mengder tid.

Kostymeball

Final Fantasy er ikkje komplett utan ein Moogle eller to.

Sjølv om du teknisk sett kan dra nytte av å styre unna ei rekke kampar, er ikkje alle like lette å unngå. Lightning Returns ligg ein stad midt i mellom dei tilfeldige kampane i Final Fantasy XIII-2 og dei godt synlege fiendande frå Final Fantasy XIII. Fiendane materialiserer seg frå tynn luft, men avhengig av kva område du er i vil dette veksle mellom å skje rett framfor deg, og på god avstand.

Naturleg nok vil du ende opp i mange kampar, og kampsystemet i Lightning Returns byggjer vidare på Paradigmesystemet frå dei tidlegare spela. Store endringar har likevel skjedd. Lightning er no aleine på slagmarka, med unntak av ein og annan gjest, men du står likevel friare enn du gjorde før. I dei tidlegare Final Fantasy XIII-spela hadde du ei gruppe på tre krigarar, og i kampane kunne du skifte mellom tre ulike oppsett, der kvart oppsett bydde på ulike karakterklassar.

I Lightning Returns vil du framleis skifte mellom tre oppsett, men kva desse oppsetta byr på er fullstendig opp til deg. Spelet byr ikkje på konvensjonelle karakterklassar. I staden kler du Lightning opp i ulike klesplagg, gjev ho eit våpen, eit skjold, eit par gjenstandar, samt fire eigenskapar. Alt du gjir Lightning kan by på både positive og negative element, og i staden for å tenkje kva klasse du vil vere, er det beste å tenkje på kva du vil Lightning skal meistre i si nye rolle. Du kan lage tre fysiske krigarar om du vil, der du gjev ho våpen og klede som byggjer opp om styrke og ingenting anna. Evetuelt kan du lage tre magikarar, eller blandingar av alt. Det er heilt opp til deg kva du vil gjere, og det etter kvart vaksande tilbodet med klede og våpen opnar opp for svært mykje fikling i menyar for å finne den kombinasjonen som passar deg best.

Lightning Returns: Final Fantasy XIII har eit av dei beste kampsystema i serein.

Resultatet er eit av dei beste kampsystema i seriens historie. Det er kanskje ikkje særleg turbasert lenger, men det er forrykande moro og utfordrande. Kvart oppsett har si eiga ATB-linje som fortel kor mykje energi du har å bruke om gangen. Ulike angrep nyttar ulike mengder ATB, og når du er tom må du skifte til eit anna oppsett. Dei oppsetta som ikkje er aktive vil automatisk fylle opp igjen ATB-linja si, og på denne måten kan du danse mellom ulike oppsett, angrep og taktikkar i eit høgt tempo.

Eitt oppsett kan til dømes slenge statusendringar på fienden, eit anna kan ha kjappe angrep som svimeslår fienden, og eit siste kan ha eit utval magi som avsluttar kampen.

Som om dette ikkje var nok let spelet deg oppgradere alle former for angrep og magi. Løna du får for å knekkje ein fiende kan ofte vere ein eigenskap som til dømes eld eller angrep. Har du mange av ein type kan desse smeltast saman i ein magibutikk for å lage ein betre versjon. Desse forbetra utgåvene kan seinare oppgraderast til nye nivå, og såleis kan du stadig gjere alle angrepa dine betre og meir effektive. Dette er ikkje gjort over natta heller, og gir deg ein konstant motivasjon for å knuse fiendar og utforske verda litt meir.

Eit spel for spelarens skuld

Lightning Returns er langt på veg meir eit spel enn noko anna Final Fantasy-spel i nyare tid, om vi ser bort frå MMO-spela Final Fantasy XI og Final Fantasy XIV. Det er eit spel som trass i å by på ei historie aldri tvingar deg til å følgje den slavisk. Vi blir kasta ut i ei diger sandkasse av ei verd der vi strengt tatt kan gjere som vi vil, men det er umogleg å gå seg vil. Kartet viser alltid kvar du skal gå for å drive historia vidare, og på vegen dit kan du sjå ting som freistar deg til å utforske i ei anna retning.

