Anmeldelse

New Little King's Story

Et sjarmerende eventyrspill

Liten konge på store eventyr.

Skal eg vere heilt hundre prosent ærleg har eg vanskar med å sjå kva poenget eigentleg er. Det har gått nokre år sidan den vesle kongen dansa på Wii i 2009, og tittelen blei aldri den heilt store suksessen. Greitt nok, den blei måteleg populær her og der, men ein opplagd kandidat for ny giv er det ikkje.

Ny giv er ikkje akkurat det vi har fått heller. Sjølv om spelet no heiter «New» Little King's Story, er det svært lite nytt her, sånn bortsett frå ein ny grafisk stil altså. Eit av dei største særtrekka til det første spelet var ein visuell stil som den dag i dag er ganske ulik det meste. No er den erstatta med ganske generiske anime-figurar dei fleste burde kjenne igjen. Ikkje at det er eit problem. Spelet er flott å sjå på, og å kunne spele i høg oppløysing medan ein svinsar rundt i eit sjarmerande kongerike har definitivt sin verdi.

Likevel er det litt vanskeleg å leggje frå seg den ugne kjensla av at noko av det som verkeleg gjorde spelet spesielt nå er borte.

Ut på tur, aldri sur, heiter det på fint.

Sparebluss

New Little King's Story er ikkje stort meir enn Little King's Story i ei litt ny innpakning. Innmaten er for det meste den same. Sjølv om det har gått tre år sidan førre gong vil det ikkje ta deg lang tid før du kjenner deg igjen. Landskapa er dei same, framgangsmåten er den same, og den viktigaste endringa utover grafikken er kontrollsystemet som har sett nokre endringar sidan vi no sit her med ein trykksensitiv skjerm og to analogstikker.

Dette er derimot spelets aller største styrke ovanfor originalen. Der var kontrollane tidvis ganske tungvindte, og at du no har direkte kontroll over kameraet med ei analogstikke i staden for stive piltastar får enormt mykje å seie. Det tek mykje lengre tid å bli sliten av den uendelege vandringa gjennom eit stadig større kongedøme.

I New Little King's Story tek du på deg rolla som ein liten konge på 14 år. Etter ein invasjon blir alle prinsessene i landet fanga i lyssøyler, medan du og dine næraste undersåttar greier å flykte. Alt har si spede byrjing, og med ei lita rønne som utgangspunkt må du steg for steg byggje opp igjen eit rike slik at du kan redde prinsessene og igjen sitje trygt på trona. Nytt for dagen er at du kan ta med deg prinsessene på tur for å få diverse bonusar.

Jobben din er likevel ikkje enkel, og det blir mykje hardt arbeid på den vesle kongen. Her er det ikkje snakk om å sende ut folk for å gjere jobben for deg. I New Little King's Story går du i bresjen sjølv, med undersåttane på slep. I starten er det så enkelt som å finne nokre late landsbyfolk til å grave opp hol i bakken og leite etter skattar. Gradvis utviklar derimot spelet seg til å bli meir og meir avansert. Frå landsbyfolk går du vidare til å produsere bønder, soldatar, tømmermenn og mykje anna. Lista er lang, og du får stadig fleire ting å halde styr på. Fiendar skal knertast, steinar må ryddast av vegen, og både ei og anna bru må byggjast for å utvide horisonten.

Det er ein artig prosess, og det er absolutt hyggjeleg å sjå korleis riket ditt stadig veks. Etter kvart som du samlar inn skattar og byte etter dine mange tokt i fiendtleg område veks pengebingen og du kan kjøpe nye bygningar som sørgjer for nye yrke for undersåttane dine. I New Little King's Story får vi samtidig enda fleire jobbar å bryne oss på enn i originalen. Skulle du ende opp med å meine du har for lite folk i riket ditt kan i tillegg du få inn fleire ved å kjøpe nye hus og distrikt.

Fiendane gjev ikkje alltid meining, men det er heller ikkje poenget.

Stø kurs

Spelets styrke kjem gjennom den stadige progresjonen. Frå å starte med berre nokre få undersåttar som følgjer etter deg i strak linje blir det heile kontinuerleg meir avansert. For å vere mest mogleg effektiv når du skal ut på tokt må du setje saman eit variert følgje slik at du kan takle alle utfordringar som dukkar opp, samtidig som du kan ta deg av dei mange fiendane du definitivt vil møte på. Dette er ikkje alltid ein enkel jobb. Du vil gjerne ha folk som kan grave, folk som kan fjerne tømmerstokkar, og folk som kan opne dei enorme pengepungane som inneheld vakre skattar.

