Anmeldelse

Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 4

Endeleg i mål

Siste innspurt for Narutos lange saga.

Bandai Namco

Eg føler meg snytt for eit godt eventyr. Sjølv om Narutos opverdådige saga etter mange år omsider har fått sin ende, sit eg igjen med ei kjensle av at dette kunne, og ikkje minst burde, ha vore svært mykje betre. Dei fleste får nok likevel det dei har ynskja seg. Her kjem ei lang rekke spinnville kampar der både himmel og jord blir kasta inn i ein tornado av eld og røyk, men det er noko som manglar. Det blir større, større, og atter større for kvart slag, men eg bryr meg mindre, mindre og atter mindre.

CyberConnect2 hadde nok ein vanskeleg jobb framfor seg då dei sat der og skulle finne ut korleis dei skulle lage eit spel av ein epoke i Naruto-historia som strengt tatt ikkje er stort meir enn eit einaste lang slag som dynamisk glir frå den eine åstaden til den andre. Men CyberConnect2 har diverre ikkje gjort det beste ut av ein vanskeleg situasjon.

Sjarmen som forsvann

Større er betre, og større blir det.
Bandai Namco

Dei fleste vil nok gå rett i gong med historiemodusen når dei fyrar opp Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 4. Det er den naturlege staden å byrje, og med mindre du er ein blodfan som kjenner historia inn og ut, kjem du til å dette raskt av lasset. Eg skal innrømme det har gått eit par år sidan førre gong eg las eller såg noko som hadde med Naruto å gjere, og dette blir eg straffa hardt for i Ultimate Ninja Storm 4.

Historia blir fortalt på ein kjip måte der stillbilete frå animeserien tek opp det meste av tida di. Stemmer snakkar over stive figurar som sjeldan rører ved leppene sine. Nokre gongar kan det vere vanskeleg å tyde kven som snakkar sidan det ofte er meir enn ein person på skjermen. Det er vanskeleg å bli engasjert, og det blir ikkje verre av at desse sekvensane kan dra på i tid. Eitt minutt, to minutt, fem minutt og oppover.

Spelet baserer nesten alt av historieformidling på lange, statiske sekvensar der utviklarane har korta ned fleire timar med animeepisodar til berre nokre få minutt om gongen. Det blir oppstykka og vanskeleg å følgje med på. Noko som gjer det heile til ei langdryg affære det er veldig vanskeleg å engasjere seg i. Det blir betre mot slutten av historia. Der tek spelet igjen animeserien, sidan den har vore for opptatt med fyllepisodar dei siste åra til å bry seg om historia. Frå dette punktet blir historia fortalt gjennom spelmotoren, noko som skapar mykje meir levande og engasjerande sekvensar. Det er eit under at utviklarane ikkje har gjort heile historia på same måte.

Historiesekvensane dukkar opp både før og etter kampane der du endeleg får lov til å bidra med noko sjølv. Her løftar definitivt spelet seg fleirfaldige hakk sidan kampane i Ultimate Ninja Storm 4 er eit spetakkel du skal leite lenge for å finne makan til. Krigarane diskar frå seg dei villaste angrep, og alt frå lynboltar til massive skapningar kastar seg inn i krigen medan røykskyer stig frå jorda og kameraet dreg seg tilbake til atmosfæren for å få godt nok overblikk over situasjonen.

Dette er grisefett, og viser øydeleggjing utan sidestykke. Galskapen som blir slept fri i nokre av desse kampane er det ein vil sjå i eit slikt spel. Her glir spelet frå å vere eit slåssespel til interaktive sekvensar der du ikkje må gjere stort meir enn å trykkje inn riktig knapp til kvar tid. Strengt tatt er trykkinga berre i vegen. Du tapar ikkje mykje på å bomme, men dei tek så mykje fokus i synsfeltet at det kan vere vanskeleg å få med seg kva som skjer. Likevel, det er vanskeleg å ikkje bli riven fullstendig med av spetakkelet som utfoldar seg på skjermen.

To gode vener på ville vegar.
Bandai Namco

Eg skulle kva, sa du?

Kampsystemet vil vere velkjent for alle som har tatt i eit Ultimate Ninja Storm-spel før. To krigarar spring rundt på ein meir eller mindre sirkulær arena, og du kan slå frå deg med ein knapp, og utløyse diverse andre angrep ved å kombinere knappetrykka. Det er kanskje det enklaste og mest lettfattelege kampsystemet eit slåssespel har å by på, men det betyr ikkje at det er enkelt å meistre.

Det tek tid å forstå korleis alt heng i hop, og du får svært lite hjelp frå spelet. Opplæringa skjer gjennom små tekstbobler som dukkar opp på skjermen midtvegs i ein kamp, og sidan du er så opptatt med å denge livskiten ut av ein eller anna tosk, får du knapt med deg at tekstbobla er der før den er borte igjen. For å finne ut av kva du har gått glipp av må du inn i ein meny der du må klikke deg gjennom ei liste for å bla deg gjennom alt du kan gjere i kampane.

Eg likar ikkje å bruke uttrykk som «vi er i 2016 no, så...», men vi er tross alt i 2016, og spelverda har kome lengre enn dette. Ein interaktiv opplæringsmodus hadde gjort underverk for å få spelaren til å forstå kva som skjer før han får det banka inn i hovudet av ein kjip fiende som dukkar unna absolutt alle angrep, uansett kor riktig du skulle tru du gjer ting.