Historia kan bli forvirrande.

Den overhengande historia er litt langt ute, sjølv om det ikkje herskar nokon tvil om at utviklarane har tenkt nøye over alle bitar av mytologien. Dei indidviduelle hovudhistoriene i kvart område er strengt tatt langt betre enn reisa til Lightning er. Hovudsakleg fordi dei er meir fokuserte på ein spesifikk ting. Lightning si oppgave med å redde sjeler før verdas undergang druknar til samanlikning i forvirrande namn og terminologi som berre den mest hardbarka Final Fantasy XIII-fan vil forstår.

Samtidig har spelet ein lei tendens til å overforklare ting. Nokre historiesekvensar er svært solide, medan andre igjen gjentar det same poenge om igjen fleire gongar. Det blir hakket for ujamt, og ein kan miste interessa av det. Mykje av dialogen, spesielt den som skjer mellom Hope og Lightning medan du spring gjennom verda, kunne ha vore forenkla mykje.

Dette ujamne inntrykket er gjeldande for den visuelle presentasjonen òg. Nokre gongar er Lightning Returns slåande vakkert, med nydelege modellar og flotte område. Andre gongar, og då spesielt i samtaler der kulissane kjem nært kameraet, ser ein teksturar som minnar meir om gjørme enn noko anna. Samtidig er fleire av dei mindre viktige personane du snakkar med heilt identiske med unntak av litt variasjon i farge, hår og klede.

Musikken er derimot i ein klasse for seg. Spelet nyttar ei solid blanding av heilt ny musikk, samt lydspor frå dei to tidlegare spela i serien. Resultatet er eit spel som byr på mykje nytt, men samtidig set deg inn i ei nesten nostalgisk stemning når nokre av dei beste spora frå tidlegare spel dukkar opp. Her og der finn vi og trubadurar som spelar akustiske versjonar av låter frå spelet. Eit artig trekk.

Konklusjon

Lightning Returns: Final Fantasy XIII er heilt tydeleg eit spel laga av folk som har hatt det moro. Det er eit stort, ope og leikent spel som viser at Square Enix har ein stab full av smarte folk fulle av tidvis geniale idear for korleis ein skal byggje opp eit spel. Kampsystemet er i ein klasse for seg, og putta inn i ei opa verd der du har tydeleg motivasjonar for alt, er det lett å bli hekta.

Blokkering blir eit naudsynt verkty i kamp mot desse krapyla.

Det er likevel vanskeleg å ikkje tenkje seg at dette spelet kunne ha vore langt betre om det ikkje var låst til historia om Lightning. Enkelte element framstår som om dei har vore pressa inn fordi dei vere der grunna kontinuitet, ikkje fordi det er den beste løysinga, og slikt trekk ei elles storslagen oppleving ned.

Å dele spelet opp i fire store område var i så måte eit veldig smart trekk. Det har gjeve utviklarane sjansen til å fortelje ulike historier meir eller mindre separat frå den overhengande historia. Det skapar ein god driv, og ei svært positiv blanding av alvor og eit og anna islett av sjarmerande humor. Såleis kamuflerer spelet på sett og vis ei handling som ikkje alltid er heilt enkel å forstå, men den blir heldigvis aldri like absurd og retningslaus som historia i Final Fantasy XIII-2

Hadde Square Enix rydda litt opp i historia, og kanskje stramma litt inn på kor langt ut i absurditetane dei skal ta ting, kunne Lightning Returns: Final Fantasy XIII raskt ha blitt det beste Final Fantasy-spelet på mange år. Om ikkje anna, er det eit svært lovande teikn på kvar serien er på veg.

Er du meir interessert i Final Fantasy-spel av den eldre sorten, kan fjorårets Bravely Default kanskje passe betre.

8
/10
Lightning Returns: Final Fantasy XIII
Dette er tydeleg eit spel laga av folk som har hatt det moro.
8
/10
Lightning Returns: Final Fantasy XIII
Dette er tydeleg eit spel laga av folk som har hatt det moro.

Siste fra forsiden