Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 2
Anmeldelse

Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 2

Dette kjem til å gå ned i historia som eit av dei beste lisensspela nokon sinne.

Eg er inneforstått med at Ultimate Ninja Storm 2 ikkje er eit spel for alle, men det har svært lite med kvaliteten på spelet å gjere. Naruto er eit av dei største manga/anime-fenomena sidan Dragonball, og sidan folkemassane er svært delte i kva dei synest om den japanske teiknestilen seier det seg sjølv at ikkje alle vil vere like opne for eit spel som bokstavleg talt ser ut som om kvart einaste element var teikna med blyantar og akvarellmåling. Om du hamnar i kategorien «anime er teit» er det eigentleg berre synd for deg, for du går glipp av eit fantastisk spel som ligg milevis framfor fleire av årets mestseljande spel kva rein underhaldningsverdi vedkjem seg.

Blendande vakkert

Det finnest ikkje eit einaste spel der ute som kan direkte samanliknast med Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 2, og det er ei av spelets største styrker. Det byr på noko heilt anna, som trass røter planta godt inn i etablerte og strengt tatt temmeleg gamle formlar, totalt sett endar opp som noko veldig friskt og velkome.

Nei, det er ikkje ein teiknefilm.
Nei, det er ikkje ein teiknefilm.

Mykje har skjedd sidan Naruto Ultimate Ninja Storm frå 2008 og den alle største endringa er at vi no har ein eventyrmodus som faktisk gjev meining, og leverer saftige varer. Dette er ikkje eit spel med repetitiv springing fram og tilbake i ein livlaus og fullstendig uinteressant by medan du prøvar å ta del i ei historie fortalt på ein så banalt oppstykka måte at du er heilt nøydt til å ha sett serien for å få noko ut av den.

I Ultimate Ninja Storm 2 får vi ein herleg og gjennomført historiemodus som fortel historia på ein så elegant og engasjerande måte at sjølv om ting går fort fram i forhold til serien, kjem den til å engasjere og halde på dei som aldri har sett eit minutt Naruto. Teknisk sett er det ingenting nytt vi får servert her. Vi blir møtt av eit svært nostalgisk steinkast tilbake i tid til då det var vanleg å bruke statiske bakgrunnar for å få fram eit høgt detaljnivå. I Ultimate Ninja Storm 2 spring flotte 3D-modellar over handteikna bakgrunnar og det heile glir saman på ein så fabelaktig måte at ein ofte reint gløymer at ein spelar eit spel i staden for å sjå ein animert film. Det einaste som bryt illusjonen og avslører at det heile er interaktiv er den skuffande mangelen på kantutjamning.

Kvart einaste område bugnar over med liv. Ikkje nødvendigvis sidan det skjer så mykje i dei, men fordi det heile er så levande illustrert at alle område får sterke særpreg som skil dei frå kvarandre. I tillegg vil du av og til gå frå eit handteikna til eit tredimensjonalt område der du kan rotere kameraet, men den einaste måten du merkar dette på er ved at du kameraet brått byrjar å følgje deg der du spring.

Mykje å ta seg til

Overgangen frå den vakre, men livlause byen frå det første spelet merkast på mange måtar. No får du verkeleg inntrykket av å vere ein del av ei verd, og når du tek turen ut av ein vakker skog og inn i ein by er du brått midt i eit mylder av folk. Det er ikkje mange du kan snakke med, og dei fleste står i ro, men i dette spelet er illusjonen viktigare enn realiteten. Det er ingen grunn til at du skal snakke med alle, og difor gjer du det heller ikkje. Dei du kan snakke med bryr du deg heller ikkje alltid med, sidan du har viktigare ting å gjere.

Dramatikken er stor sjølv om du er midt i ein kamp.
Dramatikken er stor sjølv om du er midt i ein kamp.

Gjeremåla dine består stort sett av to ting. Enten følgjer du historia vidare, eller så gjer du eit valfritt oppdrag for ein person du møter på gata. Dei forskjellige oppdraga du kan plukke med deg varierer i natur, og om du går inn for å gjere alt i spelet må du førebue deg på å bruke uhorveleg mange timar i selskap med spelet. Eit sideoppdrag kan vere alt frå å ta del i ein kamp mot ein eller fleire personar, til å gjere enkle ting som å samle inn gitte mengder med gjenstandar (ein grei jobb sidan du finn planter og kassar å leite gjennom overalt), til meir varierte ting som å finne ei jente som har gått seg bort.

Det er ikkje akkurat raketteknologi vi snakkar om, men det fungerer likevel ekstremt bra. Kvar for seg tek kvart oppdrag kort tid å gjennomføre, og du blir heile tida dytta vidare av pengane du tener på det at du raskt kan innsjå at du gjennom dei tre siste timane har hatt eit ekstremt behov for å gå på do.

Pengane du tener på desse oppdraga brukar du sjølvsagt i forskjellige butikkar. Du kjøper forskjellige matvarer du kan bruke for å auke til dømes angrepsstyrke eller forsvar før neste kamp, eller for å kjøpe gjenstandar du kan bruke medan kampane pågår. Her òg kjem nytteverdien av å sanke gjenstandar inn. Om du leverer forskjellige materiale til ei sjappe kan den gradvis tilby nye matvarer, noko som vil gje deg tilgang på enda betre bonusar i kamp.

Historia blir fortalt gjennom små filmsekvensar og sekvensar der du trykkjer deg vidare gjennom tekstboblene. Samtidig er det ganske fint at dei forskjellige personane som til ei kvar tid måtte springe saman med Naruto på veg til eit nytt vendepunkt delar sine tankar med deg. Det einaste som er synd akkurat her er at ein del av dialogen er i reint tekstformat utan stemmer. Det er likevel ikkje så ille at det ikkje er godt for noko sida du kan skifte ut det horrible engelske lydsporet med den japanske originalversjonen. Slik det er meint å vere.

