Limbo
Anmeldelse

Limbo

Ein liten gut reiser ut på ei fantastisk og skummel reise for å finne systera si.

Limbo er rein og skjær magi. Det finnest ingen betre, meir original, og meir beskrivande måte å seie det på. Det er eit spel som tek tak i deg og held fast som i ei skrustikke til det heile er over. Det er eit spel som ved vegs ende fekk meg til å berre sitje livlaus i sofaen med eit slapt grep om handkontrollen medan eg stirra tomt ut i lufta, før eg tusla ut på trappa ei heller lummer sommarnatt for å ta meg ein røyk. Røyken hang slapt i munnvika og brann opp utan at eg fekk det med meg, blikket framleis tomt, men alle lydane rundt meg var brått mykje tydelegare enn før.

Om du nokon gong har vore i situasjonar der alt plutseleg framstår som meiningslaust, er dette ein av dei.

Mørke dagar

Klarer ikke laste video

Det finnest inga historie i Limbo. Dette er ikkje eit spel som dreg deg i den eine eller den andre retninga ved hjelp av forskjellige forteljarteknikkar. Alt i Limbo handlar om stemning. Frå første sekund er du fullstendig fengsla. Spelet er kanskje enkelt i si todimensjonale utforming, men det er likevel noko av det vakraste du nokon gong vil sjå. Det er som å vandre rundt i eit levande måleri. Kvart einaste skjermbilete frå dette spelet kan trykkast opp på store lerret for å stillast ut i eit eller anna dyrt kunstnarsenter som likar å meine dei har greie på slikt.

Spelet kastar bort alle fargar. Alt ligg ein stad mellom svart og kvitt, og saman med ei blendande vakker lyssetjing blir den dystre verda i Limbo brakt til live. Nesten ingenting er i fokus, og verda er bygd på på ein måte som får den til å sjå mykje større ut enn den er. Medan du ruslar frå den eine sida av skjermen til den andre vil forskjellige kulissar og objekt gli forbi. Nokre ting er lette å identifisere, andre er lumske skuggar lik dei ein såg føre seg då bestemor las gamle eventyr til ein liten pjokk.

Den harde kjensla av å vere heilt aleine blir større og større, og kjenslene i kroppen blir ikkje betre av at du ikkje har noko musikk å henge deg fast i. I staden har vi lydar, veldig mange lydar. Limbo er eit spel som imiterer den fred og ro vi har ute i naturen, men det som viser seg veldig raskt er at naturen er alt anna enn stille. I det fjerne høyrer du eit dyr, den svake lyden av fotstega dine fortel deg kva du går på, og som eit tjukt teppe over deg heng ein dyster dur som aldri heilt slepp taket. Nokre gongar blir dette lydbiletet brote opp av ein og annan ambient lyd som får det til å gå kaldt nedover ryggen, men det går aldri langt nok til at det blir nokon melodi av det.

I sitt fråvær av lyd blir lyden nesten det viktigaste i å fortelje deg kva du bør kjenne. Du står fri til å la magekjensla diktere sinnsstemninga, men magen knyt seg.

Du er aldri trygg
Du er aldri trygg

Perfekt balanse

Limbo blandar gåteløysing med tradisjonelle plattformspel, og spelet gjer ein glimrande jobb i å sakte men sikkert sende deg frå det eine ytterpunktet til det andre. Det heile startar enkelt nok. Alt du eigentleg treng gjere er å hoppe litt frå ein avsats til ein annan, og dytte ei kasse eller to. Dette er likevel berre starten. Kontinuerleg møter du nye og meir utfordrande oppgåver, og utan at du eigentleg har fått det med deg, har plattformsekvensane nesten forsvunne. Mot slutten av spelet er dei meir eit verkty i større utfordringar, enn eit mål i seg sjølv.

Dei forskjellige gåtene er i utgangspunktet elementære. Du dytter kassar, trykkjer inn knappar som får platå til å heve seg og svingar deg i eit tau eller to. Seinare får du leike deg med fysikk og gravitasjon, og spelets mest utfordrande oppgåver blandar alle elementa i nokre av dei mest fantastiske nøttene eg nokon gong har knekt.

Spelet gjer aldri den feilen å bli for vanskeleg. Ikkje misforstå, det blir blodig hardt til tider, og du kan banne på at kvart feilgrep frå di side vil sende deg inn i ein makaber død der den vesle stakkaren blir spidda i ei grav, maltraktert av eit sagblad, eller verre. Døden kjem ofte, men den er meir eit ledd i å vise deg vegen vidare, enn ei straff for å gjere feil. Du blir aldri sendt langt tilbake om du døyr, og du kan starte opp igjen berre nokre knappe sekund frå der du omkom.

