Orcs Must Die
Anmeldelse

Orcs Must Die

Spelet som set ny rekord i antall dødsfall per sekund.

Eg skal ikkje leggje skjul på at eg har eit svært så ømt punkt for såkalla «Tower Defense»-spel. Det er noko med å byggje opp forsvar på finurlege og utspekulerte måtar som verkeleg gjer meg varm i sjela.

Winning!
Winning!

Naturleg nok har det blitt ein ganske populær sjanger, og det manglar ikkje på ivrige utviklarstudio som vil servere oss sin eigen vri på den magiske formelen. Vi har sett taktisk og langsam byggjing av tårn i Defense Grid, og meir hektiske kampar med direkte kontroll over våpna i Toy Soldiers. Om du skulle like høgt eller lågt tempo finn du mykje å velje mellom.

Det nyaste tilskotet på forsvarsstammen – om vi kan kalle den det – kjem frå Ensemble Studios-veteranane i Robot Entertainment. Mange av desse folka har tidlegare jobba med Age of Empires-serien, og det er difor noko nye jaktmarker dei hiv seg ut på, sjølv om smart strategisk tenking framleis er svært viktig.

Død over alt!

Som namnet kanskje fortel deg handlar Orcs Must Die om å drepe orkar. Mange orkar. Tusenvis av orkar. Fleire orkar enn det er noko poeng i å dvele ved, sjølv om spelet opplyser deg om kor mange du har slakta ned i di totale karriere. Orcs Must Die er ei herleg blanding av «Tower Defense» og action i tredjeperson. Du spring rundt som ein mellomting mellom riddar og magikar, og med dei få støvkorna som finnest i hjernen hans må du prøva å tenkje ut korleis du skal leggje ut feller for orkane som snart vil bryte ned dørene til dei både små og store borgene du prøvar å forsvare.

Konseptet er såre enkelt, noko som sørgjer for at du forstår korleis spelet fungerer på eit par sekund. Du får ei ny felle eller eit nytt våpen for kvar nye borg du må forsvare, og såleis får du alltid god tid til å bli kjend med alle bitane i arsenalet ditt. Desse fellene kjem i mange former og fasongar, og det er ikkje alltid like lett å sjå den totale nytteverdien dei har med ein gong. Etter kvart som ein låser opp fleire feller kan ein byrje å byggje seg opp sine eigne taktikkar der ein kombinerer forskjellige feller til å lage eit inferno av orkedød.

Til dømes kan du ved å byggje blokkadar tvinge orkane inn i ein smal passasje der ei kjøtkvern ventar på å kveste det som måtte våge seg for nære. Skulle ein ork eller to kome seg gjennom kan du plassere trampolinar som kastar dei tilbake slik at dei må gjennom kjøtkverna på ny. For kvar ork som døyr får du litt pengar, og med desse pengane kan du kjøpe fleire feller slik at sjansen for at nokon kjem heilskinna gjennom sadismen er lik null.

Det er nesten som å danse halling, kors på halsen!
Det er nesten som å danse halling, kors på halsen!

Det er eit mylder av moglegheiter for korleis du vil slakte orkane, og ingen veg er den riktige. Sjølv om du får ei ny felle til kvart nivå, og denne definitivt vil vere nyttig der, er det ingenting for å gå tilbake til eit eldre nivå når du har fått nye feller for å teste ut taktikkar som kan vere enda meir effektive.

Sadisme på høgt nivå

Orcs Must Die er eigentleg det som skjer om du tek alle fellene i alle Indiana Jones-filmane, skrur opp volumet litt og fyrer alle laus samtidig. Når orkane spring over lava, blir spidda av sverd, blir most flate av eit stempeljern, og ikkje minst får heile kroppen omarrangert av ei massiv klubbe er det vanskeleg å halde inne eit fårete flir. Heile spelet er lagt opp under den morbide gleda ein får av å sjå mange stygge beist med grøn hud døy samtidig, men Robot Entertainment har i tillegg skrudd saman ei solid utfordring som sørgjer for at du blir sitjande ei stund.

Når du er ferdig med eit nivå blir du rangert med opp mot fem hovudskallar. Så mange får du berre om du klarte å drepe alle orkane, og er naturleg nok det ultimate målet. Å få fem hovudskallar er ikkje alltid like lett, men det er eit viktig mål sidan hovudskallane let deg kjøpe oppgraderingar til forskjellige feller. Ein endar difor lett opp i eit mønster der alt anna enn perfekt er uakseptabelt, og ein del av dei seinare nivå gjer dette til ein utfordrande prosess som får nokre svært ufine ord til å materialisere seg.

Men dette er ein god ting. Orcs Must Die blir aldri ekstremt vanskeleg, men det blir vanskeleg nok til at mange nivå vil bli for vanskelege å perfeksjonere før du har fått nye feller å teste ut. Jaget etter å ha gjort alltid riktig blir samtidig så stort, at ein lett går tilbake igjen seinare for å vise spelet kven som er sjefen.

