Test

Logitech G PRO Gaming Headset

Logitech går fullstendig vekk frå utsjånaden me er vande med

Kjem med hovudsett retta mot konkurransespeling.

P1010394
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Logitech har vore ein av dei mest populære produsentane av gaminghovudsett dei siste åra, og er no ute med nok eit innslag i repertoaret sitt. Logitech G Pro Gaming Headset kvittar seg med ein del av den billige plastikken som produsentens hovudtelefonar ofte har, og går for eit meir rett-på-sak-design med behagelege heildekkjande lærputer til øyrene dine.

Hovudfokuset er på konkurransespeling. I pressemeldinga frå Logitech får me lese rosande ord frå ymse e-sportutøvarar, og at dette kjem til å bli ein av standardhovudtelefonane i fleire ulike spel framover. Sjølv er eg ikkje fullt like imponert. Logitech G Pro Gaming kostar deg ein dryg tusenlapp, og det utan å kome heilt opp mot konkurrentar som til dømes Kingston HyperX Cloud Alpha Pro.

Design og komfort

Eg må innrømme at eg er ein smule fordomsfull når det kjem til Logitech-hovudtelefonar. Den krispe plastikken deira har ein tendens til å knekke etter kort tid, og dei juletrelysblinkande klokkene presser for mykje mot øyrene. I løpet av nokre få år har eg har vore gjennom fem hovudtelefonar frå produsenten. Tre av dei var ulike versjonar av G35 – eit glimrande hovudsett til prisen, til tross for håplaust dårleg byggekvalitet –, eitt G233 og eitt G633, der sistnemnde pressa så mykje på øyra mine at eg berre returnerte det.

Logitech G Pro hovudsettet er langt unna det me er vande med å sjå frå produsenten.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Logitech G Pro Gaming Headset går vekk frå det meste av det Logitech har stått for når det kjem til spelhovudtelefonar (anna enn G433). Her får du kunstlærputer til øyrene dine og robust plastikk i bøyelen. Utsjånaden er meir anonym enn det me er vande med å sjå, og komforten er på topp. Designet er i ein heilt anna klasse enn dei futuristiske greiene dei har servert før. Hovudtelefonane kjenst lette på hovudet med sine 259 gram, og presset er knapt merkbart. Dette er eit langt steg frå korleis G633/G933 fungerte, men dei når ikkje heilt opp til komfortnivået til G35.

Komfort er ein av dei desidert viktigaste faktorane knyta til kjøp av spelhovudtelefonar. Du skal kunne ha dei på over lang tid, utan at ubehag får deg til å kutte ned på gamingøkta. Eg har testa Logitech G Pro Gaming i nokre veker no, med maratonøkter i Europa Universalis IV, Fortnite og PlayerUnknown’s Battlegrounds på godt over seks timar. Ein kan bli litt øm på kanten av øyra etter kvart, men dette er mest ein tilvenningssak. Etter nokre dagar merka eg ingenting.

Bøyelen verkar godt bygd, og kjem neppe til å knekke like lett som G35 gjorde.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

For å halde kvardagens distraksjonar på arms lengde, har Logitech brukt støyisolerande øyreputer, samt ei form av aktiv støyreduksjon. Dessverre har det ikkje så veldig stor effekt. Du får både den romslege og litt innestengde kjensla av dei heildekkjande og støyisolerande klokkene, på same tid som du høyrer det som skjer rundt deg med minimal støyreduksjon.

Av ekstrautstyr får du ein kondensatormikrofon med pop-filter, som enkelt pluggast ut og inn av hovudtelefonane. Den to meter lange leidningen har eit volumhjul og ein brytar med mute-knapp for mikrofonen, men elles lite anna.

Det følgjer med ein splitter for mini-jack i eska, slik at ein enten kan ha separate pluggar for mikrofon og hovudtelefonar, eller berre bruke 3.5 millimeter-pluggen. I og med at dei ikkje har noko USB-leidning, kan hovudtelefonane pluggast inn i omtrent kva som helst.

Det er ingen programvare med, slik at all eventuell justering av EQ må skje gjennom hovudkortet ditt. For denne testen har eg brukt ein PC med ASUS ROG Maximus X Hero-hovudkort, samt PlayStation 4 og Xbox One til litt einspelartesting.

Lyd i spel

Den vesle kontrollaren lar deg dempe mikrofonen og justere volum.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg bruker mykje av tida mi på skytespel, og investerer ein del kronasjar i skikkelege hovudtelefonar. Det er viktig å ha noko som kan hjelpe meg med å finne den luskande fienden rundt det neste hjørnet. Logitech G Pro Gaming har fokus på nettopp dette. Det skal seiast at hovudtelefonane fungerer fint til andre ting òg, men produsenten har marknadsført dette som hovudtelefonar til konkurransespel, så la oss ta ein kikk på nokre slike.

