Anmeldelse

Monsterbedrifta

Capcom kan svære beist og tøffe våpen, men det er ikkje gull alt som glimar.

Det er ganske spesielt korleis eit i utgangspunktet fantastisk spel som Lost Planet 2 kan ende opp slik. Alt ligg til rette for ein actionfest av dei store. Nivådesignet er herleg, grafikken er til tider monumental, musikken pumpar adrenalin utan stopp, våpenutvalet er fantastisk, og møta med fienden er både varierte og djupt engasjerande. I tillegg er spelet bygd opp som ein samarbeidsfest av dei store.

Når du kombinerer ei suksesshistorie som denne med ei lang rekke merkelege designval som kontinuerleg gjer sitt beste for å øydeleggje moroa for deg, får du eit spel du nesten blir på gråten av å ikkje kunne elske.

The belly of the beas,t
The belly of the beas,t

Nakkeskot

Lyden av ei hagle gjallar gjennom øyra dine i det du flyg ut frå plattforma du stod på. Det er ikkje første gang det skjer. Det har skjedd så mange gongar no at du er nær ved å kyle kontrollaren hardt inn i skjermen framfor deg. Krafta du blir slått bakover med frå eit enkelt hagleskot er massiv. Du flyg praktisk talt gjennom lufta, og om du dett ned i vatnet er du død. Det spelar inga rolla at det nivået du nett runda let deg traske langs havbotnen. No er vatnet rein gift, og det må du finne deg i.

På dette punktet i spelet veit du veldig godt av erfaring kor vanvittig frustrerande det er når du blir slått gjennom lufta på denne måten, om det så er frå ei hagle eller ein nærliggjande eksplosjon. Nokre timar tidlegare kom du deg omsider gjennom togturen frå helvete. Ein panisk kamp mot eksplosjonar der du innleiingsvis står låst fast i ei togvogn medan fiendane skyt rakettar og anna krims krams i din retning. Eit imponerande spekter av oransje fargar svermar omkring deg medan du karar deg gjennom røyken, berre for å bli skoten i ryggen av eit helikopter som ut av tynn luft har funne ut at det skal angripe deg frå den andre sida av vogna. Du flyg. Ut vindauget på vogna, og ned på bakken. Du er sjølvsagt død, for femte gong på under ein time.

Skulle ikkje den første flygeturen ta knekken på deg, kan du vere sikker på at ein ny eksplosjon vil slå deg permanent i bakken før du har kome deg på beina igjen.

«No place to hide», som Kojima Productions så fint sa det under avdukinga av Metal Gear Solid 4.

Sann mine ord, dette vil du hugse lenge.
Sann mine ord, dette vil du hugse lenge.

Kampen for å overleve

Lost Planet 2 er designa for at opp mot fire personar skal spele saman. Dette er viktig å hugse. Det er meininga å spele saman. Om du vil ha eit historiebasert spel der du eine og aleine reddar verda, gjer du best i å gå ein annan stad, for Lost Planet 2 har veldig lite å by deg.

Javisst er det storslagent, og sjølv om du spelar aleine vil du finne mange fantastiske ting i spelet. Nokre nivå er så vanvittige gode at om dei var alt spelet bestod av ville dette ha sigla rett mot topplistene.

Men dei er ikkje alt spelet består av, og veldig mange nivå krev samarbeid. Spelet er så skreddarsydd mot samarbeid at det er nesten umogleg å spele det aleine. Eit døme er togbana eg har nemnt allereie. Den startar som ei utfordring, og endar opp som dei olympiske leikane frå helvete. Medan eit gigantisk beist angrip toget må ein kanon ladast, kjølast ned om den blir skada, rotert mot fienden, og fyrt av. Dette er ei intens og spanande utfordring når du spelar på nett, men om du er aleine, endar det opp som eit frustrerande og provoserande døme på brukarfiendtleg design.

Du må gjere absolutt alt aleine, sjølv om du kan ha med deg tre allierte soldatar styrt av det som kanskje er tidenes dårlegaste kunstige intelligens. Medan du febrilsk prøvar å drepe dette gigantiske beistet gjer medsoldatane dine nesten ingenting. Ein og annan gong vil dei kanskje leggje ei ny bombe i kanonen, men det er alt. Resten av tida står dei der. Står og ser på som om dei var turistar som aldri har sett ein sau før.

Spelet byr på stor visuell variasjon.
Spelet byr på stor visuell variasjon.