Det tek heldigvis ikkje så frykteleg lang tid før ting glir inn. Kampsystemet er ikkje så alt for gale å få taket på, og det er først og fremst di evne til å time angrep og forsvar som vil avgjere din suksess i ringen. Kampsystemet er identisk frå krigar til krigar, noko som er heilt greit sidan det er eit hav av krigarar å velje mellom, men litt synd sidan dei fleste krigarane gjev den same spelekjensla. Det som skil ei kamphøne frå ei anna, er først og fremst det visuelle, korleis eit spesialangrep ser ut, og tempoet dei jobbar i.

CyberConnect2 har likevel krydra Ultimate Ninja Storm 4 med litt nytt. Du kan som før ha med deg to andre krigarar i kamp, men no er desse meir enn berre støttespelarar du kan hente inn for eit slag eller to. No kan du skifte kven du styrer, og dette skapar moglegheiter for større og betre komboar enn før.

Kos, ein ettertanke

Trykk O for å vinne.
Bandai Namco

For min eigen del står Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 2 som den store favoritten i CyberConnect2s Naruto-saga. Det spelet gav oss ei fantastisk blanding av eventyr og action. Handteikna bakgrunnar vekte verda til live, og drog oss inn i spelet som om vi skulle gå direkte inn i animeserien som aktive deltakarar. Spelet var lagt opp som eit tradisjonelt japansk rollespel, der turbaserte kampsystem blei byta ut med Naruto-seriens elleville kampar.

Ultimate Ninja Storm 4 er eit heilt anna beist utelukkande grunna måten utviklarane har valt å presentere historia, men vi finn likevel ein modus som gjev oss noko i same gate. Når du er ferdig med historia i Ultimate Ninja Storm 4 kan du gå i gong med Adventure Mode, her får du lov til å springe rundt fritt i diverse byar frå Naruto-universet, i ei blanding av fullt tredimensjonale område, og handteikna område. Mykje av sjarmen som mangla frå historiemodusen kjem tilbake her, men det blir raskt tydeleg at denne modusen ikkje har vore eit stort fokus hos utviklarane.

Utover byane, er det lite å sjå i denne modusen, og kvart område fungerer mest av alt som ein base for å finne kampar å hive seg ut i. Rundt omkring vil du finne folk med oppdrag til deg, eller små minnekrystallar som vil la deg spele ein kamp frå tidlegare i livet til Naruto og kompani. Det er ein fornøyeleg modus som let deg ta ting i ditt eige tempo mellom slaga, men sidan den ikkje har ei merkbar historie i ryggen, framstår den mest små spaserturar mellom kampar i diverse vanskegrader.

Nettets kvaler

Kampane er lekre og fulle av spesialeffekter.
Bandai Namco

Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 4 er først og fremst eit slåssespel. Det vil aldri krevje den same dedikasjonen som meir avanserte slåssespel som til dømes Street Fighter-serien, men det er ingen tvil om at det er kampane som er det viktigaste i dette spelet.

Når ein er ferdig med all form for historie er det kampane som står igjen, og her har du mykje å leve for. Lista med krigarar er lang, og om du skal prøve ut alle vil du måtte halde på ei stund. Dei viktigaste figurane frå serien, så som Naruto sjølv og Sasuke, dukkar opp i fleire ulike variantar, og alle har sine små forskjellar i kva angrep og utsjånad dei har.

Du kan velje å spele mot maskina, eller mot andre. Det går raskt føre seg, men om du vil spele mot andre over nett må du førebu deg på ei noko kjip oppleving. Det er nok av spelarar på nett, og mange ser ut til å ha ei god oppleving, men minst like mange slit med ein ustabil nettkode som gjer det vanskeleg å få gjort noko som helst. Etter nokre timar og kjappe reknestykke har eg kome fram til at eg berre kjem meg inn i ein kamp ein av fem gongar. Dei kampane eg har kome meg inn i har samstundes vore prega av etterslep og dårleg respons på kontrollane.

I eit spel som handlar om fart og kjappe reaksjonar er du dødsdømt om figuren på skjermen reagerer eit sekund etter at du trykte inn knappen. CyberConnect2 har allereie oppdatert spelet, og dette har forbetra situasjonen for mange, men for min del har det vore lite effekt å spore.

Konklusjon

For å vere det avsluttande spelet i ein serie CyberConnect2 har jobba med i ei årrekke, kan eg ikkje hjelpe for å vere skuffa. Det heile framstår som eit massivt antiklimaks, noko som er ganske oppsiktsvekkjande med tanke på kor vanvittige og overdådige kampane i dette spelet kan bli. Men når ein ser nærare på det er det likevel ikkje så rart.

Naruto har ein litt dårleg dag.
Bandai Namco

Kampane Naruto må gjennom i løpet av sitt liv er like mykje historier i seg sjølv, som dei er kampar. Dei er høgdepunkta der skjebnar blir avgjorde, og når alt som skjer mellom desse hødgepunkta tvingar fram den eine gjespen etter den andre, blir det ikkje fullt så spanande når ting endeleg skjer. Eg er svært open for kva ein kan definere som spel, men fem minutt med dårleg regisserte stillbilete før og etter ein to minuttar lang kamp, er verkeleg ikkje det eg leitar etter når eg skal kose meg i sofaen.

Hadde nettkoden vore stabil kunne ein godt å funne mykje moro der, men nei. Å bruke 15 minutt på å kome seg inn i ein kamp der etterslep tvingar på deg eit utriveleg handicap er ikkje god underhaldning.

Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 4 er eit svært delt spel. På den eine sida har ein vanvittige angrep og intense kampar, men på den andre sida eit lite variert kampsystem som raskt gjev deg kjensla av å ha sett og gjort alt før. Det er ikkje nok til å halde på engasjementet i lengda.

Siste fra forsiden