Ikkje akkurat Tekken.
Ikkje akkurat Tekken.

Spektakulært

Sjølv om det er skikkeleg fornøyeleg å springe rundt i den vakre verda vi blir kasta inn i gjennom historiemodusen, er det berre ein grunn til at den eksisterer. Kvart einaste handlingsmønster utviklarane har henta frå serien sender deg i strak linje mot ein ny kamp som kjem til å gje deg ein bakoversveis på linje med vesle Tim frå Jurassic Park etter ein tur i straumgjerdet.

Det heile startar som regel enkelt nok. Du spring rundt i eit ope område og gjer ditt beste for å slå fienden før han slår deg. Gjennom eit uhyre enkelt kampsystem sender du slag og spark og forskjellige former for jutsu (kampteknikkar) mot fienden medan du dansar unna eit kvart motangrep. Du har berre éin knapp for direkte angrep, men kombinert med at du kan kaste kunai (små knivar), hoppe, hente inn ein alliert for eit kort angrep, samt bruke den indre chakra-krafta for å endre eller forsterke angrep, endar spelet likevel opp med å bli svært avansert og nyansert.

Du må ofte gå gjennom dine eigne framgangsmåtar for å finne ein ny og betre måte å gjere ting på, og det sluttar eigentleg aldri å forbløffe kor mange måtar du kan bruke det tilsynelatande simple kampsystemet på. Det viktigaste av alt er likevel at det er uhorveleg moro. Du oppfører deg som ein meister frå første knappetrykk, men merkar samtidig kor mykje betre og gjennomtenkte angrepsmønstra dine blir etter kvart som du lærer deg dei indre detaljane i systemet.

Alt dette blir likevel kasta ut vindauget på eitt eller anna punkt i kampen. Deler du ut nok skade til ein viktig fiende blir vi sendt inn i nokre vanvittige QTE-sekvensar der du må trykkje inn knappar for harde livet om du vil kome deg i mål. Dette er likevel ikkje QTE i ordinær forstand. Her er tempo kongen, og om den spektakulære kampen som utspelar seg på skjermen som om det var ein høgt påkosta filmsekvens fortel deg at du må trykkje til venstre no for å dukke unna, då gjer du det. Skjermen viser nye knappar i eit høgt og omsynslaust tempo, og du blir faktisk litt sliten av dei vanvittige inntrykka kampane bombarderer deg med. Du blir derimot desto meir gira over kor vanvittig fett det heile var når du omsider er ferdig.

Super Ultimate 1000-ledds Knoke!
Super Ultimate 1000-ledds Knoke!

Eit annleis kampspel

Dei massive kampane du tek del i kan du etter kvart spele om igjen om du plukkar opp forskjellige pergamentrullar som dukkar opp rundt om kring i verda. Desse er aldri vanskelege å finne, sidan dei har ein tendens til å leggje seg i eit område du må besøke uansett. Ved å snakke med rett person kan du sjå kor mykje betre du har blitt i spelet ved å gjere ein innsats for å ta fienden med større effektivitet på kortare tid.

Av langt større interesse er derimot å ta turen på nett for å spele mot andre spelarar. Her får du verkeleg prøvd deg, og om du framleis skulle vere i tvil om kor vidt dette kampsystemet er avansert nok til å by på ei utfordring, er det berre å spele mot dei latterleg flinke folka du finn der. Det kan bli litt lag i visse kampar her og der, men for min eigen del har det vore eit minimalt problem.

I starten har du berre ei lita liste med karakterar å spele som, men denne blir større etter kvart som du spelar historia og vinn kampar der. Eventuelt kan du låse opp nye karakterar ved å berre spele på nett, så om du av ein eller annan grunn utelukkande vil spele Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 2 for kampane si skuld, står du heilt fri til å gjere det.

Konklusjon

Det er heilt tydeleg at dette er eit spel laga av eit utviklarteam som verkeleg elskar kjeldematerialet. Naruto si verd har blitt brakt til live på ein fantastisk måte som verkeleg viser den største respekt for både anime- og manga-seriane. Spelet er blendande vakkert, og er heilt ulikt noko anna du vil finne på konsollar i dag. Det er er kjærleikserklæring til det fargerike og det kreative.

Sasori har tatt Iron Man-konseptet litt langt
Sasori har tatt Iron Man-konseptet litt langt

Samtidig ligg det eit fantastisk spel under det vakre ytre. Gjennom ein lang og engasjerande historiemodus får du ta del i ei herleg historie som trass sin forenkla natur, ikkje er noko problem å henge med på. Dei store høgdepunkta blir alltid dei underhaldande kampane som endar opp som imponerande og storslegne sekvensar der skjermen blir fylt av eksplosjonar og lys. Det finnest mange Naruto-spel av varierande kvalitet der ute, og nokre er heilt elendige, men Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 2 er eit heilt fabelaktig spel som du vil kose deg gløgg i hel med.

X360 9/10 Klassisk

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 2

Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 2 X360 X360 9/10 PS3 9/10

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 15. oktober 2010
  • Plattform: Xbox 360
  • Sjanger: Slåssing
  • PEGI: 12+
  • Utgiver: Namco Bandai
  • Utvikler: CyberConnect2

Beste priser På lager Få varsel når prisen faller

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 2 PS3 PS3 9/10 X360 9/10

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 15. oktober 2010
  • Plattform: PlayStation 3
  • Sjanger: Slåssing
  • PEGI: 12+
  • Utgiver: Namco Bandai
  • Utvikler: CyberConnect2

Beste priser På lager Få varsel når prisen faller

Kommentarer (20)

Forsiden akkurat nå

Til toppen