Samtidig må du ha soldatar, og helst eit solid knippe av dei. Feilar du på ein front feilar du kjapt på alle, og du må tilbake til rønna di for å setje banden saman på ny. Det ligg ei solid og godt gjennomtenkt utfordring i setje saman eit følgje som kan handtere alle situasjonar, og på sett og vis blir ein gradvis knytta til gjengen du har med deg.

Likevel kan det bli veldig frustrerande å skru saman denne gjengen. Om du skal skifte ut ein eller fleire personar i følgjet ditt finnest det ingen verkeleg god måte å gjere det på. Du kan gå til eit podium for å til dømes hente fram alle bøndene i riket, men gjer du dette vil alle som er i følgjet ditt gå sin veg. Har dette først skjedd kan du via podiumet hente dei tilbake igjen, men då forsvinn alle bøndene, og du må springe etter dei for å få med deg dei du vil ha. Det er uhyre tungvindt og frustrerande. Verre er det at nøyaktig same problem gjorde seg gjeldande i originalversjonen, og det er ufatteleg at ingenting har blitt gjort med det.

I staden endar ein lett opp med å tvihalde på ei samansetning av folk. I staden for å kontinuerleg skifte dei ut, ventar du til du kan oppgradere følgjet slik at du får plass til meir. Då er det berre å plukke opp fleire folk som allereie har eit yrke, eller hente nokre landsbyfolk som skal få seg ny jobb.

Kva er det med japanske spel og soppar?

På veg mot toppen

Å ha eit konstant følgje har definitivt sine fordelar. Alt du gjer får konsekvensar, og den konsekvensen som gjer seg mest gjeldande er at undersåttane går opp i nivå etter kvart som dei gjer jobbane sine. Dette betyr ikkje stort meir enn at dei får meir liv, men dette kjem uansett godt med. I tillegg kan du gjere dei sterkare ved å kle dei opp i diverse utstyr. Alle kan få betre våpen, og dei kan få klede som gjev dei diverse bonusar og meir helse.

Det kan vere ganske artig å kle opp staben din i alt frå fangetrøyer til sambakjolar, men det har si bakside. Etter kvart som folka dine blir stadig meir individuelle blir dei samtidig vanskelegare å sjå skilnad på. Skal du hente fram ein steinknusar eller to er det til slutt umogleg å sjå kven som kan den jobben, og du må i staden bruke knøttsmå ikon på botnen av skjermen til hjelp. Det fungerer, men enkelte jobbar har ikon som liknar litt for mykje på kvarandre, og då blir det gjerne litt krøll i systemet.

Som du ser er det ein del å setje fingeren på i New Little King's Story. Dei enklaste ting er unødige innvikla, og det set ei bremse på moroa meir enn ein gong. Likevel er spelet vanskeleg å leggje frå seg. Tanken på å utvide riket ved å ta over nye område driv deg vidare. Å kunne sjå korleis det heile utviklar seg frå starten med ei lita rønna og nokre få hus, til du omsider sit der med ei diger borg og eit landskap krydra med flotte murhus er gull verd.

Samtidig er det noko svært avslappande ved å sulle rundt i denne sjarmerande verda. Søte versjonar av gammal klassisk musikk trillar ut av høgtalarane, og dei sære scenarioa du endar opp med å handtere kan lett få fram eit smil.

På tide å redde ei prinsesse.

Konklusjon

Har du spelt Little King's Story på Wii finnest det berre ein god grunn til å kjøpe New Little King's Story: Du elska Little King's Story, og kan ikkje få nok. I essensen er dette nøyaktig det same spelet som forgjengaren. Det har fått finare grafikk, ein litt annleis visuell stil, og vi får eit par nye ting å leike oss med.

Det er absolutt eit sjarmerande spel. Sjølv om det kan frustrere både ein og annan gong med ein merkeleg og bakvendt logikk til korleis enkle oppgåver blir utførde, er det vanskeleg å bli for irritert. Det er så mykje leik å bruke tida på i dette spelet, og den tullete humoren som pregar det meste du gjer får fram smilet. Den største gleda er uansett å sjå korleis du har starta som ein liten og meiningslaus konge med berre nokre få undersåttar, til å sitje der i ei diger borg med eit svært kongedøme du har bygd opp heilt sjølv.

New Little King's Story er kun i sal for PlayStation Vita.

Siste fra forsiden