Anmeldelse Nier

Den mørke majestet

Framtida er svart, dyster, kompromisslaus – og eg elskar den.

Den vesle jenta Yonah er sjuk. Ho lid av den mystiske sjukdommen Black Scrawl, og i rolla som faren hennar Nier må du prøve å finne ein kur. Dette er utganspunktet for spelet, og det er dette som først og fremst er målet. Det handlar ikkje om å redde verda. Sjølv om verda har sett sine beste dagar for veldig lenge sidan, noko einsame ruinar frå ei svunnen tid med jamne mellomrom minner deg om, glir Nier aldri over i å bli eit klisjefylt spel om det vonde mot det gode.

Det er alltid personane som står sterkast, og dette vinner spelet noko heilt enormt på. Filmsekvensane er få, men historia blir framleis fortalt betre enn brorparten av alle andre spel på marknaden. Gjennom små dialogar, noveller i liknande stil som Lost Odyssey, eller samtaler mellom Nier og følgjesvenene hans medan du spring rundt i verda, blir historia og personane gradvis bygd opp. Dialogen er upåklageleg, utleveringa frå skodespelarane like så, og du vil skifte mellom å vere genuint interessert i kvar som skjer, til å le av Grimoire Weiss sine sarkastiske kommentarar om både element i spelet og kva du vel å bruke tida på.

Møt Grimoire Weiss, boka i ditt liv
Møt Grimoire Weiss, boka i ditt liv

Fellesnemnaren for alle dei levande personane Nier spring rundt saman med er tragedie. Ingen av dei har hatt gode liv, og gjennom spelet blir dei berre sparka hardare ned i gjørma. På eitt tidspunkt tok eg meg sjølv i å bryte ut «Nei gje no fred då!» i det den ekstremt lettkledde og vulgære hermafroditten Kainè atter ein gong fekk gjennomgå.

Det vil liksom ingen ende ta. Det heile blir verre og verre, og der du trur dei alle endeleg vil få eit etterlengta avbrekk, endar det så godt som alltid opp med å forverre seg med mange margin. Trass dette blir aldri spelet melodramatisk, og det er tydeleg at utviklarane har ein sunn porsjon med sjølvironi. Denne kjem som oftast fram gjennom nettopp Grimoire Weiss, der han på sitt intellektuelle vis kranglar med bannskapen til Kainè, og aldri blir lei av å kommentere dama si høgst spekulative påkledning.

Frå ende til annan

Nier er eit spel av motsetningar. Det er eit tragisk og dystert spel som likevel blir presentert gjennom eit visuelt ytre som først og fremst kan kjenneteiknast gjennom lys. Lyset frå sola gjer seg nesten alltid gjeldande, som om det er eit glimt av håp i ei verd som har gått av hengslane. I harmoni med dette kjem ein musikk som er så blendande vakker at eg nesten ikkje finn ord for det. Virvlande trommer og kassegitarar blandar seg med strykarar og ei kvinnestemme så vakker at eg nesten fryktar å forlate eit område, sidan stemma då vil bli borte.

Samtidig er musikken miksa inn i spelet på ein veldig kreativ måte. Forskjellige område har ulike tema, men når du hamnar i kamp kjem brått ein heilt annan melodi og legg seg oppå den som allereie er der. Det er ofte to element som burde krasje fullstendig, men som i staden endar opp med å danne ein nydeleg harmoni.

Dette er altså ikkje årets penaste spel
Dette er altså ikkje årets penaste spel

Som ei ny motsetning til den makelause musikken, er ikkje spelet særleg pent. Det er ikkje stygt, men det ligg langt under det som må kunne kallast standaren for grafikk i 2010. Nokre område viser at utviklaren absolutt er i stand til å skru saman lekre områder, men stort sett er repetisjonen veldig synleg. Spring du over ei slette kan du lett sjå korleis den eine teksturen som er brukt går igjen som i eit rutenett, og det er ganske skuffande at variasjonen er så pass dårleg. Når det er sagt er områda ofte store og omfattande, noko som gjer det heile litt betre, men det blir aldri så pent at ein tek seg sjølv i å studere omgjevnadane.

