Anmeldelse

Lost Planet 3

Kanskje den best fortalte historien i et spill noensinne

Frå himmel til helvete, og tilbake igjen.

Capcom

Det er ikkje lett å vite kvar ein skal byrje når det gjeld Lost Planet 3. Dette spelet er eit ustabilt born med alvorlege humørsvingingar. Desse svingingane blir tvinga på spelaren, og det er ufyseleg lett å gå frå glede til pur aggresjon på rekordtid.

Lost Planet 3 går føre seg nokre gode år før det første spelet i serien. Det fortel historia om arbeidsmannen Jim Peyton som reiser til den iskalde planeten E.D.N. III for å tene pengar, og det er all motivasjon han har for å vere der. Han er ingen barsk krigar, han er ingen helt, og han har ingen ambisjonar om å skyte noko som helst. Han er ein stakkars fyr som ender opp i noko han definitivt kunne klart seg utan, og dette aspektet gjer han svært lett å like.

Han er ein heilt vanleg fyr det er lett å kjenne seg igjen i.

Kjensla av isolasjon er trykkjande.

Dei beste i klassen

Historia i Lost Planet 3 er på svært mange punkt den beste fortalde historia eg har fått med meg i eit spel nokon sinne. Eg veit ikkje kva utviklarane og desingarane et til lunsj for å få til dette, men eg vil ha ein bit. Det spelar strengt tatt svært lita rolle kva Naughty Dog og Quantic Dream har fått til. Eit blikk på Jim Peyton og du veit kva han tenkjer. Om han berre dreg lett i munnvika når han sender ein video heim til familien på jorda vellar det opp ein sympati som ein stort sett berre får for verkeleg personar. Fokuset er på dei små detaljane i staden for dei store, og dette er det beste valet utviklarane kunne ha teke.

Fleirfaldige av dei mange filmsekvensane fekk meg til å gløyme at eg såg på ein mellomsekvens. I staden blei eg sugd inn i verda, og observerte hendingane. Skodespelet er glimrande, personane er truverdige, og historia dansar rundt det uunngåelege faktum at ting vil gå til helvete på ein meisterleg måte. Der du tenkjer at no skjer den tingen som skjer i alle spel, så skjer noko anna. Ting skjer sjølvsagt, og folk reagerer deretter, men dei reagerer på ein menneskeleg og uforutsigbar måte som får deg til å tru på dei enda meir.

Svaret på kvifor Spark i samarbeid med Capcom har fått til slik suveren historieforteljing er såre enkel; dette spelet byr ikkje på stereotypar. Visst finn vi nokre roller som nesten må vere på plass, men ingen i dette spelet er todimensjonale statuer utan sjel. Dei har sitt eige samvit, sine eigne overbevisbingar, og dei handlar deretter.

Det som verkeleg held deg gåande gjennom dette spelet er historia om Jim. Historia om korleis han går frå å reise til E.D.N III som ein arbeidskar utelukkande motivert av å forsørgje kona og sin nyfødde son, til å bli innvikla i ein livsfarleg kamp om planetens ressursar. Spark har statuert eit eksempel som bør bli brukt som leksjonar for andre utviklarar.

Personane i Lost Planet 3 er blant dei mest truverdige gjennom tidene.

Aleine i kulda

Turen frå hardt arbeid til hardbarka krigføring går i eit stødig tempo. I byrjinga fartar du berre rundt på planeten i ein robotrig på to bein. Med denne må Jim reparere skada bygningar eller drille etter den verdifulle energien planeten byr på. Dette er strengt tatt spelets første timar i eit nøtteskal. Du vandrar gjennom isgrotter på veg til eit nytt område der du må gjere ein jobb før du reiser tilbake til basen igjen for å få nye oppdrag.

I basen kan du springe fram og tilbake mellom ulike rom og etasjar for å plukke opp valfire sideoppdrag, drive historia vidare, eller oppgradere riggen og våpna dine. Oppgraderingar kostar naturlegvis pengar, og valfrie oppdrag blir i så måte sjølvsagde. Desse oppgrada kan vere alt frå å ta DNA-prøver av fiendar til å samle inn energi. Ingen av dei er spesielt gjevande, men dei kan som regel utførast medan du gjer andre ting, og blir såleis sjeldan noko du må vie mykje tid.