Akkurat her ligg mykje av kjerna til kva som gjer Limbo så ufatteleg uimotståeleg. Du finn alltid vegen ut. Svaret stirar deg alltid i andletet, og sjølv om det av og til tek ei stund før du ser det, finn du det til slutt. Limbo er ikkje eit spel som får deg til å slå av maskina i forakt. I staden prøvar du igjen og igjen, for du veit at svaret ligg der. Ofte dukkar løysinga opp på overraskande og tidvis forbløffande måtar. Nokre gongar etter å ha slite over lengre tid går det brått opp for deg kva du ikkje har gjort, og ei ubeskriveleg kjensle av meistring vellar over deg.

Dette er eit spel som verkeleg gjev deg kjensla av å vere smart når du først får til noko. Det er du som har fått det til. Det er ikkje utviklarane som har gjort ein god jobb. Du er den vesle guten på skjermen, og du har nett stogga ein enorm vevkjerring ved å verkeleg bruke det som ligg mellom dine to øyre.

Ikkje stol på alle du møter
Ikkje stol på alle du møter

Utan ein tråd

Limbo er ei oppleving. Det vil ikkje ta deg mange dagar å fullføre, men det er likevel eit spel som lett kan gi mykje meir tilbake enn eit stort og omfattande spel. Om du startar tidleg kan du bli ferdig med det på ein kveld, og dette er ikkje berre fordi spelet er kort. Det tek riktig nok ikkje stort meir enn mellom fire og seks timar avhengig av kor mykje du sit fast, men den viktigaste grunnen til at du nok vil bli ferdig på ein kveld er at det er heilt umogleg å leggje spelet frå seg.

Har du først plukka det opp greier du ikkje slutte. Heilt frå startmenyen veit du at du er i ei anna verd. Eitt trykk på knappen er alt som skal til før du er i gong. Spelet viser deg ikkje ein gong ein lastesekvens før du har vinka farvel til alt rundt deg, og det dukkar ikkje opp ein einaste av dei utover i spelet heller. I staden for å byggje spelet opp rundt ein nivåstruktur, veit du aldri når du går frå det eine kapitlet til det andre. Alt går i eitt i eit saumlaust eventyr som aldri startar og aldri sluttar.

Spelet stoppar likevel litt opp av og til, og dette er eigentleg mitt einaste ankepunkt om ein kan kalle det det. Sjølv om svaret alltid ligg framfor deg, blir det tidvis hakket for utydeleg. Når du til dømes skal skli nedover eit hustak som sender deg rett i døden, er det ikkje alltid like lett å sjå den knappen som ligg på det skiltet du kanskje er presis nok til å flyge forbi. I andre situasjonar er det heilt omvendt, og du endar opp med å vandre over lengre avstandar på jakt etter eit svar, sidan forskjellige element i området sender ut motstridande signal.

Det er eit lite skår i gleda, men på ingen måte nok til å øydeleggje den fabelaktige stemninga, og det ustoppelege engasjementet spelet byggjer opp.

Newtons lover betyr ikkje mykje i Limbo
Newtons lover betyr ikkje mykje i Limbo

Konklusjon

Det er forferdeleg vanskeleg å finne noko negativt å seie om Limbo. Det er eit spel som gir meg lyst til å kaste meg inn i debatten om kor vidt spel kan vere kunst ved å bryte meg inn i huset til Roger Ebert med ein Xbox 360 under armen medan eg ropar «Sjå her! Sjå her!». Eg kan garantere deg at du aldri har erfart noko liknande før, og sjansen er stor for at dette er den einaste sjansen du får.

Slike kunststykke kjem berre ein gong.

Limbo kombinerer den vakraste og mest stemningsfulle visuelle presentasjonen du kan tenkje deg, med den skumlaste og mest ubehagelege lyden du kan tenkje deg. Det er ei pakke som pirrar sansane, samtidig som ein svak finger viftar ei åtvaring mot deg, som for å seie «det er ikkje trygt her, gå tilbake». Men korleis skal ein kunne gå tilbake? I dette makelause vesle marerittet finn vi nokre av dei beste gåtene og utfordringane eit sideskrollande spel kan by på. Skamme deg burde du, om du let dette bli eit av dei spela du aldri prøvde.

X360 9 /10 Klassisk

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

LIMBO

Limbo X360 X360 9/10 iPad 10/10 iPhone PS3 Windows Mac Linux Vita

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 21. juli 2010
  • Plattform: Xbox 360
  • PEGI: 18+
  • Sjanger: Gåteløsning
  • Utgiver: Microsoft Game Studios
  • Utvikler: PLAYDEAD

Beste priser

Kommentarer (48)

Forsiden akkurat nå

Alle brukere Dette gjør brukerne nå

Til toppen