Å drepe gode vener

Du får lyst til å drepe dei, og ikkje berre på dette eine nivået. Dine allierte er så tomme innvendig at det kan vere like greitt å spele utan dei. Dei hjelper deg ikkje med å løyse dei oppgåvene som står for dagen, plukkar ikkje opp gode våpen, og dei er meir opptekne av å vere nær deg enn av å gjere noko nyttig. Midt i ein intens kamp mot ein eller fleire mektige fiendar kan dei stå heilt i ro. I nokre ekstra frustrerande situasjonar plukkar dei brått opp eit av dei få gode våpna i området, berre for å stå der med ryggen mot fienden. Det er så provoserande at ein kan få lyst til å dra disken ut av maskina for så å trampe den til ugjenkjennelege splintar.

Dei einaste gongane det er noko hjelp å få frå dei er når du spring rundt innandørs i område som sørgjer for at når ein først ser fienden, er ein nær nok til at dine allierte vil opne eld. Då gjer dei jobben sin, dei fyrer laus, drep nokre fiendar, og gir deg eit svakt hint om korleis det er å spele på nett. For det meste er dei uansett fullstendig ubrukelege, og du gjer godt å å gløyme deira eksistens. Capcom kunne like godt ha eliminert dei frå spelet, eller enda betre, tvinga deg til å spele på nett. Då hadde Lost Planet 2 stått mykje betre på eigne bein for kva slags spel det faktisk er.

At Lost Planet 2 er eit spel bygd opp rundt samarbeid mellom to til fire spelarar er heva over all tvil. Å spele saman med andre kan vere ei heilt fantastisk oppleving der fleire nivå byr på genuint gjevande utfordringar. Saman med venene dine kan du gå fram på strategiske måtar der alle har sine oppgåver og gjennom skikkeleg samarbeid tek ned fienden og løyser dei problema som ligg for dagen.

I tettpakka situasjonar kan til dømes ein spelar plukke opp eit skjold han held framfor seg medan dei andre spelarane trygt held seg bak han medan dei fyrer runde på runde med bly og eksplosiver inn i fienden. Opplevingar som desse, der samarbeid og kommunikasjon mellom spelarane skapar noko heilt spesielt, er det vanskeleg å setje ein pris på, men du finn det raskt i Lost Planet 2.

Av og til er det best å springe
Av og til er det best å springe

Alt til sin pris

Som med alt anna (i spelet) er derimot ingenting perfekt. Lost Planet 2 kan vere direkte fantastisk over nett, men nokre svært kritikkverdige designval kjem likevel i vegen. Det første du vil merke er korleis det ikkje er mogleg å hoppe over filmsekvensane når du spelar saman med andre. Korleis eit så bakstreversk val kan ha blitt gjort er over mi fatteevne, spesielt med tanke på at det går heilt fint å hoppe over dei når du spelar aleine. Det er verst i starten, og det blir heldigvis færre filmar seinare i spelet.

Det andre irritasjonsmomentet du vil frontkollidere med er at Lost Planet 2 tvingar alle til å kome like langt i historia før dei spelar saman. Om du personleg har kome til kapittel tre, og ikkje vil spele dei to fyrste kapitla om igjen, kan du berre spele saman med dei som har kome like langt eller lengre enn deg. Du kan ikkje starte eit spel der du inviterer nykomarar midt inn i spelet. For å gjere vondt verre kan du ikkje berre hoppe inn i eit pågåande spel. Sjølv om kvart kapittel er delt inn i mindre oppdrag som tek alt frå fem til femten minutt å kome gjennom, må du starte eit nytt spel for å få nye spelarar inn. For å vere eit samarbeidssentrert spel er slike val vanskeleg å fatte.

Det verste er likevel «Battle Gauge». Dette er ein målar som i praksis fortel deg kor mange liv du har. Kvar gong du finn ein «Data Post» (eit provisorisk sjekkpunkt du kan kome tilbake frå om du skulle døy) vil du få 500 «Battle Gauge»-poeng. Om du skulle døy vil du miste 500 Battle Gauge-poeng. I essensen er dette eit heilt greitt system som motiverer deg til å spele godt.

Systemet blir derimot alt anna enn godt når ein spelar saman med andre. Gjennom dei første kapitla ser du sjeldan ein «Battle Gauge» med meir enn nokre få tusen poeng. I staden for at alle har sin individuelle «Battle Gauge», er den felles for alle. Døyr ein spelar mistar altså alle spelarane eit liv. Døyr alle spelarane ein gong kvar, har du mista 2000 poeng. Det er eit latterleg og direkte provoserande system som blir verre av at summen blir ivareteken gjennom eit heilt kapittel. Det er like viktig å sørgje for ein høg «Battle Gauge», som det er å drepe fiendar. Om du eller nokon på laget ditt spelar dårleg, eller har enkel uflaks, kan du nå enden på kapittelet med berre to eller tre liv igjen. Når dei fleste kapitla sluttar med ein intens kamp mot gigantisk beist seier det seg sjølv at situasjonen raskt blir kritisk.