Det heile blir raskt ei sær blanding mellom monotoni og hygge. Du sit i riggen medan den traust traskar framover, slår på nokre av country-låtene kona til Jim sende over, og studerer det kvite landskapet. Sjølv om Lost Planet 3 ikkje byr på store, opne område i teknisk forstand, er illusjonen av slikt på plass, og spelet byr på nok å sjå på. Spelet er delt inn i soner, og fleire av desse byr på utsikter som kan blende synet ditt. Sol, frost og lynstormar målar nydelege bilete, og det skapar ei heilt spesiell stemning når ein sit inn i ein rigg og høyrer på twang medan vinden ular utanfor.

Naturlegvis er ikkje livet fullt så enkelt som det sløve livet i ein rigg kan få deg til å tru. E.D.N. III kryr av Akrid, ville beist som først og fremst vil drepe deg. Dei kan sverme over deg i store flokkar, eller kome eine og aleine for å vise si makt. Dei kjem i ei rekke storleikar og fasongar, men jamt over er ingen av dei like kreativt designa som beista vi har møtt i dei to føreståande spela. Ei heller er dei like morosame å kjempe mot.

Desse krapyla er berre til irritasjon.

Lost Planet er delt i tre hovuddelar når det kjem til skjølve gameplayet. Del ein er alt du gjer medan du sit inne i Riggen. Då ser du alt frå førsteperson og kan gå til åtak på massive Akrid med gripearm og borr. Hoppar du ut av riggen kjem du til del to, og spring til fots i tredjeperson ute i kulda og kjempar mot ein og annan flokk med Akrid. Del tre er helvete. I denne er du òg til fots, men inne i tidvis tronge og svært ugjestmilde bygningar.

Brenn det til grunnen

Nokon har spelt Horde Mode. Nokon har spelt frykteleg mykje Horde Mode. Nokon elskar Horde Mode. Nokon meiner og at alle burde elske Horde Mode. Nokon har designa Lost Planet 3.

Om du ikkje forstår kva eg no vil fram til skal eg gjere det svært enkelt. Nesten kvar gong du går inn i ei grotte eller ein bygning kan du vente deg ein ting: Ei endelaus bølgje av fiendar. Nokre gongar framstår dette spelet som ei serie med arenaer du må kome deg gjennom før du får gå vidare. Spring du rundt utandørs er dette eit på alle måtar kompetent skytespel, men innandørs fell alt i hop og alt som sit igjen er raseriet ditt.

Tenk deg ein fiende som ser litt ut som eit tusenbein. Dette tusenbeinet spring fort. Det vrir på kroppen og er vanskeleg å få i sikte. Ikkje berre fordi det er så raskt, men og fordi kroppen konstant buktar seg opp og ned. Sjå i tillegg føre deg at denne skapningen kan skyte tre salver på rappen som umiddelbart gjer skjermen raud og lyden av ditt bankande hjarte særs høg. Sjå no i tillegg føre deg at du spring bak ei kasse for å kome deg i skjul medan den provoserande langsame helseregenereringa gjer jobben sin, berre for å bli slått i trynet av ei klo frå det forhatte beistet som nett skaut deg inn i gråsona.

Fleirspelarmodusen byr på solid underhaldning.

Desse beista skyt, spring til ein annan stad, skyt på nytt, og to sekund etterpå bit dei av deg trynet. I tillegg møter du garantert to, tre, fire eller fem av dei om gongen, og når du endeleg har fått has på ein, dukkar ein ny opp. Om det ikkje er nok får du selskap av nokre små facehugger-kloner som svært gjerne hoppar opp i trynet ditt medan du er oppteken av heilt andre ting.

Problemet her er at Spark ikkje gjev oss dei midlane vi treng for å hamle opp med desse beista. Det våpenet som er best til å ta dei er kanskje så eksplosivt at sjansen er stor for at du tek ditt eige liv sidan du fyrer av akkurat i det ein fiende hoppar opp i trynet ditt. Det er til å få fnatt av, og når fargeoppsettet i spelet i tillegg er av ein slik natur at fiendane innandørs kan bli veldig vanskeleg å sjå, kan det strengt tatt ikkje bli verre. Eller vent, det kan det. Dei minste beista har ein svært stygg tendens til å hamne framfor Peyton, noko som betyr at du ikkje ser kva du skal sikte på fordi hovudpersonen står i vegen.