Gjett kva som skjer om du skyt den tømmerstokken der!
Gjett kva som skjer om du skyt den tømmerstokken der!

Orkane kjem i fleire former, og dette byr i tillegg på sine utfordringar. Dei fleste orkane er den typiske grøne varianten med øks eller sverd vi kjenner frå tallause fantasy-univers. Ved sidan av desse møter vi bogeskyttarar, kjemper, små og raske rotteskapningar, samt eit par flygande beist som gjer det nødvendig å få på plass nokre bogeskyttarar. Heldigvis kan du sjå kva fiendar eit nivå vil by på før du går i gong slik at du kan planleggje nøye. Dette er essensielt sidan du er nøydt til å velje kva feller eller våpen du vil ha med deg før orkane straumar på.

Ein aktiv helt

Vår helt er den typiske kjekkasen utan ein velutforma hjerne, men dialogen er uvanleg godt gjennomført. Han snakkar ikkje ofte, men han kommenterer no og då det som skjer, og det er så godt som alltid meg tunga godt plassert i kjaken. Hans viktigaste funksjon er derimot at du i hans sko kan springe rundt i borgene for å plassere feller. Når dette er gjort får han ei aktiv rolle som krigar. Du vil alltid ha tilgang på eit armbrøst, men i tillegg til dette kan du få deg eit nærkampsvåpen og fleire forskjellige magiske armband som gjev deg kontroll over dei forskjellige elementa.

Dette blir livsviktig så snart orkane har kome seg forbi fellene dine. Avhengig av korleis du vel å gå fram kan spelet bli alt frå utelukkande fokusert på feller, til eit spel der fellene først og fremst er eit hjelpemiddel der du gjer det meste av jobben sjølv. Du kan til dømes fange orkane ved hjelp av blokadar og eksplosive lokkeduer medan du skyt på dei med eldkuler eller lyn, eller du kan setje ut magisk sopp som får orkane til å alliere seg med deg.

Avhengig av kva spelestil du vel kan du få deg nokre bonusar ved å bruke eitt av tre forskjellige kort. Desse korta vil la deg tene meir pengar anten når du drep fiendar med magi, eller når dei døyr av feller, eller du kan gjere feller eller våpen kraftigare, alt etter kva du skulle ynskje. Mellom alle fellene, dei forskjellige våpna, og korta som let deg skru ting etter dine ynskje, er Orcs Must Die eit i prinsippet enkelt og lettfatteleg spel som likevel let deg går fram veldig fritt.

No veit du kvar leverposteien kjem frå.
No veit du kvar leverposteien kjem frå.

Det einaste solide ankepunktet for spelet er eigentleg ikkje noko det gjer feil, det er heller noko spelet aldri gjer. Det har slått meg gong på gong kor glimrande dette spelet hadde vore om to stykk fekk spele i lag. Fleire av nivåa er som laga for to spelarar, og det hadde unekteleg vore fett å vere to om å halde orkane tilbake. Det må seiast at dei fleste nivå nok er hakket for små til å gjere rom for meir enn ein spelar, men om Robot Entertainment har planar om å dytte ut nedlastbart innhald står store nivå og samarbeidsmodus øvst på lista.

Konklusjon

Orcs Must Die er spel slik spel skal vere. Ingen bryr seg om historie og moral, og alt handlar i staden om å ta enkle konsept og gjere dei intense og underhaldande om igjen og om igjen. Orcs Must Die har røtene sine godt planta i «Tower Defense»-sjangeren, men det har like mykje til felles med fantasy-actionspel.

Du spring rundt i små og store borger, byggjer feller og skyt ned orkar. Med glimrande nivådesign og stadig større utfordringar er det umogleg å ikkje bli bergteken. Det er ikkje alle fellene som er like artige å bruke, men dei har alle sine funksjonar, og du får bruk for dei ein gong. Kva som er best å bruke blir derimot ein høgst individuell ting, og du kan skru saman den framgangsmåten som passar deg best.

Om du har sakna orkar pakka inn i tullete humor og fargerik grafikk er tida di no komen. Det er mange orkar på krigsstien, og berre du kan ta knekken på dei.

Orcs Must Die er i sal gjennom Xbox Live Arcade og Steam.

X360 8/10 Svært godt

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

Orcs Must Die!

Orcs Must Die! X360 X360 8/10 Windows

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 5. oktober 2011
  • Plattform: Xbox 360
  • Sjanger: Action, Strategi
  • Utvikler: Robot Entertainment

Beste priser

Orcs Must Die! Windows Windows X360

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 5. oktober 2011
  • Plattform: Windows
  • Sjanger: Action, Strategi
  • PEGI: 16+
  • Utvikler: Robot Entertainment

Beste priser På lager Få varsel når prisen faller

Kommentarer (18)

Forsiden akkurat nå

Til toppen