Ein mot alle

I utgangspunktet er Nier eit ganske tradisjonelt actionrollespel. Nier spring rundt i forskjellige område og denger laus med sverd eller spyd i sanntid, og desse mekanikkane er veldig enkle og i seg sjølv ikkje veldig spandande. Du har ingen kombinasjonsangrep å utføre utover det å trykkje inn angrepsknappen i rask rekkjefølgje. Vil du gjere noko anna, må du bruke knappen for spesialangrep, noko som gjer alt frå å svinge eit enormt sverd rundt deg med rå kraft, til å stupe framover med spyd, alt etter kva våpen du brukar.

Det som gjer kampane i Nier spesielle og på alle måtar engasjerande, er eit veldig tøft magisystem. Etter kvart som du spelar vil du heile tida låse opp nye former magi som Grimoire Weiss hjelper deg med å utføre, og desse kjem i alle former. Ei av dei tidlege og mest effektive formene er ei enorm magisk hand du kan mane fram for å denge fiendar med. Seinare i spelet får du tilgang på massive spyd, og ein serie med magiske sverd som svirrar rundt deg og maltrakterer alle fiendar som skulle kome for nære.

Felles for alle formene for magi er at dei kontinuerleg blir kraftigare. Etter kvart som du går opp i erfaringsnivå vil du få fleire magipoeng å leike deg med, og dette betyr at der du først kunne mane fram berre ei enkelt hand, kan du seinare mane fram mange fleire ved å halde inne magiknappen. Å mane opp kraftige angrep gjer deg sårbar ovanfor fiendtlege angrep, men utbyttet er definitivt verdt det.

Ta deg ein bolle Mike Tyson
Ta deg ein bolle Mike Tyson

Våpensmeden

Fiendane i Nier kjem i alle storleikar og fasongar. Alle saman er nokre sære former for gule og svarte skuggar, og der dei i starten er små gnomar som spring etter deg, utviklar dei seg til å bli store og godt pansra krigarar. Dette tvingar deg til å variere bruken av våpen, noko du raskt gjer ved få knappetrykk. Eit lite sverd er ikkje det beste mot eit beist med svære metallplater rundt kroppen, men om du skiftar til eit enormt tohandssverd vil du praktisk talt kunne rive rustninga av dei.

Dei forskjellige våpna kan i tillegg oppgraderast hos ei sjappe som leflar med slike ting. Dette krev at du brukar tid på å finne dei riktige ingrediensane, men her òg er utbyttet veldig merkbart. Om dette ikkje skulle vere nok, kan du leggje to ord på våpenet. Desse orda er alt frå å gjere meir skade, til å tole meir, eller å vere meir effektiv mot fiendar i rustningar. Det er veldig positivt at kvart ord ikkje blir låst til berre eit våpen. Om du er i situasjonar der du ser deg nøydt til å skifte våpen ofte, kan du leggje dei same orda på fleire våpen.

Variasjon er kongen

Sjølv om Nier først og fremst spring rundt i tredjeperson, blir dette av og til fullstendig snudd på hovudet. I eitt område endrar det heile seg brått til å bli eit sideskrollande plattformspel der du må time hoppa dine riktig. Gjennom spelet snur og vender utviklarane på ting slik at du ved vegs ende har erfart ein mystisk villa i Resident Evil-stil, eit fugleperspektiv som brått får det heile til å likne på Diablo, samt ein sekvens der du fyrer laus magi i ein sekvens som minner om gamle arkadespel.

Ingen av sekvensane er perfekte nok til at ein kunne ha laga heile spel ut av dei, men blandinga av alle elementa skapar eit variert og veldig engasjerande spel det er vanskeleg å setje i ein bestemt bås.