Men så gi no fred

Det heile er eigentleg eit massivt paradoks. Hadde det ikkje vore for desse sekvensane som titt og stadig blir tvinga på spelaren hadde Lost Planet 3 umiddelbart vore eit mykje betre spel. Du hadde ikkje bygd opp den forakta inne i deg som heng igjen når du omsider har kome deg ut i fri luft. Den heng igjen når du set deg tilbake i riggen og held fram eventyret, og det tek tid før den slepp taket.

Mesteparten av spelet er ei blanding mellom at du sit i riggen, eller spring rundt til fots i kulda. Frå riggen kan du kjempe mot massive beist i tidvis ganske så intense kampar, medan det til fots glir over i å bli eit rimeleg ordinært skytespel som tek få sjansar. Det fungerer, det held deg gåande, men med unntak av historia er det få enkeltståande element som løftar spelet høgt nok til å gjere opp for frustrasjonen ein møter over dei dårlege sekvensane.

Beista kjem på rekke og rad.

Likevel sit eg igjen med ei god kjensle. Sjølv om bitane eine og aleine ikkje er mykje å rope for, er det samla resultatet verdt tida ein brukar. Delvis skuldast dette ein forseggjort fleirspelarmodus som maktar å ploge gjennom det vi allereie har gjort før, men likevel sprøyte eigenart inn i det.

I fleirspelarmodusen får du velje mellom tre klassar, men du er aldri låst fast til ein av dei. Om du vil ligge i bakgrunnen med ei hagle, springe i front, eller by på ei hjelpande hand er dette noko du gradvis vel via ei eigenskapskule du oppgraderer etter kvart som du sankar inn poeng frå kampane du deltek i. Her kan du kjøpe deg i akkurat den retninga du vil, og det kan gi deg tilgang på nye våpen, meir plass til granatar, og andre eigenskapar som kan gjere livet lettare.

Når du er ny i manesjen framstår det heile litt urettferdig. Du spelar mot folk som er meir erfarne enn deg, og samtidig har mykje betre utstyr. Forskjellane er der, men dei blir aldri så store at dei blir eit stort balanseproblem. I staden er det små detaljar som gjer opplevinga betre etter kvart som du spelar.

Dei ulike karta spelet byr på er godt designa og byr på mykje god underhaldning. Du kan ta del i ordinære Deathmatch-kampar, ein vri på Capture the Flag der kanner med energi står i fokus, kjempe lagvis medan Akrid svermar bana, eller kome deg gjennom eit nivå medan det andre laget prøvar å stogge deg. Det heile fungerer godt, og får ein ekstra piff via ei forteljarstemme som fortel deg og laget ditt om de gjer ein god eller horribelt dårleg jobb.

Av og til er kniven beste utveg.

Konklusjon

For å seie det mildt er det forferdeleg vanskeleg å skulle setje eit tal på denne opplevinga. På den eine sida har eg opplevd noko heilt spesielt. Dette er eit spel som trass i å halde seg trufast til ein etablert sjanger, gjer noko heilt spesielt. Eg har aldri spelt noko heilt som dette før. Lost Planet 3 er eit spel eg vil du skal spele, det er eit spel eg vil du skal få med deg, for stemninga det byggjer opp er heilt unik, og den er eit uomtvisteleg bevis for at vi ikkje treng generiske actionheltar for å byggje solide spel med gode historier. Snarare tvert imot.

Men så er det desse skavankane som gjer det freistande å pelme spelet i søpla og be deg halde deg unna om du held livet kjært. Det er nesten godt gjort å lage eit som som balanserer så brutalt mellom det herlege og det forferdelege. Jamt over er det eit solid og stemningsfullt spel med ei uhyre gjennomført historie, men enkelte groteskt dårlege sekvensar øydelegg moroa.

Du bør strengt tatt få med deg dette spelet, men det er på eige ansvar.

Lost Planet 3 er i sal for PlayStation 3 (testet), Xbox 360 og Windows.

Siste fra forsiden