Inne på dei sandkledde dynene i PlayerUnknown’s Battlegrounds Miramar-kart, har eg funne fram M416-rifla og spent på både sekk, hjelm og skotsikker vest til figuren min. Framfor skjermen sit eg sjølv med dei nye hovudtelefonane mine godt plassert nedover øyrene. Det er høgsesong for jakt på «noobs».

Eg blir møtt av eit rikt lydbilete som gir vekt til eksplosjonane og skotsalvane eg høyrer rundt meg, sjølv om bassen er litt tynn. Det tar ikkje lang tid før eg møter ein fiende, men eg saknar forvarselet eg er vand med. Eg høyrer nemleg ikkje fotstega hans. Det manglar noko i dei høgare frekvensane her. Lyden er litt gjørmete, og sjølv etter ein del justeringar av EQ i programvara til hovudkortet mitt og test med både Windows Sonic og Dolby Atmos, får eg ikkje diskanten så klar som eg vil ha den. Det gjer at det er vanskeleg å skilje mellom fotsteg og skyting. Lyden er på ingen måte dårleg, men akkurat til PUBG når ikkje hovudtelefonane opp til det ein får frå konkurrentar som Kingston HyperX Cloud Alpha Pro. Riktig nok er lyddesignet i PUBG noko håplaust, så viss ein faktisk skal kunne skilje fotsteg frå skyting skikkeleg, bør ein opp på audiofilhovudtelefonar. Dei treng ikkje vere så veldig dyre, men ein må fort plusse på ein femhundrelapp. Audio Technica ATH-AD700x har vore min favoritt i PlayerUnknown’s Battlegrounds.

Logitech Pro-G driveren gir deg eit akseptabelt lydbilete.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

I Counter-Strike: Global Offensive og Fortnite Battle Royale blir det vesentleg lettare å høyre fiendane, og forskjellane til andre hovudtelefonar i same prisklasse minskar. Retningssansen min får eit ekstra boost frå lyden her. Også i Overwatch fann Logitech-hovudsettet seg til rette, men lyden er litt for hòl og dunkel for min smak. Den svake lydisoleringa har ein del med dette å gjere trur eg. No er mykje av det eg skriv om her veldig subjektive oppfatningar, men eg er sikker på at det er mogleg å finne betre alternativ for tusenlappen din til speling.

Eg sit igjen med det same inntrykket etter nokre timar med musikk på øyret. Sjølv om hovudtelefonane har fin presentasjon av mellomfrekvensane, er ikkje bassen god nok.

Mikrofon

For den erfarne konkurransespelaren vil ein god mikrofon alltid vere viktig. Du har kanskje fått høyre klaging frå lagkameratane dine om skurring på mikrofonen din, eller at den plukkar opp for mange ulydar rundt deg. Det har i alle fall eg. Er du til og med såpass vågal at du tar turen innom Discord med eit mekanisk tastatur, bør du vere klar til å gjere nokre justeringar her og der.

Kondensatormikrofonen er ikkje akkurat fantastisk, men den får jobben gjort.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Med mangel på programvare er det noko avgrensa kva du kan gjere viss du ikkje har eit lydkort eller hovudkort som lar deg justere mikrofonen skikkeleg. Då blir det berre input-nivået i Discord eller på TeamSpeak som du må leike med. Du får dempe mikrofonen med ein knapp på leidninga til hovudtelefonane, men elles er det meste opp til kva PC du har.

Sjølve lydkvaliteten på mikrofonen er tydeleg og ein del betre enn det ein vanlegvis ser i dette prissjiktet, men venene dine på Discord vil kunne høyre litt skurring. Mikrofonen har òg ein tendens til å legge mest vekt på basslyd, slik at stemmen din høyrast veldig mørk ut.

Konklusjon

Logitech G Pro Gaming Headset er eit heilt greitt kjøp til ein tusenlapp, men det finst definitivt betre alternativ ute på marknaden. Sjølv for den som berre ønskjer å bruke hovudtelefonane til konkurransespeling, er det andre hovudsett som kan gi deg betre retningsbasert lyd til den same prisen. Samstundes er det ingen tvil om at hovudtelefonane vil kunne halde deg i live i spel, og gi eit rikt lydbilete til musikk og film, til tross for nokre minus her og der.

Det enkle designet er etter mi meining eit langt steg framover for Logitech, og eg vil gjerne sjå meir av dette, men med meir funksjonalitet slik til dømes G633 har. Skikkeleg EQ og ChatMix ville vore eit stort pluss for Logitech G Pro Gaming Headset, så me får krysse fingrane for at neste generasjon får litt meir å rutte med.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
6
/10
Logitech G Pro Gaming Headset
Grei lyd og mikrofon, men neppe det beste til konkurransespel.
3,5 mm kan brukast på alt mogleg
Komfortable
Gjer det godt i mellomfrekvensane
Enkelt design
Tydeleg lyd på mikrofon
Tynn bass
Ingen EQ eller ChatMix
Skurrande mikrofon
Svak støyreduksjon

Siste fra forsiden