Ein av mange spektakulære sjefskampar
Ein av mange spektakulære sjefskampar

Kva du no enn måtte drive på med spring du sjeldan aleine. Kainè er som regel parat med sine to sverd, og du får seinare ein ekstra hjelpar eg ikkje vil gå meir i detalj på av historiemessige grunnar. Du har ingen direkte kontroll over venene dine, men du kan gje dei enkle basisordre om du vil. Dette blir likevel sjeldan nødvendig, sidan Nier absolutt er i stand til å hamle opp med styggedomen på eiga hand.

Saman med desse to personane, og sjølvsagt den fantastiske boka Grimoire Weiss, møter du ikkje berre forskjellige fiendar i alle område, men òg nokre massive sjefsbeist som alle er ei sann fryd å kjempe mot. Nier blir aldri utprega vanskeleg, men utfordringa er stor nok til at ein må hive seg inn i det med alt ein har. Samtidig finn ein tidleg ut at same strategi sjeldan fungerer mot alle sjefar, og kvar sjefskamp startar difor som regel med litt eksperimentering der du prøvar å finne den beste framgangsmåten.

Eit pust i bakken

Store delar av Nier er via dei mange kampane du endar opp i, men det er samtidig mange element som høyrer meir heime i rollespelland. Spelet har fleire forskjellige byar og område du kan vitje, og dei er alle forskjellige i både arkitektur og innhald. I byane kan du plukke med deg oppdrag frå innbyggjarane, noko som kan spe på den totale speletida ganske grundig. Nier er likevel ikkje det lengste spelet eg har vore borti, og du kan fint runde det på tjue timar. Forskjellige oppdrag er difor ein fin måte å utvide lengda på for den som vil ha meir. Alle oppdraga er ikkje like underhaldande, og det kan grense til det keisame der du spring fram og tilbake for å samle gjenstandar, men dei er alle valfrie, og du kjem deg fint gjennom spelet utan dei.

Ved sidan av oppdraga kan du fiske med ein ikkje heilt vellukka fiskemekanikk, eller dyrke din eigen hage. Eg vil tippe dei fleste vil hoppe over desse to elementa, men om du først skulle kaste deg ut i det, kan du lett slå i hel nokre timar, sjølv om det finnest langt betre måtar å bruke tida si på. Spelet har i tillegg fire forskjellige sluttar. Om dette er positivt skal du sjølv bestemme, men det gir deg i det minste ein god grunn for å ikkje leggje frå deg kontrollaren når du ser rulleteksten første gong.

Nier likar ikkje elekronikk
Nier likar ikkje elekronikk

Konklusjon

Cavia og utgjevaren Square Enix har gjort ein dum feil. Dei har promotert Nier som eit actionspel i same gate som Bayonetta og God of War. Dette er fullstendig misvisande. Dette er eit velutvikla rollespel med ei av dei beste og mest stikkande historiene du kan få med deg, samt noko av den vakraste musikken eg har høyrt i eit spel. Persongalleriet er heilt fantastisk, og om du ikkje endar opp med å utvikle ein sterk sympati for denne gjengen, er det noko alvorleg gale med deg.

Nier har så mange forskjellige element blanda saman i ei herleg gryte av action og rollespel at sluttresultatet er ekstremt engasjerande og vanskeleg å leggje frå seg. Grafikken kunne vore betre, og dei grunnleggjande kampmekanikkane kunne godt ha vore litt meir avanserte, men når ein tek inn over seg alle dei andre elementa blir dette lett å gløyme.

Nier er eit flott spel som nesten ikkje kan samanliknast med noko. Er du på jakt etter ei fantastisk historie, har du funne svaret ditt.

Nier er i sal for Xbox 360 og PlayStation 3 (testet)

Vurdering

Nier

Nier PS3 PS3 8/10 X360

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 22. april 2010
  • Plattform: PlayStation 3
  • Sjanger: Action, Rollespill
  • PEGI: 18+
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: Cavia

Beste priser

Nier X360 X360 PS3

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 22. april 2010
  • Plattform: Xbox 360
  • Sjanger: Action, Rollespill
  • PEGI: 18+
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: Cavia

Beste priser

Kommentarer (14)

Forsiden akkurat nå

Dette gjør brukerne nå

Alle brukere
Til toppen