Snart får du vite korleis ein forvaksen salamander ser ut innvendig.
Snart får du vite korleis ein forvaksen salamander ser ut innvendig.

Lyset i tunnelen

Det er lett å hate Lost Planet 2, og grunnane er ekstremt mange og ekstremt gode for akkurat det. Spelet er så stappfullt av merkelege idear og påfunn at ein kan bli direkte provosert over kva utviklarane har prakka på oss. Samtidig er det noko unekteleg karismatisk over det heile. Når spelet fungerer fungerer det like bra (og tidvis betre) som dei beste i klassen. Det er atmosfærisk og spanande, og det glimrande våpenarsenalet gir deg alltid noko å leike med.

Du finn alt frå enkle maskingevær til rakettkastarar, men du kan òg velje å ta med deg eit gigantisk våpen frå dei forskjellige robotdraktene spelet byr på. Desse maskineria kjem i forskjellige former og fasongar, og du kan sjølv velje om du berre vil knabbe våpna deira, eller setje deg inn i dei for å skape kaos blant fienden. Å sitje bak spakane i desse gir deg utan unntak ei svært tilfredsstillande kjensle av rå makt.

At Lost Planet 2 har så mange irritasjonsmoment er direkte synd, for sjølv om du garantert vil bli provosert meir enn ein gong, og slår av maskina i forakt, er det lett å kome tilbake. Mange gongar har eg tenkt «nei, dette gidd eg ikkje lenger», berre for å kome tilbake femten minutt seinare. Dette er eit ganske spesielt actionspel som kombinerer vestleg action med beinhard japansk filosofi. Problemet er at det ikkje alltid er like tydeleg kva Capcom prøvar å oppnå. Mange element er unødvendige og kunne med fordel ha vore endra. Ofte ser det rett og slett ut som om Capcom er meir interesserte i å sparke rumpa di enn at du skal ha det moro.

Så stille og fredeleg er spelet aldri.
Så stille og fredeleg er spelet aldri.

Konklusjon

Eg har eit ekstremt ambivalent forhold til Lost Planet 2. Det er som to vidt forskjellige spel i ei pakke, der eg hatar det eine og elskar det andre. Når Lost Planet fungerer er det noko av det mest engasjerande og frydefulle eg har vore ute for. Den reine og skjære gleda som vellar over deg medan du pumpar fiendar fulle av bly saman med andre erfarne spelarar som veit kva dei driv med, er det vanskeleg å setje ord på.

Det raseriet som bankar seg inn i skallen din som ei slegge kvar gong eit eller anna provoserande designval øydelegg moroa, er det derimot umogleg å oversjå. Det er som om Capcom har starta utviklinga med ein vakker diamant, og så har nokon på teamet funne ut at gråstein er betre, og har difor gjort sitt beste for å øydeleggje heile greia.

Om du ikkje skulle forstå karakteren eg gir Lost Planet 2, skjønar eg deg godt. Eg har mykje negativt å seie om spelet, men det er ting som først og fremst gjer seg gjeldande når du spelar aleine. Lost Planet 2 er meint for samarbeid, og byr på mange fantastiske situasjonar du seint vil gløyme. Det er langt frå feilfritt, og har nokre stygge detaljar det godt kunne ha vore forutan, men når du saman med tre andre utslitne krigarar endeleg ser eit massivt beist falle mot jorda, då gløymer du alt det andre.

Lost Planet 2 er i stor grad det du gjer det til. Eg vil difor oppmode deg om å aldri spele det aleine.

Merk: Lost Planet 2 har ein ekstra fleirspelarmodus med variantar av lagspeling og «deathmatch» vi ikkje har fått testa før lansering.

Vis produkt

Vurdering

Lost Planet 2

Lost Planet 2 X360 X360 7/10 PS3 Windows

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 11. mai 2010
  • Plattform: Xbox 360
  • Sjanger: Action
  • PEGI: 16+
  • Utgiver: Capcom
  • Utvikler: Capcom

Beste priser

Lost Planet 2 PS3 PS3 X360 Windows

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 11. mai 2010
  • Plattform: PlayStation 3
  • Sjanger: Action
  • PEGI: 16+
  • Utgiver: Capcom
  • Utvikler: Capcom

Beste priser

Kommentarer (22)

Forsiden akkurat nå

Dette gjør brukerne nå

Alle brukere
Til toppen